Gå til innhold
Arkivverket

M&R, Vanylven, døde 1752, Gjertrud Jetmundsdatter Tue


Morten Sylte
 Del

Recommended Posts

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 501/L0001: Ministerialbok nr. 501A01, 1742-1760
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070829610080

 

Sjå nr. 3 ovanfrå høgre side.

 

Spørsmålet er: Kva står etter talet 18?

 

Eg trur sjølv at det kan vere noko slikt som "musder 8te" - men treng eit nytt blikk på saka. Det gjev lite meining. Eg har sett frå andre innføringar at presten har ført inn eit tal [år, månader eller veker] og så sett opp antalet månader eller veker eller dagar ein manglar på å oppnå dette talet. Tilsvarande at ein har skrive opp kor mange dager, veker og månader ein er over det aktuelle talet. Men kva er dette?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lyfter opp denne. Kanskje nokon kan ha eit forslag til løysing?

 

Slik eg oppfattar alderen hennar er ho 18 år, men "eitkvart" ser ut til å kome i tillegg eller verte fråtrekt. Ein annan måte å lese ordet på er migd...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det kan vere skrive "uger", og så retta til "maander" (eller omvendt). Iallfall kan det lesast både "ug" og "m...d..." her.

Om dette 8-talet høyrer til nr. 3 eller 4 er litt uvisst. Elles på denne sida ser det ut til at slike innskot høyrer til linja over (men du kan sikkert sjå på fleire sider).

Det kan vere "8 dage" - og då må i tilfelle det første  vere månadar (sidan 8 d = 1 veke 1 dag).

 

Du har sikkert sett oppgåver som "18 maander mindre 8 dage"; altså at det manglar 8 dagar på 18 månader                                                                                                                                                          

Eg får ikkje det til å passe her, m.a. fordi det må kome noko før "mindre" .

 

Eit "triks" vil vere å sjå etter om barnet er døypt om lag 18 veker eller 18 månader tidlegare.                             

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, og takk for innspell og hjelp, Ivar. Håpte at du ville "hekte deg på". Så takk for det :-)

 

Om nokon er døypte siste 18 månadane med namn Gjertrud kan eg sjekke ganske raskt.

 

Eg finner ei Giertrud med far Gunder Løvoll døybt 17.03.1749 https://media.digitalarkivet.no/view/15934/39 sjå nederst hs

 

Giertrud men med far Rasmus Tuisbøen døbt 13.07.1749 https://media.digitalarkivet.no/view/15934/41 Her er nemndt ein Jetmund Tue som fadder

 

Dessutan ei Giertrud med far Pedter Lien døybt 29.04.1751 https://media.digitalarkivet.no/view/15934/47

 

Ingen barn døybte Gjertrud før dette etter det eg kan finne som er skriven i kyrkjeboka 1742-60.

 

Jetmund Tue har ifølge skiftet sitt i 1756 to barn i live, sønene Ole som er myndig og Jon som er 19 slik at det kan passe med alder rundt 18 på Gjertrud... Men no føler eg at eg nærmast kverulerar. Ikkje det som er tanken. Berre eit forsøk på å "rettferdiggjere" kvifor eg tenkjer 18 år heller enn månader eller veker ...

 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.