Gå til innhold
Arkivverket

Anders Gjertson (1844) og Gjert Gjertson (1854) - frå Hafslo til Amerika med foreldre og søsken i 1861, men kvar vart det av dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne huslyden er ei kjempeutfordring som eg har hatt liggjande i mange år utan å finna ei løysing på.  Kanskje er no tidi kommi til å få svar på denne «gåta»?

 

Eg vil gjerne først få presentera dei etter måten komplette opplysningane eg so langt har greidd å finna:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Gjert Andersson Dalen, son av føregåande brukar og herifrå Dversdalen, vart døypt 24.3.1816 og gifte seg 18.6.1838 med Malena Johannesdotter frå Resaland.  Ho var f. 25.6.1815.  Gjert fekk 14.4.1842 skøyte på heimebruket i Dversdalen hjå far sin og dreiv sidan garden fram til 1861.

John og Malena Anderson utvandra til Amerika i 1861 og budde ei kort tid i McFarland, Dane Co., Wis., men slo seg snart ned som farmarar i Utica township, Crawford Co., Wis. der John d. i 1890.  Malena flytte som enkje til dotteri Malena i Atlanta township, Becker Co., Minn., men d. i Ulen, Minn. 6.4.1902.

Gjert og Malena fekk ni born, som alle var fødde i Hafslo:

 1. Mari Gjertsdotter, f. i Hafslo 6.8.1838,

Mary Anderson utvandra til Amerika med foreldri sine i 1861 og gifte seg i Crawford Co., Wis. 2.10.1864 med Trond Hansson frå Nyhus i Bøverdalen, Lom, i Amerika kjend som Thomas Hanson.  Han var son av gardbrukar Hans Trondson på Nyhus og kona Anna Olsdotter frå Nyhus og f. i Lom 10.7.1831, men utvandra til Amerika i 1858.  Mary og Thomas Hanson slo seg ned som farmarar i Freeman township, Crawford Co., Wis. der Thomas d. kring 1894.  Mary Hanson flytte som enkje inn hjå dotteri Julia i Sterling township, Vernon Co., Wis. der ho d. 22.11.1906.  Dei fekk ni born i lag:

a. Helene Marie Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 10.12.1865, d. i Crawford Co., Wis. 3.8.1886.

b. Helene Marie, kjend som Helen Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 6.10.1867, d. i Viroqua, Wis. 25.11.1958.  Helen gifte seg i La Crosse, Wis. 2.6.1894 med enkjemannen Engebret Evenson, opphavleg frå Askildsrud i Norderhov, i Amerika kjend som Albert Thompson.  Han var son av husmann Even Trulsson på Jobæk, Askildsrudeiet, og kona Inger Sophie, kjend som Sophia Olsdotter, òg frå Askildsrudeiet, og f. i Norderhov 12.2.1856, men utvandra til Amerika i 1878 og hadde før vore gift og busett i Minnesota og Washington.  Albert d. i Crawford Co., Wis. 10.5.1928.  Albert var snikkar (”carpenter”), men han og Helen slo seg ned som farmarar i Freeman township, Crawford Co., Wis.  Dei fekk seks born i lag, men Albert hadde òg minst ei dotter frå første ekteskapet sitt.

c. Louise Malena, kjend som Malena Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 1.7.1869, d. i La Crosse, Wis. 14.9.1939.  Malena gifte seg i La Crosse, Wis. 20.4.1898 med Ole Reinert Gustavson Julsberg frå Taslid i Strinda, i Amerika kjend som Ole R. Julesberg.  Han var son av innerst og gardsarbeidar Gustav Andreasson Julsberg på Taslid, opphavleg frå Julsberg i Levanger, og kona Karen Marthe Ottesdotter frå Tingstadvald og f. i Levanger 28.1.1867.  Ole utvandra med foreldri sine til Amerika i 1882 og d. i La Crosse, Wis. 2.5.1931.  Ole Julesberg var ei tid kolonialhandlar (“grocer”), men vart sidan vaktmeister (“janitor”).  Han og Malena budde i La Crosse, La Crosse Co., Wis. og fekk fire born i lag.

d. John Albert, kjend som Jack T. Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 20.8.1871, d. visstnok e. 1920, men dato og stad er ukjende.  Jack gifte seg første gongen i Crawford Co., Wis. 24.12.1901 med Ethel G. Pennel, f. i Vernon Co., Wis. 8.1.1884.  Dødsfallet hennar er ukjent, men ho vart skild frå Jack etter kort tid.  Jack gifte seg att i Crawford Co., Wis. 25.4.1905 med Anna M. Fortney Gunderson, dotter av gardbrukarsonen Christopher Christopherson frå Fortun (1816-1905).  Anna var f. i Crawford Co., Wis. 25.3.1862 og d. i Richland Center, Wis. 7.10.1966, over 104 år gamal.  Ho hadde før vore gift med Olai Andreas Gunderson (1862-1925), son av husmannsdotteri Anna Olsdotter frå Kvitli under Fuhr i Luster (1827-1917), men vart skild frå han.  Jack Hanson var arbeidar (“laborer”), og han og Anna budde for det meste i Gays Mills, Crawford Co., Wis., men det ser ut til at dei flytte frå kvarandre alt kring 1915.  Dei fekk to born i lag.

e. Olina Johanna, kjend som Johanna Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 5.12.1873, d. truleg ugift i Crawford Co., Wis. kring 1895.

f. Julia Andrina Hanson (1875-1955), vart gift med Christen Simonson (1868-1944), son av husmannssonen Simon Christenson frå Grandane under Øvrebø i Luster (1838-1905) (s.d.).

g. Henry Nitter Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 19.9.1877, d. i Crawford Co., Wis. kort etter fødsli.

h. Henry Nitter Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 23.1.1879, var i mange år rancharbeidar (”ranch laborer”) i Birney, Rosebud Co., Mont., men skal vera d. i Miles City, Mont. etter 1930, ugift.

i. Norah Mathilda Hanson, f. i Crawford Co., Wis. 19.4.1881, skal vera d. i Viroqua, Wis. kring 1908.  Norah arbeidde på Fortney hotel (“hotel worker”) i Viroqua, Vernon Co., Wis. og budde der, ugift.

 2. Christi Gjertsdotter, f. 6.6.1841,

Christine Anderson utvandra òg med foreldri sine til Amerika i 1861 og gifte seg i Madison, Wis. 2.4.1864 med enkjemannen Lasse Knutson, opphavleg frå Våteviki i Balestrand, i Amerika kjend som Lewis Woodwick.  Han var son av husmann Knut Lasseson på Kringla under Våtevik og kona Guri Olsdotter frå Jordal og f. i Balestrand 30.10.1834.  Lewis utvandra til Amerika i 1856 og hadde før vore gift med husmannsdotteri Mari Hansdotter frå Børtnes under Urnes i Hafslo (1840-1863).  Lewis og Christine flytte til ein farm i Rome township, Faribault Co., Minn. der Christine d. 2.10.1881. Lewis vart gift tredje gongen med enkja Britha Torstensdotter, opphavleg frå Røyteviki under Nes i Hafslo (1833-1923), då kjend som Britha Johnson Grove.  Ho hadde òg vore gift to gonger før, først med husmann Anders Otteson Grov på Nondal under Nygard i Hafslo (1839-1875) (s.d.) og sidan med broren, husmannssonen Lars Otteson frå Leitehaugen under Grov i Jostedalen (1846-1881) (s.d.).  Lewis og Britha vart buande på farmen hans i Rome township, Faribault Co., Minn. til dei i 1899 flytte inn til Blue Earth, Faribault Co., Minn.  Lewis Woodwick d. i Blue Earth, Minn. 4.7.1920.  I ekteskapet med Christine hadde han åtte born:

a. Marie Caroline Woodwick, f. i Dane Co., Wis. 7.3.1865, d. kort etter fødsli.

b. Carl Johan kjend som Charles J. Woodwick, f. i Faribault Co., Minn. 20.11.1866, d. i St. Paul, Minn. 13.12.1949.  Han skal kort etter hundreårsskiftet ha gift seg med ei Minnie, men

 

     ##### (who was she? - further details? - died shortly after marriage!)

 

     Charles Woodwick var murar og støyperiarbeidar (”stone mason and plasterer”), og etter nokre år i Seely township, Faribault Co., Minn. var han frå 1904 busett i St. Paul, Ramsey Co., Minn.  Ingen born.

c. Malena Gurine, kjend som Lena Woodwick, f. i Faribault Co., Minn. 8.4.1869, d. i St. Paul, Minn. 25.12.1945.  Lena gifte seg i Faribault Co., Minn. 4.5.1892 med Ole Johnson frå Bjåstad i Fjærland, Balestrand, i Amerika kjend som Ole J. Bjostad.  Han var son av husmann John Olson på ein plass under Bjåstad og kona Anna Berntsdotter frå Hove i Feios, Leikanger, og f. i Balestrand 26.9.1859, men utvandra til Amerika i 1880.  Han d. i St. Paul, Minn. 26.5.1936.  Ole Bjostad var varmeteknikar (“brewery stationary engineer”), og han og Lena budde først nokre år i Elmore, Faribault Co., Minn., men flytte kort etter hundreårsskiftet til St. Paul, Ramsey Co., Minn.  Dei fekk sju born.

d. Julius Andreas Woodwick, f. i Faribault Co., Minn. 15.9.1871, d. i Graceville, Minn. 22.6.1950.  Julius gifte seg i Faribault Co., Minn. 21.6.1898 med Mathilda Malena, kjend som Tillie Thompson.  Ho var f. i Kendall Co., Ill. 6.2.1878 og d. i Graceville, Minn. 27.12.1946.  Julius og Lillie farma først nokre år i Emerald township, Faribault Co., Minn., men flytte i 1907 til ein “homestead” i Crystal Springs township, Kidder Co., N.D. der dei vart buande til dei i 1946 som pensjonistar flytte til Graceville, Big Stone Co., Minn.  Dei fekk sju born i lag.

e. Gilbert Olaus, kjend som Gilbert L. Woodwick, f. i Faribault Co., Minn. 29.12.1873, d. i Intake, Mont. 29.11.1911.  Gilbert flytte i 1891 til North Dakota og gifte seg første gongen i McHenry, Foster Co., N.D. 28.9.1903 med Sophia Benson.  Ho var f. i Traill Co., N.D. 15.6.1884, men miste livet i ein brann i McHenry, N.D. 9.5.1908.  Gilbert dreiv leigestall (”livery stable operator”) og budde med første kona Sophia i McHenry, Foster Co., N.D., men flytte i 1909 til Warwick, Benson Co., N.D.  Han gifte seg att kring 1909, dato og stad ukjende, med Maude f. Babcock, f. i Faribault Co., Minn. 29.3.1879.  Ho d. i Tacoma, Wash. 13.4.1948.  Maude gifte seg første gongen i Faribault Co., Minn. 3.11.1897 med Frank E. Stearns, f. i Faribault Co., Minn. 30.12.1874.  Han var salmakar (”harness maker”) og budde for det meste i Wells, Faribault Co., Minn., men d. i Ft. Snelling, Minn. 19.12.1932.  Men Maude flytte heimatt til foreldri sine alt kring 1899 og vart sidan skild frå Frank.  Gilbert og Maude flytte i 1910 til Intake, Dawson Co., Mont. der Gilbert var postmeister og handelsmann (”postmaster and store owner”).  Som enkje etter Gilbert gifte Maude seg tredje gongen i St. Paul, Minn. kring 1913 med John W. McHugh, f. i North Dakota kring 1886.  Dato og stad for dødsfallet hans manglar.  John McHugh var restauranteigar (”restaurant owner”), og han og Maude budde i St. Paul, Ramsey Co., Minn., men flytte visstnok sidan til Wapato, Yakima Co., Wash.  Som enkje flytte Maude McHugh i 1944 til Tacoma, Pierce Co., Wash.  Gilbert Woodwick fekk to born, båe frå første ekteskapet, men Maude hadde òg to born frå første ekteskapet sitt og eitt frå det tredje.

f. Hannah Louise Woodwick, f. i Faribault Co., Minn. 27.12.1875, d. i Faribault Co., Minn. 23.8.1876.

g. Christian L. Woodwick, f. i Faribault Co., Minn. 18.7.1877, d. i St. Paul, Minn. 8.2.1958.  Christian Woodwick gifte seg i Faribault Co., Minn. 17.2.1898 med Kirstina Marie, kjend som Marie Halvorson.  Ho ætta frå Svalheim i Årdal, men var f. i Faribault Co., Minn. 22.4.1879 og d. i St. Paul, Minn. 27.4.1923.  Christian dreiv først kolonialhandel (“grocery store owner and operator”), og huslyden budde i Emerald township, Faribault Co., Minn., men dei flytte sidan til St. Paul, Ramsey Co., Minn. der Christian livnærte seg som ingeniør (“engineer”).  Etter han vart enkjemann tok han til med målarverksemd (”painter and decorator”).  Christian og Marie fekk åtte born i lag.

h. Louise Karine Woodwick, f. i Faribault Co., Minn. 6.1.1880, d. i Hayfield, Minn. 13.11.1956.  Louise gifte seg i Blue Earth, Faribault Co., Minn. 11.6.1901 med Dustin LaMont, f. i Montréal, Qué. 15.3.1879.  Han d. i Stewartville, Minn. 18.2.1951.  Dustin og Louise tok i 1905 “homestead” i Clermont township, Adams Co., N.D., men flytte i 1912 attende til Blue Earth, Faribault Co., Minn. der Dustin i mange år arbeidde som køyrekar (“teamster”).  Sidan farma dei nokre år i Carlston township, Freeborn Co., Minn. og likeins i Racine township, Mower Co., Minn. til dei i 1947 flytte til Stewartville, Olmsted Co., Minn. som pensjonistar.  Dei var barnlause.

 3. Anders Gjertson, f. 8.7.1844,

Andrew G. Anderson utvandra med foreldri til Amerika i 1861, men

 

##### (what happened to him? - may have died prior to 1900, but was supposedly married and had several children!?)

 

 4. Johanna Gjertsdotter, f. 6.12.1846,

Johanna Anderson utvandra likeins med foreldri til Amerika i 1861 og flytte i ung alder til Chicago, Ill. der ho kring 1865 vart gift med ein Otto Arneson frå Noreg, i Amerika kjend som Otto Olson Bing.  Foreldri hans heitte Arne Olson og Ellinora, og Otto var f.  Noreg kring 1835, men utvandra til Amerika kring 1860.  Otto Bing var ei tid vaktmann (”watchman”), og huslyden budde i Chicago, Cook Co., Ill., men kring 1877 flytte Otto og Johanna til Wa Keeney, Trego Co., Ks. der dei farma nokre år.  Kring 1882 flytte dei so attende til Chicago, Cook Co., Ill. der Otto sidan livnærte seg som jarnbanefunksjonær (“railroad employee”).  Otto d. ved eit ulukkeshende i Leadville, Colo. 26.1.1899, og som enkje flytte Johanna Bing med døtrene Nora og Ethel til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der ho d. 28.7.1933.  Otto og Johanna fekk fem born i lag, men eitt av desse d. i heilt ung alder utan at me kjenner korkje namn eller datoar.  Dei attverande fire var:

a. Jacob Alexander Bing, f. i Chicago, Ill. kring 1867, skal ha mist livet i ei bilulukke kring 1916, dato og stad ukjende.  Jacob gifte seg kring 1892 med Helga Elise Martine Hansdotter frå Eeg i Bamble, i Amerika kjend som Helga Pierson.  Ho var dotter av styrmann og strandsitjar Hans Petter Pederson på Eegsrønning under Eeg og kona Anna Berthea Halvorsdotter frå Stathelle og f. i Bamble 29.9.1867, men utvandra til Amerika med mor si i 1873.  Ho d. i Virginia, Minn. 12.1.1959.  Jacob Bing var vever og skodespelar (“weaver and theatrical actor”), og han og Helga budde i Chicago, Cook Co., Ill., men som enkje flytte Helga i 1920-åri med ei dotter til Minneapolis, Hennepin Co., Minn.  Dei fekk fire born i lag.

b. Eleonora Mathilda, kjend som Nora Olson, f. i Chicago, Ill. 9.10.1869, d. i Minneapolis, Minn. 2.9.1946.  Nora Olson var songar og underhaldar (“singer and entertainer”) og budde først i Chicago, Ill., men flytte sidan til Minneapolis, Hennepin Co., Minn.  Ho var ugift.

c. George Arthur Bing, f. i Chicago, Ill. 3.8.1874, d. i Chicago, Ill. 30.8.1937.  George var røyrleggjar (“plumber”) og budde levetidi ut i Chicago, Ill.  Han var ugift.

d. Ethel Christine Olson, f. i Chicago, Ill. 31.5.1883, d. i Minneapolis, Minn. 15.11.1943.  Ethel var òg songar og underhaldar (“singer and entertainer”) og budde i Chicago, Ill., men flytte likeins til Minneapolis, Minn. der ho 2.6.1923 gifte seg med Reuben M. Pederson.  Han var f. i Yellow Medicine Co., Minn. 11.3.1880 og d. i Minneapolis, Minn. 20.11.1944.  Reuben Pederson var lækjar (“physician und surgeon”), og han og Ethel vart buande i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men var barnlause.

 5. Christopher Nitter Gjertson, f. 11.2.1849,

Christopher Anderson utvandra òg til Amerika med foreldri i 1861 og gifte seg i Crawford Co., Wis. 7.3.1886 med Maria Andersdotter frå Åmodt i Skjåk, i Amerika kjend som Marie Anderson.  Ho var dotter av paktar Anders Olson på Brujordet i Skjåk (1836-1866), opphavleg frå Utladalen under Fortun i Luster, og Rønnaug Christensdotter frå Åmodt i Skjåk, sidan tenestjente mellom anna på Vigstadkjørren og på Skamsar i Skjåk, og f. i Lom 12.3.1861, men utvandra visstnok til Amerika i 1884.  Christopher Anderson var snikkar (“carpenter”), og han og Marie busette seg på ein farm i Franklin township, Vernon Co., Wis., men Christopher d. visstnok i Dane Co., Wis. 4.3.1906.  Marie Anderson d. i Viroqua, Wis. 28.5.1942.  Dei fekk ni born i lag:

a. Gustaf Alfred Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 30.12.1886, d. i Viroqua, Wis. 10.11.1972.  Han gifte seg i Vernon Co., Wis. 24.12.1914 med Eleda Boletta Kolstad, dotter av gardbrukarsonen Christen Johannesson frå Kvalsviki i Luster (1845-1920).  Eleda var f. i Vernon Co., Wis. 16.12.1885 og d. i Viroqua, Wis. 1.4.1951.  Gustaf Anderson var snikkar (“carpenter”), og han og Eleda budde i Viroqua, Vernon Co., Wis.  Ingen born.

b. Minnie Rodina Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 21.2.1889, d. i Viroqua, Wis. 31.7.1966.  Ho gifte seg i Vernon Co., Wis. 7.5.1911 med Raymond Andrew, kjend som Ray Bowman.  Han var f. i Vernon Co., Wis. 21.7.1886 og d. i Viroqua, Wis. 2.9.1952.  Ray var arbeidar (“laborer”), og han og Minnie budde levetidi ut i Viroqua, Vernon Co., Wis., men vart skilde i 1921.  Ingen born.

c. Cora Marie Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 2.2.1891, d. i Viroqua, Wis. 12.7.1971.  Cora var hushaldar (“housekeeper”) og budde i Viroqua, Vernon Co., Wis., ugift.

d. Anna Josephine Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 10.11.1892, d. i Vernon Co., Wis. 20.4.1893.

e. Carl Johan Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 21.5.1894, d. i Vernon Co., Wis. kort etter fødsli.

f. Clara Josephine Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 19.8.1896, d. i La Crosse, Wis. 8.11.1986.  Clara gifte seg første gongen i Vernon Co., Wis. 22.2.1917 med Henry Johnson.  Han var f. i Wisconsin kring 1896, dato og stad ukjende, og d. i Kenosha, Wis., men dødsdatoen hans er ukjend.  Henry var arbeidar (”laborer”), og parfolket budde i Viroqua, Vernon Co., Wis., men dei vart skilde i 1923.  Clara gifte seg att i Allamakee Co., Ia. 25.11.1939 med Cyrus Jacob Lambert, f. i Chester Co., Penn. 27.12.1877.  Han d. i La Crosse, Wis. 2.5.1965.  Cyrus Lambert var tømmerarbeidar (“logger”), og han og Clara budde i La Crosse, La Crosse Co., Wis.  Clara fekk i alt fire born, tre frå første ekteskapet og eitt frå det andre.

g. Anna Louise Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 27.11.1898, d. i Viroqua, Wis. 28.6.1957.  Anna gifte seg i Winona, Minn. 20.11.1920 med Rudolph Emanuel Thurin, f. i Vernon Co., Wis. 8.2.1896.  Han d. i King, Wis. 21.3.1964.  Anna og Rudolph farma i Franklin township, Vernon Co., Wis. og fekk seks born.

h. Melvin Johan Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 9.11.1901, d. i Vernon Co., Wis. 14.2.1902.

i. Melvin Johan Anderson, f. i Vernon Co., Wis. 22.2.1903, d. i Vernon Co., Wis. 23.1.1919.

 6. Malena Gjertsdotter, f. 27.7.1851,

Malena Anderson utvandra til Amerika med foreldri sine i 1861 og gifte seg i Crawford Co., Wis. 29.3.1875 med Ole S. Olson, son av husmann Sjur Olson frå Verket under Sandviki i Luster (1795-1888).  Ole var f. i Luster 24.1.1849, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1858.  Ole og Malena Olson farma først ei tid i Utica township, Crawford Co., Wis., men flytte kring 1881 til ein farm i Atlanta township, Becker Co., Minn.  I 1901 flytte huslyden inn til Ulen, Clay Co., Minn.  Ole fór i 1906 til Berthold, Ward Co., N.D. for å ta “homestead” der, men d. i Ward Co., N.D. alt 8.6.1906.  Malena Olson vart buande i Ulen, Clay Co., Minn., men levde siste åri i Audubon, Minn. der ho d. 6.1.1929.  Malena og Ole fekk fire born i lag:

a. Inger Christine Olson, f. i Crawford Co., Wis. 8.3.1876, d. i Ulen, Minn. 13.10.1972.  Inger gifte seg i Clay Co., Minn. 21.12.1901 med Ole A. Nelson, f. i Pierce Co., Wis. 18.3.1873.  Han d. i Fargo, N.D. 2.2.1959.  Ole var tømmerarbeidar (“lumber company worker”), og han og Inger budde i Ulen, Clay Co., Minn.  Dei fekk fire born.

b. Marie Josepha, kjend som Mary J. Olson, f. i Crawford Co., Wis. 16.10.1877, d. i Bemidji, Minn. 19.9.1941.  Mary gifte seg i Detroit Lakes, Minn. 27.12.1900 med Frank Melvin Hickerson, f. i Chisago Co., Minn. 23.9.1877.  Han d. i Bemidji, Minn. 16.8.1941.  Frank og Mary farma ei tid i Lake Washington township, Eddy Co., N.D., men flytte i 1922 til Northern township nær Bemidji, Beltrami Co., Minn. der Frank livnærte seg som byggarbeidar (“brick layer”).  Dei fekk sju born i lag.

c. Anna Sophie Olson, f. i Crawford Co., Wis. 14.11.1879, d. ugift i Twin Valley, Minn. 12.10.1960.  Anna var hotelleigar (“hotel owner and operator”) og budde i Gilby, Grand Forks Co., N.D., men flytte sidan til Bemidji, Beltrami Co., Minn. og derifrå til Ulen, Clay Co., Minn.  Ho var ugift.

d. Selmer Goodwin, kjend som Goodwin Olson, f. i Becker Co., Minn. 9.3.1883, d. i Becker Co., Minn. 6.6.1886.

 7. Gjert Gjertson, f. 10.2.1854,

John Anderson utvandra likeins med foreldri til Amerika i 1861 og budde i 1870 framleis heime hjå foreldri sine, men

 

##### (what happened to him? - may have died prior to 1900)

 

 8. Johannes Gjertson (1856-1860).

 9. Lars Gjertson (1859-1860).

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det er fleire utfordringar innanfor denne huslyden, men dei to viktigste er heilt klart lagnadane til dei to sønene Anders og Gjert.  Eg er ikkje 100% sikker på at dei nytta ANDERSON som ættenamn, men foreldri skreiv seg Anderson, og likeins broren Christopher, so eg TRUR Anderson er mest sannsynleg!

 

Eg har leitt «høgt og lågt» etter lagnadane til desse brørne, men so langt utan hell, og no vonar eg at nokon kan hjelpa meg?  Utifrå bustadane til dei andre borni har eg ikkje greidd å finna noko eintydig svar på KVAR Anders og Gjert kan ha busett seg, men det er vel ikkje urimeleg å tru at dei har vore i nærleiken av minst eitt av søskeni?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Carl Johan kjend som Charles J. Woodwick, f. i Faribault Co., Minn. 20.11.1866, d. i St. Paul, Minn. 13.12.1949.  Han skal kort etter hundreårsskiftet ha gift seg med ei Minnie

 

I 1940 står Charles som single:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:KS2R-T6S

 

Ved dødsfallet i 1949 står han som gift og kona Minnie Woodwick er nevnt:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:FD8K-SD1

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for innlegget om Charles Woodwick!

 

Jau, det er ganske so underleg korleis Charles og Minnie har unngått kjeldene våre.  Eg har òg observert at han står som ugift i 1940, men har rekna med det var rett og slett «vannkunne» hjå dei som skreiv desse listene.  Han var tross alt neppe gift særleg lenge og har truleg levd som «ungkar» mestedelen av livet...

 

FT1920 syner Charles Woodwick busett i St. Paul, MN, og då var han ENKJEMANN:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRXS-41Q?i=37&cc=1488411

 

FT1900 syner Carl Woodwick busett i Bricelyn, MN, og då var han ugift:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6763-9PZ?cc=1325221

 

Første gongen Charles er nemnd i ein «city directory» i St. Paul, MN er i 1915.  Då losjerer han som «plasterer» på 221½ East 7th Street:

 

https://www.ancestry.com/interactive/2469/12860089?pid=756749488&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D2469%26h%3D756749488%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx4404%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4404&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Eg har so langt ikkje greidd å finna denne mannen i nokon teljingar mellom 1900 og 1920 og heller ikkje i 1930!  Kanskje andre har meir hell med seg i leitingi?  Eg har ein mistanke om at han ikkje kom til St. Paul, MN før 1915 eller kort før, men kvar kan han i so fall ha vore??

 

Elles er eg framleis heilt utan spor når det gjeld lagnadane til dei to morbrørne til Carl/Charles, Andrew og Gjert/John...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand nåŕ det gjeld oppsporingi av denne huslyden i Amerika!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.