Gå til innhold
Arkivverket

Peder Christenson - fødd på Bjørk i Fortun (Luster) kring 1714 - flytte herifrå kring 1755, men kvar vart det av han? - kan henda til Lom?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne utfordringi har lege og «ulma» hjå meg i over 30 år, men kanskje er no tidi kommi til å finna ei løysing?

 

Peder Christenson, fødd på Bjørk i Fortun sokn, Luster kring 1714 som eldste son av Christen Pederson frå Eide (1680-1724) og andre kona Britha Sørensdotter frå Berge (1689-1766), fekk i 1748 skøyte på heimebruket på Bjørk og dreiv visstnok garden til han kring 1755 forsvinn frå bygdi!

 

Det var ei viss flytting frå Fortunssokni i Luster til Lom på den tidi, so kanskje Peder flytte dit??

 

Det hadde vore kjempeflott om nokon etter so mange år kunne greia å finna lagnaden til denne guten frå Luster, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg ser at ein Peder Christenson gifte seg i Lom 9.12.1756 med ei Kari Jacobsdotter Sveene:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001183818

 

https://media.digitalarkivet.no/view/9241/194

 

Tidspunktet høver svært so godt med «forsvinningi» til Peder frå Luster, og dessutan hadde Peder fleire søskenborn som budde i Lom på den tidi, mellom anna Christen Antoniusson som ei tid budde nettopp under Sveene i Lom:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/206677-torkild-1722-og-christen-1725-antoniussøner-frå-fortun-i-luster-til-lom-huslydane-deira/?tab=comments#comment-1740959

 

Kva veit ein om denne Peder Christenson i Lom?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om Peder og lagnaden hans!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Hedmark, Oppland fylke, Gudbrandsdal, Mellom-Gudbrandsdal, Nord-Gudbrandsdal, Skiftekort (1658-1900), Skifteprotokollside, Side 13549
https://media.digitalarkivet.no/view/39945/13549

 

URN:NBN:no-a1450-sk11216091913549.jpg 
 

 

Hedmark, Oppland fylke, Gudbrandsdal, Mellom-Gudbrandsdal, Nord-Gudbrandsdal, Skiftekort (1658-1900), Skifteprotokollside, Side 13551
https://media.digitalarkivet.no/view/39945/13551

 

URN:NBN:no-a1450-sk11216091913551.jpg 

 

Det er ikke noe skiftekort på Sveine for Peder Christensen, så enten bodde han og Kari på en annen gård/plass, eller så må man sjekke følgende:

 

Hedmark, Oppland fylke, Gudbrandsdal, Mellom-Gudbrandsdal, Nord-Gudbrandsdal, Skiftekort (1658-1900), Skifteprotokollside, Side 1
https://media.digitalarkivet.no/view/39945/1

 

URN:NBN:no-a1450-sk11216091900001.jpg 
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit spennande og interessant innlegg!

 

Utifrå desse opplysningane, der me får greie på at foreldri hennar heitte John og Synnev Sveine, og at Peder og Kari budde på Sveine i 1757, trur eg dette må vera ein son deira:

 

* Christen Pederson, døypt 19.9.1756: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006140088

 

og om dei var «trufaste» med omsyn til oppkalling, KAN desse to borni òg vera deira, men fødde på Akerjordet i Lom:

 

* John Pederson, døypt 19.11.1759: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006142055

 

* Syne Pedersdotter, døypt 20.1.1762: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006143288

 

På Akerjordet budde forresten òg ein annan utflyttar frå Luster, John Hansson (1711-1785?)...

 

No er eg sjølvsagt spent på kva bygdeboki for Lom har å fortelja om huslyden til Peder og Kari...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å spora opp huslyden til Peder Christenson!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Per Kristensson og Kari Jakobsdotter er nemnde med familie under bruket Honn (under Gaukstad) i bygdabok for Lom b. 2, side 195. Det står at familien er nemnde Sveinehaugen i 1759 og på Honn i 1763. Kari hadde før ho gifta seg med ein Rasmus Andersson dottera Marit f.1747 d.1759. Dei er saman borna: Jakob f.1759 og Ola f.1763 d.1763. Det er ikkje noko årstal for dødsdall for Per, Kari eller noko meir informasjon om Jakob eller om Rasmus.

 

Eg kan ikkje sjå det er noko informasjon om Jon og Synne under Åkerjordet eller nokon av dei andre bruka som er førte i avsnittet Runningsgrendi i b. 4 av bygdaboka (side 397-457). Eg har ikkje bladd gjennom heile band 4 av bygdeboka.

 

Med helsing

Per S. Nestande

Endret av Per S. Nestande
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det bodde også andre Lomverer på Bjørk. Jakob Kristensson f. 1841. Bodde på Gauparsmoen under Gaupar. Han kom til Einerhaugen? under Bjørk. Mulig dette ikke er relevant for saken.Men han hadde skyldskap til Åkerjordet , Runningen og Maurøygarden i Lom.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Per og Gro Anita for nye interessante innlegg!

 

Det er for meg særleg spennande å lesa at Peder og Kari er nemnde som huslyd på Honn under Gaukstad.

 

Her er dåpen til Jacob frå 28.1.1759: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006141598

 

Her er dåpen til Ole frå 6.1.1763: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006143816

 

Av fadrane til den siste er det lett å sjå eit samband med Sveine og Sveinehaugen...

 

Eg vil tross dette påstå at Christen Pederson frå 1756 MÅ vera del av same huslyden...

 

Samstundes må eg likevel spørja meg kva for eit parfolk som budde på Akerjordet...?  Det er so synd at kyrkjebøkene frå Lom er so mangelfulle på den tidi...

 

Men uansett; det er tydeleg at forfattaren ikkje har finne ut noko meir om denne Peder Christenson eller lagnaden til Peder og Kari og borni.  Ole er tydeleg avliden, men kva med Christen og Jacob?

 

Søskenbarnet Chrsten Antoniusson, som òg hadde butt under Gaukstad, flytte i 1772 frå Lom til Norddalen på Sunnmøre.  Kan det tenkjast at Peder og Kari òg flytte til Sunnmøre??  Eller kanskje til ei av nabobygdene i Øvre Gudbrandsdalen?

 

Eg har søkt lite vetta i FT1801 etter «aktuelle kandidatar» for Jacob Pederson fødd kring 1759 og finn desse:

 

** Jacob Pederson (40) på Wigerust i Lesja: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058250002655

 

** Jacob Pederson (43) på Øy nedre i Vågå: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058252001051

 

** Jacob Pederson Bakken (39) på Skoue indre i Borgund: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058419003562

 

** Jacob Pederson (45) på Nonsvik i Borgund: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058419003834

 

Og for Christen Pederson finn eg desse «kandidatane» fødde kring 1756:

 

** Christen Pederson (43) på Tofte i Lesja: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058250002313

 

** Christen Pederson (45) på Vold nedre i Ørskog: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058250002313

 

** Christen Pederson (41) på Giskegjerdet i Borgund: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058419001805

 

** Kristen Pederson (42) på Huse i Aukra: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058425001187

 

Finn me kan henda sønene etter Peder Christenson og Kari Jacobsdotter mellom desse «kandidatane»?

 

Til Gro Anita:  Jau, eg er vel kjend med Jacob Christenson (1841-1929) som budde som husmann på plassen Einehaugen under Bjørk.  Han har stor etterslekt!!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om Peder Christenson og vonar det kan vera han me no har finne i Lom.  Men om den seinare lagnaden hans kan finnast, er vel eit godt spørsmål...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

vi gir oss ikke Øyane..Jeg har pløyd igjennom Sveine med husmannsplasser samt nabogårdene. Skal sjekke ut om jeg kan finne noe på Åkerjordet eller omegn. Utfordringa i bygdaboka er denne fordømte normeringa av navn..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Synne født 1762 kan du avskrive og Jon født 1759. Foreldrene deres var Per Olsson Åkerjordet og Marit Jobdsdotter fra Øver-Marlo i Skjåk

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei igjen, Gro Anita!

 

Eg reknar med det er huslyden til Jacob Christenson du har i tankane når du spør om oversikt fram til nåtid?  Det meste av denne finst omskriven i Gards- og Ættesoga for Luster, band I (1984).  Her er hovudomtalen:

 

~~~~~~~~~

 

Jacob Christenson Bjørk, opphavleg fra Sulheim i Lom, var f. i Lom 4.11.1841, son av Christen Hansson og kona Cecilia Jacobsdotter pa Glimsdal i Lom; han d. på Bjørk 9.1.1929 og vart då kalla «forhenværande husmann«. Jacob vart gift første gongen 14.7.1867 med Elen Arnesdotter frå Stein under Skagen som var f. 1.4.1832. Ho d. i barsel som husmannskone pa Skagen 12.8.1868, og Jacob vart attgift 10.4.1870 med Britha Olsdotter frå Volden under Holmestad som var f. 3.6.1837 og som d. som husmannskone på Bjørk 10.5.1919. Jacob hadde først i mange år ein plass i Stein under Skagen, og me veit ikkje sikkert kva tid han flytte til Eine­haugen, men truleg må det ha vore ein gong i 1880‑åri. Han hadde plassen til ein gong i 1920‑åri, men fekk bu her så lenge han levde. Han fekk fem born, av dei var ein son frå første ekteskapet. Dessutan hadde Britha eit barn frå før:

1. Johanna Olsdotter (1866 1868). Far hennar var Ole Olson Langaard frå Sel i Vågå.

2. Elias Jacobson (1868 1869).

3. Johanna Jacobsdotter (1869‑1955), vart gift med dagarbeidar Ole Olson Skjolden på Skjol­den (bnr. 2) (1870 1943).

4. Elias Jacobson (1871‑ ), hadde ei tid ein plass på Gjervaneset under Fjøsne (s.d.).

5. Kristina Jacobsdotter (1873‑1878).

6. Ole Jacobson (1875‑1878).

7. Kristina Jacobsdotter (1879‑1946), vart gift med anleggsarbeidar Iver Sølfestson Bolstad i Eidsbakken under Eide (1879‑1972).

 

~~~~~~~~~

 

Her kjem me fort fram til nolevande personar, og omtalen av dei bør me vel ikkje leggja ut i Brukarforum...  Men du finn det hjå Nasjonalbiblioteket...

 

Elles er eg svært takksam for freistnadane dine på å spora ætti til Peder Christenson i Lom, og eg kan berre ønskja lukke til!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne ætti!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ein ny kjempetakk til Gro Anita for siste innlegget, som kom, medan eg skreiv på mitt

 

Då er borni på Akerjordet identifiserte, og me kan endeleg sjå bort frå dei...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gro Anita for siste innlegget.

 

Eg har vel ein mistanke om at du har snutt litt på årstali her.  So vidt eg kan forstå, hadde Peder Christenson og Kari Jacobsdotter i alle fall desse TRE sønene i Lom:

 

* Christen Pederson, døypt 19.9.1756: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006140088

 

* Jacob Pederson, døypt 28.1.1759: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006141598

 

* Ole Pederson, døypt 6.1.1763: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006143816

 

Bygdeboki nemner rett nok ikkje den eldste, men eg kan ikkje forstå anna enn at han høyrer til her!  Me skal hugsa på at trulovingi fann stad tidleg på våren 1756, so Christen var «ektefødd»...!

 

Men dei avgjerande spørsmåli står framleis ved lag:

 

** Var Peder Christenson verkeleg frå Bjørk i Fortunsdalen (Luster)?

 

** Og kvar vart det av denne huslyden etter 1763??

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips til løysing av denne gåta!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

ja hehe faren ble nok litt gammel om de skulle være født på 1800-tallet. Men i bygdaboka står bare Jakob og Ole sammen med foreldrene. Jeg må saumfare bygdaboka. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.