Gå til innhold
Arkivverket

John Nilsson (1671-1732) og Guri Ellefsdotter (1690-1753) - gardbrukarar på Joranger i Hafslo - kvar vart det av døtrene deira, Martha (1720) og Ingeborg (1724)?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne huslyden budde på Joranger øvre i Hafslo (bnr. 6) på 1720-talet, og eg slit med å finna ut kvar det vart av dei to døtrene og eventuelle andre born.  Kanskje nokon har tankar om dette?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

John Nilsson Jordanger, visstnok ein lustring, men førebels av ukjent opphav, var f. i Luster kring 1671 og d. truleg på Jørongo kring 1732.  John gifte seg kring 1715 med Guri Ellefsdotter, dotter av den føregåande brukaren og herifrå garden.  Ho var truleg f. kring 1690 og kan vera avlidi på Jørongo kring 1753.  John tente på Rønnei i Luster i 1701, men tok over styringi av dette bruket på øvre Jørongo etter svigerfaren kring 1718, og frå kring 1721 samla han bruket etter samanslåingi med bnr. 6, a.  Han dreiv garden samla so lenge som han levde.  Me kjenner til tre born etter dette parfolket:

 

     ##### (hadde dei kan henda fleire born?)

 

 1. Martha Johnsdotter, døypt 7.7.1720,

 

     ##### (flytte frå Hafslo i ung alder? – lagnaden hennar?)

 

 2. Ingeborg Johnsdotter, døypt 9.1.1724,

 

     ##### (flytte frå Hafslo i ung alder? – lagnaden hennar?)

 

 3. Paul Johnson (1728-1785), vart husmann i Lauvhjellane under Hunshammar.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Gjennom FamilySearch finn eg tre «høvelege kandidatar» for Martha i Sogn:

 

* Martha Johnsdotter Teigen - gift i Leikanger 19.1.1750 med Anders Larsson Henjesanden: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/103

(gardsnamni kjem fram ved trulovingi 25.12.1749: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/102

 

* Martha Johnsdotter Øvre Opdal - gift i Gulen 4.11.1749 med Mikkel Pederson Strømme: https://media.digitalarkivet.no/view/11443/5

 

* Martha Johnsdotter - gift i Gulen 4.7.1763 med Ole Rognaldson

 

Eg finn same stad tre «høvelege kandidatar» for Ingeborg Johnsdotter:

 

 

* Ingeborg Johnsdotter - gift i Leikanger 3.7.1764 med Lars Torbjørnson

 

* Ingeborg Johnsdotter Rauland - gift i Gulen 17.4.1743 med Paul Josephson Nordal: https://media.digitalarkivet.no/view/11442/39

 

* Ingeborg Johnsdotter Haveland - gift i Gulen 12.7.1744 med Johannes Endreson Venhusdal(?): https://media.digitalarkivet.no/view/11442/44

 

Dei fleste av desse var tydeleg i Gulen, men kan henda er eg heilt på «villspor» med desse kandidatane?  Kanskje hamna søstrene i Bergen?

 

Dette er nok ingen enkel sak å løysa, men «den som intet vover, intet vinder», so eg vonar det beste og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Marta Jonsdatter Teigen var i følge dette skiftet søsterdatter til avdøde Gjertrud Arnfinnsdatter Hanehaug i Leikanger https://media.digitalarkivet.no/view/24163/311

 

Og Ingeborg Jonsdatter som giftet seg i Leikanger 1764 med Lars Torbjørnsen Fardal var i følge "Heimbygdi vår", gamle hefter om Sogndal, datter av Jon Atlesen Øfstetun i Sogndal.

 

Så ingen av disse to er aktuelle kandidater.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for eit interessant og forsovidt avklarande innlegg!

 

Eg lyt tilstå eg hadde ikkje noki særleg tru på at nokon av jentene som gifte i Leikanger, kunne vera søstrene me leiter etter.  Då er nok «kandidatane» i Gulen meir spennande, og eg vonar at kanskje ein eller annan kan bidra til å identifisera dei?

 

Elles er det sjølvsagt godt mogeleg at dei heller fann vegen til Bergen og busette seg der, men då vert dei nok vanskelegare å finna att...

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips med å spora opp desse jentene frå Hafslo!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 16.10.2017 den 12.35, Lars E. Øyane skrev:

Martha Johnsdotter Øvre Opdal - gift i Gulen 4.11.1749 med Mikkel Pederson Strømme: https://media.digitalarkivet.no/view/11443/5

 

 

I denne eldre tråden i brukerforum er Mikkel nevnt som kausjonist:

Fra Gulen i Gammal og ny tid, bind 3 - utklippene fikk litt ulik størrelse:  

Straume 1 .jpg

Straume 2.jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget!

 

Om eg tolkar dette rett, so var Martha Johnsdotter, som var gift med Mikkel Pederson på Straume i Gulen, frå Øvre Opdal i Gulen og ikkje frå Hafslo, so då fell ogso ho vekk som «kandidat» i puslespelet vårt...

 

Me har framleis dei to Ingeborg-«kandidatane» frå Gulen att, samt ei Martha, men voni svinn...  Dette skal tydeleg ikkje vera so lett...!

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips som kan bringa oss nærare ei oppklaring av gåta kring lagnadane til dei to søstrene frå Hafslo!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.