Gå til innhold
Arkivverket

Mildrid Thomasdtr. Høgheim


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

Mildrid var fødd i Fresvik i Sogn 10 mars 1878 og budde iallfall fram til og med folketeljinga i 1910 hos foreldra på Høgheim. Ho var ugift og truleg og det ein kalla tilbakeståande då det rundt 1890 var snakk om å sende ho vekk frå bygda då dei ikkje kunne hjelpe ho på skulen. Men ho blei verande iallfagg tom 1910.

Finn ikkje dødsfallet i kyrkjebøkene for Fresvik/Leikanger og lurer på om det går an å spore opp kvar det vart av henne.

 

Mvh

Anne Marie B Øyri

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja ho budde fortsatt hos foreldra i 1910, men finn ho ikkje att etter den tid. Kan ha blitt plassert på ein eller annan heim då foreldra blei gamle/døydde. Ikkje gravlagd i Fresvik.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Faren Thomas Anderson Høgheim i 1913 og mora Mari Johannesdtr. Tretteteig Høgheim i 1925. Systera Sigrid 1874-1962 gifte seg i 1897 med Peder Arneson Kvammen og dei overtok farsgarden til Sigrid. Dei fekk 10 barn mellom 1897 og 1919, så ikkje usannsynleg at Mildri måtte reisa vekk viss ho ikkje kunne klara seg sjøl/bidra, men det veit vi altså ikkje. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

10 timer siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Faren Thomas Anderson Høgheim i 1913 og mora Mari Johannesdtr. Tretteteig Høgheim i 1925. Systera Sigrid 1874-1962 gifte seg i 1897 med Peder Arneson Kvammen og dei overtok farsgarden til Sigrid. Dei fekk 10 barn mellom 1897 og 1919, så ikkje usannsynleg at Mildri måtte reisa vekk viss ho ikkje kunne klara seg sjøl/bidra, men det veit vi altså ikkje. 

 

Vet du om det finnes dødsmeldinger/dødsfallsprotokoller som sier noe om barn/arvinger etter foreldrene?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dødsmeldingar er ikkje skanna for Sogn og Fjordane, men dersom Thomas, Mari eller barnlause sysken døydde andre stader kan det hende at dødsmeldingane er skanna. Du finn dette under "Skiftemateriale" på https://media.digitalarkivet.no Dødsmeldingane kan gje svar på kva for nokre av arvingane som levde, og kvar dei evt. budde.

 

Om materialet ikkje er skanna kan ein be Arkivverket om å gjere oppslag ved å sende epost til post@arkivverket.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er viktig at du gjev opp så nøyaktig som råd kvar og kor tid vedkommande døydde, sidan Arkivverket berre gjer enkle oppslag i lett identifiserbare kjelder.

Om/når saka blir løyst håpar eg at du oppdaterer tråden. :-)

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 I dødsfallsmeldinga står til far til Mildrid i 1913 er ikkje Mildrid med under myndige arvingar, så det betyr vel at Mldrid døydde mellom 1910 og 1913? Ho finst ikkje i kyrkjebøkene for Fresvik så det må bety at ho er død ein annan stad. Kan ha blitt send til ein heim for evneveike eller på hospital pga sjukdom.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dersom ho var tilbakeståande var ho vel kanskje ikkje myndig. Men ho skulle jo uansett vere nemnd som arving dersom ho var i live.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja eg har tilgang tilgang til kyrkjegardsprotokollane, så ho er ikkje gravlagd i Fresvik. Eg og trudde ho burde stå som arving sjølv om ho ikkje var myndig.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.