Gå til innhold
Arkivverket

Ragnhild (Jacobsdotter?) Hammer (1779-1842) - gift og busett i Bergen, men kven var ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette dødsfallet er registrert i Nykyrkja i Bergen 15.2.1842 - Ragnhild Hammer, 63 år gamal, gift med underveier Ole Petersen:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000796023

 

Her er vigsli deira i Nykyrkja i Bergen 13.5.1810 - mannen er då kalla bakarsvein Ole Peter Petersen:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000781032

 

Ole Peter og Ragnhild får mange born i Bergen, fødde mellom 1810 og 1824, og ved yngste barnet sin dåp i 1824 heiter mori Ragnhild JACOBSDOTTER:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007604206

 

Kan nokon hjelpa meg identifisera Ragnhild Hammer - kven var ho?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg veit ikkje noko om denne personen.

 

Men eg reagerer på at du skriv Nykyrkja.

Er ikkje Nykirken eit eigenamn då slik at einaste rette skrivemåten er nettopp Nykirken?

 

Mvh Jostein Stokke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jostein for interessant kommentar!

 

Spørsmålet om handsaming av sokalla «eigenamn» kjem opp frå tid til annan, og det er ikkje alltid like lett å ta standpunkt her.  Når det gjeld personnamn, burde saki vera klar, bortsett ifrå at nynorsken nyttar -son og -dotter som patronymikon-endingar i staden for -sen og -datter.  Elles skal personnamn skrivast slik dei vert/vart skrivne av dei personane det gjeld.  Difor finn me til dømes denne utsegni under gnr. 183, Urnes, i manuskripti mine:

 

«Berent Bersvendsen Foslid, sidan kjend som Bendt B. Wall eller Волл Бешвенсона, var f. i Målselv 11.11.1873, ...»

 

Berent busette seg i Sibir, og då er det naturleg å skriva namnet slik han sjølv gjorde...

 

Når det gjeld stadnamn, slik eg oppfattar Nykyrkja/Nykirken å vera, so er dette etter mitt syn ei anna sak.  Eg meiner at stadnamn godt kan ha ei nynorskform som avviker frå bokmål eller det språket, som elles vert nytta der staden ligg.  Nykyrkja er eit døme på dette, Krosskyrkja er eit anna.  På nynorsk er det likeins naturleg å seia Austerdalen og Austfold, på same vis som me seier Austerrike, Tyskland, Frankrike og Finland (i staden for Österreich, Deutschland, France og Suomi)...

 

Eg takkar på ny for eventuelle kommentarar som gjeld Ragnhild Hammer!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.