Jump to content
Arkivverket

Folketelling 1891 i Stavanger - Lars Tobias Olsen


Bente Borgen

Recommended Posts

Lars Tobias Olsen f. ca. 1818 i Ås, Lyngdal, er sjømann i Stavanger og gift med Malena Paulsdatter fra Strand. 

Jeg har problemer med å finne dem i folketellingen av 1891. Mulig jeg ikke har skjønt hvordan man går fram i den tellingen.....

 

I 1865 bor de i Dalgaten 35, i 1875 bor de i Banegaten 28 og i 1885 bor de i Pedersgaten 133.

I 1900 er Lars Tobias død.

 

Kan noen veilede meg å finne ut hvordan jeg finner dem i tellingen?

Link to post
Share on other sites
Richard Johan Natvig

 

For Stavanger er 1891-tellinga ikkje søkbar, du må bla i den skanna utgåva:

https://media.digitalarkivet.no/ft/contents/52915

 

Håper dette blir nokonlunde forståeleg, det tar tid å finna fram i denne tellinga:

 

Dersom du ikkje veit adressa i 1891 vil det ta uendeleg med tid. Siste adressa du oppgir er frå folketellinga 1885: Pedersgaten 133, så eg villa ha starta med det utgangspunktet. Alternativt om det blir bom, dersom du veit kor enka budde i 1900 kan du ta utgangspunkt i den adressa.
 
Dette tar uansett tid: du må gå gjennom Hovedlister, tellingskrets etter tellingskrets, sjå:
 
og når du finn gata kan du med utg.pkt i opplysningar her gå til rette tellingskrets og bla gjennom huslistene der, og deretter med opplysningar der gå til personlistene.
 
I 1885-telllinga står det at adr. er i tellingskrets 11, vi prøver tellingskrets 11 i hovudlistene:
 
der er ikkje gata (tellingskretsgrensene er endra), men eg blar vidare og finn Pedersgade i Tellingskrets 16
 
RA, Folketelling 1891 for 1103 Stavanger kjøpstad, 1891, s. 39
 
og ved å bla vidare: i tellingskretsene 17 og 18.
 
Rubrikken heilt til venstre er huslistenummar innanfor tellingskretsen. Om vi prøver tellingskrets 18
 
RA, Folketelling 1891 for 1103 Stavanger kjøpstad, 1891, s. 43
 
og merker oss huslistenummera i Pedersgata, 8 til 44, og 85 til 91, går vi nå til innhaldsoversikten igjen
 
RA, Folketelling 1891 for 1103 Stavanger kjøpstad, 1891, s. 3417
 
og her må vi berre bla oss til husliste 8 og bla oss gjennom -  dessverre ikkje noe hell fram til husliste 44, så: 85 til 91, også utan resultat, så då må vi prøva i dei andre to tellingskretsane, 17 og 16.
 
I 17: huslistenr. 18 til 39, same framgangsmåte.
RA, Folketelling 1891 for 1103 Stavanger kjøpstad, 1891, s. 3233
 
her finner vi ein Lars Olsen, 
RA, Folketelling 1891 for 1103 Stavanger kjøpstad, 1891, s. 3234
 
kan dette vera din mann? Merk personsedlernr. (1-4), og huslistenummeret som var 25, gå til oversikten (“Innhold”) igjen
rull ned til personseddeldelen og finn tellingskrets 17, klikk, begynn å bla deg til husliste 25 og …. det viser seg å vera feil person, tilbake til huslistene igjen og bla vidare. Ingen resultat. Då prøver vi Tellingskrets 16, huslister 42-43-44, 51, 58-59-60, 75, og 94. Ingen resultat.
 
Eg fann han altså ikkje. Det kan skuldast at eg har oversett han (vore litt for rask), men det kan og vera at han og familien budde på ein annan adresse i 1891 enn i 1885, flytting var ganske vanleg. Eg ville ha prøvd 1900-adressa, dersom du har den. Det skal bli fint å få heile 1891-tellinga søkbar!
 
Du kan også leita gjennom dei kommunale folketellingane om du ikkje har gjort det, men heller ikkje dei er søkbare:
 
Lykke til, vennleg helsing Richard
 
Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.