Gå til innhold
Arkivverket

Mikkel Gulbrandson på Ullern i Hole (1729-1799) - gift 1754 med Martha Engebretsdotter - men kven var ho? - kan henda f. i Norderhov 1730? - dødsfalli til dotter Kirsti og svigerson Ole?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

 

http://ringerike-slektshistorielag.com/images/Ministerialboker/Norderhov 1704-16.pdf

Ole Halvorsen og Berte Engebretsdatter Mælingstøa u. Frok søndre i Norderhovsbygda, barn:

Kari 1707 27/11;

Gudbrand 1712 28/3;

Kari 1714 21/5 -

skifte 1728 22/1 etter Ole Halvorsen Mælingstøa u. Frok søndre

 

Engebret må være født rundt 1700 ut fra alderen i skiftet i 1728. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Astrid og Grethe for nye spennande og utfordrande innlegg!

 

Eg har no finne det som eg trur må vera vigsli til Peder Halvorson Hengsle, 19.3.1709 med ei Eli Pedersdotter:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/9362/196

 

Det faktum at han då heitte Hengsle, og når me ser at fleire av fadrane til Kari Olsdotter frå 1707 budde på Hengsle (Malene og Kirsti), børjar eg å lura på om det var på Hengsle dei tre brørne hadde barndomsheimen deira?  At Peder som den yngste sonen har teke over etter foreldri?

 

Lars Halvorson har sikkert vore ein bror av dei.

 

Elles kan det sjå ut som om jentenamnet Kari kjem att i huslydane hjå Ole Halvorson og Peder Halvorson.  Eg veit ikkje om ogso Anders Halvorson hadde ei dotter Kari(?)  (Eg meiner eg ein eller annan stad såg ein referanse til skiftet etter kona Ragnhild, men no finn eg det ikkje att!).  Kanskje heitte mori til desse brørne Kari?

 

Eit godt spørsmål er elles om det over hovudet finst kjeldemateriale som går lenger attende i tid og som omhandlar desse husmannsættene i Norderhov?  Kanskje me lyt vona påp at dei er nemnde i ymse tingbøker...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med kartleggjingi av denne huslyden!  Eg er meir og meir imponert!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet, som er i fare for å gå i «gløymeboki»...

 

Eg har vore i kontakt med Tormod Thoresen som hadde innlegget om denne ætti hjå DIS-Noreg, men utan at me eigentleg er komne noko lenger i spørsmålet om kvar desse brørne var fødde eller oppvoksne.  Han meiner dei kanskje kom frå Dahl - plassen under Norderhov prestegard.  Tingboki frå 1695 (avskrivi av Thorleif Solberg) syner ein Peder Dal som tingmann i 1695, men om det var denne Dahl-plassen under Norderhov det der er tale om, veit me ikkje sikkert.  Peder Halvorson, som sidan budde på Hengsle, ville uansett ha vore altfor ung til å vera tingmann i 1695...

 

Som eg var inne på i føregåande innlegg, har eg meir tru på at brørne Ole, Anders, Peder og Lars Halvorssøner kan ha vore oppvaksne på Hengsle-plassen under Frog, men diverre vert nok dette svært vanskeleg å prova...

 

Eller finst det kanskje ein Halvor i dette nabolaget nemnd i manntalet frå 1665?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å skaffa oversyn over denne gamle husmannsætti frå Norderhov og lever framleis i voni om at eitt og anna «gullkorn» kan dukka opp...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.