Gå til innhold
Arkivverket
Per S. Nestande

North Dakota: Fødsel- og dødsdato for Clara (Skaarer) Olstad f.1890 og dødsdato for George Olstad 1884-1967) – og informasjon om Curtis Olstad (kanskje fødd ca 1886/1889)?

Recommended Posts

Per S. Nestande

Eg søker informasjon om fødsels- og dødsdato for Clara Sophie Skaarer f. des. 1890 i Ransom, Sargent County, North Dakota som dotter til Theodore H. Skaarer og Thea Johanne Løken som båe kom frå Herland i Eidsberg. Ho er registert saman med foreldra i 1900:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M9VG-PRF

 

 Ho vart gift 16. september 1909, Cayuga, Sargent County

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:Q2ZQ-QSWM

 

med George Olstad som var fødd 27. april 1884 i Rutland, Sargent County, ND. Han var son til Jens Olstad og Marit (Mary) Lyngved. Fødselsdato kjem mellom anna fram ved registeringa av soldatar under 1. verdskrigen:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:K6ZL-3NB

 

Clara og George bur i 1940 i Ransom, North Dakota:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:KM9P-GGY

 

George døydde i mars 1967, men eg har ikkje funne nøyaktig dato:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:J1TJ-TZC

Eg har ikkje funne noko dødsår for Clara.

 

Det er rett nok ei Clara Olstad f.22. desember 1890 som er gravlagt i Cass County, North Dakota i 1968:

https://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=Olstad&GSfn=Clara&GSby=1890&GSbyrel=in&GSdyrel=all&GSob=n&GRid=38161955&df=all&

men dette er dotter til Tore Olstad (Ølstad) og Anna Kvam. Det går m.a. fram av konfirmasjonen i 1905 at dei har ei dotter Clara som er fødd 22. desember 1890.       

 

George og Clara er nemnt i heftet Rutland’s 90th Anniversary som kom i 1972:

http://www.digitalhorizonsonline.org/digital/collection/ndsl-books/id/4660

 

Her er det (jf. side 25) at George også hadde brørne Curtis og Carl. Carl var fødd 29. november 1891 og døydde 17. juli 1919, men eg har ikkje funne noko meir informasjon om Curtis. Han er truleg fødd mellom 1884 og 1891 og død før 1900 (han er ikkje nemnt med foreldra og brørne i 1900 (https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M9VG-Y4C), men er det kjelder for North Dakota på dette tidspunktet som kan gje meir informasjon?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen

slettet

Endret av Lars Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Dødsfallsregisteret for North Dakota: https://apps.nd.gov/doh/certificates/deathCertSearch.htm

 

syner at:

 

Clara Olstad of Sargent Co., ND, born Dec. 1890, died in Dickey Co., ND Aug. 10, 1969

 

George J. Olstad of Sargent Co., ND, born Apr. 27, 1884, died in Dickey Co., ND Mar. 21, 1967

 

Eg vonar at dette hjelper deg litt vidare...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per S. Nestande

Takk for hjelp om desse to også Lars

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.