Gå til innhold
Arkivverket
Morten Sylte

M&R, Vanylven, døde 1752, Hilde ..... Hollen

Recommended Posts

Morten Sylte

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 501/L0001: Ministerialbok nr. 501A01, 1742-1760
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070829610080

 

Sjå innføring nr. 6 høgre side. (dessverre skreiv eg her 5 opprinnelig...)

 

I samanheng med "Hilde Hollen g: 66 aar" er det skrive inn eit ord over og i mellom Hilde og Hollen. Kva er dette ordet?

 

 

Endret av Morten Sylte

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Kan det vere ei forlenging av "etternamnet"  - som eg forresten les Hiellen - td Sten- eller Stor-  ?  

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Hei, Aase og takk for svaret.

 

Tja. "Magefølelsen" seier Hollen. Men, det har vist seg ikkje alltid å stemme. To forhold her; o og a vert ofte skrivne nesten som ein u av presten som noterar frå og med 1747. Men samtidig skriv han nær sagt heilt ukonsekvent - eller konsekvent ulikt. Gotisk og latinsk om kvarandre og med bokstavar i hytt og gevær ;-)

 

Eit anna forhold er at eg kun kjenner til gardsnamnet Hol/Hola/Hollen/osv i Vanylven/Syvde prestegjeld. Eg har ingen kunnskap om nokon Hiell/Hjelle/jelle/osv i dette prestegjeldet ... Utan at det dermed ikkje kunne ha vore brukt tidlegare som eg er ukjend med.

 

Men det vart nok usikkerheit til at eg får notere spørsmålsteikn på namnet Hollen i denne samanhengen.

 

Når det gjelder det opprinnelige spørsmålet ville eg i utgangspunktet tru at det var eit patronym, men, eg klarar ikkje å tyde det.

 

 

Endret av Morten Sylte

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Lokalkunnskap er ein stor fordel, for det er ikkje alltid at det "står det som det står" - det veit eg svært godt.  Men no har du i alle fall mi umiddelbare lesing av det, med eit ord som eg tykkjer startar på St - og så får du spekulere vidare ;-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Kvar er Holen i Vanylven/Syvde? 

Det hjelper gjerne å vite litt meir om garden, men denne finn eg ikkje.  - anna namn?

Endret av Ivar S. Ertesvåg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

https://www.nb.no/nbsok/nb/b7e2eafd4c8de52b47ac407cafd57d2c?index=5#315

 

Myklebust i Syvde, bruk nr. 17. I daglegtalen kalla Hola, men ref. til i kjeldene som Hollen. T.d. Ole Olsen Viig som døyper sonen Sjur  andre søndag etter hellig tre kongar. Her er Ole Olsen Hollen fadder.

 

https://media.digitalarkivet.no/view/15934/54

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Men det er ingen ref. til nokon Hilde Hollen i bygdeboka. Eg har tidlegare også obsevert ei Ingeborg Hollen som heller ikkje er å finne i bygdeboka.

 

https://media.digitalarkivet.no/view/15934/36

 

sjå Kristi himmelfartsdag dåpen til Zidzelle Hansdatter Myklebust

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Ole Olsen Holen og Æli Joensdatter sin vielse 30 juni 1754, sjå nederst hs

https://media.digitalarkivet.no/view/15934/12

 

Ikkje umulig at Ingeborg og Hilde er syskjen eller evt. farsystrer til denne Ole Olsen Hollen. Ifølge Håkon M. Fiskaa døyper han ei datter Ingeborg i 1761. (ikkje sjekka om det stemmer). Men dette er forsåvidt spekulasjon som ikkje har relevans til kva som står i samband til Hilde.

Endret av Morten Sylte

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Kan for ordens skyld nemne at ordet Hjell no forekjem seks stadar i Vanylven/Syvde i følge Norgeskart.no

 

Hjellen i fjellet ovanfor Løvold på Åheim.

Hjellskarnakken i fjellet mellom Almklovdalen på Sunnmøre og Kjølsdalen i Eid kommune

Hjellskarvatnet, same område som forrige

Hjellteigane og Hjelleelva i fjellet ovanfor garden Kolgrov i nærleiken av Eidså.

og Hjellen i Ripsdalen/Refsdalen/Røfsdalen som er ein sidedal til Sørdalen i Syvde.

 

Fellesnemnaren ser ut til å vere at dei ligger "vanskelig" til. Rett nok ligg Hjellskarnakken og vatnet i nærleiken av fjellet "Dua", der ein i tidlegare tider hadde sommarstemner der folket på sunnmørssida og nordfjordssida møttast til venskaplig lag ... ;-) Men eg ser ikkje føre meg at nokon budde der.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg
3 timer siden, Morten Sylte skrev:

Myklebust i Syvde, bruk nr. 17. I daglegtalen kalla Hola, men ref. til i kjeldene som Hollen. T.d. Ole Olsen Viig som døyper sonen Sjur  andre søndag etter hellig tre kongar. Her er Ole Olsen Hollen fadder.

 

 

ja.. Myklebust er vel om lag halve bygda der.  Men denne Holen (det er vel hól m. (låg haug; dativ hóla) , ikkje hole, f. (grop, holrom) som  ligg bak?) er vel ikkje så stor

at "Stor-Hollen" er eit alternativ?

 

Eg synest det er ein -s til slutt i innskotet. Då kunne det til dømes verte "Stens Hollen" - dersom det er nok bokstavar (men eg trur det vert ein for lite).

Alternativt, om vi les det første som ein N, kunne det verte "Nes Hollen". 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Her var mykje å tenkje vidare på, takk for at du ikkje gjer det vidare enkelt iallefall ;-)

 

Det eg trur eg lyt stadfeste er at eg ikkje har nok kunnskap no til å ta ein avgjerd på det. Eg lyt snakke med folk i bygda tenkjer eg som kan kome med tankar rundt dette.

 

Takk for hjelpa hittil, so får eg sjå om eg på eit tidspunkt "konkluderar"

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.