Gå til innhold
Arkivverket

Kvar kjem Kristin Jetmundsdatter Veddegjerde frå?


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

Kristine Jetmundsdatter Veddegjerde er ei av mine aner på morssida. Etter Borgundboka var ho fødd i 1711, var frå Sunnylven og frå garden Holstad. Ved nærare ettersyn i kyrkjeboka der det står om giftarmålet mellom Elling Ågeson Veddegjerde og Kristine, ser det ut som det må vere Halstad og ikkje Holstad.  https://media.digitalarkivet.no/view/15996/49551/8     

Eg har også funne dødsattesten hennar frå 1761. Der er ho kalla Kirsten: https://media.digitalarkivet.no/view/15996/49542/32   

Eg har leitt i Sunnylven etter gardar med desse namna, men dei finst ikkje, heller ikkje gardnamn som er tilnærma like. Det finst ein gard med namnet Alstad i Norddalen, og også ein gard Hatlestad, kalla "Hollestad" også i Norddal, men det er det ingen med namnet Jetmund i det aktuelle tidsromet. Derimot finst det ein gard med namnet Helstad i Stranda, og der er det ein Jetmund i det rette tidsromet, nemleg Jetmund Pederson Rødset, som var gardbrukar på Helstad i Stranda. Han døde i 1753, og vart gravlagt den 2. september: https://media.digitalarkivet.no/view/15984/133  Han hadde etter Strandaboka mange born,  m.a. ei Kirsti f. 1729. Kirsti og Kristine eller Kirsten kan vel forvekslast, men at ho var fødd i 1729 høver ikkje med den Kristine Jetmundsdatter som var fødd i 1711. Grunnen til at det årstalet dukkar opp finn vi i dødsattesten, der det står at Kirsten er 50 år når ho døyr i 1761. Kan det vere at Holstad/Halstad skal vere Helstad, og at Kristine ikkje er frå Sunnylven, men frå Stranda? 

Kan det finnast anna dokumentasjon om henne nokon stad?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kirsten/Kirsti Jetmundsdtr. hadde ei dotter før ekteskapet som er nemnt i skiftet etter ho i 1762: https://media.digitalarkivet.no/sk20090126670077

Dottera heitte Anne Sjursdtr. og var 23 år gammal. Formyndaren hennar var gardbrukar på Engeset, Stranda

 

Dåpen til Anne Sjursdtr. i 1739 er her (høgre side): https://media.digitalarkivet.no/kb20070831610431

Fadderane var frå Helstad, Emdal og Hagen på Stranda, samt Overå i Liabygda.

 

Utifrå dette vil eg seie det er høgst sannsynleg at Kirsti Jetmundsdtr. Helstad var den same som vart busett på Veddegjerde. Fødselsåret 1729 ifølge bygdeboka må vere feil. (Ho vart mor i 1739). Eg kan heller ikkje sjå nokon dåp i 1729 som skulle vere hennar, og bygdeboka har nok basert seg på at ho var nemnt sist i skiftet etter mora, etter søstrene fødde i 1725 og 1727, og utifrå dette vurdert 1729 som eit sannsynleg fødselsår: https://media.digitalarkivet.no/sk20090126630594

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk, Inge.

Då ser det ut til at min tanke om at Kirsti Jetmundsdatter er frå Helstad i Stranda,  men at fødselsåret 1729, som står i Strandaboka, må vere feil. Det er ikkje fyrste gongen eg finn slike "feil" i bygdebøkene. Det har nok si årsak i at mange av bøkene er gamle, og at det etter kvart har kome meir og betre kjeldemateriale for dagen.  Såvidt eg ser av Strandaboka kom forfedrene til Kirsti frå Rødset, litt lenger oppe i Strandadalen, og det er ikkje så langt over til Sunnylven, så det at ho seiest å vere frå Sunnylven er vel forståeleg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Et spørsmål på siden av ditt tema. For noen ti-år siden hadde jeg en musikk-kassett med en trekkspiller med navn Vedde- el. Weddegjerde. Og den musikken var så god, sommerlige trekkspilltoner, at jeg da og nå leter på nettet etter gamle opptak/innspillinger. Men uten å finne noen titler. Kan du hjelpe meg? Var det ikke Ragnvald Weddegjerde han het, veldig flink teknisk. Er det en slektning av deg?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Astrid. Om eg er i slekt med Ragnvald Weddegjerde, veit eg ikkje, men det er mykje truleg. Såvidt eg forstår spelar han trekkspel og komponerer musikk. Kor som er så finst musikken hans å få tak i, trur eg. Kva med denne linken: http://www.musikk-miljo.no/noter-media-gaver/tangent-piano-orgel-trekkspill/trekkspill/bacchanal-ragnvald-weddegjerde-trekkspill

 

Han er også å høyre på Youtube: https://www.youtube.com/playlist?list=PLPPSVFj4qZrp5wCKY_Ltol89La2xY0Baz

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
På 20.11.2017 den 22.22, Astrid K. Halleraker skrev:

Et spørsmål på siden av ditt tema. For noen ti-år siden hadde jeg en musikk-kassett med en trekkspiller med navn Vedde- el. Weddegjerde. Og den musikken var så god, sommerlige trekkspilltoner, at jeg da og nå leter på nettet etter gamle opptak/innspillinger. Men uten å finne noen titler. Kan du hjelpe meg? Var det ikke Ragnvald Weddegjerde han het, veldig flink teknisk. Er det en slektning av deg?

 

Kjente til Ragnvald.Habil trekkspiller!

Han bodde på Gjøvik med kone og barn. 

Han var på slutten av 70-tallet trekkspill-lærer til min yngste bror (som døde i 2012). 

En av hans barn var i min bror's begravelse. 

 

https://www.geni.com/people/Ragnvald-Weddegjerde/6000000004010629918

 

https://www.nb.no/search?q="ragnvald weddegjerde" &mediatype=aviser&fromDate=19851001&toDate=19851031&counties=Oppland

 

 

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.