Gå til innhold
Arkivverket

Eit mord i Aker(?) november 1848 og følgjene av dette - huslydane som var involverte?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Utgongspunktet for dette emnet er avisartikkelen som Ivar Moe presenterte i eit anna tema (som ikkje har noko med denne saki å gjera):

 

Lars.PNG.7bdf00256b48d8dc9c960ffe8295e567.PNG

 

Saki har å gjera med to arbeidskameratar frå Luster, som er delar av dei to huslydane som følgjer her:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Gnr. 52, Skildeim – pl. Haugen 2

 

 

 

Peder Johannesson Skildum, son av føregåande brukar og herifrå Haugen, vart døypt 25.6.1780 og d. som husmann på Skildeim 8.5.1827.  Han gifte seg 20.1.1820 med Eli Olsdotter frå Dalen under Åsen.  Ho vart døypt 20.4.1795 og d. som legdelem på Skildeim 2.11.1837.  Peder fekk jord til plassen då han overtok etter mori kring 1820, og han og Eli var plassfolk her levetidi ut.  Dei fekk fire born i lag:

 1. Nils Pederson, døypt 15.8.1819,

Nils Pederson flytte i ung alder, truleg alt i 1830‑åri, til Romsdalen, og i 1849 var han busett på garden Ohna i Sandø, Aukra,

 

 

##### (lagnaden hans??)

 

 

 2. Ole Pederson (1821‑1858), vart husmann i Haugen under Berge i Dale.

 3. Kari Pedersdotter (1824‑1903), vart gift første gongen med husmann Mons Larsson på Sandvikøyri under Flattun (1802‑1864) og sidan attgift med husmann og enkjemann Ole Halvorson på Tvingeborg under Sandvik (1813‑1887).

 4. Peder Pederson, kalla «Eli-Per», var f. 12.6.1827,

Peder Pederson var ei tid vegarbeidar i Lærdal, men flytte sommaren 1848 til Aker ved Christiania for å halda fram som vegarbeidar der.  Hausten 1848 kom det so bodskap til Luster om at han der hadde vorte myrda, visstnok i november 1848.

 

 

##### (nøyaktig dato og stad for dødsfallet? – 25./26.11.1848 – myrda av Ole Olson frå Krossviki under Nes!)

 

 

Peder var ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Gnr. 72. Nes, pl. Krossvik 2

 

 

 

Ole Olson Næs, frå Hillestad i Hafslo, vart døypt i Hafslo 14.10.1798 og d. som husmann på Nes 9.8.1851.  Han gifte seg i Hafslo 27.4.1824 med Mari Ingebrigtsdotter frå La i Joranger sokn, Hafslo, døypt i Hafslo 6.4.1800.  Ole og Mari fekk kring 1826 hand om ein plass i Krossviki under Nes, og me trur det var denne plassen dei busette seg på.  Ole hadde plassen so lenge han levde, og sidan heldt enkja fram med styringi til 1867.  Då vart plassen nedlagd, og jordi gjekk attende til garden.

Mary Olson utvandra til Amerika i 1867,

 

 

##### (her destiny in America? – probably with daughter in Columbia Co., WI!)

 

 

Ole og Mari i Krossviki fekk seks born i lag:

 1. Ole Olson, f. i Hafslo 21.2.1824, vart konfirmert i Luster i 1839.

Ole Olson var ei tid vegarbeidar i Lærdal, men flytte sommaren 1848 til Aker ved Christiania for å halda fram som vegarbeidar der.  Han vart i november 1848 skulda for å ha teke livet av arbeidskameraten Peder Pederson frå Haugen under Skildeim (1827-1848) og vart i juni 1849 dømd til døden, men straffen vart i november 1849 omgjord til livsvarig fengsel på Akershus festning der han d. ugift 16.9.1853.

 2. Christi Olsdotter (1828-1919), vart gift første gongen med husmann Ole Olson i Skåri under Sandvik (1831-1867) (s.d.).

Dei utvandra i 1866 til Amerika, og der vart Christine som enkje attgift med husmann og enkjemann Nils Sølfestson frå Haugen under Valaker i Hafslo (1816-1890) (s.d.).

 3. Ingebrigt Olson (1832-1834).

 4. Anna Olsdotter (1838-1838).

 5. Ingebrigt Olson (1840-1843).

 6. Anna Olsdotter (1843-1844).

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har to store utfordringar når det gjeld desse huslydane:

 

** Er det mogeleg å finna ein nøyaktig dato og stad for dette mordet?  Kanskje kjem det fram i forsetjingi av avisartikkelen, som tydeleg ikkje er komplett...?

 

** Peder Pederson hadde ein eldre bror Nils Pederson, som eg har leitt etter i Aukra i mange år, men utan å finna spor etter!  Er det mogeleg å finna livsteikn etter Nils?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om desse huslydane!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

9 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

** Er det mogeleg å finna ein nøyaktig dato og stad for dette mordet?  Kanskje kjem det fram i forsetjingi av avisartikkelen, som tydeleg ikkje er komplett...?

 

Har sendt deg hele artikkelen på mail pga størrelsen.

 

Mvh

Ivar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for tilsend artikkel.  Det var jamen «saftige saker», men artikkelen frå «Morgenbladet» gjev oss eit godt bilete av korleis levetilhøvi var i Luster på midten av 1800-talet!  Det var mykje fattigdom og naud, og Ole Olson Næs var langt ifrå den einaste som hadde vanskar med å «tilpassa» seg!

 

Eit tankekors var det mellom anna å lesa at Ole ikkje meinte det var so «synd» å ta livet av Peder, for «han hadde jo ingen far eller mor i live som ville sørgja over dødsfallet til sonen!»

 

Kanskje me skulle «transkribert» denne artikkelen for bruk i ei årbok?  Neste år vert det 170 år sidan denne ugjerningi fann stad...

 

So mykje meir er det neppe å finna ut om ætti til Ole Olson.  Einaste søsteri hans har stor etterslekt i Amerika, og mor hans hamna òg der borte, utan at me so langt har finne noko dødsfall på ho...

 

MEN, det hadde vore «kjempe» om me greidde å finna lagnaden til Nils Pederson, eldste bror til Peder Pederson, han som i 1849 oppheldt seg på Ohna i Sandøy, Aukra...

 

Ein ny kjempetakk for all bistand i samband med «oppklaringi» av desse huslydane!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var "hårda bud" inni fjorden i gamle dager.

 

13 åring dømt til livstid for kaketjuveri.

 

Då Per Olsson Molland var 14 år, måtte han som vanleg på 1700-talet, ut i teneste. Han hamna på Kvam i Hafslo, der han tuska til seg litt mat og drikke utan løyve.

I rettssaka som fylgde, kom det fram at Per eitt år tidlegare hadde stole nokre pepparkaker, kringler og brennevin frå ein granne heime på Molland. Her hadde ungguten drukke seg så aldeles frå sans og samling at han sovna på stabburet der han hadde funne varene. Slik - sovande og drivande full - vart han teken «på fersken», og måtte tilstå. Guten vart dømd til «kakstryking» - dvs. pisking - og deretter fekk kakeglade Per tukthus på livstid.

 

 

https://www.allkunne.no/framside/fylkesleksikon-sogn-og-fjordane/kommunar-i-sogn-og-fjordane/luster/kriminalsoger-fra-luster/1922/79373/

 

Mvh

Ivar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegget!

 

Eg trur nok ikkje at Peder «Per» Olson Molland fekk tukthus for livstid for denne «ugjerningi».  Det står rett nok ikkje noko om kva år dette skjedde, men den einaste Peder Olson Molland som eg kjenner til, var odelsguten på garden, Peder Olson Molland (1769-1841).  Han tok over garden i 1795 og budde der levetidi ut.  Han var gift og fekk fem born!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
På 30.11.2017 den 23.32, Lars E. Øyane skrev:

 1. Nils Pederson, døypt 15.8.1819,

Nils Pederson flytte i ung alder, truleg alt i 1830‑åri, til Romsdalen, og i 1849 var han busett på garden Ohna i Sandø, Aukra,

 

 

##### (lagnaden hans??)

 

Er Nils blant fadderne ved dåpen til barnet Thor til venstre?? - se nr. 2:

Møre og Romsdal fylke, Sandøy i Aukra, Ministerialbok nr. 561A01 (1817-1858), Fødte og døpte 1850, Side 90-91
https://media.digitalarkivet.no/view/16066/47

 

 

Faddere 1849.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit nytt interessant innlegg!

 

Me kan jo aldri vera heilt sikre, men det ser jo svært sannsynleg ut at det er «vår» Nils Pederson som var faddar i Sandøy, Aukra i 1850!  Då ser det ut til å stemma med bustaden hans der oppe, men kvar i all verdi vart det av han etter 1850?

 

Eg lever i voni om at Nils vil dukka opp og takkar på ny for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 8 måneder senere...

Etter lengre tid i «dvale» ønskjer eg i dag å henta fram att dette emnet med fokus på:

 

Nils Pederson, døypt i Luster 15.8.1819, som i 1849 oppheldt seg på Ohna i Sandøy, Aukra og som Grethe truleg har finne nemnd som faddar same stad i januar året etter (jmf. innlegg #6).

 

Siste livsteiknet me finn om Nils i Luster er konfirmasjonen hans i 1834: https://media.digitalarkivet.no/view/11592/89

 

Eit svært so relevant spørsmål er følgjande: Kva kan òrsaki vera til at Nils Pederson flytte til Sandøya i Aukra?

 

No er det komme fram at Nils Pederson hadde ei grandtante Eli Nilsdotter som ser ut til å ha flytt til Veøy i Romsdalen, sjå tema:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/207323-eli-nilsdotter-fødd-i-luster-1761-flytte-frå-luster-i-1780-åri-kan-henda-til-bergen-eller-til-romsdalen-lagnaden-hennar/

 

og ser ein på kartet, er det ikkje so avskrekkande lange stykket mellom Veøy og Sandøy!  Kanskje flytte Nils til slektningar der oppe då han forlét Luster?

 

Uansett er eg framleis svært so interessert i å finna ut meir om lagnaden til Nils Pederson, og eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne kjempeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil gjerne i dag få henta fram att dette emnet, som når det gjeld lagnaden til Nils Pederson på Ohna i Sandøy, Aukra som framleis er ei kjempegåte.  Kanskje nokon har høve til å sjå på denne saki på ny.  Kvar i all verdi kan han ha gjort av seg?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Johannesson Skildum, son av føregåande brukar og herifrå Haugen, vart døypt 25.6.1780 og d. som husmann på Skildeim 8.5.1827.  Han gifte seg 20.1.1820 med Eli Olsdotter frå Dalen under Åsen.  Ho vart døypt 20.4.1795 og d. som legdelem på Skildeim 2.11.1837.  Peder fekk jord til plassen då han overtok etter mori kring 1820, og han og Eli var plassfolk her levetidi ut.  Dei fekk fire born i lag:

 1. Nils Pederson, døypt 15.8.1819,

Nils Pederson flytte i ung alder, truleg alt i 1830‑åri, til Romsdalen, og i 1849 var han busett på garden Ohna i Sandø, Aukra,

 

##### (lagnaden hans??)

 

 2. Ole Pederson (1821‑1858), vart husmann i Haugen under Berge i Dale.

 3. Kari Pedersdotter (1824‑1903), vart gift første gongen med husmann Mons Larsson på Sandvikøyri under Flattun (1802‑1864) og sidan attgift med husmann og enkjemann Ole Halvorson på Tvingeborg under Sandvik (1813‑1887).

 4. Peder Pederson, kalla «Eli-Per», var f. 12.6.1827,

Peder Pederson var ei tid vegarbeidar i Lærdal, men flytte sommaren 1848 til Aker ved Christiania for å halda fram som vegarbeidar der.  Seinhaustes 1848 kom det so bodskap til Luster om at han der hadde vorte myrda nær Christiania 25.11.1848 av arbeidskameraten Ole Olson frå Krossviki under Nes.  Peder var ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å finna lagnaden til denne karen frå Luster!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.