Lars E. Øyane Posted January 5, 2018 Share Posted January 5, 2018 (edited) Dette er ei kjempeutfordring som eg har slite med i mange år. No er Brukarforum mi siste von: Ole Fredrik THOMPSON, fødd i Tranøy i Troms 21.2.1855, utvandra i 1867 til St. Croix Co., WI der han 26.1.1894 gifte seg med Martha AMUNDSON (Kinserdal), fødd i Årdal i Sogn 16.12.1874. Desse farma i Cylon township, St. Croix Co., WI: 1900 census: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-D8MW-NNS?cc=1325221 1905 census: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-63JW-MYT?i=8&cc=1443899 men Ole var òg skogsarbeidar («logger») og skal ifølgje ætti ha mist livet ved eit ulukkeshende, uvisst kvar, i 1905 (jmf. gravstøtta) eller i 1909 (jmf. slekti hans). Han ligg gravlagd nær heimen sin! ** Er det mogeleg å finna dødsfallet til Ole F. Thompson, kan henda gjennom eit avisoppslag? Martha gifte seg att i St. Croix Co., WI 4.1.1910 med Ole S. EVENSON, fødd i Støren 31.5.1863 og utvandra i 1867, og dei vart buande på farmen hennar i Cylon township, St. Croix Co., WI 1910 census: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBS-9DW5?i=1&cc=1727033 1920 census: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RV4-NRW?i=1&cc=1488411 der Ole døydde 20.12.1940. Martha Evenson døydde same staden 4.1.1941. Av borni i denne huslyden vil eg i dag innskrenka meg til eldste dotteri, som er den største utfordringi: Pauline Henriette THOMPSON, fødd i St. Croix Co., WI 4.7.1894. Ho skal ha gift seg i St. Croix Co., WI 6.2.1912 med Johannes «John» PETERSON, fødd i Brookings Co., SD 2.5.1890. Ifølgje slekti skal John ha vore smed («blacksmith»), og dei budde i Cylon township, St. Croix Co., WI, men Pauline døydde etter barselseng same stad 16.4.1914, og ifølgje slekti skal John Peterson vera avliden om lag på same tid!? Dei fekk to døtrer som vart oppalne hjå bestemori Martha: * Viola Pearl, fødd i St. Croix Co., WI 20.3.1912 * Jeannette Pauline, fødd i St. Croix Co., WI 9.4.1914 ** Er det mogeleg å identifisera lagnaden til John Peterson, dødsfallet eventuelt lagnaden hans, kan henda gjennom eit avisoppslag? Her er John Peterson i 1905 med foreldri sine i Cylon township, St. Croix Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-63JW-9R9?i=7&cc=1443899 https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-63JW-MYT?i=8&cc=1443899 Her er fødsli hans i Brookings Co., SD 2.5.1890: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314922-00174/4892547?backurl=https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/86131673/person/36534988647/facts/citation/840366906196/edit/record Men eg finn han ikkje i FT1910! So vidt eg har forstått, var denne huslyden medlem av ein lokal metodistkyrkjelyd, so kyrkjebøker ligg for å hjelpa oss vidare... Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og vonar at «gullaldaren» ikkje enno er over... Edited January 5, 2018 by Lars E. Øyane Link to comment Share on other sites More sharing options...
Siri Ravnanger Posted January 5, 2018 Share Posted January 5, 2018 Antar du har sjekket ut denne om Ole F Thompson: https://www.wisconsinhistory.org/Records/Death/DR410445 Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted January 5, 2018 Author Share Posted January 5, 2018 Hjarteleg takk til Siri for nytt innlegg! Eg er i dag ikkje i stand til å hugsa alle dei «mogelege» alternativi for Ole Thompson som er sjekka ut, men eg vil tru denne er blant dei. Uansett so var dødsdatoen til denne Ole Thompson 14.12.1904, og FT1905, som vart oppteken i juni 1905, syner at «vår» Ole Thompson då framleis levde... Soleis kan ikkje Ole frå 1904 vera mannen me leiter etter... Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne utfordrande huslyden! Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted January 5, 2018 Author Share Posted January 5, 2018 (edited) Når det gjeld Johannes «John» Peterson, so ser eg at far hans var Peder Olson «Peter Peterson», fødd på Ringsaker 20.10.1854 av foreldri Ole Pederson og Siri Andersdotter Tjerneeiget: https://media.digitalarkivet.no/view/8843/39 Peder gifte seg i Christiana township, Vernon Co., WI 16.12.1876 med Bertha Marie Larsdotter, som truleg var fødd i Søndre Land 17.1.1855 av foreldri Lars Larsson og Dortha Nilsdotter Ringstadeiget: https://media.digitalarkivet.no/view/8975/41 Bertha Peterson døydde som enkje i Deer Park, St. Croix Co., WI 30.4.1920! Men desse opplysningane hjelper oss vel ikkje i leitingi etter lagnaden til John Peterson... Eg takkar på ny for alle gode tips om denne utfordringi! Edited January 5, 2018 by Lars E. Øyane Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted January 20, 2018 Author Share Posted January 20, 2018 Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne kjempeutfordringi som har lege urøyrd dei siste to vekene. Det er truleg ikkje so lett å finna svari her utan tilgjenge til lokale aviser i St. Croix Co., WI...? Men det er lov å vona, og eg takkar på ny for framifrå bistand! Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Please sign in to comment
You will be able to leave a comment after signing in
Sign In Now