Gå til innhold
Arkivverket

Mikkel Gulbrandson på Ullern i Hole (1729-1799) - gift 1754 med Martha Engebretsdotter - men kven var ho? - kan henda f. i Norderhov 1730? - dødsfalli til dotter Kirsti og svigerson Ole?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei delvis oppfølgjing av tema #17983 i det gamle brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/103727-17983-husmann-ole-christiansen-ullern-i-hole/

 

der Egil H. Thomassen i innlegg #5 mellom anna skriv følgjande:

 

«Mikkel Gulbrandsen og Marthe Ingebretsdatter g. i Hole 27. nov. 1754. Mikkel f. 1727 Svarstad, Hole, d.1799. Marthe døpt 18. april 1728 i Hole.»

 

Den nye bygdeboki for Hole band IV fortel oss på side #27 undre Nedre Ullern at:

 

«Mikkel Gulbrandsen Ullern (Svarstad) (1727-1799) var gift med Marte Engebretsdatter, og de fikk åtte born», som so er oppramsa:

 

* Anne 1755

* Kirsti 1757

* Gulbrand 1760-1760

* Berte 1762

* Ingeborg 1765

* Kirstine 1768-1839

* Maria 1771-1832

* Lisbet 1774

 

Eg har sjølv notert at Mikkel vart døypt i Hole 26.1.1729 og gravlagd i Hole 31.8.1799, son av Gulbrand Gulbrandson og Kirsti Gulbrandsdotter på Svarstad.  Denne ætti er godt utreidd i det gamle emnet frå 2003/2004, MEN kva med Martha Engebretsdotter??

 

Egil seier at Martha vart døypt i Hole 18.4.1728, og slår me opp denne dåpen i kyrkjeboki, finn me at faren heitte Engebret Andersson, men korkje morsnamn eller gardsnamn er med: https://media.digitalarkivet.no/view/8512/75

 

Kan dette vera rett?  Ingen Engebret Andersson er gift i Hole, men i Norderhov har me ein Engebret Andersson Bjørnstad som 29.12.1721 gifte seg med ei Karen Carlsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8520/77

 

Ser me på oppkallingane ovanfor, vil eg heller tru at mor hennar Martha BØR ha heitt Anne,  Kombinasjonen Engebret og Anne finn me heller ikkje i Hole, derimot er ein Engebret Olson Mælingstøen gift i Norderhov 5.12.1725 med ei Anne Anfindsdotter. https://media.digitalarkivet.no/view/8520/137

 

Kan dette siste paret vera foreldri til «vår» Martha Engebretsdotter??  Dei har i alle fall ei dotter Martha døypt frå Mællingstøen i Norderhov 3.12.1730: https://media.digitalarkivet.no/view/8521/50

 

Er det nokon som har synspunkt på dette?  Engebret og Anna Mællingstøen fekk fleire born, visstnok alle fødde på Mællingstøen, kan henda plass under Frog?

 

* Ole, døypt i Norderhov 26.10.1727

* Maria, døypt i Norderhov 31.10.1728

* Martha, døypt i Norderhov 3.12.1730

* Ole, døypt i Norderhov 25.5.1733

* Anne, døypt i Norderhov 16.10.1735

* Kirsti, døypt i Norderhov 5.6.1746: https://media.digitalarkivet.no/view/8523/77

 

Kanskje finst det eit skifte etter Engebret eller Anne Mællingstøen?

 

Bygdebøkene for Hole synest ganske so fullstendige, men eg tykkjer det er påfallande at mange dødsfall ikkje er medtekne, som til dømes Martha Engebretsdotter og ogso for fleire av borni hennar; særleg saknar eg dødsfalli til dotteri Kirsti (døypt i Hole 18.2.1768) og svigersonen Ole Christianson (døypt i Norderhov 27.12.1763), som er mine fordedre, busette på Ullern i 1801...!?  Sonen Gulbrand Olson, døypt i Hole 1.11.1801, vart gift i Norderhov og budde sidan som husmann på Botilrud under Norderhov prestegard: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038084002632

 

Kanskje hamna Ole og Kirsti der??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips når det gjeld denne huslyden, både opplysningar om Martha Engebretsdotter og opphavet hennar, samt dødsfalli hennar og til den nemnde dotteri og svigersonen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

30 minutter siden, Astrid K. Natvig skrev:

http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk20100224610829.jpg

 

Skiftekort vedr. Anne på Mælingstøen i 1750.  Mannen lever og Martha er ugift, men det skader vel ikke å ta en titt på selve skiftet?

 

Astrid

 

Buskerud fylke, Ringerike og Hallingdal, Skifteprotokoll nr. 15 (1749-1752), Skifteprotokollside, Side 123b-124a ff: 
https://media.digitalarkivet.no/view/25550/127

https://media.digitalarkivet.no/view/25550/128

https://media.digitalarkivet.no/view/25550/130

Lenke til kommentar
Del på andre sider

http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070313650379.jpg

Mulig at Engebret var gift nok en gang, selv om det ikke står enkemann, se vielse 8. november 1753.

Frog er oppført som bosted ved trolovelsen i mars.  Dette sier ikke mer om Marthe, men her må nok alle steiner snus (!) skal en finne opphavet hennes....

 

Astrid

Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

særleg saknar eg dødsfalli til dotteri Kirsti (døypt i Hole 18.2.1768) og svigersonen Ole Christianson (døypt i Norderhov 27.12.1763), som er mine fordedre, busette på Ullern i 1801...!?

 

Folketellingen 1801:

https://digitalarkivet.no/census/person/pf01058269002075

 

To av sønnene: 

Christian, 1793

Buskerud fylke, Hole i Hole, Ministerialbok nr. I 2 (1766-1814), Fødte og døpte 1793, Side 106
https://media.digitalarkivet.no/view/8513/110

 

Christian, 1798

Buskerud fylke, Hole i Hole, Ministerialbok nr. I 2 (1766-1814), Fødte og døpte 1798, Side 126
https://media.digitalarkivet.no/view/8513/130

 

Gulbrand, 1801

https://digitalarkivet.no/view/255/pd00000012568662

 

 

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Astrid og Grethe for mange spenande og interessante innlegg!

 

Eg ser at eg tydeleg har «mista» fleire av borni etter Engebret Olson og Anne Anfindsdotter, t.d. Halvor, Engebret og Berte, og det er jo litt påfallande at me mellom borni til Martha Engebretsdotter på Ullern finn namn som Maria og Berte - kanskje oppkallingar etter søstrene hennar?

 

Eg har skumlese dei to skifti, først etter Anne Anfindsdotter og so etter Ragnhild Bjørnsdotter, og særleg det siste er eit svært omfattande og langt skifte der mange namn kjem fram.  Der er det mellom anna, langt inn skiftet, nemnt ervingar som budde på Kongsberg, so vidt eg forstår ervingar etter første mann hennar (eller hennar eigne?).  Ogso Engebret Engebretson og Kirsti Engebretsdotter er nemnde (som kreditorar?), men eg ser ikkje noko til Martha Engebretsdotter.  Det kan forresten sjå ut som om denne siste kona til Engebret Olson sat med plassen på Gomserud under Frog søndre, medan han sjølv sat med plassen på Mællingstøen.

 

Ikkje so heilt enkelt dette, men eg tykkjer «indisiane» for at eg har finne den «rette» Martha, vert sterkare og sterkare...

 

Når det gjeld lagnadane til Ole Christianson og Kirsti Mikkelsdotter etter 1801, seier ikkje bygdeboki for Hole noko meir om kvar det vart av dei, men eg ser no at yngste sonen Gulbrand Olson, tipoldefar min, vart konfirmert frå Trøgstad i Hole i 1817: https://media.digitalarkivet.no/view/8518/42011/6

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget!

 

Kanskje har du rett med omsyn til gardsnamnet.  Eg er ikkje lokalkjend i Hole.  Her er vigsli til broren Mikkel Olson på 31 år med Lisbeth Petersdotter Søhoel på 24 år, 6.12.1818, og namnet hans ser ut som Trøgsle...: https://media.digitalarkivet.no/view/8518/168

 

Han er ogso nemnd Trøgsle i bygdeboki for Hole, band IV under garden Søhol (side 120), men det står ikkje kvar dei budde...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med kartleggjing av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit nytt kjempeflott innlegg!

 

«Den som leiter, den finner», og eg er ikkje i tvil om at du har finne den rette Kirsti Mikkelsdotter.  Ho er alsto avlidi som gardbruikarkone på Fiolsrud i Hole på sjølvaste 17.5. i 1827, 70 år gamal!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fiolsrud er nok Fjulsrud, men jeg kan ikke finne noen Gaardmandkone med det navnet på Fjulsrud i Hole Bygdebok bind V.  MEN jeg har bare tatt en kjapp titt og gården omtales på over 100 sider....   Hva gjelder TRØGSLE, så er plassene under Sundvollen (fortsatt bind V), og på side 210 kan vi bl.a. lese om Trøgsleløkka:  I 1786 var Ole Christiansen (f. 1764 i Haug) husmann med jord i Trøgsle, trolig i Trøgsleløkka.  Så følger opplysninger om foreldrene hans + kona, Kirsti Mikkelsdatter Ullern, og navna på barna, jfr. bind 4, s. 27.  De ble etterfulgt av sønnen, Mikkel Olsen Trøgsle (f. 1786).  

 

Astrid

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Astrid for nye interessante innlegg!

 

Det skal tydeleg ikkje vera so enkelt å finna ut av denne ætti.  Kan det vera so at Ole Christianson døydde tidleg og at Kirsti gifte seg att og vart gardkone på Fjulsrud?

 

Kva til dømes med denne vigsli frå 1803: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001629429

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Barn av Mikkel Olsen og Lisbeth Trøgsle:

 

Ole, f. 1820 - Christian Olsen Trøgsle er blant fadderne

https://media.digitalarkivet.no/view/8518/37

https://www.geni.com/people/Ole-Trøgsle/6000000001496308855

 

Petter, f. 1823

https://media.digitalarkivet.no/view/8518/61

https://www.geni.com/people/Petter-Trøgsle/6000000001496309484

 

Jeg prøver å lete etter Ole Christiansen....! 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du har rett mht. giftermålet i # 19, Grethe - de var søsken.  Hun giftet seg med Gunder Amundsen Asdøl, som døde i 1832 (Anne gift på nytt med Ole Knudsen Opsal (Nedre Opsal).

Kan lese om Gunder og Anne under Asdøl i Liers historie, Bruk II, brn. 2.

Jeg så litt nærmere på Fjulsrud (har mange aner fra den gården selv), og på side 623, mener jeg det var, står det at det var tre brukere på ikke navngitte plasser under Fjulsrud i 1820-årene.

En av dem het Mikkel Olsen - kan jo være han på Trøgsle som "flyttet litt på seg" og som kan forklare hvorfor Fiolsrud/Fjulsrud er gårdsadressen da Kirsti dør i 1827.  Ikke helt utenkelig at hun bodde hos eldstesønnen og hans familie???

 

Astrid

Lenke til kommentar
Del på andre sider

http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070313620396.jpg

Blir litt hopping i tid, dette, men hvis du ser på dåpen til Anne (første barnet til Mikkel og Marthe), så heter en av fadderne Halvar Ingebritsen Mellum-støa.  Er vel hennes bror?

Mikkel og Marthe hadde begge "adresse" Svarstad da de trolovet seg 7. mars 1754.  Hun kalles da Ingebritsdatter, men Engebret kan staves på maaaange måter....

Synes som deg at stadig mer peker på at du har funnet opphavet hennes, men skulle gjerne hatt det "endelige" bevis,

 

Astrid

PS: har du sjekket faddere i de andre barnedåpene?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Som et lite apropos: den yngste søsteren til Kirsti, Lisbeth Mikkelsdatter, giftet seg i 1802 med Johannes Taraldsen Sønsterud (han var forresten broren til min tipp-tippoldemor !),

og Sønsterud er nabogård til Fjulsrud, så tampen brenner....  MEN så var det å finne dødsfallet til Ole Christensen, da!  Samt Marthe Engebretsdatter OG Engebret,

 

Astrid

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg er dårlig på lenke fra 1801-tellingen, så jeg håper noen kan hjelpe meg:  Marte Embretsdatter (en annen variant av Engebret), bor på Afverøen i 1801.

Hun er enke, 70 år og har føderåd.  Hun er svigermor til Ole Andersen Averøya (som faktisk eide Trøgsle i 23 år), gift med Ingebor Mikkelsdatter.

Døtrene Maria og Lisbet bor også der, begge tjenestefolk.  

 

Astrid

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.