Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Christen Jacobson, fødd i Hafslo 4.5.1835 - gift 1862 med Gunhild Sørensdotter - utvandra 1867 - farma Yellow Medicine Co., MN - vart skilde kring 1890 - kvar vart det av Christen?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei gamal «utfordring» som eg aldri har greidd å finna ei løysing på.  Kanskje tidi no er kommi for å finna eit svar?

 

Christen Jacobson (Vedvig), fødd i Hafslo 4.5.1835, gifte seg i Luster 9.9.1862 med Gunhild Sørensdotter (Dulsvig), fødd i Luster 23.6.1831.  Dei pakta nokre år ein gard på Høyeim i Luster, men utvandra i 1867 til Amerika, først til Freeborn Co., MN, men var frå 1871 farmarar i Normania township, Yellow Medicine Co., MN

 

I 1885 var Christen og Gunhild framleis i lag i Normania township, Yellow Medicine Co., MN: https://www.ancestry.com/interactive/1058/mnsc_47-0322?pid=5662073&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D1058%26h%3D5662073%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx4181%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4181&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

I 1895 er Gunhild Jacobson åleine i Hanley Falls, Yellow Medicine Co., MN: https://www.ancestry.com/interactive/1058/MNV290_106-0808?pid=1440582&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D1058%26h%3D1440582%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx4177%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4177&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

I 1900 var Gunhild Jacobson «divorced» og busett hjå yngste dotteri Hannah Ralphson i Cottonwood, Lyon Co., MN; av i alt tolv born levde då att berre tre: https://www.ancestry.com/interactive/7602/4120289_00741?pid=26665658&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx4136%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3D1900usfedcen%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DJohanna%26gsfn_x%3DNP_NN%26msbdy%3D1876%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D5%26msbpn__ftp%3DMinnesota,%20USA%26msbpn%3D26%26msbpn_PInfo%3D5-%7C0%7C1652393%7C0%7C2%7C0%7C26%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26msrpn__ftp%3DLyon%20County,%20Minnesota,%20USA%26msrpn%3D1839%26msrpn_PInfo%3D7-%7C0%7C1652393%7C0%7C2%7C0%7C26%7C0%7C1839%7C0%7C0%7C0%7C%26msrpn_x%3DPACO%26msrpn__ftp_x%3D1%26_83004003-n_xcl%3Dm%26_8200C010__ftp%3DNorway%26_8200C010%3D5173%26_8200C010_PInfo%3D3-%7C0%7C1652381%7C0%7C5173%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C%26_8200C010_x%3D1%26_8200C010__ftp_x%3D1%26_82008010__ftp%3DNorway%26_82008010%3D5173%26_82008010_PInfo%3D3-%7C0%7C1652381%7C0%7C5173%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C%26_82008010_x%3D1%26_82008010__ftp_x%3D1%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D35%26fh%3D2%26h%3D26665658%26recoff%3D%26ml_rpos%3D3&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4136&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

I 1905 er Gunhild Jacobson åleine i Marshall, Lypon Co., mMN, men i lag med ho ogso då var yngste dotteri Hannah Ralphson: https://www.ancestry.com/interactive/1058/mnsc_133-0306?pid=2938849&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26db%3DMNstatecen%26h%3D2938849%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx4177%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26rhSource%3D1058&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4177&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Gunhild Jacobson døydde i Marshall, MN 4.2.1909, og eg har notert frå dødsattesten hennar at mannen Christen «Christian» då framleis var i live!

 

Men kvar vart det av Christen Jacobson??

 

Den EINASTE «kandidaten» eg so langt har kunna finna, er denne farmaren som i 1910 budde på 304 Sportswood street, Moscow, Latah Co., ID (https://www.ancestry.com/interactive/7884/31111_4327540-01029?pid=4117820&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx4187%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-g%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DChristian%26gsfn_x%3DNP_NN%26gsln%3DJacobson%26gsln_x%3DNP_NN%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D5%26msbdy%3D1835%26msbpn__ftp%3DNorway%26msbpn%3D5173%26msbpn_PInfo%3D3-%7C0%7C1652381%7C0%7C5173%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26catbucket%3Drstp%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3DROOT_CATEGORY%26h%3D4117820%26dbid%3D7884%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D3&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4187&_phstart=successSource&usePUBJs=true):

 

* Jacobson, Christian  74  Nor  Nor  Nor - emigrated 1863 - 2nd marriage - married for 8 years

* Jacobson, Tildie  77  Nor  Nor   Nor - emigrated 1864 - 2nd marriage - married for 8 years

 

Yngste dotteri til Christian, Hannah Ralphson, flytte som fråskild kring 1910 til «vesten» og budde ulike stadar i Idaho, California og Washington til ho i 1915 gifte seg att med Oscar McMillan og busette seg i Portland, OR.  Eg ser at ei:

 

* Matilda Jacobson døydde i Portland, OR 22.1.1919, men eg finn ikkje nokon alder på ho.  Det KAN jo ha vore stemori...?

 

Det hadde vore kjempeflott om nokon kunne greia å finna lagnaden til denne Christen «Christian» Jacobson, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

Hva het foreldrene?

 

Hadde han søsken i US?

 

Navn på barn?

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
16 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Christen Jacobson (Vedvig), fødd i Hafslo 4.5.1835, gifte seg i Luster 9.9.1862 med Gunhild Sørensdotter (Dulsvig), fødd i Luster 23.6.1831. 

 

Nr. 25

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Gaupne, Fortun, Nes i Luster, Ministerialbok nr. A 8 (1860-1870), Viede 1862, Side 163
https://media.digitalarkivet.no/view/8402/148

 

Jeg finner en Christen, født 4. mai 1835, i Luster, sønn av Jacob Christensen og Ingeborg Johannesdatter Berge:

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Gaupne, Fortun, Nes i Luster, Ministerialbok nr. A 5 (1831-1841), Fødte og døpte 1835, Side 27
https://media.digitalarkivet.no/view/11592/31

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil og Grethe for nye innlegg!

 

Eg burde ha teke med litt fleire opplysningar om foreldri og søskeni til Christen alt i innleiingi, sorry for det...

 

Christen var eldst av ni søsken: foreldri var gardbrukar Jacob Christenson Vedvig (1807-1890) og Ingeborg Johannesdotter (Vedhoggi) (1817-1864).  Fem av dei yngre søskeni døydde unge eller ugifte i Hafslo, og ein sjette var gift, men har heile slekti si i Hafslo!  To brør utvandra:

 

** Sjur Jacobson Vedvig, fødd i Hafslo 18.11.1850, gifte seg med Britha Andersdotter frå Ve i Årdal.  Sjur utvandra i 1887, og året etter følgde kona.  Dei skreiv seg for Sever og Bertha Vedvig og busette seg i Burnhamville township, Todd Co., MN, men Sever døydde då han 12.7.1910 vart påkøyrd av eit tog og drept i Morris, Stevens Co., MN.  Dei fekk to born i lag, Jacob S. Wedwick (1871-1952) og Ingeborg «Emma Belle» Vedvig Thompson (1872-1952), som båe budde i Minnesota.

 

** Hans Jacobson Vedvig, fødd i Hafslo 10.3.1856, gifte seg med Martha Johnsdotter frå Lunden under Kalhagen i Luster.  Dei utvandra til Amerika i 1876 og hamna som farmarar i Burnhamville township, Todd Co., MN der Hans døydde 30.4.1925.  Det var ti born i denne huslyden, som alle budde i Minnesota, med unntak av den eldste, som eigentleg var son hennar Martha før ho gifte seg med Hans:

 

*** Johannes alias John H. Vedvig, fødd i Hafslo 5.2.1870, utvandra med mor og stefar i 1876 og døydde i Eureka, CA 30.6.1955.  John gifte seg første gongen i LATAH Co., IDAHO 27.11.1891 med ei Mary Olson, ei svensk jente fødd 7.5.1871.  Dei farma i North Troy precinct nær Moscow, Latah Co., ID der Mary døydde 9.4.1917.  John gifte seg att i Madison, MN 19.11.1923 med enkja Karen Velde Haverberg, fødd i Pope Co., MN 1.7.1872.  Ho døydde i Troy, ID 27.12.1955, men John og Karen skilde lag etter kort tid, og medan Karen vart buande i Troy, ID, skal John ha butt mellom anna i Seattle, WA og i Spokane, WA før han hamna i Humboldt Co., CA.  Han hadde fem born frå første ekteskapet sitt!

 

Denne brorsonen til Christen Jacobson flytte som me ser til Latah Co., IA, og nettopp der var det eg fann den ovannemnde «kandidaten» til Christen i FT1910!  Dersom eg har finne «rett» Christen, er det ikkje urimeleg å gå ut ifrå eit samband mellom dei to flyttingane.  Dei må jo ha flytt vestover om lag på same tid...!  Eller kva meiner du, Egil?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om lagnaden til Christen Jacobson!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
3 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Dei må jo ha flytt vestover om lag på same tid...!  Eller kva meiner du, Egil?

 

Det er vel ikke urimelig at det skjedde. Hadde vært fint om vi kunne finne en vielse omkring 1902 da......

 

Ellers flott med mer informasjon, men kan du også opplyse navna på barna til Christian og Gunhild?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for nytt innlegg!

 

Her følgjer eit oversyn over borni etter Christen og Gunhild, inklusiv eit par spørsmål om svigersønene Matthias Lee og Oscar McMillan:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Dei fekk visstnok elleve born i lag, men eitt av desse d. kort etter fødsli utan at me kjenner korkje namn eller datoar; dessutan hadde Gunnilde ei dotter frå før:

a. Kari Halvorsdotter (1856-1861), f. og d. i Luster, dotter av Gunnhild og husmann Halvor Halvorson i Lundshaugen under Lunde i Hafslo (1834-1903).

b. Ingeborg C. Jacobson, f. i Luster 8.7.1862, utvandra med foreldri til Amerika i 1867 og d. i Goldendale, Wash. 15.8.1943.  Ho gifte seg i Yellow Medicine Co., Minn. 3.1.1885 med Jacob Christian, kjend som Christian Jacobson frå Holter i Nes, Akershus, i Amerika kjend som Christian J. Holter, ein bror av Casper Jacobson Holter (1855-1938) som var andre ektemaken til husmannskona Kari Jacobsdotter frå Bringebakken under Dale (1848-1914).  Christian var son av gardbrukar Jacob Christian Clemmetson på Holterhagen, Holter i Nes, opphavleg frå Holter vestre, og kona Kari Larsdotter frå Gjersøyen i Sør-Odal og f. i Nes 14.1.1858, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1871.  Han d. i Goldendale, Wash. 30.3.1924.  Ingeborg og Christian Holter farma ei tid i Tyro township, Yellow Medicine Co., Minn., men flytte kring 1902 til ein farm i Pleasant precinct nær Goldendale, Klickitat Co., Wash.  Dei vart skilde kring 1908, men vart båe buande nær Goldendale, Wash. levetidi uit.  Dei fekk elleve born i lag.

c. Karen C. Jacobson (1864-1865), f. og d. i Luster.

d. Jacob C. Jacobson, f. i Luster 19.10.1865, utvandra til Amerika med foreldri i 1867, men d. ugift i Yellow Medicine Co., Minn. 7.6.1888.

e. Soren C. Jacobson, f. i Freeborn Co., Minn. 15.1.1868, d. i Freeborn Co., Minn. 28.1.1868.

f. Johan C. Jacobson, f. i Freeborn Co., Minn. 25.3.1869, d. i Freeborn Co., Minn. 9.4.1869.

g. Gjertina, kjend som Jertina Jacobson, f. i Freeborn Co., Minn. 7.7.1870, d. i Clarkfield, Minn. 8.5.1961.  Ho gifte seg i Yellow Medicine Co., Minn. 19.11.1889 med Mathias Johannesson frå Øverlien i Lesja, i Amerika kjend som Matthias Lee.  Han var son av gardbrukar Johannes Pederson på Øverlien, opphavleg frå

 

     ##### (opphavet hans?)

 

     og kona Rønnaug Johannesdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     og f. i Lesja 8.4.1859.  Han utvandra til Amerika i 1881

 

     ##### (sjekka utvandringsåret?)

 

     og d. i Clarkfield, Minn. 28.11.1949.  Jertina og Matthias Lee farma i Swede Prairie township, Yellow Medicine Co., Minn. og fekk tretten born i lag.

h. Samuel C. Jacobson, f. i Yellow Medicine Co., Minn. 2.12.1872, miste livet i ein snøstorm i Yellow Medicine Co., Minn. 12.1.1888 då han fraus ihel.

i. Johanna, kjend som Hannah C. Jacobson, f. i Yellow Medicine Co., Minn. 12.11.1875, d. i Portland, Ore. 1.7.1954.  Hannah gifte seg første gongen i Cottonwood, Lyon Co., Minn. 1.7.1898 med Rolf Rolfson frå Skjeggestad i Lund, Rogaland, i Amerika kjend som Ralph Ralphson.  Han var son av gardbnrukar, snikkar og dreiar Rolf Tollakson på Skjeggestad, opphavleg frå Hove, og kona Lisabeth Sophie Andreasdotter frå Skjeggestad og f. i Lund 26.12.1871, men utvandra til Amerika i 1891.  Ralph var målar og tapetserar («painter and paper hanger»), og han og Hannah budde i Marshall, Lyon Co., Minn. der Ralph d. 4.7.1938, men dei vart skilde kring 1910.  Hannah flytte vestover og gifte seg att i Vancouver, Wash. 11.9.1915 med enkjemannen Oscar Stonewall Jackson McMillan, f.

 

     ##### (date and place of his birth? – Palo Pinto Co., Texas about 1873?)

 

     Han d. i Portland, Ore. 13.12.1941.  Oscar McMillan var bygningsingeniør («bridge building engineer») og hadde ei tid butt i Caldwell, Canyon Co., Idaho og sidan i Spokane, Spokane Co., Wash., men flytte i 1915 til Portland, Multnomah Co., Ore.  Han og Hannah vart skilde alt kring 1918, men varty båe buande levetidi ut i Portland, Ore.  Hannah hadde ein son, som var frå andre ekteskapet, men Oscar McMillan hadde òg tre born frå første ekteskapet sitt.

j. Gunhild C. Jacobson, f. i Yellow Medicine Co., Minn. kring 1878, d. i Yellow Medicine Co., Minn. 1.6.1879.

k. NN (dotter) Jacobson, f. i Yellow Medicine Co., Minn. kring 1881, d. i Yellow Medicine Co., Minn. ?.4.1882.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å kartleggja denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
37 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Matthias Lee.  Han var son av gardbrukar Johannes Pederson på Øverlien, opphavleg frå

     ##### (opphavet hans?)

     og kona Rønnaug Johannesdotter frå

     ##### (opphavet hennar?)

     og f. i Lesja 8.4.1859.  Han utvandra til Amerika i 1881

     ##### (sjekka utvandringsåret?)

 

Bygdebok for Lesja. 1 : Gards- og slektshistorie for Lesjaskogen

Nordpå ("i Nordpå Øverli'n")

 

ØVERLIEN .jpg

 

Utvandringen:

Christine Johannesdatter Øverlid:

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000662371

 

Mathias Johannesen

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000662369

Emigrasjon .jpg

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
10 minutter siden, Grethe Flood skrev:

Bygdebok for Lesja. 1 : Gards- og slektshistorie for Lesjaskogen

Nordpå ("i Nordpå Øverli'n")

 

 

Rønnaug Johannesdatter .jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M9QZ-43X

Christ Jacobson

United States Census, 1900
Name Christ Jacobson
Event Type Census
Event Year 1900
Event Place Friendship Township Clarkfield village, Yellow Medicine, Minnesota, United States
Gender Male
Age 65
Marital Status Married
Race White
Race (Original) W
Relationship to Head of Household Head
Relationship to Head of Household (Original) Head
Years Married 1
Birth Date May 1835
Birthplace Norway
Marriage Year (Estimated) 1899
Immigration Year 1868
Father's Birthplace Norway
Mother's Birthplace Norway
Household
Role
Sex
Age
Birthplace
Christ Jacobson Head M 65 Norway
Matilda Jacobson Wife F 59 Norway

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

?

The Minnesota, Marriages Index, 1849-1950
Name:    Christian Jacobsen
Gender:    Male
Marriage Date:    6 Sep 1899
Marriage Place:    Minneapolis, Hennepin, Minnesota
Spouse's Name:    Mathilda Andersen
Spouse Gender:    Female
Event Type:    Marriage
FHL Film Number:    1380439

 

LENKER FS:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QJGB-M8TR

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:VKN5-TQN

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Fortsettelse fra #10: 

Nr. 6 - høyre side:

Hedmark, Oppland fylke, Dovre, Lesjaskog, Lesja, Øvre Folldal i Lesja, Klokkerbok nr. 2 (1832-1850), Viede 1838, Side 422-423
https://media.digitalarkivet.no/view/6069/181

 

Johannes og Rønnaug i f.t. 1865 for Lesja:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038056000645

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=0512&kenr=001&bnr=0064&lnr=00

  • Tellingsår: 1875
  • Kommune: Lesja
  • Kommunenummer: 0512
  • Navn på bosted: Øverlien nordre

Antall personer registrert på bostedet: 7. Trykk på tidslinje.gif for å se på tidslinjen for personen.


  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
tidslinje.gif Johannes Pedersen hf g Gårdbr. Selveier 1807 Lesje  
tidslinje.gif Rønnaug Johannesdatter Kone g   1815 Lesja  
tidslinje.gif Johannes Johannesen s ug Hjælper Forældrene med Gårdarbeidet 1847 Lesja  
tidslinje.gif Mattias Johannesen s ug Do. 1858 Lesja  
tidslinje.gif Mari Johannesdatter d ug Do. 1843 Lesja  
tidslinje.gif Kristine Johannesdatter d ug Do. 1853 Lesja  
  Bridt Olsdatter Pleiebarn   Understøttelse af Fattigkassen 1867 Kors Sogn Grytten
Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe, Ann-Mary, Lars J. og Egil for nye spennande og interessante innlegg!

 

Opplysningane om svigersonen Matthias Lee er no komplette, og eg syner her eit oppdatert oversyn over borni i denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Dei fekk visstnok elleve born i lag, men eitt av desse d. kort etter fødsli utan at me kjenner korkje namn eller datoar; dessutan hadde Gunnilde ei dotter frå før:

a. Kari Halvorsdotter (1856-1861), f. og d. i Luster, dotter av Gunnhild og husmann Halvor Halvorson i Lundshaugen under Lunde i Hafslo (1834-1903).

b. Ingeborg C. Jacobson, f. i Luster 8.7.1862, utvandra med foreldri til Amerika i 1867 og d. i Goldendale, Wash. 15.8.1943.  Ho gifte seg i Yellow Medicine Co., Minn. 3.1.1885 med Jacob Christian, kjend som Christian Jacobson frå Holter i Nes, Akershus, i Amerika kjend som Christian J. Holter, ein bror av Casper Jacobson Holter (1855-1938) som var andre ektemaken til husmannskona Kari Jacobsdotter frå Bringebakken under Dale (1848-1914).  Christian var son av gardbrukar Jacob Christian Clemmetson på Holterhagen, Holter i Nes, opphavleg frå Holter vestre, og kona Kari Larsdotter frå Gjersøyen i Sør-Odal og f. i Nes 14.1.1858, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1871.  Han d. i Goldendale, Wash. 30.3.1924.  Ingeborg og Christian Holter farma ei tid i Tyro township, Yellow Medicine Co., Minn., men flytte kring 1902 til ein farm i Pleasant precinct nær Goldendale, Klickitat Co., Wash.  Dei vart skilde kring 1908, men vart båe buande nær Goldendale, Wash. levetidi uit.  Dei fekk elleve born i lag.

c. Karen C. Jacobson (1864-1865), f. og d. i Luster.

d. Jacob C. Jacobson, f. i Luster 19.10.1865, utvandra til Amerika med foreldri i 1867, men d. ugift i Yellow Medicine Co., Minn. 7.6.1888.

e. Soren C. Jacobson, f. i Freeborn Co., Minn. 15.1.1868, d. i Freeborn Co., Minn. 28.1.1868.

f. Johan C. Jacobson, f. i Freeborn Co., Minn. 25.3.1869, d. i Freeborn Co., Minn. 9.4.1869.

g. Gjertina, kjend som Jertina Jacobson, f. i Freeborn Co., Minn. 7.7.1870, d. i Clarkfield, Minn. 8.5.1961.  Ho gifte seg i Yellow Medicine Co., Minn. 19.11.1889 med Mathias Johannesson frå Øverlien i Lesja, i Amerika kjend som Matthias Lee.  Han var son av gardbrukar Johannes Pederson på Øverlien, opphavleg frå Skarphol, og kona Rønnaug Johannesdotter frå Øverlien og f. i Lesja 8.4.1859.  Han utvandra til Amerika i 1880 og d. i Clarkfield, Minn. 28.11.1949.  Jertina og Matthias Lee farma i Swede Prairie township, Yellow Medicine Co., Minn. og fekk tretten born i lag.

h. Samuel C. Jacobson, f. i Yellow Medicine Co., Minn. 2.12.1872, miste livet i ein snøstorm i Yellow Medicine Co., Minn. 12.1.1888 då han fraus ihel.

i. Johanna, kjend som Hannah C. Jacobson, f. i Yellow Medicine Co., Minn. 12.11.1875, d. i Portland, Ore. 1.7.1954.  Hannah gifte seg første gongen i Cottonwood, Lyon Co., Minn. 1.7.1898 med Rolf Rolfson frå Skjeggestad i Lund, Rogaland, i Amerika kjend som Ralph Ralphson.  Han var son av gardbnrukar, snikkar og dreiar Rolf Tollakson på Skjeggestad, opphavleg frå Hove, og kona Lisabeth Sophie Andreasdotter frå Skjeggestad og f. i Lund 26.12.1871, men utvandra til Amerika i 1891.  Ralph var målar og tapetserar («painter and paper hanger»), og han og Hannah budde i Marshall, Lyon Co., Minn. der Ralph d. 4.7.1938, men dei vart skilde kring 1910.  Hannah flytte vestover og gifte seg att i Vancouver, Wash. 11.9.1915 med enkjemannen Oscar Stonewall Jackson McMillan, f.

 

     ##### (date and place of his birth? – Palo Pinto Co., Texas about 1873?)

 

     Han d. i Portland, Ore. 13.12.1941.  Oscar McMillan var bygningsingeniør («bridge building engineer») og hadde ei tid butt i Caldwell, Canyon Co., Idaho og sidan i Spokane, Spokane Co., Wash., men flytte i 1915 til Portland, Multnomah Co., Ore.  Han og Hannah vart skilde alt kring 1918, men varty båe buande levetidi ut i Portland, Ore.  Hannah hadde ein son, som var frå andre ekteskapet, men Oscar McMillan hadde òg tre born frå første ekteskapet sitt.

j. Gunhild C. Jacobson, f. i Yellow Medicine Co., Minn. kring 1878, d. i Yellow Medicine Co., Minn. 1.6.1879.

k. NN (dotter) Jacobson, f. i Yellow Medicine Co., Minn. kring 1881, d. i Yellow Medicine Co., Minn. ?.4.1882.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Opphavet til Oscar McMillan vert sikkert ikkje so lett å finna ut av...

 

Elles har du Lars J. heilt klart finne Christen i FT1900 med ny kone, og du Egil har finne vigsli i Hennepin Co., MN in 1899.  Då har me med andre ei stadfesting av at det var «vår» Christian som i 1910 budde i Moscow, ID, men då oppstår to nye spørsmål:

 

** Kvar vart det av Christian Jacobson etter 1910?

 

** Kven var andre kona Mathilde Anderson, og kvar vart det av ho etter 1910?  Kanskje dukkar ho opp i FT1895 eller tidlegare i Minnesota?

 

Dødsåret som Ann-Mary fann for Christen Jacobson, 1920, er eit «circa-år» som eg i si tid lanserte i samband med utgjevingi av band III av Gards- og Ættesoga for Luster, og her ser me diverre eit døme på at «circa»-tal vert oppfatta som fakta av andre...

 

Ein ny kjuempetakk for framifrå bistand til å kartleggja denne huslyden.  Eg er mållaus og imponert over alt som de finn!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.