Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ole Kristian Kolbjørnson - fødd i Lunder sokn i Norderhov 1873 - halvbror til bestemor - kvar vart det av han?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne fødsli er innført i kyrkjeboki for Lunder sokn, Norderhov (https://media.digitalarkivet.no/view/5895/12):

 

Ole Kristian, fødd 20.4.1873, døypt 18.5.1873

 

far: Kolbjørn Olson Narverud, 35 år

mor: Maren Olsdotter Gardhammereiget, 25½ år

 

Denne halvbroren til bestemor mi er eit ikkje omskrive kapitel i ætti vår, men då eg for mange år sidan konfronterte mor mi og søstrene hennar med denne opplysningi, meinte dei at denne onkelen skulle ha butt «på Drammenskanten».  Oldefar hadde fleire «amorøse eventyr» før han gifte seg i ein alder av 46 år, noko fleire gamle brev vitna om, men diverre vart desse brevi øydelagde for mange år sidan i samband med eit innbrót!  Om Maren Olsdotter var mellom «korrespondentane» hans, er det ingen i dag som veit...

 

Eg kan ikkje finna Ole Kristian i FT1910, men kanskje har han nytta eit anna namn, eller fødselsdatoen har vore endra?

 

Det hadde vore svært so spennande å finna lagnaden til denne grandonkelen, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for nytt spennande innlegg!

 

Eg såg ogso denne «kandidaten» i FT1910, MEN so fann eg denne fødsli i Lunder sokn, Norderhov:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/5895/13

 

Same fødselsdato og same år, men foreldri Ole Bjørnson Skotlandeiget og Berte Soffie Syversdotter!  Og når faren heitte Ole Bjørnson, går eg ut ifrå at det er denne Ole Kristian som i 1910 var busett på Tronka, Skotland i Norderhov...?

 

Eg var elles på leiting etter konfirmasjonen til Ole Kristian, men årgangen 1888 er ikkje skanna...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om lagnaden til «min» Ole Kristian!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for eit nytt spennande innlegg!  Der har me nok konfirmasjonen hans, tross ein annan fødselsdato...!

 

Elles lurer eg på om dette kan vera mori Maren Olsdotter i FT1865, då busett på Petterborg, som er like ved Gardhammar:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0613&kenr=009&bnr=0090&lnr=000

 

Og då er dette kan henda same dama i FT1900 på Rolfestøveren, ogso det like ved Gardhammar:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1900&knr=0613&kenr=007&bnr=0042&lnr=00

 

Og her same bustad i FT1910 (men med feil fødselsår...):

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1910&knr=0613&kenr=007&bnr=0002&lnr=00

 

Kanskje desse opplysningane kan hjelpa til å finna ut kvar det vart av Ole Kristian?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å løysa denne utfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Astrid K. Natvig

http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060607090531.jpg

Se på nr. 27 - er da han som melder utflytting til Amerika (16 år!).  Samme dato, 11. mai 1889, står også i forbindelse med konfirmasjonen.

Trolig skrevet etterpå.

Kom han hjem igjen (hvis ikke Drammenskanten var Dammenskanten, dvs. over dammen....)?

 

Astrid

Endret av Astrid K. Natvig

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Astrid K. Natvig

7. juni 1889 reiste drengen Ole K. Kolbjørns. , 16 år og bosatt i Lynner (må være Lunder i Norderhov) med Rollo til Kennedy Minn.

 

Astrid

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Astrid K. Natvig

Jepp, er nok han, ja, Carsten.  Jeg er ingen "lenke-ekspert"....

 

Astrid

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Astrid og Carsten for spennande og svært interessante innlegg!

 

Dette tyder altso at Ole Kristian Kolbjørnson utvandra til Amerika i 1889, og reisemålet hans var Kennedy, Kittson Co., MN

 

No har eg sete og leitt litt i Amerika etter Ole Kristian, men so langt utan resultat.  MEN, det finst jo prenta oversyn over emigrantane frå Norderhov, og kanskje er Ole Kristian nemnd der?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå freistnadar på å finna lagnaden til Ole Kristian!

 

Kanskje hadde det vore ein tanke å freista finna dødsfallet til mori Maren Olsdotter Johnsen i Norderhov for å sjå kva dødsmeldingi/skiftet hennar fortel?  Kanskje det står noko i «Norske Gardsbruk»?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Astrid K. Natvig

hei,

har også tenkt på hva det måtte stå i forbindelse med dødsfallet til moren hans.  Har ved flere anledninger funnet tilsvarende opplysninger, så lykke til!!!

PS: Rolvestøveren er  omtalt under Støveren i Bind III Ringerikske slekter (Lagesen).  Der står det at Ole Jonsen Støveren d.y. døde i 1934, men intet om

hustruen.

 

mvh. Astrid

Endret av Astrid K. Natvig

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Astrid K. Natvig

http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070314620175.jpg

Mye kan vel tyde på at nr. 11 er "din" Maren, født utenfor ekteskap 7. september 1848 og døpt 22. april 1849.

Far: Ole Jonsen Gaardhammer og mor Sessel Eriksdatter, også Gaardhammer (muligens Gaardhammer-eie, ikke så lett å tyde).

Det står endel i ytterste spalte - morens 2. leiermål m.m.?

 

Astrid

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Astrid for nye spennande og interessante innlegg!

 

Då har du altso finne prov på at det IKKJE var Maren Olsdotter på Støvern som var mor til Ole Kristian Kolbjørnson, so då lyt me leita på ny etter Maren Olsdotter Gardhammareiget...

 

Og eg lurer på om det kan vera ho som i 1875 tente på Hønefoss:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052109000435

 

Det kan jo òg forklara kvifor Ole Kristian vart konfirmert på Hønefoss...

 

Og du har nok rett i, Astrid, at foreldri står som forsørgjarar for Ole Kristian i 1875, so dei har nok hatt kontakt...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å spora opp denne halvbroren til bestemor og mor hans!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne utfordringi som har lege «i dvale» sidan oktober i fjor.

 

Det me visste fram til i kveld:

 

* Ole Christian Colbjørnson, fødd på Gardhammar i Norderhov 10.4.1873 eller 20.4.1873, utvandra til Amerika i 1879 med reisemål Kennedy, Kittson Co., MN

 

Faren var gardbrukar Colbjørn Olson Narverud i Norderhov, oldebesten min, fødd på Narverud i 1838 og gardbrukar på Narverud, medan

 

Mori var jenta Maren Olsdotter Gardhammer, fødd på Gardhammar i 1848 og i 1875 ugift tenestejente på Hønefoss.

 

Kanskje utvandra ogso mori til Amerika?

 

So i kveld har eg oppdaga denne personen i WW1 draft records:

 

Ole Christian Kolbjornsen BARNES

born Apr. 10, 1873 in Norway

rancher

res. Poulsbo., Kitsap Co., WA

relative Miss Agnes Christianson, daughter, Poulsbo, Kitsap Co., WA:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-G17B-TNJ?i=298&wc=9FC9-SP8%3A928443301%2C928548701%3Fcc%3D1968530&cc=1968530

 

Ole Christian Kolbjornsen BARNES, 59 år gamal, døydde i Mt. Vernon, Skagit Co., WA 15.10.1932:

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db=WAdeaths&h=583452&indiv=try&o_vc=Record:OtherRecord&rhSource=6482

 

Faren er rett nok oppgjeven som Thomas Causta, men dette må då vel vera «vår» Ole Christian?  Truleg kjem ættenamnet Barnes av gardsnamnet Bårnås i Norderhov, ein nabogard til Gardhammar...!?

 

Og her er «naturalization record» frå 1918 som stadfester at Ole Christian var fødd på Ringerike og at han var UGIFT:

 

https://www.ancestry.com/interactive/1193/M1542_12-0229?pid=527528&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D1193%26h%3D527528%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx4822%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4822&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Eg er godt nøgd med desse oppdagingane, men eg greier framleis ikkje å finna Ole Christian i nokon folketeljingar, og heller ikkje finn eg dotteri Agnes Christianson nokon stad!  Sviktar augi mine på ny?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av lagnaden til denne grandonkelen min!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg finn følgjande person nemnd i «border crossing records»:

 

Christian Barnes, 28, from Moose Jaw, SK, married farmer, entered Eastport, ID Nov. 24, 1911 heading for Seattle, WA - ?last visit in the US April 1911 in MN:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-99DS-H98H-K?i=348&cc=2185163

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-99DS-H982-M?i=349&cc=2185163

 

Her er han forresten i FT1930 som Christian C. Barnes, widowed, retired, res. Cavanaugh precinct, Skagit Co., WA:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRZC-H7J?i=7&wc=QZFW-91S%3A648803901%2C650570701%2C650201601%2C1589282368%3Fcc%3D1810731&cc=1810731

 

Kanskje er me eit steg nærare?

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips som kan komplettera biografien til Ole Christian!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har i ettermiddag motteke eit tips om denne huslyden som i 1916 budde på ein farm i Section 27, Township 72 Range 4 i Grande Prairie (Kleskun Hill) nær Edmonton, AB:

 

BARNES, Jane, widowed, 33 - born ON (Irish background) - farmer

BARNES, Jessie, dau. 12 - born SK

BARNES, Agnes, dau. 9 - born SK

 

https://www.ancestry.com/interactive/1556/31228_4363980-00433?pid=759795034&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D1556%26h%3D759795034%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx4870%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4870&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Eit anna dokument syner at denne farmen vart «homesteaded» Dec. 5, 1914.

 

Det som vekker «mistanke» om at dette kan vera huslyden til Ole Christian, er namnet til yngste dotteri Agnes!  Det er vel ymse som kan tyda på at Ole Christian og kona skilde lag.  Dei opptrer båe som enkjefolk etter 1911...!

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips om fleire spennande opplysningar om denne utfordrande huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So er dødsattesten for Ole Christian Barnes alt komen (sjå vedlegg), men diverre seier ikkje denne so mykje.

 

Informanten var Mrs. P. G. Utgard, og dødsattesten hennar vitnar om at ho neppe var av same ætt:

 

Name: Inga M. Utgard
[Inga M. Lomnes] 
Gender: Female
Age: 78
Estimated birth year: abt 1879
Death Date: 10 Feb 1957
Death Place: Mount Vernon, Skagit, Washington
Father: Lars E. Lomnes
Mother: Christine Molstad

 

So då lyt me vona at kanskje ein obituary vil dukka opp...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne huslyden!

Barnes death certificate.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg tillet meg i kveld til å henta fram att dette emnet som har lege i «dvale» sidan før OL.

 

Eg har diverre ikkje greidd å finna ut noko meir om denne huslyden, men har stor tru på at opplysningar kan hentast ut frå canadiske kjelder...

 

Det hadde vore so kjekt om ætti etter denne halvbroren til bestemor mi kunne finnast, og eg takkar på ny for alle gode tips som kan føra til oppsporing av denne ætti!  Kanskje ogso mori Maren Olsdotter Gardhammereiget, fødd 7.9.1848, kan sporast opp på Hønefoss - eller kvar ho no enn kan ha vorti av etter 1875...?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp

Da har jeg klart å oppspore Maren Olsdatter. Hun giftet seg med Tov Østensen 18.4.1881 i Mæl sokn i Tinn: https://media.digitalarkivet.no/view/1491/86

 

Tov Østensen var født 23.3.1855 i Tinn: https://media.digitalarkivet.no/view/1418/42

 

De fikk en sønn Østen 19.6.1881 i Mæl sokn i Tinn: https://media.digitalarkivet.no/view/1491/7

 

De utvandret til USA 13.4.1883:

Tov: https://digitalarkivet.no/view/8/pe00000000980440

Maren: https://digitalarkivet.no/view/8/pe00000000980441

Østen: https://digitalarkivet.no/view/8/pe00000000980442

 

I USA finner vi igjen Maren og Tov som Maren/Mary og Tom/Thomas Gausta (han var husmann på Gausta ved vielsen):

FT1895: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MQ63-ZLP

FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M9S5-FPK

FT1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MGVJ-WQ2

FT1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MHFJ-6M3

FT1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XC3V-BB9

 

Tov døde 20.8.1925 i Poulsbo, Kitsap County, Washington: https://www.findagrave.com/memorial/57248255/thomas-tove-gausta

Maren døde samme sted 27.9.1931: https://www.findagrave.com/memorial/57248182/mery-o-gausta

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg er i dag vorten gjort merksam på følgjande flyttemelding frå Norderhov: https://media.digitalarkivet.no/view/5893/481

 

Maren Olsdotter Gardhammereiget, fødd 1848, flytte 1881 til Tinn for å gifta seg!

 

Og her er vigsli hennar i Mæl sokn i Tinn 18.4.1881 med husmann Tov Østenson Gausta, fødd Gausta 23.3.1855: https://media.digitalarkivet.no/view/1491/86

 

Og her utvandra Tov Østenson med kona Maren og son Østen i 1883 til Whitehall, WI: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=emikra1&gardpostnr=64316&merk=64316#ovre

 

Sonen Østen er fødd på Snegaten(?) i Mæl sokn i Tinn 19.6.1881: https://media.digitalarkivet.no/view/1491/7

 

Då er me komne eit langt steg vidare...  Finn me Tov og Maren med born i Amerika, kan det bringa oss nærare ei oppsporing av Ole Christian Barnes og huslyden hans, men kvar i Amerika kan dei ha busett seg?  Kanskje budde dei nettopp i Kennedy, Kittson Co., MN der Ole Christian utvandra i 1889?

 

Greier nokon å finna dei att?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppsporing av denne grandonkelen min og huslyden hans!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp

Da klarte vi å krysse hverandre med noen få minutter :-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Der kan me tydeleg seia: «To sjelar og ein tanke»!

 

Hjarteleg takk til Lars W. for eit kjempeflott innlegg, og eg ser at du har finne det som eg no har sete og leitt etter ei heil stund, lagnaden deira i Amerika!  Og ser ein på dødsattesten til Ole Christian, er faren oppgjeven heita Thomas Gausta, noko eg ikkje kunne forstå!

 

Og Thomas og Maren budde i 1900 framleis i Kittson Co., MN, men var i 1910 komne til Poulsbo, WA.

 

Eg ser at sonen Østen var avliden før 1900, men derimot hadde dei då to andre søner, Albert og Oscar!

 

Her er gravminnet til Albert Gausta med obituary og namn på slekt: https://www.findagrave.com/memorial/57247978

 

Og her har me gravminnet over Oscar Gausta: https://www.findagrave.com/memorial/57248113

 

Gausta synest vera eit ganske so «unikt» namn, og eg ser fleire Gausta's i telefonkatalogen for Washington state.  So her skal telefonen nyttast...!

 

Ein ny kjempetakk til deg, Lars W., som endeleg fekk «hòl på byllen»!  Eg er kjempeimponert!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Heisan, eg greidde ikkje å få svar hjå nokon av dei Gausta-folki i Washington som eg fann i telefonkatalogen, MEN eg fekk i dag eit svar frå ein av dei som har lagt ut ei ættetavle på ancestry.com.  Vedkommande har dei siste par dagane freista kontakta dei eldste i slekti for å finna ut meir om Chris Barnes og borni hans, men har diverre ikkje lukkast!  Alle dei tre sønene til Albert Gausta er avlidne, og ingen av barneborni kan hjelpa.

 

Då er det eit spørsmål:  Er det mogeleg å finna obituaries for Thomas, Mary og sonen Oscar, som eg trur kan ha vore barnlaus?

 

** Thomas Gausta døydde i Poulsbo, WA 20.8.1925

 

** Mary Gausta døydde truleg òg i Poulsbo, WA 27.9.1931

 

** Oscar Gausta døydde i Bremerton, WA 25.3.1950

 

Dei er alle gravlagde i Poulsbo, Kitsap Co., WA!

 

Eller kanskje finst det likevel ein obituary etter:

 

** Chris Barnes, som døydde i Mt. Vernon, Skagit Co.,. WA 15.10.1932

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne utfordrande huslyden og oppsporing av Barnes-ætti!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.