Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Gjøri Trondsdotter - fødd i Amla i Sogndal 1750 - budde 1767 i Vindedalen, Lærdal og 1777 «syndenfor Bergen» - adresse ukjend 1785 - kvar vart det av denne jenta?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Trond Johnson (1704-1759), frå Timberlid under Amla, og andre kona Synneva Olsdotter (1715-1759), frå Plassen i Kinsedalen, Hafslo, var plassfolk på Plassen under Amla i Kaupanger sokn, Sogndal og fekk fire døtrer i lag:

 

* Anna Trondsdotter, døypt i Kaupanger, Sogndal 21.7.1748, døydde kort etter fødsli

 

* Gjøri Trondsdotter, døypt i Kaupanger, Sogndal 2.2.1750, var 1767 tenestejente hjå mosteri Britha d.e. som budde i Vindedalen i Lærdal og som døydde det året.  I 1777 vart det sagt om Gjøri at ho «skal bu syndenfor Bergen», men i 1785 er adressa hennar ukjend.

 

* Christi Trondsdotter, døypt i Kaupanger, Sogndal 12.3.1753, tente mellom anna på Nagløyri i Sogndal, men vart gravlagd frå Bahus i Sogndal 24.10.1785, ugift og barnlaus.

 

* Anna Trondsdotter, døypt i Kaupanger, Sogndal 9.5.1756, budde i 1767 òg hjå mosteri i Vindedalen i Lærdal, men vart sagt vera sjukleg og døydde barnlaus før 1777.

 

Kjelda frå 1777 er skiftet etter mosteri Britha Olsdotter d.y. som døydde ugift på Eide i Sogndal.

 

Den store «utfordringi» her er Gjøri Trondsdotter, fødd i 1750.  Eg har leitt «høgt og lågt» etter denne jenta over heile landet, men har so langt ikkje greidd å finna nokon som får meg til å «springa i taket»...  Dei beste alternativi frå FT1801 er desse:

 

* Guri Tronsdotter, 50 år, enkje, på Glendrange i Lund: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058348001661

 

* Guri Tronsdotter, 51 år, gift med gjestgjevar Johan Michael Teusch på Grømstad i Øyestad: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058326005290

 

* Guri Tronsdotter, 50 år, gift med gardbrukar Anders Olson på Espetved i Bakke: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058345001417

 

Men eg ser at ei Guri Tronsdotter er døypt på Ryg i Bakke 5.3.1752, so denne siste er kanskje alt «eliminert»...

 

Eg ser òg fleire i Møre og Romsdal i «rett» alder, men dei budde jo på «feil side» av Bergen...?

 

Det hadde vore kjempefint om nokon kunne hjelpa meg finna lagnaden til denne Gjøri Trondsdotter frå Amla i Sogndal, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
16 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

* Christi Trondsdotter, døypt i Kaupanger, Sogndal 12.3.1753, tente mellom anna på Nagløyri i Sogndal, men vart gravlagd frå Bahus i Sogndal 24.10.1785, ugift og barnlaus.

 

Ekteskapsbevilling for Bergen stift 1717-1804

https://www.digitalarkivet.no/view/131/pc00000000181758

 

Fra fylkesarkivet i Sogn og Fjordanes gamle nettsider: 

 

Namn arvtakar: Christi, Tronsdtr 
Gard: Bahuus, nr.:0
Husmannsplass:  
Yrke: Fæste Pige
Skipreide: Sogndal
Protokoll/side: 9-131b
Datering: 1781-1786
Dato: 31.10.1785
Eiga: 32 Dalar, 0 ort, 8 skilling
Gjeld: 17 Dalar, 4 ort, 4 skilling
Netto: 14 Dalar, 2 ort, 4 skilling
Merknad:  
Personar i skiftet :
(1) Marthe Trondsdatter 40 Aar Søster
(2) Giøri Trondsdatter 30 Aar Søster
(3) Boets gjeld Kreditor
(4) Torbiørn Andersen Barsnes Førstemand
(5) Rognald Trondsen Ølness Bror
(6) Jon Trondsen Ølness Bror
(7) Jon bror Tilstede Ølness Formynder for søstre
Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Har du ikkje for strenge krav til FT 1801, Lars, når ei jenta i Sogndal er født 1750, og du ynskjer å finna henne i 1801, så SKAL ho væra født 1750-52 ??

 

Sjølv har eg sagt på fleire måter å skriva Gjøri, men IKKJE fødselsåret hennar. Men har brukt Hendelsår 1776-1835. På Vestlandet fekk eg då  40 treff.

Fleire av dei er uaktuelle pga fødsel 1735, 1737, 1771, 1800, 1802, 1808.

Men med født 1744-1758, fekk eg 4 stk i Hordaland.

3 av desse er Guro Trondsdtr 1754: Wigør, FT 1801, aalvigen indre, tj.pike, ugift

                         Guro Trondsdtr 174: Wigør, FT 101, Berven, ekteskap nr 1

                         Guro Trondsdtr  1758: Kinsarvik, Utne, ekteskap nr 1

pluss ho på Berven som døyr som vilkårsenke 13 april 1823. Då er farsnavnet endra til Throndsdtr

 

Om nokon av desse 3 får han Lars til å springa i taket, tja .... det er ei heilt anna sak !

 

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe, Åsbjørg, Jon og Oddvar for interessante og spennande innlegg!

 

Særleg er eg imponert over det siste innlegget frå Oddvar, som bokstaveleg fekk meg til å «springa i taket»!  Det kan ikkje herska mykje tvil om at du har finne den «rette» jenta i dødslistene for Bergen!  Me veit frå andre tilfelle at Gjøri-namnet kan verta til so mykje «rart», særleg når jentene flytte til Bergenskanten, og formi Georgine eller Jørgine har eg vore borti før...  Alderen er rett nok feil, men eg trur ikkje me skal ta det so nøye...  Det finst ingen andre jenter med liknande namn fødd i Sogndal på den tidi!!

 

Men kvar kan Gjøri ha butt etter at ho reiste frå Sogn?  Er det mogeleg å finna ho att i FT1801??

 

Framleis manglar me lagnaden til søsteri Anna, som døydde mellom 1767 og 1777.  Ho var sjukeleg i 1767, men kan vel ikkje ha hamna på sjukehus i Bergen...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med oppsporingi av denne jenta!  Dette er forsking på høgt nivå!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.