Gå til innhold
Arkivverket

Iver Hansson ( -1743) og Kirsti Alvsdotter (1699-1778) - vigde i Hole 1726 - husmannsfolk på Holmen under Stadum i Hole - kven var dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

I bygdeboki for Hole, band III på side 463 står følgjande:

 

«I 1743 ble husmann Iver Hansen gravlagt fra Holmen under Stadum.  Han var gift med Kirsti Alvsdatter (ca. 1699-1778).  Av deres barn kjenner vi én datter, Bertha (1726-1787), som giftet seg i 1756 med Kristoffer Haraldsen Toresplassen (de var en periode husmannsfolk i Sandvika under Borgen, men bodde seinere på Toresplassen).»

 

Det er referert til meg som informant, so tydeleg har ikkje forfattaren her greidd å finna ut noko meir om desse folki...?

 

Mine opplysningar er:

 

* Iver Hansson, gravlagd frå Holmen 8.9.1743, gift i Hole 20.1.1726 med Kirsti Alvsdotter, gravlagd frå Studumeiget 15.11.1778, 79 år gamal.

 

Eg ættar frå Bertha Iversdotter og Christopher Haraldson på Toresplassen, og dei opplysningane eg har om dei, vart samla for om lag 45 år sidan.

 

 

Om me tek ein titt på fødselsregisteret for Hole, ser me fleire born døypte med far Iver Hansson:

 

* Bertha, døypt 1.12.1726: https://media.digitalarkivet.no/view/8512/73

 

* Kari, døypt 7.11.1728: https://media.digitalarkivet.no/view/8512/76

 

* Martha, døypt 11.3.1731: https://media.digitalarkivet.no/view/8512/82

 

* Hans, døypt 9.8.1733: https://media.digitalarkivet.no/view/8512/88

 

* Martha, døypt 22.8.1734: https://media.digitalarkivet.no/view/8512/90

 

* Eli, døypt 25.11.1736: https://media.digitalarkivet.no/view/8512/95

 

* Jens, døypt 1.5.1740: https://media.digitalarkivet.no/view/8512/104

 

* Jens, døypt 8.7.1742: https://media.digitalarkivet.no/view/8512/110

 

Eg vil tru at dei alle høyrer til denne huslyden, men diverre har ikkje presten skrive noko anna enn farens førenamn og patronymikon - ikkje noko om bustad eller fadrar!

 

Heller ikkje ved trulovingi i 1725 eller vigsli i 1726 har presten skrive noko meir enn berre namni: https://media.digitalarkivet.no/view/8512/71

 

Er det i det heile mogeleg å finna ut noko meir om denne huslyden og kven dei var?  Kan henda finst det skifte?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070313620379.jpg

Vi er visst i slekt, Lars.  Berthe Iversdatter Holmen er også min ane via datteren hun fikk før hun giftet seg, Oline (Olia/Olea), døpt 3. søndag i advent 1752.

Hennes far, Ole Pedersen Prestegaarden, er litt av en gåte for meg!!!  Nåja, Olea vokste opp sammen med moren og stefaren, og da hun konfirmeres i 1770, står det: Olia Olsdatter Laarvig, Christopher Haraldsens Sted-datter.  Jeg takker for opplysningene om Berthe foreldre, for de hadde jeg ikke, så nå skal det bli morosamt å leite......

 

Astrid

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Astrid for nye spennande innlegg!

 

Jau, det ser jaggu ut til at me er i slekt, og eg lurer på om me kanskje ogso kan ha eit anna slektsband her:

 

Du nemner at Bertha Iversdotter i 1752 fekk dotteri Oline (Olia/Olea) med ein Ole Pederson Prestegaarden!!

 

Eg har eit anna emne liggjande ute i Brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/169934-ole-pederson-og-gudbjørg-iversdotter-vigde-i-norderhov-1764-opphavi-deira/?tab=comments#comment-1453539

 

Den Ole Pederson det der er tale om, som i 1801 er oppgjeven vera 69 år gamal, budde i 1762 (ekstraskatten) truleg som dreng på Norderhovs prestegard (sjå innlegg #8), og eldste sonen Ole Olson vart sidan husmann i Hagen under Norderhovs prestegard!  Desse er dei agnatiske forfedrane til mor mi, og eg har heller ikkje greidd å finna ut kvar denne Ole Pederson kan vera komen ifrå!

 

Kva meiner du?  Talar me om den same Ole Pederson?

 

Elles, for å komma attende til dette emnet om Iver Hansson og Kirsti Alvsdotter, so er det tydeleg ein del som manglar i bygdeboki for Hole når det gjeld denne huslyden.  Det er tydeleg ikkje so enkelt å følgja husmannsætene i Hole med so knappe opplysningar i kyrkjeboki, men her kan det vel ikkje vera mykje tvil?  Her er tydeleg vigslene til to av dei andre døtrene...:

 

** Kari Iversdotter og Christopher Andersson vigde i Hole 29.12.1749: https://media.digitalarkivet.no/view/8512/140

 

Eg finn berre tre born etter dei (kan dei ha butt utanfor Hole dei første 10 åri?):

*** Gunnhild Christophersdotter, døypt i Hole 22.6.1760

*** Gunnhild Christophersdotter, døypt i Hole 8.6.1767

*** Iver Christopherson, døypt i Hole 17.12.1769

 

Her er sonen Iver som losjerande skomakar i 1801 på Frøhaug i Hole: https://digitalarkivet.no/census/person/pf01058269002009

og dette er vel mori Kari som er legdelem same staden i 1801: https://digitalarkivet.no/census/person/pf01058269002013

 

** Eli Iversdotter Borgeneiget og Rolf Madsson vigde i Hole 16.10.1766: https://media.digitalarkivet.no/view/8513/185

 

Etter dei finn eg ei dotter:

*** Guri Rolfsdotter, døypt i Hole 22.6.1766

*** Ingeborg Rolfsdotter, døypt i Hole 6.11.1768

*** Kirsti Rolfsdotter, døypt i Hole 21.4.1771

*** Martha Rolfsdotter, døypt i Hole 6.2.1780

*** Iver Rolfson, døypt i Hole 17.3.1782

 

Her er Eli med dotteri Ingeborg som legdelemmar på Frøhaug i Hole 1801: https://digitalarkivet.no/census/person/pf01058269002033

 

Eg ser at Eli er kalla Borgeneiget då ho gifte seg, so truleg har ho på den tidi butt hjå søsteri Bertha i Sandvika under Borgen...?)

 

Eg har òg freista gå ein generasjon attende.  Kyrkjebøkene i Hole børjar diverre for seint til å finna fødsler, men her er tre vigsler som KAN vera for søsken til Kirsti Alvsdotter:

 

** Ragnhild Alvsdotter gift i Hole 4.8.1716 med Ole Olson

 

** Roer Alvson gift i Hole 27.10.1718 med Mari Nilsdotter

 

** Mathis Alvson gift i Hole 16.11.1728 med Anne Pedersdotter

 

Ein ny kjempetakk for framifrå freistnadar på å kartleggja denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070313620481.jpg

Jeg vet ikke om det er samme Ole Pedersen Prestegaarden (alder synes å stemme ganske bra), men jeg har hele tiden "trodd" at Oleas far var den samme som ble konfirmert i Hole i 1751, se lenke.  Han ble konfirmert som nr. 1 og det henger trolig sammen med at han bodde på prestegården (konfirmant nr. 2 er også bosatt der), men jeg har ikke funnet noen passende dåp o.l.

Har også sett litt på han på prestegården i Norderhov (pussig med samme navn og prestegårder i to nabobygder....), så det skader vel ikke å leite mer.

 

I likhet med deg, har jeg også blinket ut noen "mulige Alv`er".  Jeg tok en titt på Frognøya, men intet napp mht. Kirsti Alvsdatter.   MEN via Frognøya fant jeg ut massevis om anene til Olea Olsdatters mann, Johannes Guttormsen Nylende, så det var storveis!!!

 

Astrid

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Astrid for nye spennande innlegg!

 

Nei, det skal vel vera litt for mykje «slumpetreff» at me leiter etter den same Ole Pederson, men kjeldene frå den tidi er som me veit ikkje dei beste, og det vert nok svært so mykje «famling» etter den berømte «nåli i høystakken»...

 

Eg er etter kvart komen til at kona til «min» Ole Pederson, Gudbjørg Iversdotter, synest vera kommi frå Valdres, so kanskje det er der eg i første rekke bør leita etter «min» Ole...?  For i Norderhov synest han ikkje vera døypt!?

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips om denne huslyden på Holmen i Hole!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.