Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Knut Haaverson Nundal/Bergum - fødd i Luster 1864 - til Amerika 1874 - gift to gongar og avliden i Springbrook, WI 1940 - lagnaden og huslyden hans? - ei amerikansk utfordring!

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Knut Haaverson Nundal, i Amerika kjend som Knute Bergum, var fødd i Luster 7.5.1864, men flytte kring 1870 til Nundal i Årdal med foreldri sine.  I 1874 utvandra han so til Amerika i lag med mori, Siri Thoresdotter Nundal, då enkje og sidan kjend som Sarah Bergum (1825-1920).

 

Knut, ein yngre bror Peder Christian Haaverson Nundal, i Amerika kjend som Christian Bergum (1867-1956) og mor deira skal først ha butt hjå ein eldre son Thore Haaverson Nundal, i Amerika kjend som Thomas Bergum (1847-1891) i Cherry Grove township, Goodhue Co., MN, men i 1887 flytte Thomas og mori til Springfield township, St. Croix Co.,. WI.

 

Om Knute Bergum vert det fortalt følgjande:

 

* Han gifte seg første gongen med ei Christine Johnson Shilton(?), fødd i Minnesota; Knute var smed, og dei skal ha butt i Bigfork, Itasca Co., MN, men Christine døydde ung.  Dei fekk to born i lag:

 

** Howard Bergum, fødd i Wisconsin 10.2.1890

** Margaret Bergum, fødd i Itasca eller Rice Co., MN 17.2.1896

Eg finn korkje Knute eller borni hans i FT1900, men i 1905 budde borni hjå onkelen Christian Bergum i Springfield township, St. Croix Co., WI!

 

* Knute gifte seg som enkjemann att i Washburn Co., WI 6.12.1904 med enkja Sigrid Christensdotter, opphavleg frå Reiersgard i Flå, men då kjend som Sarah Johnson, fødd i Flå 6.8.1859 og visstnok utvandra med første mann sin (Ellef Johnson frå Ørgenvika i Krødsherad) i 1883.  Knute Bergum heldt fram som smed, og dei budde for det meste i og nær Springbrook, Washburn Co., WI der Knute Bergum døydde 28.9.1940.  Sarah skal vera avlidi i 1941 (dato og stad ukjende).  Dei fekk ikkje born i lag men Sarah hadde fleire born frå første ekteskapet sitt, mellom anna sonen Chris Edwin Johnson som gifte seg med dotteri hans, Margaret Bergum!

 

Den store utfordringi her gjeld den tidlege lagnaden til Knute Bergum og opplysningar om første ekteskapet hans!

 

Eg ser at ein Knute Bergum på 29 år i 1895 var busett som «painter» i Minneapolis, Hennepin Co., MN, men kona hans heitte Maria, fødd i MN på 23 år og ei dotter Lillian, fødd i MN på 4 år.  Alderen hans høver godt, men eg trur ikkje det kan vera han!

 

https://www.ancestry.com/interactive/1058/MNV290_68-0488?pid=2109962&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx4665%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3DMNstatecen%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26msT%3D1%26gsln%3DBergum%26gsln_x%3DNP_NN%26msrdy%3D1895%26msrdy_x%3D1%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D35%26fh%3D19%26h%3D2109962%26recoff%3D9%26ml_rpos%3D20&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4665&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

So eg står ganske «bom fast» når det gjeld denne huslyden.  Kanskje er det nokon som ser noko eg ikkje har sett?  Kan til dømes ættenamnet Bergum vera feilskrive i amerikanske kjelder??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Heisan; eg ser at heile huslyden, Thomas med kone og born, mor Sara og brørne Knute og Christian, er nemnde i FT1880 for Cherry Grove township, Goodhue Co., MN under namnet HOLVERSON:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBV-9N6F?i=16&cc=1417683

 

og eg finn dei òg i FT1885 same stad under namnet HOVERSON:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DTCH-KJ?i=8&cc=1503044

 

medan i FT1875 er Thore og Martha HOVERSON åleine same stad:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-62G9-ZGB?i=14&cc=1503053

 

Men hjelper dette oss med å finna ut meir om Knute Bergum og hans liv i Amerika mellom 1885 og 1904?

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye
Skrevet (endret)

En webside på Ancestry uten dokumentasjon viser Knuts første ekteskap, men uten navn på bruden ? (I census for 1930 står det 'age at first marriage: 24)

Name: Knudt Harvey Bergum
Marriage Date: 25 Oct 1888
Marriage Place: St. Croix, Wisconsin, USA
Volume: 2
Page: 159
Endret av Kurt Østbye

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye
Skrevet (endret)

Jeg søkte på Ancestry i Wisconsin marriages og på datoene 22. okt. og  29. nov. 1888 fant jeg imidlertid en Christine Johnson som giftet seg i St. Croix, Wisconsin.

 

Endret av Kurt Østbye
Presisering

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye

Fant en fødsel i Minnesota hvor far er angitt kun som K. H. Bergum, 28 år, mor er angitt som Anna Maria Bergum.

Name: K. H. Bergum

Gender: Male

Age: 28

Birth  Place:Norway

Spouse: Anna Maria Bergum

Child: Babby Bergum

FHL Film Number:1498830

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye

Finner en fødsel til i Minnesota på paret Knut og Anna Maria, da er denne Knut Bergum 40 år, så det måtte i tilfelle være datteren Margaret, som Lars har som født 17. febr. 1896 ? Men det var en annen Knut Bergum født i 1865 og som bodde i Minnesota, så dette kan være hans barn.

Name: Knut Bergum

Gender: Male

Age: 30

Birth  Place:Norway

Spouse: Anne Maria

Child: Bergum

FHL Film Number:1498837

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Kurt for nye spennande innlegg!

 

Om det hjelper å kontakta eigaren av det nemnte family treet, veit ein berre om ein tek kontakt med vedkommande...  Eg ser han har vore inaktiv i over eit halvt år, men det skadr jomikkje å freista, sjølv om anmnet hanms heilt tydeleg fortel oss at han høyrer til ei anna grein av denne Bergum-huslyden!

 

Men den nemnde vigsli frå St. Croix Co., WI frå 25.10.1888 der Knudt Harvey Bergum stod brudgom, er skikkeleg interessant.  FamilySearch har stava namnet feil, men her er i alle fall vigsli:

 

Name Kundt Harvey Bergum
Event Type Marriage
Event Date 25 Oct 1888
Event Place , St. Croix, Wisconsin, United States
Gender Male
Father's Name Harvey Bergum
Mother's Name Sarah Thompson
Spouse's Name Christene Heltne
Spouse's Gender Female
Spouse's Father's Name Johanes C Heltne
Spouse's Mother's Name Nelson

 

So då er spørsmålet, kven er denne Christine, som like gjerne kan ha heitt Johnson som Heltne!?

 

Elles kan eg leggja til at det finst to gardar i Luster med namnet Heltne, og fleire personar frå båe gardane utvandra til Minnesota, der Christine skal vera fødd!  Eg bladde litt igjennom desse gardane i Luster, men fann ikkje nokon som kunne høva på Christine eller faren Johannes C.  Derimot fann eg denne, som sette ein aldri so liten «støkk» i meg:

 

«Petra C. Heltne, fødd i Dodge Co., MN 25.5.1868, d. i Dodge Co., MN 31.1.1939.  Ho gifte seg første gongen kring 1888 med ein Knut Severts, som var f. 11.5.1867, kan henda i Noreg.  Men han d. i Dodge Co., MN alt 11.2.1896, og 7.1.1902 gifte Petra seg att med Ellis Wilson.  Han var f. 25.10.1860 og d. 16.2.1924.  Både Knut og Ellis farma i Vernon township, Dodge Co., MN.  Petra fekk ni born, fire frå første ekteskapet og fem frå det siste.»

 

Men når eg no søker etter første ekteskapet til Petra Heltne, finn eg det registrert i Dodge Co., MN 29.6.1888 og ogso i Olmsted Co., MN 3.7.1888(!), og mannen er der kalla Knut S. Brekhus, so dette er definitivt ein annan person!

 

Eg ser det òg var ein gard Heltne i Volda - kan kona til Knut Haaverson Bergum ha røter derifrå?

 

Elles er nok den Knut Bergum som var gift med Anna Marie og som fekk dei to borni som du. Kurt, nemner i dei siste innleggi, «hin» Knut Bergum...!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av Bergum-ætti frå Luster/Årdal!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye
Skrevet (endret)

Finner to Christine Heltne, her er den ene som er 16 år i 1885, ville da være 19 år ved giftermål i 1888. (Den andre var født i 1850).

Name:Christine Heltne

Age:16

Census Date:1 May 1885

County: Goodhue

Locality: Wanamingo

Birth Location: Norway

Gender: Male (Ser det står 'male' men navnet på det håndskrevne skjemaet ser ut som Christine)

Estimated birth year: abt 1869

Race:White

LINE:8

Roll:MNSC_26

Endret av Kurt Østbye

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye

Her er Christine Heltne, født i 1850 i Norge. Hun kan jo ha født to barn i hhv. 1890 og 1896.

Name: Kristine Heltne

Age: 35

Census Date: 1 May 1885

County: Goodhue

Locality: Wanamingo

Birth Location: Norway

Gender: Female

Estimated birth year: abt 1850

Race: White

LINE:39

Roll:MNSC_26

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Randi Elisabeth Haugros

Her er en Christina Heltne født i 1869, Goodhue county:

 

Christina Heltne
Event Type: Baptism 
Birth Date: 11 Nov 1869
Baptism Date: 29 Dec 1869
Baptism Place: Kenyon, Minnesota, USA
Father: Johannes Christophers Heltne
Mother: Margretha Nilsdtr
Church Name: Holden Lutheran Church
Church Location: Goodhue County, Minnesota

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye
Skrevet (endret)

Tror det kan være den samme som jeg har funnet i census for 1885 som 16 år gammel. Blir spennende å se om han giftet seg med den eldre eller den yngre :)

Endret av Kurt Østbye

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kurt og Randi Elisabeth for nye interessante innlegg!

 

Fødsli til Christine Heltne frå 1869 var løysingi på spørsmålet om kven første kona til Knut Haaverson Bergum var!  Far hennar, Johannes Christopherson Heltne, var fødd på ein av Heltne-gardane i Lusterl, men budde i mange år på husmannsplassen Haugen under nabogarden Moen inLuster til han i 1867 utvandra med kona Margretha og fire born til Goodhue Co., MN.  Dei fekk so ein son på vegen over Atlanterhavet, medan yngste dotteri deira, Christine, var fødd etter ankomsten til Minnesota!  Denne Heltne-huslyden er ein som eg òg har hatt vanskar med å finna ut av, og ætti vil verta teki opp som eige emne!

 

Men først attende til Knut Bergum og folki hans.  Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Knut Haaverson {Bergheim}, f. {i Luster} 7.5.1864,

Knut Haaverson flytte kring 1870 til Årdal med foreldri og utvandra med mori si til Amerika i 1874.  Me finn han att som Knute Bergum der han gifte seg første gongen i St. Croix Co., Wis. 25.10.1888 med Christine Johnson Heltne, ei dotter av husmann Johannes Christopherson Heltne frå Haugen under Moen i Luster (1824-    ).  Christine var f. i Goodhue Co., Minn. 11.11.1869.  Knute var smed («blacksmith»), og han og Christine busette seg i Bigfork, Itasca Co., Minn.

 

##### (place of residence to be verified!?)

 

##### (date and place of Christine’s death?)

 

Knute gifte seg so att i Washburn Co., Wis. 6.12.1904 med enkja Sigrid Christensdotter, opphavleg frå Reiersgard i Flå, då kjend som Sarah Johnson.  Ho var dotter av

 

##### (Christen Evenson Reiersgard – omtale?)

 

og jenta Olaug Halgrimsdotter frå Mjølid og f. i Flå 6.8.1859.  Ho gifte seg første gongen i Flå 27.12.1881 med Ellef Johnson frå Ørgenvika i Krødsherad.  Han var son av gardbrukar John Ellefson i Ørgenvika og kona Rønnaug Gundersdotter frå Ørgenvika og f. i Krødsherad 3.3.1863.  Under namni Ellef og Sarah Johnson utvandra so parfolket i 1883 til Amerika.  Dei farma visstnok ei tid i Marshall Co., S.D., men flytte kring 1890 til Nebagamin township nær Superior, Douglas Co., Wis. der Ellef Johnson livnærte seg som jarnbanearbeidar («railroad section worker»).  Kort etter hundreårsskiftet flytte dei so til Washburn Co., Wis. der Ellef d. 6.12.1903.  Knute heldt fram som smed («blacksmith») i Trego og sidan i Earl, båe i Washburn Co., Wis., men vart so farmar i Crystal township, Washburn Co., Wis. der han òg dreiv eit sagbruk («sawmill owner and operator»).  Knute og Sarah flytte i 1937 som pensjonistar til Springbrook, Washburn Co., Wis. der Knute d. 28.9.1940.  Sarah Bergum d.

 

##### (exact date and place of her death?)

 

1941.  Sarah fekk i alt åtte born, som alle var frå første ekteskapet hennar med Ellef Johnson, medan me kjenner til desse to borni etter Knute Bergum, båe frå første ekteskapet hans med Christine:

a. Howard

 

     ##### (middle name?)

 

     Bergum, f.

 

     ##### (place of his birth? – WI!)

 

     10.2.1890, d. ugift i Washburn Co., Wis. 2.4.1910.

b. Margaret N.

 

     ##### (middle name?)

 

     Bergum, f. i Rice Co., Minn. 17.2.1896

 

     ##### (eller 7.1.1896?)

 

     d. i Santa Rosa, Cal. 10.8.1962.  Ho gifte seg første gongen i Washburn Co., Wis. 22.9.1910 med Chris Edwin, kjend som Edwin Johnson, ein son av stemori Sarah frå første ekteskapet hennar.  Edwin var f. i Marshall Co., S.D. 7.5.1887 og d.

 

     ##### (Nobles Co., MN)

 

     4.3.1966.  Edwin og Margaret farma i Crystal township, Sashburn Co., Wis., men vart skilde

 

     ##### (year of divorce? – after 1920!)

 

     ##### (Edwin remarried Canton, SD Oct. 6, 1934 to Joy Gladys Amondson, resided at Sioux Falls, SD!)

 

     Margaret gifte seg so att

 

     ##### (date and place of her 2nd marriage? – 1928!?)

 

     med George Andrew Lemler, f. i Kosciusko Co., Ind. 28.7.1902.  Han d. i Santa Rosa, Cal. 16.4.1961.  George Lemler var verkstadarbeidar («auto shop parts man»), og han og Margaret budde mange år i Grand Rapids, Itasca Co., Minn., men flytte sidan til Santa Rosa, Sonoma Co., Cal. 

 

     ##### (lived elsewhere between 1940 and 1961?)

 

     Margaret fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet med Edwin Johnson.

 

##### (biographies needed on any additional children born to Knute Bergum!)

 

~~~~~~~~~~~~

 

Kor mange av dei manglande detaljane det let seg gjera å finna, er uvisst, men eg vonar at i alle fall nokre av dei kan lokaliserast.  Kanskje kan Christen Evenson Reiersgard i Flå identifiserast nærare, opphav og bustad?

 

Elles trur eg at bustaden som eg for mange år sidan fekk oppgjeven for Knute Bergum og første kona Christine, i Bigfork, Itasća Co., MN, KAN vera blanda med bustaden til dotteri Margaret...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne utfordrande huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye

Det er en K. J. Bergum (Kristine Johannessen ??) som dør i Cherry Grove, Goodhue, i 1901

First Name: K.

Middle Name: J.

Last Name: BERGUM

AKA: Mrs.

Locality: CHERRY GROVE

County: GOODHUE

State: Minnesota

Date of Death: 11/2/1901

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kurt for siste innlegg!

 

Desse avstuttingane kunne godt ha «passa» på «vår» Christine, MEN diverre, dette er dødsfallet til Bertha Olsdotter frå Staup på Voss, fødd på Voss 10.1.1839.  Ho var gift med ein annan emigrant frå Luster, Knut Johannesson Bergum (1835-1916).  Same opphav for namnet, men ei heilt anna ætt...

 

MEN; det er viktig å halda auge og øyre òpne, og so er det BINGO før ein veit ord av det!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye
Skrevet (endret)

Så har vi en Mrs. Knute Bergum som død 27. des. 1903 i Grand Rapids, Itasca county, Minnesota. Begravet på Itasca Calvary Cemetery. Kommer opp i Ancestry på min Ipad, men ikke på min PC.

Find-a-grave:

Mrs Knute Bergum

Birth: unknown

Death: 27 Dec 1903

Burial

Itasca Calvary Cemetery

Grand Rapids, Itasca County, Minnesota, USA

PlotI C3802

Memorial ID41591795 · View Source

https://www.findagrave.com/memorial/41591795

 

 

Endret av Kurt Østbye

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kurt Østbye

Her dukket endelig Mrs. Knute Bergums dødsfall  opp i Ancestry på min PC:

Name:Mrs Knute Bergum

Death Date:27 Dec 1903

Cemetery:Itasca Calvary Cemetery

Burial or Cremation Place:Grand Rapids, Itasca County, Minnesota, United States of America

Has Bio?:N

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=60525&h=9539944&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=dQk25&_phstart=successSource

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kurt og Randi Elisabeth for nye spennande innlegg!

 

No trur eg, Kurt, at du kan ha finne den «rette» Mrs. Knute Bergum.  Eg tok ein telefon til the Itasca County Recorder, men dei fann ikkje noko og synte meg i staden til det lokale Historical Society.  Eg har òg snakka med dei, og dei skulle undersøkja saki og senda meg ein e-post attende.  So får me sjå kva dei finn...

 

Elles er det Sarah Bergum, enkja etter Knute, som døydde i 1941, men datoen manglar...  Den kan det nok verta litt meir «bál» å få tak i...

 

Ein hy kjempetakk for framifrå bistand med kartleggjing av denne ætti!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Obit0000.thumb.jpg.6b5a9f42ee40f96c43a538789b08db7e.jpgOg so har eg motteke obituarien for Christine, Mrs. Knute Bergum, saksa frå Itasca News 3.1.1903.  Dødsdatoen var 27.12.1902!

 

Eg vonar biletet av denne obituarien kjem igjennom, for det var ei lang soge om mange lidingar...

 

Etterlevande var ein son på 13 år og ei dotter på 7 år, samt far hennar, refert til som Jas. Heltne, som p.g.a. slag låg på det lokale sjukehuset!  Ein annan son var avliden om lag eitt år før i ein alder av 14 år, noko som tyder at Knute og Christine må ha hatt ein son fødd kring 1887/1888, med mindre det var ein som Christine hadde før ho vart gift med Knute...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!

TXT.rtf

icon-envelope-tick-round-orange-animated-no-repeat-v1.gif

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp
På 19.3.2018 den 13.58, Lars E. Øyane skrev:

Knute gifte seg so att i Washburn Co., Wis. 6.12.1904 med enkja Sigrid Christensdotter, opphavleg frå Reiersgard i Flå, då kjend som Sarah Johnson.  Ho var dotter av

 

##### (Christen Evenson Reiersgard – omtale?)

 

Gards- og slektshistorie for Flå i Hallingdal. IV : Tollefsrud- og Stavnsfjerdingen:

 

5ab64a345f1e3_Skjermbilde2018-03-24kl_13_49_16.png.a6ae193fcb8187b8b487b1876e06aa96.png

 

5ab64a36deb6a_Skjermbilde2018-03-24kl_13_49_47.png.e1ceb4edd62684ad142ee452ec88280d.png

 

5ab64a398974f_Skjermbilde2018-03-24kl_13_50_11.png.05ab43a06cad3968161875f7180ebbb3.png

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp
På 19.3.2018 den 13.58, Lars E. Øyane skrev:

Knute gifte seg so att i Washburn Co., Wis. 6.12.1904 med enkja Sigrid Christensdotter, opphavleg frå Reiersgard i Flå, då kjend som Sarah Johnson.  Ho var dotter av

 

##### (Christen Evenson Reiersgard – omtale?)

 

og jenta Olaug Halgrimsdotter frå Mjølid og f. i Flå 6.8.1859. 

 

5ab64c1e724ed_Skjermbilde2018-03-24kl_13_57_52.png.e0d2115cec13e890756771e8ffaab352.png

 

5ab64c21840e3_Skjermbilde2018-03-24kl_13_55_43.png.77fb2590200164bba1aa29bc414aa319.png

5ab64c249b430_Skjermbilde2018-03-24kl_13_58_15.png.b123363aa74722c80deb64926840a90b.png

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Hjarteleg takk til Lars W. for nye interessante innlegg!

 

Ikkje so heilt enkelt å halda tunga «beint» her, men eg trur eg har oppfatta bustadane rett, so den «norske» delen av denne huslyden skal vera «på plass».

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #14 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Knut Haaverson {Bergheim}, f. {i Luster} 7.5.1864,

Knut Haaverson flytte kring 1870 til Årdal med foreldri og utvandra med mori si til Amerika i 1874.  Me finn han att som Knute Bergum der han gifte seg første gongen i St. Croix Co., Wis. 25.10.1888 med Christine Johnson Heltne, ei dotter av husmann Johannes Christopherson Heltne frå Haugen under Moen i Luster (1824-1906).  Christine var f. i Goodhue Co., Minn. 11.11.1869.  Knute var smed («blacksmith»), og han og Christine busette seg i Bigfork, Itasca Co., Minn. der Christine d. 27.12.1902.  Knute gifte seg so att i Washburn Co., Wis. 6.12.1904 med enkja Sigrid Christensdotter, opphavleg frå Reiersgard i Flå, då kjend som Sarah Johnson.  Ho var dotter av gardbrukar Christen Evenson på Reiersgard, Tollefsrud, og jenta Olaug Halgrimsdotter frå Rullerud under Islandsrud og f. i Flå 6.8.1859.  Ho gifte seg første gongen i Flå 27.12.1881 med Ellef Johnson frå Ørgenvika i Krødsherad.  Han var son av gardbrukar John Ellefson i Ørgenvika og kona Rønnaug Gundersdotter frå Ørgenvika og f. i Krødsherad 3.3.1863.  Under namni Ellef og Sarah Johnson utvandra so parfolket i 1883 til Amerika.  Dei farma visstnok ei tid i Marshall Co., S.D., men flytte kring 1890 til Nebagamin township nær Superior, Douglas Co., Wis. der Ellef Johnson livnærte seg som jarnbanearbeidar («railroad section worker»).  Kort etter hundreårsskiftet flytte dei so til Washburn Co., Wis. der Ellef d. 6.12.1903.  Knute heldt fram som smed («blacksmith») i Trego og sidan i Earl, båe i Washburn Co., Wis., men vart so farmar i Crystal township, Washburn Co., Wis. der han òg dreiv eit sagbruk («sawmill owner and operator»).  Knute og Sarah flytte i 1937 som pensjonistar til Springbrook, Washburn Co., Wis. der Knute d. 28.9.1940.  Sarah Bergum d.

 

 

##### (exact date and place of her death?)

 

 

1941.  Sarah fekk i alt åtte born, som alle var frå første ekteskapet hennar med Ellef Johnson, medan me kjenner til desse tre borni etter Knute Bergum, alle frå første ekteskapet hans med Christine:

a.

 

 

     ##### (ein son fødd kring 1888 – døydde Bigfork, Itasca Co., MN hausten 1902?)

 

 

b. Howard

 

 

     ##### (middle name?)

 

 

     Bergum, f.

 

 

     ##### (place of his birth? – WI!)

 

 

     10.2.1890, d. ugift i Washburn Co., Wis. 2.4.1910.

c. Margaret N.

 

 

     ##### (middle name?)

 

 

     Bergum, f. i Rice Co., Minn. 17.2.1896

 

 

     ##### (eller 7.1.1896?)

 

 

     d. i Santa Rosa, Cal. 10.8.1962.  Ho gifte seg første gongen i Washburn Co., Wis. 22.9.1910 med Chris Edwin, kjend som Edwin Johnson, ein son av stemori Sarah frå første ekteskapet hennar.  Edwin var f. i Marshall Co., S.D. 7.5.1887 og d.

 

 

     ##### (Nobles Co., MN)

 

 

     4.3.1966.  Edwin og Margaret farma i Crystal township, Sashburn Co., Wis., men vart skilde

 

 

     ##### (year of divorce? – after 1920!)

 

 

     ##### (Edwin remarried Canton, SD Oct. 6, 1934 to Joy Gladys Amondson, resided at Sioux Falls, SD!)

 

 

     Margaret gifte seg so att

 

 

     ##### (date and place of her 2nd marriage? – 1928!?)

 

 

     med George Andrew Lemler, f. i Kosciusko Co., Ind. 28.7.1902.  Han d. i Santa Rosa, Cal. 16.4.1961.  George Lemler var verkstadarbeidar («auto shop parts man»), og han og Margaret budde mange år i Grand Rapids, Itasca Co., Minn., men flytte sidan til Santa Rosa, Sonoma Co., Cal. 

 

 

     ##### (lived elsewhere between 1940 and 1961?)

 

 

     Margaret fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet med Edwin Johnson.

 

 

##### (biographies needed on any additional children born to Knute Bergum!)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det vert nok ei gigantisk utfordring å finna dei detaljane som framleis manglar i denne huslyden, men det er lov å vona, og eg takkar på ny for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp
14 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Ho var dotter av gardbrukar Christen Evenson på Reiersgard, Tollefsrud, og jenta Olaug Halgrimsdotter frå Rullerud under Islandsrud og f. i Flå 6.8.1859. 

 

Bare en liten detalj. Her må du nok endre fra "Tollefsrud" til "Stillingen" på Christen. Det var mannen til Olaug som var fra Tollefsrud.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.