Gå til innhold
Arkivverket

Randi/Rannei Helgesdotter frå Ellingbø i Vang, Valdres - fødd kring 1732 - gift 1751 med Ove Andreas Jonasson Leyrdahl - kvar vart det av sønene Jonas (1752), Hans (1765), Ove Christian (1768) og Jørgen (1771)?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Kyrkjeboki for Vang i Valdres syner denne vigsli 28.6.1751:

 

Ove Andreas Leyrdahl med Randi Helgesdotter Ellingbøe: https://media.digitalarkivet.no/view/9393/226

 

Dette parfolket busette seg først på Kroken i Luster og sidan på Kroken i Hafslo, men hamna som plassfolk under Øye i Lærdal der Ove Andreas Leyrdahl døydde 11.4.1784: https://media.digitalarkivet.no/view/11595/121

 

Rannei Helgesdotter døydde same staden 24.6.1807, 75 år gamal: https://media.digitalarkivet.no/view/11596/97

 

Ni born var fødde mellom 1750 og 1775.

 

Kven var so denne Randi/Rannei Helgesdotter frå Ellingbø?  Eg finn ikkje dåpen hennar i Vang, men kyrkjebøkene først på 1730-talet er heller «ukomplette»...  Oppkalling tyder på at mor hennar KAN ha heitt Kirsti, men sikker er eg ikkje...  Kanskje ei bygdebok kan hjelpa oss vidare for å identifisera foreldri hennar?

 

Eldste sonen Helge skal vera fødd i 1750, men dåpen hans finst ikkje innført korkje i Vang eller i Hafslo...  Helge vart sidan husmann på Breisnes i Aurland.  Dei andre borni budde alle i Lærdal, bortsett ifrå desse fire sønene som «forsvinn»:

 

* Jonas (Oveson eller Oveandreasson) vart døypt i Hafslo 25.3.1752

 

* Hans (Oveson eller Oveandreasson) vart døypt i Luster 24.6.1765 og konfirmert i Lærdal 1784

 

* Ove Christian (Oveson eller Oveandreasson) vart døypt i Hafslo 1.5.1768 og gifte seg i Lærdal 21.1.1798 med enkja Rannei Webjørnsdotter, som visstnok vart døypt frå Strand på Ål i Hallingdal 15.1.1758 der ho før hadde vore gift med ein Erik Album.  Ove Christian var skomakar, og parfolket budde i 1801 som strandsitjarar på ein plass under Amla øvre i Sogndal med ei dotter, men forsvinn so derifrå: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058394002450

 

* Jørgen (Oveson eller Oveandreasson) var fødd i Lærdal 14.2.1771

 

Kvar i all verdi kan det ha vorte av desse søskeni?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Eli Randmo som har sendt meg ein e-post med utdrag frå bygdeboki for Vang i Valdres frå garden Ellingbø.  Der går det fram at Rannei var dotter av gardbrukar Helge Helgeson på Ellingbø og kona Kirsti Trondsdotter frå Kattevoll, so då er den delen av utfordringin løyst!

 

Men, me sit att med spørsmåli om kvar det vart av dei fire sønene, og eg vil her gjerne syna fram eit fullstendig utdrag av manuskriptet mitt for denne huslyden, inklusive dei utfordrande sønene...:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ove Andreas Jonasson Leyrdahl, opphavleg presteson frå Lærdal, men sjå Kroken i Hafslo, vart døypt i Lærdal 12.12.­1728 og gifte seg i Vang i Valdres 28.6.1751 med Rannei Helgesdotter frå Ellingbø nordre i Vang.  Ho var dotter av gardbrukar Helge Helgeson på Ellingbø nordre og kona Kirsti Trondsdotter frå Kattevoll og f. i Vang kring 1732.  Ove Andreas og Rannei hadde fleire år garden på Kroken i Hafslo etter mor hans, men 2.2.1759 fekk Ove Andreas skøyte på dette bruket i Indre Kroken, og han og Rannei flytte hit på same tidi.  Dei hadde garden fram til 1768 då han som før nemnt vart teken med odel.

Ove Andreas og Rannei flytte kring 1768 til Lærdal der dei sidan vart husmannsfolk på ein plass under Øye.  Ove Andreas Leyrdahl d. i Lærdal 11.4.1784, medan Rannei d. på Øye i Lærdal 24.6.1807.  Dei fekk ni born i lag:

a. Helge Oveandreasson, sidan kjend som Helge Oveson, var f. kring 1750, uvisst kvar, og vart gravlagd frå Breisnes i Aurland 2.11.1819.  Helge var smedsvein då han 28.6.1778 gifte seg i Aurland med Barbro Ellingsdot­ter frå Hemri i Aurland.  Ho vart døypt i Aurland 27.2.1753 og d.

 

     ##### (dødsfallet hennar?)

 

     Helge var i mange år gjestgjevar på Arnehus i Aurland, men huslyden flytte sidan til Breisnes i Aurland.  Han og Barbro fekk seks born i lag.

b. Jonas Oveandreasson, truleg kjend som Jonas Oveson, vart døypt i Hafslo 25.3.1752,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

c. Bøye Oveandreasson, døypt i Hafslo 19.4.1756, d. som husmann i Hagen under Hauge i Lærdal 6.2.1835.  Bøye gifte seg første gongen i Lærdal 26.12.1778 med Kirsti Trondsdotter frå Mjelde i Lærdal, f. i Lærdal 21.1.1757.  Men ho d. i Lærdal 1.5.1797, og Bøye gifte seg 22.7.1798 att i Lærdal med Metta Ingebrigts­dotter frå Gjerdet under Øye i Lærdal.  Ho var f. i Lærdal 25.12.1762, men d. som husmannskone under Hauge i Lærdal 5.9.1804.  Bøye gifte seg so tredje gongen i Lærdal 15.4.1808 med Ingeborg Lassesdotter frå Skålevollen under Nedre Æri i Lærdal.  Ho var f. i Lærdal 23.1.1779 og d. som husmannskone på Hauge i Lærdal 28.2.1824.  Bøye Oveandreasson var husmann i Hagen under Hauge i Lærdal og fekk i alt tretten born; åtte av dei var frå første ekteskapet og to frå det andre, medan Ingeborg Lassesdot­ter var mor til dei tre yngste.

d. Maren Wangensteen Oveandreasdotter (1758-1836), vart gift første gongen med gardbrukar og enkjemann Jens Oveson på Øye i Lærdal (1740-1806) og sidan attgift med gardbrukar, gjestgjevar og enkjemann Søren Stevelinson Lem på Tangen i Årdal (1754-1843), son av kapellansonen Stevelin Sørenson Lem, opphavleg frå Kvale i Luster (1725-1806) (s.d.).

e. Kirsti Oveandreasdotter, f. i Luster kring 1761, d. i Lærdal 5.9.1795.  Kirsti gifte seg i Lærdal 21.1.1784 med John Iverson frå Skorpeholen under Æri i Lærdal.  Han var f. i Lærdal 24.1.1764 og d. som husmann på Stønjum i Lærdal 16.7.1834.  John gifte seg som enkjemann att i Lærdal 12.5.1797 med Kari Mathisdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     f. i Lærdal 9.9.1774.  Ho d. som husmanns­kone på Lærdalsøyri i Lærdal 11.2.1836.  John Iverson og første kona Kirsti var visstnok plassfolk på Haugen under Rå i Lærdal, men han flytte med andre kona si til ein plass på Gjerdet under Stønjum.  Han fekk seks born som alle var frå andre ekteskapet.­

f. Hans Oveandreasson, truleg kjend som Hans Oveson, vart døypt i Luster 24.6.1765,

 

     ##### (konfirmert Lærdal 1784 – lagnaden hans?)

 

g. Ove Christian Oveandreasson, truleg kjend som Ove Christian Oveson, vart døypt i Hafslo 1.5.1768 og gifte seg i Lærdal 21.1.1798 med enkja Rannei Webjørnsdotter, opphavoleg frå Strand i Ål, døypt på Ål 15.1.1758.  Ho gifte seg første gongen på Ål 22.11.1778 med Erik Dorph Andreasson Album frå Aker, f. i Christiania 27.8.1751.  Erik Album var gardbrukar og lensmann og budde på Strand i Ål der han d. kring 1791.  Ove Christian var skomakar, og han og Rannei budde ei tid som strandsitjarar på ein plass under Amla øvre i Sogndal,

 

     ##### (den seinare lagnaden deira?)

 

     Dei fekk visstnok to born i lag, men Rannei hadde òg fem born frå første ekteskapet sitt.

h. Jørgen Oveandreasson, truleg kjend som Jørgen Oveson, f. i Lærdal 14.2.1771,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

i. Anna Dorthea, kjend som Dorthea Oveandreasdotter, f. i Lærdal 3.3.1775, d. på Øye i Lærdal 29.9.1811.  Dorthea var sjukleg og budde visstnok hjå broren Bøye i Hagen under Hauge i Lærdal.  Ho var ugift, men fekk ei dotter.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med kartleggjing av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

* Hans (Oveson eller Oveandreasson) vart døypt i Luster 24.6.1765 og konfirmert i Lærdal 1784

 

 

Hans Oveandreasen var fadder ved en dåp i Lærdal i 1787:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000008537680

 

Moren til dåpsbarnet het Kisti Oveandreasdatter - en søster av Hans? 

 

Finner dette i skifteregisteret for Indre Sogn:

https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000130735

 

Protokoll nr. 179, hva er det for en protokoll? 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Randi Vebjørnsdatter var fadder i Lærdal i 1795 og 1797:

https://digitalarkivet.no/view/255/pd00000008543723

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000008550073

 

Sønnen Erich Album ble døpt i Lærdal i 1798 - far er skrevet Ove Christian Andreasen:

https://digitalarkivet.no/view/255/pd00000008546232

 

Ove Christian Andreasen var også fadder i Lærdal på 1790-tallet. 

 

Maren Wangensteen, 1800

Sogn og Fjordane fylke, Stedje, Kaupanger, Norum i Sogndal, Ministerialbok nr. A 8 (1795-1809), Kronologisk liste 1800, Side 62
https://media.digitalarkivet.no/view/11658/61

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for fleire spennande og utfordrande innlegg!

 

Det er tydeleg at du har fine fleire «forekomster» av desse søskeni, men den kanskje «merkelegaste» er utan tvil skiftet etter Hans Oveandreasson på Hundæri i Lærdal frå 17.10.1798:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/24144/161?indexing=

 

Her er berre nemnt to brør, Bøye og (Ove) Christian, men me veit jo at fleire av dei andre søskeni framleis levde på den tidi, so kvifor er ikkje dei nemnde?

 

Ei skikkeleg utfordring denne huslyden, men eg takkar igjen for framifrå bistand til å kartleggja desse søskeni og lever i voni om at fleire detaljar vil dukka opp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.