Gå til innhold
Arkivverket
Per S. Nestande

Våler i Solør/Christiania/USA? – Kva skjedde med syskena Carl Knutsen f.1831, Reinholdt Knutsen f.1839 og Karen Knutsdotter f.1841

Recommended Posts

Per S. Nestande

Ekteparet Knut Christiansen (fødd på Sjurderud 1804 død 1847) og Olea Tørrisdotter (fødd på Vester-Eid 1808 og død 1841) fekk fem barn i Våler mellom 1831 og 1841. Dottera Karen var fødd og døydde 1836 og dottera Theodora var fødd 1833, døydde i Våler i 1887 og var gift med Arne M. Audenby. Eg har ikkje klart å finne igjen dei tre siste barna:

  1. Carl Knutsen var fødd 11. oktober 1831 og døypt 13. november same år frå Sjurderud (nr. 127):

    https://media.digitalarkivet.no/kb20070603280642

    Han vart konfirmert i Våler i 1846 frå Løvlien (nr 5):

    https://media.digitalarkivet.no/kb20070603290491

     

  2. Reinholdt Knutsen var fødd 7. februar 1839 og døypt 3. mars same år frå Klyperud (nr 33).

    https://media.digitalarkivet.no/kb20070603290242

    Han vart konfirmert i 1853 frå Gunnarsrud (nr. 28):

    https://media.digitalarkivet.no/kb20070125350503

    Reinhold er registrert som utflytta til Christiania 29.3.1856 frå Klyperud (nr 3):

    https://media.digitalarkivet.no/kb20070125350682

     

  3. Karen Knutsdotter var fødd 23. april 1841 og døypt: 9. mai same år frå Gunnarsrud (nr. 73):

    https://media.digitalarkivet.no/kb20070603290362

    Ho vart konfirmert 1856 frå Eig (nr 3):

    https://media.digitalarkivet.no/kb20070125350512

 

Alle tre (og systera Theodora) er også nemnt i skiftet etter bestefaren Tørris Olsson Eig i 1856:

https://media.digitalarkivet.no/sk10211111220057

 

Eg har ikkje klart å finne nokon av dei tre i folketeljinga i 1865. Det er ikkje usannsynleg at dei kan ha emigrert til USA, men eg har ikkje klart å finne dei der. Er det nokon som har informasjon om dei?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per S. Nestande
Skrevet (endret)

Eg har nå funne ut at både Karen og Carl utvandra til USA. Dei ser ut til å ha kome til tanta og onkelen i Arkdale, Wisconsin der dei både vart gift med eit års mellomrom i 1868 og 1869 i Trinity Lutheran Church.

 

5ac1f4b62ef2b_KarenogKarl.thumb.png.3a09b32496f310009a5d5b326153bd2b.png

 

Eg startar ein ny tråd om Karen og familien:

 

Reinholdt har eg ikkje funne igjen. Systera Karen døyper ein son Reinholdt i 1871 så han kan kanskje vere død før dette?

 

Carl (også nemnt Charles) skreiv seg Knudson.

 

Her er Carl (Charles) og familien i 1880:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MZ9N-SH7

 

Og i 1900:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MMR3-7QV

 

Og her er grava til han og kona:

https://www.findagrave.com/memorial/111142417/carl-knudson

 

Oppsummert er dette familien til Charles:

 

Carl (Charles) Knudson fødd 11. okt. 1831, Våler i Solør, død 7. des. 1904, Florence, South Dakota (SD). Etter folketeljinga i 1900 utvandra han i 1865. Han vart gift 24. mai 1868, Arkdale, Adams County, WI med Anne Dorthea Halvorsdotter Ristvedt fødd 22. sep. 1845, Sandsvær, død 20. jun. 1904, Florence, SD (Dotter til Halvor Olsson Ristvedt og Anne Torgrimsdatter Landåsplass). Dei busette seg i Minnesota der dei fire eldste barna er fødde. I 1880 drev dei farm i Lafayette, MN, men dei flytta ikkje lengje etter til Florence, SD og dreiv farm der. Dei fikk 5 born:

1.     Anna Josephine Knudson fødd 23. jun. 1872, Minnesota, død 1958, gift 1900 med Lewis A. Kraling fødd jan. 1868, Wisconsin, død 28. jan. 1937, Egeland, Day, SD, dei dreiv farm i Egeland og hadde 7 born.

2.     Clara Juline Knudson fødd 12. jul. 1876, Minnesota, bur heime i 1880.

3.     Henry Alfred Knudson fødd 28. feb. 1878, Minnesota, død 10. mar. 1926, Waubay, SD, var politibetjent i 1940, gift 12. okt. 1904, Waubay, SD med Anna Bertina Lorraine Ericksson født 10. jun. 1878, Waubay, SD, død 23. nov. 1931, Waubay, SD, dei hadde 1 born.

4.     Conrad Berg Knudson fødd 30. jan. 1880, Minnesota, død 1962, Florence, SD, gift 29. sep. 1915 med Ella Gresilda Quale født 29. okt. 1887, Hale, WI, død jan. 1974, Florence, SD, dei fekk 3 born.

5.     Richard Cornelius Knudson fødd 25. jun. 1882, South Dakota, død 18. sep. 1958, Waubay, SD, han vart gift 1905 med Alma Mathilda Dahle fødd 26. jul. 1886, Byron, MN, død 19. aug. 1959, SD, dei hadde farm i Egeland og fikk 8 born.

 

Den einaste av ungane eg ikkje har klart å finne igjen er dottera Clara Julie. Ho døydde kanskje ung, men er det nokon som klarer å finne dødsfallet hennar?

Endret av Per S. Nestande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.