Gå til innhold
Arkivverket
Morten Sylte

S&F, Vågsøy, Jesper Monsen Våge (1733-1805), nye opplysningar ang. kven som er mor til Jesper

Recommended Posts

Morten Sylte

Det har kome for dagen opplysningar som kastar nytt lys over kven som er mor til Jesper Monsen Våge (1733-1805).

 

1. SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 04/04a/L0008: Skifteprotokollar, 1733-1744, s. 19
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081128620598

 

"Waage, Mons Anderssens Søn Jesper Monsen, nu 3 aar gaml: Arvede eftter sin Sahl: Moder udj Løsører"

 

2. avskrift frå formynderprotokoll VA3 - 1745 side 30

Etter eit skifte utført 21. april 1736 er Mons Andersen Waage oppnemnt til formynder for sonen Jesper. Ordlyden er "Mons Andersen Waage eftter Skifttebrev af dato =21 april: 1736: for sin egen Søn Jesper Monsen nu 3 aar gammel

 

3. avskrift frå formynderprotokollen VA3 - 1745 side 30

Jesper Monsen arvar på nytt i 1751, no etter ei dame kalla Christi Jensdatter Refvik. Faren Mons er fortsatt formynder for Jesper: innskrive i protokollen står dette; "Ovenstaaende hans egen Søn Jesper Monsen Waage, fik endnu i arv effter sin afdøde Moster eller Mormoder Christi Jensdatter Refvigen den 20 og 21 april: 1751: i Sølf og reede penge". Sjå punkt 4

 

4. SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 04/04a/L0011: Skifteprotokollar, 1750-1753, s. 83b-84a
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081128640083

 

Skiftet etter Christi Jensdatter Refvik i Skifteprotokollen. Eg siterar angåande yngste dattera til Christi;

"og Salig Eli Østensdatter Waages igienlevende eene Søn, ved navn Jesper Monsen, nu 17 aar gammel"

 

Av dette følger det då at mor til Jesper Monsen Våge IKKJE er Marthe Halldorsdatter, fødd Røys men derimot denne Eli Øysteinsdatter Refvik.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Takk, Inge.

 

Håpte du ville reagere med litt utfyllande informasjon.

Endret av Morten Sylte

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Meir supplerande informasjon ...

 

Mons Anderssen sin andre kone Marthe Halldorsdatter var frå garden Røys. Sjå innlegg til Inge Nygård under for korrekt opplysning om hennar far - Haldor Olsen Røys!

 

Desse opplysningane som eg skreiv opprinnelig gjeld Haldor Monsen Røys:

 

Det var skifta etter Dorthe/Dorethe Rasmusdatter i 1737

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 04/04a/L0008: Skifteprotokollar, 1733-1744, s. 34
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081128620613

 

Marthe sin far Halldor var det skifta etter i 1739.

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 04/04a/L0008: Skifteprotokollar, 1733-1744, s. 61
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081128620640

 

Denne Halldor gifta seg oppatt og etterlet seg ei enke Giertrud Thomadatter og har også fått sonen Thomas med ho..

 

Skiftet etter Eli Olsdatter Gangeskar som Inge linka til over viser at denne Dorthe Rasmusdatter var ei halvsyster av Christi Jensdatter.

 

men har, som nemdt over, ikkje nokon relevans i forhold til opphavet til Mons Andersen Våge sin andre kone!

 

 

Endret av Morten Sylte
Opprinnelige opplysningar var eigna til å medføre mistyding

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Her er det lett å bomme, då det var to brukarar Haldor Røysen på same tid. Begge var far til ei Marthe Haldorsdtr. Haldor Monsen og Dorthe Rasmusdtr si dotter Marthe vart det skift etter i 1742, og syskena (Isach, Mons og Eli) arvar: https://media.digitalarkivet.no/sk20081128620691

 

Ovanfor er skiftet til Haldor Olsen Røysen, som var Mons Andersen Våge sin svigerfar. Aaland har sjølvsagt bomma her: https://www.nb.no/nbsok/nb/65e66d6d925dd7e16605f083fe423fda?lang=no#337

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Her var det lett å bomme ja! Noko eg klarte med god margin ser eg.

 

Takk for denne avklaringa.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.