Gå til innhold
Arkivverket

Paddle - antivirushjelp? - eller svindel?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Er det ein eller annan i Brukarforum  med teknisk innsikt som kan gje meg eit råd?

 

Eg har dei siste dagane fått opp meldingar på min iMac om at eg har infiserte filer - 12 stk. i talet, og samstundes kom det opp tips om å kontakta MacDoctor - noko som eit firma med namn Paddle i England står attom. 

 

Paddle.com Market Ltd
1st Floor
15 Bermondsey Square
London, SE1 3UN
United Kingdom

 

Det kom tilbod om fire ulike «abonnement» der det billigaste var på kring 15 Euro der eg kjøper ein lisens til reparasjon av maskinen, inklusive gratis McAfee Antivirus.  Eg gjorde dette, i tanke om at 15 Euro ikkje er allverden, men so fekk eg etterpå beskjed om å ringa eit telefonnummer for å «aktivera» programmet, og vedkommande som eg då fekk på tråden, ein ikkje-tyskar som snakka eit svært gebrokkent tysk, og han ville selja meg ein pakke for 250 Euro med antivirushjelp 7 dager 24 timer i døgnet med varighet i 48 månadar.  Han gjekk òg inn på min iMac og påviste ei lange rekke «sovande» filer, men etter at eg har høyrt mykje om «svindel» med PC-reparasjon, m.a. av «Microsoft-medarbeidarar» her i Tyskland, og folk har endt opp med svart skjerm og krav om store summar for å få attende eigne data, fann eg det best å kutta samtalen der og då!  Vedkommande telefonist meinte på bakgrunn av funni sine at maskinen min måtte vera svært so «treig», men det stemmer overhovudet ikkje...!

 

For å vera på den sikre sida, hadde eg før denne aksjonen teke backup av alle dei viktige filene mine, men no i ettertid ser masjnen min ut til å fungera som den skal...

 

Er det nokon som kjenner til dette firmaet og om dei har «ærlege» hensikter?  Eg ser dei har òg eit supportnummer i Noreg - 21930613 - men dette nummeret finn eg ikkje når eg søker i telefonkatalogen...!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

PS: Kanskje er det nokon i Brukarforum som kan hjelpa meg «reinska» min iMac?  Ta gjerne kontakt direkte på e-post - lars.e.oyane@sdsl.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars Ø. for interessant svar!

 

Den gongen eg kjøpte min første Mac, ein MacBook Pro 17" i 2010, vart det sagt at Mac-maskiner aldri var plaga av virus og denslags, og eg har vel aldri tenkt so mykje i retning av antivirus-program og firewalls.  No er det kanskje for seint, om virus eller malware er komme inn på nokon av maskinane mi.  Og eg aldri vore plaga av at maskinen går «treigt» eller at eg har kjensla av at nokon har freista logga seg inn hjå meg...  Men kanskje er det berre «synsbedrag»?

 

Eg ringte Oslo-nummeret og fekk kontakt med eit firma som kallar seg AnyTech.  Dei tykkjer ha ein god omtale, og dei forklarte meg at dei sel abonnement på vedlikehald av software-program og at dei er tilgjengelege 24 timer i døgnet 7 dagar i veka.  Dei påstår at det ikkje er godt nok berre å kjøpa og installera eit antivirusprogram og tru at alt er i orden.  Det må overvåkast og stadig haldast ved like, og nettopp det er noko dette Paddle-firmaet gjer, gjennom representantar i ulike land, inklusive AnyTech i Noreg...  Kortaste kontraktperiode er 6 månadar, og den koster NOK 3000 + mva.  Det er mykje meir enn eit medlemskap hjå ancestry.com...!

 

Kanskje er det ei lettare løysing rett og slett med jamne mellomrom å «nullstilla» heile Mac'en og installera programmi på ny?

 

Eg reknar med at andre har erfaringar på dette området og takkar igjen for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Få deg en brukbart antivirus program. Det finnes både gratis og betalversjoner. Betale så mye for å ha barnepass til PCn er vel litt på trynet.

Men nå høres det ut som om du fikk et Antivirus program. Jeg har fått noen lignende beskjeder på min PC, og kjørt både antivirus online og på min PC

og det har aldri vært noe med min PC. Fikk en gang en oppringning med at det var virus på min PC og at jeg spredde det over nettverket. Det var selvfølgelig

bare juksemakere.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.