Gå til innhold
Arkivverket

Anders Pederson Bjerke i Hole, fødd 1699 - enkjemann i 1731 - lagnaden hans? - kven var foreldri hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Bygdeboki for Hole, band II, side 321 har under garden Østre Hårum (Hurum) ein omtale av huslyden til Gulbrand Hansson Hurum.  Han døydde i 1737 og let i andre ekteskapet med ei Berthe Ellensdotter etter seg mellom anna dotteri:

 

* Ambjørg Gulbrandsdotter, som var avlidi, men som i ekteskap med Anders Pederson Bjerke let etter seg to døtrer, Lisbet (1728) og Anne (1730)

 

I same boki på side 150/151 under garden Vestre Bjerke finn me ein omtale av Peder Trondson Bjerke (død 1720) som i andre ekteskap med ei Marthe Johnsdotter let etter seg ein son Anders, fødd 1699.

 

Eg kan ikkje sjå at forfattaren skriv noko meir om lagnaden til denne Anders Pederson Bjerke, fødd 1699, men me lyt vel gå ut ifrå at det var han som 4.1.1727 gifte seg i Hole med Ambjørg Gulbrandsdotter Hurum.  Ambjørg var fødd kring 1705 og vart gravlagd i Hole 14.9.1731.  Dotteri Lisbeth Andersdotter vart døypt 12.10.1727 og er ei av stammødrene mine!

 

Eg er forundra over at dei to døtrene til Anders og Ambjørg vart kalla Lisbeth og Anne, når me veit at dei to bestemødrene hadde namni Berthe og Marthe, men dei var vel ikkje alltid like trufaste når det gjeld oppkalling??

 

Dei store utfordringane mine er:

 

** Har eg finne den «rette» Anders Pederson Bjerke?

 

** Er det mogeleg å seia noko meir om kven foreldri hans var?  Bygdeboki nemner ikkje noko om opphavi til Peder Trondson og Marthe Johnsdotter på Bjerke!

 

** Er det mogeleg å seia noko meir om kven foreldri hennar var?  Bygdeboki nemner ikkje noko om opphavi til Gulbrand Hansson og Berthe Ellensdotter på Hurum!

 

** Kvar vart det av Anders Pederson Bjerke etter at kona Ambjørg døydde i 1731?  Han ser ikkje ut til å ha gift seg att i Hole, men kanskje flytte han til Norderhov?  Dotteri Lisbeth er kalla for Giile då ho 1.2.1751 vart trulova i Norderhov med Søren Nilsson Slæpa: https://media.digitalarkivet.no/view/8523/149

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Er det mogeleg å seia noko meir om kven foreldri hans var?  Bygdeboki nemner ikkje noko om opphavi til Peder Trondson og Marthe Johnsdotter på Bjerke!

 

???

Buskerud fylke, Ringerike og Hallingdal, Skiftekort (1672-1823), Skifteprotokollside, Side 243

https://media.digitalarkivet.no/view/3917/244
URN:NBN:no-a1450-sk20100224610249.jpg 

Buskerud fylke, Ringerike og Hallingdal, Skifteprotokoll nr. 8 (1721-1726), Løst vedlegg, Side 7 - venstre side: 

https://media.digitalarkivet.no/view/25544/12
URN:NBN:no-a1450-sk20090126370273.jpg 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Anders Pederson Bjerke, fødd 1699, men me lyt vel gå ut ifrå at det var han som 4.1.1727 gifte seg i Hole med Ambjørg Gulbrandsdotter Hurum.  Ambjørg var fødd kring 1705 og vart gravlagd i Hole 14.9.1731.  Dotteri Lisbeth Andersdotter vart døypt 12.10.1727 og er ei av stammødrene mine!

 

Jeg kan ikke se at kirkeboka har nevnt faddere på Lisbeth...!

 

Buskerud fylke, Hole i Hole, Ministerialbok nr. I 1 (1716-1765), Kronologisk liste 1727, Side 70
https://media.digitalarkivet.no/view/8512/74

 

Trolovelsen og giftermålet i 1727 - ingen cautionister nevnt, så vidt jeg kan se....!

https://media.digitalarkivet.no/view/8512/73

 

Så det er ikke mye å gå på her, mht navn og slektsforbindelser. Men du skriver at Lisbeth ble trolovet i Norderhov med Søren Sørensen Slæpa. Bodde de i Norderhov og fikk barn der?

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Legger for ordens skyld inn lenke til dette skiftet:

Buskerud fylke, Ringerike og Hallingdal, Skiftekort (1672-1823), Skifteprotokollside, Side 1841

https://media.digitalarkivet.no/view/3917/1842


URN:NBN:no-a1450-sk20100224611847.jpg
 

Hvis dette er riktig Gulbrand, het første kona hans Ambjørg Trondsdatter, og det er vel henne datteren Ambjørg er oppkalt etter. 

 

 

 

Gulbrand Hansen - Hole bygdebok, bind 2.png

Endret av Grethe Flood
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for fleire interessante og utfyllande innlegg!

 

Eg ser av vigselsregisteret for Norderhov eit par alternative mannspersonar med namn Anders Pederson, som KAN vera Anders Pederson frå Bjerke i Hole:

 

* Anders Pederson Wiul og Marthe Gundersdotter - vigde i Norderhov 24.11.1733: https://media.digitalarkivet.no/view/8521/98

 

** Trulovingi deira i Norderhov 18.4.1732 fortel oss ikkje noko meir: https://media.digitalarkivet.no/view/8521/88

 

* Anders Pderson og Idde Olsdotter - vigde i Norderhov 4.4.1736: https://media.digitalarkivet.no/view/8521/131

 

** Trulovingi deira i Norderhov 29.12.1735 gjev mannen bustad Hønefossen: https://media.digitalarkivet.no/view/8521/128

 

Men skal eg vera ærleg, ser ikkje nokon av desse «kandidatane» særleg sannsynlege ut...  Ingen av dei er kalla «enkjemann»!

 

Med omsyn til Søren Nilsson og Lisbeth Andersdotter, so tok dei over som plassfolk etter foreldri hans på Slæpa under Hverven, og eg kjenner til åtte born etter dei:

 

* Hans Sørenson, døypt i Norderhov 28.11.1751: https://media.digitalarkivet.no/view/8523/163

 

* Nils Sørenson, døypt i Norderhov 11.8.1754: https://media.digitalarkivet.no/view/8523/215

 

* Ambjørg Sørensdotter, døypt i Norderhov 30.9.1755: https://media.digitalarkivet.no/view/8523/236

 

* Nils Sørenson, døypt i Norderhov 17.12.1758: https://media.digitalarkivet.no/view/8524/19

 

* Anders Sørenson, døypt i Norderhov 21.3.1762: https://media.digitalarkivet.no/view/8524/76

 

* Anders Sørenson, døypt i Norderhov 9.3.1766: https://media.digitalarkivet.no/view/8524/143

 

* Karen Sørensdotter, døypt i Norderhov 15.1.1769: https://media.digitalarkivet.no/view/8524/189

 

* Peder Sørenson, døypt i Norderhov 27.9.1772: https://media.digitalarkivet.no/view/8524/244

 

Eg har studert fadrane til desse borni, men finn ikkje nokon som eg ville plassera i slekti til Lisbeth!

 

Nei, so enkelt skal ikkje dette vera, men kanskje nokon ser noko som eg har oversett?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips som kan komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.