Gå til innhold
Arkivverket

Kven var far til Rasmus Johannesson Råke, f. i Solund 1805


Alf Strand
 Del

Recommended Posts

Rasmus Johannesson var fødd i Råke 1805. Mora var Inger Olsdtr. Faren heitte Johannes Rasmusson. Men kven var han, og kvar kom han frå? Inger og Johannes var ikkje gifte. Ein stad har eg notert at han var frå Åneland, utan at eg kan gjera greie for korleis eg har funne ut det. I bygdeboka står det at Johannes Rasmusson var frå Indrevær. Er det nokon som kan hjelpa?

Mvh Alf Strand

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er det din mann som nevnes her?

 

(utdrag)

 

Hei! 

Jeg har gått i gjenom kirkeböker under Gulen og tittet veldigt nöye i bygdebökene igjen. 
Og jeg innser nå att redaktören av boka har blandet i sammen 2 forskjellige Rasmus Johannesen med samme kvinne Synneve Torbjörnsen.Utvär/Solund. Mad 

Synneve var gift 1929 med Rasmus Johannesen Råke/Steinsund födt ca.1805 bosatt Ravnöen/Rånöy.Og da kan det jo stemme med förste födte barn f.o.m. 1824. 

Under gården Råke står det også skrivet att Rasmus J. Råke var uekte födt,foreldre var Johannes R. Indrevär og pige Inger Olsdtr. 

I kirkeboken under gifte 1829/Gulen står det skrivet samme far Johannes Rasmussen Unneland som på din Rasmus Johannesen Unneland på hans födsel 10/10-1814 under kirkebok/Gulen. 

Att Rasmus Unneland var ugift når han flyttet til Bergen kan da stemme. 

Att Synneve var enke når hun döde 1892 stemmer sikkert også. 

Så jeg tror helt enkelt att vi kan se bort ifra att Rasmus J. Unneland hadde familje för han kom til Heröy. 

Vil du ha mer info,så hör av dig. 

Mvh,Svehn. Cool

 

http://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?p=300538&sid=0913fa5350eb4280cb3c9b699f1dda70

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk til Ann-Mary. Ja, det er mogeleg dette er same person. Den Rasmus Johannesson eg leitar etter, er fødd utanfor ekteskap i 1805. Men eg trur Gulen-boka blandar saman to karar med same namnet. Difor vil eg prøva å finna ut kven faren Johannes Rasmusson faktisk var. 

Mvh Alf

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi kan vel slå fast at det er Rasmus Johannesson Råke f. 1805 som gifter seg med Synnøve Torbjørnsdtr. Kven faren hans var, kan vi ikkje fastslå enno. Finst det nokon Johannes Rasmusson på Ånneland som kan vera far til Rasmus. Eller er det Johannes på Indrevær som er aktuell? Eg har notert ein stad at Rasmus drukna i Vågen i Bergen i 1856, men veit ikkje kvar eg har det frå. Så skriv Svehn at Synnøve Torbjørnsdtr. døydde i 1892. Det er ein opplysning eg har vore på jakt etter. Kvar fann du den?

 

Mvh Alf, på jakt etter fleire opplysningar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk til Ann-Mary. Då har vi slått fast kva tid og korleis Rasmus Johannesson enda sine dagar. At han også var almisselem, var ikkje overraskande. Viss Synnøve døydde i 1892, levde ho altså 36 år som enkje.

Mvh Alf

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.