Gå til innhold
Arkivverket

Syskena Palmelin (1844- ) og Kaja Berg Gjerdrum (1852- ) frå Våler i Solør - Kaja til USA 1878 - kva skjedde med dei to?


Per S. Nestande
 Del

Recommended Posts

Eg søker informasjon om kva som skjedde med dei to syskena Palmelin og Kaja Berg Gjerdrum frå Våler i Solør som barn til  Peder Christiansson Gjerdrum frå Sjurderud (1806-1883) og Kirsten Tørrisdotter Eig (1805-1874) som var brukarar på Negarden Jerdrum i Våler.

 

Både Palmelin og Kaja bur heime i 1865:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038044000629

 

Palmelin Pedersson Gjerdrum var fødd 16. juni 1844 i Våler:

https://media.digitalarkivet.no/kb20070603290388

 

Han bur ikkje heime i 1875 og eg har ikkje funne ut kva som skjedde med han. Namnet Palmelin er sjeldan - han er aleine om det ved eit søk på Digitalarkivet. Det kan sjølvsagt ha blitt endra i Noreg eller ved eventuell utvandring til USA, men eg har ikkje funne nokon passande kandidat.

 

Kaja Berg Pedersdotter Gjerdrum var fødd 25. februar 1852 i Våler (nr. 20):

https://media.digitalarkivet.no/kb20070125350387

 

Ho bur heime i 1875:

https://media.digitalarkivet.no/ft20101209640651

 

Ho fekk utflyttingsattest frå Våler til Amerika 15. mai 1878 (nr. 16):

https://media.digitalarkivet.no/kb20070126310013

 

I følgje migrasjonslistene var reisemålet New Lisbon:

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000435418

 

Eg har ikkje klart å finne henne igjen i USA.

 

Er det nokon som har informasjon om kva som skjedde med dei to syskena - Kaja i USA og Palmelin i Noreg eller USA eller ein annan stad?

 

Endret av Per S. Nestande
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innføring nummer 13:

 

Palmelin Pedersen Gjerdrum emigrerer til Amerika i april 1867

 

Hedmark fylke, Våler i Våler, Ministerialbok nr. 1 (1849-1878), Inn- og utflyttede 1866-1875, Side 345
Permanent bilde-ID: kb20070125350696
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070125350696
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070125350696.jpg
 

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Eg har klart å finne igjen Kaja og Palmelin i USA, men sit igjen med eit nytt spørsmål om ein Perry C. Berg fødd ca 1878 i Wisconsin.

Palmelin kom altså til USA i 1867 (svært forsinka takk til Sven!) . I USA tok Palmelin namnet Paul Peterson og han slo seg ned som farmar i Armenia, WI. At det er rett mann går fram av dei litt forvanska namna på foreldra ved giftemålet:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XR65-L8B

Han vart altså gift 7. juni 1874 med Julie Hansine Torgersen fødd på Kongsberg 2. juli 1850. Dei fekk 8 born. Han døydde 17. april 1918 og ho døydde 31. januar 1931. Her er familien i folketeljinga i 1880:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MN45-7N9

Og i 1905:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MM3Z-QPD

 

Kaja (Omtala som Ceya Berg) bur i 1880 som hushalder hjå familien Halvor (Henry) Nyhus i Strong Prairie, Wisconsin:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MN4Q-WDL

Halvor som var fødd 14. juni 1826 i Sandsvær (død 15. november 1900) var enkemann etter Christiane Hansdotter fødd på Sørmerud i Elverum som var kusina til Kaja. Kaja vart gift med Halvor og fekk fire born med han. Kaja døydde 22. september 1894.

I 1880 bur også systersonen til Kaja, Peter (eigentleg Peder) Wenstad frå Våler, hjå familien Nyhus. Han vart seinare gift med tremenningen Hanna Warp som var systerdotter til Christiane.

 

I tillegg til borna til Halvor bur også toåringen Perry C. Berg fødd i Wisconsin av norske foreldre i familen. Ut i frå namnet og plasseringa i tellelista, rett etter Kaja, verkar han vere son hennar.

Det verkar likevel som det har skjedde ei dobbeltføring av Kaja og Perry. Hos broren Paul Peterson bur i 1880 nemleg også ei Caroline Peterson (28 år) som er sagt å vere syster til Paul og ein Perry Berg (1 år). Han er nemnt som barnebarn noko som openbart er feil.

Eg har ikkje funne dåpen til Perry i kyrkjeboka i Arkdale i det aktuelle tidsrommet, men boka er litt rotete og eg kan ha oversett eit oppslag. Eg har heller ikkje funne dødsfallet eller konfirmasjonen hans. Spørsmålet er om han var son til Kaja, kvar han vart fødd og kva som skjedde med han seinare?

               

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.