Gå til innhold
Arkivverket

Jens Haugland og Bekkerhuset


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

Christian Bekker (1877-1980) , dotterson av Jens Haugland sette visstnok opp eit hus på Haugland. Det var ein sorenskrivarbustad kjøpt frå Fresvik. Huset vart truleg flytt frå Fresvik ein gong etter 1866, men på bilete teke i Fresvik rundt 1890 ser ein ikkje huset. Det verkar difor lite sannsynleg at det er Ckristian Bekker som kjøpte og flytte huset.

Bestefar hans, Jens Haugland, dreiv garden på Haugland fram til han døydde. Garden vart selt ut av slekta, men Christian tok han att i 1906 på  odel. Foreldra til Christian budde i Bergen. Det verkar difor meir sannsynleg at det er Jens Haugland som har kjøpt sorenskrivarbustaden/Bekkerhuset. Går det an å finna ut noko om kjøpet av huset, når det vart kjøpt frå Fresvik og evt når det blei sett opp på Haugland?

 http://www.sffarkiv.no/sffbasar/opi.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=109963&spraak_id=1&ptype=single&lang=eng&paging=yes

 

Mvh

Anne Marie Bøtun Øyri

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei ser ikkje ut som eg finn noko meir der heller.

Veit heller ikkje om det vart nedskrive nokon stad om ein kjøpte bygningar, det var vel helst eigedomssal som kom inn i bøkene.

 

Jens Haugland døydde i 1878, og vi har ei teikning av Gude frå 1866 i Fresvik der vi meiner vi ser huset som blei flytt til Haugland. Viss teorien vår er rett om at det var Jens som kjøpte og flytte huset, så må det ha skjedd mellom 1866 og 1878. Mest sannsynleg er vel også at når han først kjøpte eit så stort hus i den tid, så sette han det også opp på Haugland like etter kjøpet.

 

MVH

Anne Marie

Lenke til kommentar
Del på andre sider

"Bekkerhuset" kom nok til Haugland lenge før Christian Bekker si tid.

 

I 1877 var det utskifting av innmarka på Haugland. Her er eit utsnitt av utskiftingskartet frå 1876, som viser det gamle klyngetunet på dei inste bruka på Haugland, dvs. bruk nr. 1 (Bekker-garden), bruk 2 og bruk 3. Opprinneleg hadde desse bruka vore ein gard.

 

5a3b75c9cda97_utennavn.thumb.jpg.78d93efbee82e9571b289391d4cb202d.jpg

 

Det store huset i midten må vere "Bekkerhuset". Det står iallefall akkurat der i dag.

 

I stova i "Bekkerhuset" heng det eit par måleri av Anders Askevold som viser Haugland frå før utskiftinga. Desse finn ein att i fylkesleksikonet:

 

http://nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/2144521.html

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

DSCN0975.thumb.JPG.9b81a3584ccf7dcebbf6dc749570562f.JPG

 

Her er eit fotografi som eg tok av det eine av Askevold-måleria ein gong eg var der, og ein ser klyngetunet med "Bekker-huset" i midten. (Til venstre i biletet ser ein klyngetunet på bruk 4 og 5). I nedre hjørnet står det Askevold og eit årstal. Står det 59, altså 1859?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

... Og om nokon skulle lure, så er eg eigar av bruk 3, og nærmaste nabo til Hauglandsenteret ;-)

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På vedlagde bilete teikna av Gude i 1866 trudde vi det er Bekkerhuset som står til venstre for kyrkja. Men det kan og sjølvsagt vera at Cappelen hadde fleire hus som stod att. Han bygde sjølv Bekkerhuset etter 1830, så det var temmeleg nytt i 1850. Profilen av huset på teikninga likna mykje på Bekkerhuset.

Sorenskrivar Johan Henrik Cappelen døydde i 1850  og var då konkurs, så ikkje urimeleg at huset vart selt på den tid. 

 

Godt med naboar som er interesserte!!

Gude Fresvik2.jpg

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.