Gå til innhold
Arkivverket
Helge Hånes

Ole >Andersson Brekke eller Ole Pederson Lillebø?

Recommended Posts

Helge Hånes

Anne Olsdatter Brekke frå Brekke 2 i Gurskebotn er mi  3 x tippoldemor på farssida. Ho er fødd i 1767. Foreldre er etter Sandesoga I side 484 Ola Andersson Brekke og andrekona Synnøve Hansdatter. Anne og den eldre broren Ole gifte seg begge i 1790 med søskenparet Rasmus Olson og Kari Olsdatter Amestad frå Almestad 1 i Gurskebotn. 

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070829630087

Systera deira, Ingeborg, f. 1770, gifte seg 6. søndag etter Trinitatis, 15. juli 1792, og broren Ole er sponsor.

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070829630093

Far til Anne, Ole Andersson Brekke vart fødd i 1729, kanskje på Nupen i Hallebygda. Han gifte seg først med enkja Ingeborg Jonsdatter Nupen. Ho hadde vore gift fyrst med Jon Gulikson Halle på Sandanger 4 i Gjerdsvika og dernest med Lars Ivarson Nupen på Nupen 3 i Hallebygda. Han døde i 1748, og Ingeborg gifte seg då oppatt med Ola Andersson Brekke. Ola dreiv Nupen 3 eit par år til 1749.  Med Ingeborg fekk han sonen Anders f. 1758, som vart brukar på Lillebø 1, i Haugsbygda. Dernest vart han gift med Synnøve Hansdatter, kanskje dotter til førre brukaren på Brekke 2, Hans Olson. Ho er ikkje nemnd i Sandesoga som dotter til Hans Olson, men kan likevel vere dotter hans. Ho må i så fall ha vore frå eittidlegare ekteskap eller ha vore fødd utanfor ekteskap.  Med henne fekk han borna: Ola f. 1767, gift med Kari Olsdatter Almestad, frå Almestad 1 i Gurskedalen, som overtok bruket i 1791 då faren gifte seg for tredje gong og flytte til plassen Toftesund, Voren 8 på Sandsøya ; Anne f. 1767 og kanskje tvillingsystra til Ola, gift til Almestad 1 og Ingeborg f. 1770 og gift til Myklebust 2 i Gursken. Ole Andersson gifte seg for tredje gong i 1791 etter at andrekona døde i 1790. Den tredje kona var Anne Guttormsdatter Slettestøl. Etter ministerialprotokollen for Herøy for 1791 vart dei trulova 8. søndag etter Trinitatis (14. august) og gifte 15. søændag etter Trinitatis (2. oktober). 

 Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070829630090

Med henne fekk Ola sonen Anders f. 1792, som vart brukar på Myra 2 på Kvamsøya i Sande. 

 

I syvdesoga under Lillebø 1 (Side 64 - 65) er det ei opplysning som ikkje stemmer med opplysningane i Sandesoga I. Her seiest det at Ole f. 1767, gift med Kari Olsdatter Almestad er son til Ole Pederson Lillebø. Denne Ole Pedersen er gift med Brite Olsdatter, og dei har borna: Peder f. 1773 og Synneve f. 1775. I tillegg har dei dottera Pernille f. 1768 og Ole f. 1767, som i 1791 vart gift med Kari Olsdatter Almestad og var busett på Brekke i Sande.  Dei to fyrste borna, Peder og Synnøve har eg funne i ministerialprotokoll for Vanylven 1760 - 1816. 

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070829610105

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070829610110

Men dei to andre som er nemnde, Pernille f. 1768 og Ole f. 1767 finn eg ikkje. Det må vel tyde på at dei enten er fødde ein annan stad eller at det her er ein feil. Eg heller til den oppfatninga at dette må vere feil, og at det er Sandesoga som har rett. 

Eit anna spørsmål er kvar Ola Andersson kom frå, og kven andrekona hans, Synnøve Hansdatter (1728 - 1790) er? Ola var fyrst gift med enkja Ingeborg Jonsdatter Nupen på Nupen 3. Kan han vere frå Hallebygda? Synnøve Hansdatter kan som nemnt tidlegare ha vore dotter til førre brukaren på Brekke 2, Hans Olson, men ho er ikkje nemnd mellom borna hans.

 

Kan nokon hjelpe meg til å kome vidare? Kven var far og mor til Anne Olsdatter Brekke og kvar kom dei frå?

 

 

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Ikkje direkte svar på spørsmålet (førebels iallfall); men det kan vere nyttig å samle kjeldeinformasjonen.

 

Det er ein del manglar ved kyrkjebøkene i desse åra, i 1746-47 og 1753 er det knapt nok ført kyrkjebok i det heile.

 

Dåp 17.4.. 1767: https://media.digitalarkivet.no/kb20070829620603  "Ole Brekes b.n. Ane"

Innleiing 25.mai 1767 i Sande: https://media.digitalarkivet.no/kb20070829620602: "Synne Hansdatter Breken" (og "Gurie Jacobsdatter ibd.")

(dei ulike kolonnene er ikkje heilt samordna, så innleiinga kjem på sida før dåpen).

 

Dei mange ekteskapa er ikkje særskilt godt tidfesta i Sandesoga.

Det eg finn er vigsel 3.11  (21.s.e.tr) i Sande 1748 https://media.digitalarkivet.no/kb20070829620454

"Lars Iversøn" og "Ingebor Jonsd. Sandanger"

truloving 15.6 1748 https://media.digitalarkivet.no/kb20070829620451

"Lars Iversøn Nupen" og "Ingeborg Jonsd"; vitne: Ole og Jon Sandanger

 

ifl. Sandesoga skal Lars Ivarson vere d. 1748. Eg finn "Lars Nupen" (utan alder) jordfesta 22.9 (15.s.e.tr) 1748 https://media.digitalarkivet.no/kb20070829620453

Det er altså vel ein månad før vigsla.  Altså må det ha vore to Lars Nupen, og han som gifta seg kan ha vore i live ei god stund etterpå.

(Eller.... visepastoren kan ha rota med føringa.)

 

Lars og Ingeborg skal ifl. Sandesoga ha fått ein son Gulik f. 1748.  Han finn eg ikkje i kyrkjeboka (1747-50).

Det er to Ole Nupen (ikkje patronym) som får barn i 1749. Ane døypt Dom.Lætare (16.3) og Zidzelle døypt 21.s.e.tr (16.10).

I begge tilfella er ein Ole Nupen fadder.

"Ole Nupens" kone er innleidd palmesundag (30.3), men det er ikkje noko innleiing frå Nupen på slutten av året (eller året etter)

 

Eg finn ikkje noka Ingeborg Jonsd/Nupen gift etter 1748 (til 1760).

Det er ei "Ingeborg Brecke", 67 år, jordfesta 10.10 1762

og ei "Ingebor Jonsd Brecke", 79 år, jordfesta 26.12 1764

(men desse to vart neppe mor i 1748)

 

Eg finn tre par Ole/Synneve vigde 1748-1767:

"Ole Halle", "Synneve Halle", vigde 4.s.e.tr (11.7) 1756 (finn dei ikkje trulova)

"Ole Rasmussen Voxen", "Pige Synneve Andersd Arsæt", trulova palmes. (4.4) 1762, vigde 5.7. 1762

"Ole Andersen Kalsnæs", "Pige Synneve Knudsd Vaage", trulova 26.12 1762, vigde 18.7 1763

Du kan kanskje finne og utelukke nokre av desse.

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Synneve Hansdtr. vart trulova med Lars Gullichsen Halle i 1753: https://media.digitalarkivet.no/kb20070829620477

 

Giftermålet er her: https://media.digitalarkivet.no/kb20070829620481

 

Sonen Gullich var døypt i 1754: https://media.digitalarkivet.no/kb20070829620487

 

Det var skifte etter Lars Gullichsen i 1755: https://media.digitalarkivet.no/sk20090126660305

Nemnde her er kona Synneve Hansdtr. og sonen Gullich Larssen.

 

Ole Andersen og Synneve Hansdtr. vart som nemnde over gifte i 1756.

 

Ved ekstraskatten i 1762 er dei busette på ytre Halle: https://media.digitalarkivet.no/rk10041201041383

Her er og ein legdslem med nemnet Ingebor Jonsdtr.

 

Skiftet etter Synneve Hansdtr. i 1790 nemner enkemannen Ole Andersen og sønene Gullich Larsen, Ole Olsen og døtrene Anne og Ingeborg Olsdøtre: https://media.digitalarkivet.no/sk20090126710889

 

Skiftet etter Ole Andersen Toftesund i 1803 nemner sønene Ole Olsen Brekke, Anders Olsen (9 år) samt døtrene Anne gift med Rasmus Almestad og Brithe? gift med Ole Ourvollen: https://media.digitalarkivet.no/sk20090127650167

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Eg har heller ikkje noko svar på det du spørr om, men kanskje ein støtte til at Ole Pedersen Lillebø ikkje er far til nokon Ole!

 

Det eg gjerne vil gjere er å legge til eit par opplysningar om borna til Ole Pedersen Lillebø og kona Birthe.

 

Eg har og funne borna Peder og Synneve. Men eg har kun funne eit anna born av desse to innført i kyrkjeboka for Vanylven og Syvde sogn. Nemlig ei datter Johanne døypt 1 Dec. 1767, innført som dåp nummer to under året 1768. Min "teori" er at denne Johanne er den Håkon M Fiskå har kalla Pernille i boka si pga at han har lese folketellinga 1801. Men det er kun ein teori, eg veit ikkje!

 

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 501/L0002: Ministerialbok nr. 501A02, 1760-1816, s. 15
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070829610097

 

Folketellinga i 1801 syner nemlig at Ole og Berthe då hadde borna Peder, Pernille og Synnøve (i live.)

https://digitalarkivet.no/census/person/pf01058411000929

 

Dersom du Helge, eller ein annan, skulle vite noko om opphavet til ektefolket Ole Pedersen og Birthe Olsdatter hadde det vore svært interessant å fått vite!

Endret av Morten Sylte

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Helge Hånes

Mange takk til Ivar, Inge og Morten for opplysande og nyttige innspel. Ein del ting har no falle på plass, sjølv om det framleis er spørsmål som heng i lufta. 

Det som tykkjest klart er at Synneve Hansdatter gifte seg med Lars Gullichsen Halle i 1753. Dei fekk ein son, Gulich, som er fødd i 1754. Dåpsoppførselen i kyrkjeboka har berre mora sitt namn, og det tyder vel på at faren, Lars Gulichsen er død. At det er rett viser skiftet etter han av 18. september 1755. Det neste som er klart er vel at Synneve gifter seg igjen i 1756 med Ole Andersen. Dei bur under ekstraskatten i 1762 framleis på Ytre Halle 1. Eit spørsmål i den forbindelse er Anne Olsdatter som er nemnd som barn over 12 år som bur saman med dei. Dette høver ikkje med den Anne Olsdatter som gifter seg med Rasmus Olson Almestad i 1790, for ho er fødd i 1767. Kven er så dette? Er ho ei dotter Ole Andersen har frå før, kanskje med Ingeborg Jonsdatter, den første kona hans? Vi merkar oss også at Synneve og Lars sin son, Gulech ikkje bur saman med dei, eller er han ikkje nemnd fordi det berre er spørsmål etter born over 12 år?

Ole og Syneve bygslar Brekke 2 i 1764, og dei får borna Ole, Anne og Ingeborg. Anne er dokumentert  i dåpsregisteret i 1767 og som ektevigd i 1790. Borna er også nemnde i skiftet etter Syneve Hansdatter i 1790. Der er også Syneve sin son Gulech nemnd. I skiftet etter Ole Andersen i 1803 er borna Ole og Anne nemnde. I tillegg kjem sonen Anders, som Ola hadde med tredjekona Anne Guttormsdatter Slettestøl. Så kjem det inn i biletet enno ei dotter ved namn Brithe, gift med Ole Ourvollen. Kven er ho dotter til? Kan det vere at Ole Andersen og Syneve hadde enno ei dotter, i tillegg til Anne og Ingeborg? Og kvifor er ikkje Ingeborg nemnd i dette skiftet? Er ho død?

Det er også eit ope spørsmål kvar Ole Andersen og Syneve Hansdatter kom frå? Berre ved å bla litt i listene over ekstraskatten frå 1762 ser eg at det er fleire Ole/Ola Andersen i området. Kven er Anders og Hans som dei har namn etter? Eg vil tru at dei nokså sannsynleg er frå nærområdet. Men det er vanskeleg utifrå dei kjeldene som eksisterer til no å fastslå kven dei var. Korleis kan det vere mogeleg å kome vidare her?

 

Når det gjeld koblinga til Lillebø i Syvde, er nok det eit skot i blinde. Slik eg ser det var nok ikkje Ole Andersen på Lillebø.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Helge Hånes

Eit lite tillegg til førre innlegg:

Den Brithe Olsdatter som er nemnd i sikftet etter Ole Andersson i 1803, som er gift med Ole Ourvollen, er dottera til Ole og Synneve, Ingeborg f. 1770, her kalla Brithe. Ho gifdte seg med Ole Aurvoll i 1792. Ingeborg levde såleis i beste velgåande ved skiftet etter faren. 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Helge Hånes

Litt til: Eg nemnde i eit tidlegare innlegg at ved ekstraskatten i 1762 er det oppført ei jente over 12 år, Anne Olsdatter , som bur saman med Ole Andersen og Synneve Hansdatter på Ytre Halle 1. Eg stilte då spørsmålet om ho kunne vere ei jente som Ole Anderson hadde fått med Ingeborg Jonsdatter. No finn vi at ein Ole Nupen  fekk ei dotter, Ane, som vart døypt 16.03.1749. Kan denne Ole vere Ole Andersen, som etterat Lars Ivarson Nupen døde i 1748 gifta seg med enkja etter han? I så fall var dottera Ane i 1762 omtrent 13 år og er då den jenta som er nemnd i skattemanntalet for 1762. Høyrest dette logisk ut?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg
4 timer siden, Helge Hånes skrev:

 

Det som tykkjest klart er at Synneve Hansdatter gifte seg med Lars Gullichsen Halle i 1753. Dei fekk ein son, Gulich, som er fødd i 1754. Dåpsoppførselen i kyrkjeboka har berre mora sitt namn, og det tyder vel på at faren, Lars Gulichsen er død.

dåp 8.s.e.trieining  (nesten nedst på sida): "Lars Halles barn N. Gulech"  Faddrane er Anders, Dorte, Gulek og Marte Halle.

Du har kanskje sett på den nest første på sida, dp. 11.mai, "Gulech Halles b N Sønneve". Her er faddrane Ingebrikt, Aksel, Gunnar og Dorte Halle og Guri Staurgjære.

 

Det kan ikkje seiast noko frå dette om at Lars har gått bort.

Kyrkjeboka (1753-1766) har ingen Lars Halle ført som død.

 

1 time siden, Helge Hånes skrev:

Litt til: Eg nemnde i eit tidlegare innlegg at ved ekstraskatten i 1762 er det oppført ei jente over 12 år, Anne Olsdatter , som bur saman med Ole Andersen og Synneve Hansdatter på Ytre Halle 1.

No er Anne ført som dotter til Vigleik ("Velech") Larsson og Dorte Jonsd. , ikkje Ole og Synneve.

Ho må i tilfelle vere Vigleik si stedotter, men det kan ho godt vere; Vigleik og Dorte vart trulova 6.1. 1756 (finn i kkje vigsla) og Anne er seinast fødd 1750.

... og då fell vel spørsmåla om denne Anne bort.

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Helge Hånes

Takk Ivar. Du har rett. Eg såg på den nestførste dåpsoppføringa på sida, og der er det snakk om Gulik Halles barn Synnøve. Om eg ikkje tek feil er dette Gulik Ingebrigtson Halle på Halle Indre 2 (Havågbruket), som i 1754 får dottera Synnøve. Den rette oppføringa er den du peikar på: Lars Halles barn N: Gulech. Og som du seier kan vi gløyme at Lars Gulichsen var død 4. august 1754. Men dersom det er den rette Ole (Anderson) Halle som gifter seg med Syneve Hansdatter i 1756, levde han nok ikkje så veldig lenge etter sonen Gulech vart døypt.  

Den "Ane" som vart døypt 16.03.1749 kan vel likevel vere ei dotter av Ole Anderson og Ingeborg Jonsdatter, sjølv om ho ikkje er den Anne Olsdatter som er oppført i 1762-skattemanntalet?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Kva er kjelda for at Ole Andersson skal ha vore gift med Ingeborg Jonsd. ? (utanom Sandesoga).

 

Sandesoga (b.2 s. 484, Brekke) vil ha det til at dei var gifte og at dei hadde ein son Anders, f. 1758 - d. 1787 (til Lillebø, b.1 s. 333; utan etterkomarar).  Skifte?

Han er i så fall fødd to år etter at Ole vart gift med Synneve (men det kan naturlegvis forklarast med at han var fødd tidlegare enn 1758,

som kan vere eit fødselsår utrekna frå oppgjeven alder ved død; eller at han var son til Synneve, ikkje Ingeborg)

Dersom dei var gifte, må Ingeborg vere død før 1756.  Skifte?

 

I kyrkjeboka er det ført inn tre Anders Olssøner døypte 1748-1766:

- son til Ole Arset dp. juni/juli 1754 (uklar dato, tidlegast 2.6 men før 9.7) https://media.digitalarkivet.no/view/15942/64 (finn ikkje innleiing)

- son til Ole Torset, dp. 1.s.i advent (27.11) 1757 https://media.digitalarkivet.no/kb20070829620495 (finn ikkje innleiing)

- son til Ole Riste, fp 22.6. 1760 https://media.digitalarkivet.no/kb20070829620501 ; Brite Riste vart innleidd  utan dato 1760

Ingen av desse ser ut til å vere er aktuelle her.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Helge Hånes

Då har eg funne at det er rett det som Sandesoga seier om Anders Olson Lillebø. Han døde i 1787 og var då 29 år, dvs. at han var fødd i 1758. Då er det vel grunn til å tru at også han var son til Synneve Hansdatter og Ole Andersen. dette føreset at det er rett at dei gifte seg i 1756. Det finst ikkje kjelder så langt på at han verkeleg er son til Ole og Synneve, så heilt sikkert er det vel ikkje, men i alle fall sannsynleg. 

https://media.digitalarkivet.no/kb20070829620670                         https://media.digitalarkivet.no/kb20070829620493

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Helge Hånes

Det er vanskeleg å finne kjelder som bekreftar om Ingeborg Jonsdatter Sandanger var gift med Ole Andersen. Eg har leita i skifteprotokollane, men har ikkje funne noko bevis for det. Når det gjeld Ingeborg finn eg berre skiftet etter Jon Gullichsen av 18. juli 1745. Der er Ingeborg nemnd som enkje etter avdøde. I tillegg er faren Jon Knudsen Sandanger og dottera Johanne Jonsdatter nemnde.  

https://media.digitalarkivet.no/sk20090126640370

 

Elles har eg ikkje funne anna enn dåpen til Ane, Ola Nupens barn: https://media.digitalarkivet.no/kb20070829620458  Her er ein Ole Nupen vitne i tillegg til Guri Halle, Randi Nupen og ein Anders som eg ikkje greier å tyde etternamnet på (kanskje Kraaen). I så fall kan det kanskje vere Anders Askjelson Kraaen som var brukar på Kraaen frå 1748 og utover ifylgje Sandesoga. Eg finn inga Guri Halle under Halle i Sandesoga, men ein Ola Andersson er brukar på Halle Ytre  5 i 1756 og er det visstnok til 1761. Randi Nupen må vere Randi Olsdatter på Nupen 2, gift med Anders Helgeson Nupen, brukar 1675 til 1757.  Men dette gjev ikkje noko svar på kven som er far og mor til Ane.

Eg kjem diverre ikkje lenger. Har prøvd å leite etter eventuelle foreldre til Ola Anderson og Synnøve Hansdatter i nærområdet, men finn ingen aktuelle.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Helge Hånes

Ein liten merknad: Den Ole Nupen som er nemnd som fadder eller vitne i dåpen til Ane kan vere Ola Olson Nupen som tok over Nupen 2 etterat Lars Ivarson Nupen dæydde i 1748. Lars Ivarson Nupen skal ifylgje Sandesoga ha vore gift andre gong med Ingeborg Jonsdatter Sandanger. At nettopp han er fadder kan vel tyde på at Ingeborg er mor til Ane, og dermed gift med Ola (Anderson) Nupen. Lars Ivarson og Ingeborg Jonsdatter gifte seg i november 1748,,så dei kan ikkje ha vore gifte lenge dersom Lars døde same året. Han er oppførd som brukar til 1749. Det kan vel vere at enkja hadde garden ei stund etter at mannen døde.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.