Gå til innhold
Arkivverket

SF Gloppen - hjelp til å rekkje opp eit skifte.


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Skiftet det dreiar seg om er her - etter Lars Rasmusson Råd i 1712.

 

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24221/55/

 

Han etterlet seg enkja Magnhild Abelsdtr, men ingen born. Arvingane hans er derfor mora, ein bror og tre syster (ingen namn oppgjevne på nokon av dei) - i Bergen. Men det ser ikkje ut til å bli noko arv på dei - i staden er det andre personar som skal ha ut att fars- og morsarv som har vore i forvaring i dette buet.

 

Kan nokon hjelpe meg å tolke dei avsnitta / setningane som klarlegg namn og slektskapsforhold?

 

Eg veit frå før: Magnhild gifte seg med Lars i 1707; begge er kalla Råd ved både truloving og ekteskap.

 

Magnhild var før det gift med Ola Andersson Råd, i 1695 - då framgår det at ho er frå Skrøppa.  (Med han hadde ho borna Gunnhild, Anders og Barbrå).

 

Eg går ut frå at det kan vere av Ola sine sysken som har arv til gode.

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg leser nokolunde slik.

 

Sahl: Knud Anderssens Ar,,

vinger, for deris Fader,,

ne, og Møderne arf, som

her udj Boen har verit be,,

staaende beregnet till,,

sammen til 12 rd 2 ort 2 sk

 

Deraf tilkommer hans

Sahl: Broder Ole Anderssens

eftterlatte 3 Børn den

halve deel, som er .........6 rd: 1 ort 1 sk

 

Hans Søster Elj Anders,,

datter ............................. 3 - '' - 9

 

Hans halfsøster Zigri

Knudsdatter .................... 1 - 3 - 4

 

2. kolonne

og hans anden halfsøster

Marite Knudsdatter ........ 1 rd 3 ort 4 sk

 

Samme namna står forresten neste folio ;-)

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

siste kolonne har nokre avsnitt som tek for seg enka i skiftet og korleis resterande arv i skiftet (2 rd) skal fordelast mellom tre partar

 

"og som ingen Rigtighed fore,,

fantes at vere skeed eftter

Enkens forrige afdøde Sahl: Mand

Ole Anderssen før end hun sig med

denne sidste, nu afgangne udj Egte,,

skab indlod, Alt saa kommer for,,

skrefne ringe Beholdning eftter Lovens

5 B, 2 C, 70 (?) art: till deeling udj

tre parter, nemlig 4 ort paa

hver Lodd, Og kommer da den

fyrste lodd paa første sahl:

Mand Ole Anderssens tre Børn

som alle endnu ere umyndige.

den anden lodd paa denne for,,

nefnte Sahl Mands Moder og

4re Søskinde, med mindre de

Encken det formedelst hendes fat,,

tigdoms skyld vill eftterlade.

Og den tredie Lodd till denne

igienlevende Enke for hendes

egen Hovidlod, er saa 3

Lodder tilsammen 2 rd

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lenger ned mot slutten av avsnittet

 

Till formynder for bemelte Sahl:

Ole Anderssens tre umyndige

Børn, er anordnet den Dannemand

Absolon Øfresetter, som saavell

bør have tilbørlig indseende med

disse sine myndlinger nu till,,

faldne ringe Arv eftter deris Fader

som og hvis her tilforne findes

indført, demem eftter deris Sahl:

Farbroder Knud Anderssen at vere

tilfalden

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk for god hjelp! Dette er slektskap som eg ikkje har heilt kontroll på (!) så derfor vil eg vere sikker på at eg ikkje går snarvegar.

 

Eg meiner ut frå dette at "sl Ole Anderssen" må vere mannen som enkja var gift med før, og at "hans 3 umyndige børn" må vere dei 3 fellesborna som eg nemnde i innlegg nr 1.

 

Siste avsnittet du siterer viser tydekeg at Knut Andersson er farbror deira - altså i klartekst at Ola og Knut er søner av same Anders.

 

Knut er også død, og det må vere utan livsarvingar, elles kunne ikkje noko av hans midel tilfalle brorborna.

 

Det er også ei syster Eli Andersdtr med same far - ho er i live. Likeeins halvsystrene Sigrid og Marte Knutsdøtre - altså sysken med same mor.

 

Enig? Og finst det fleire opplysningar eg ikkje har fått med her?

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg kjem med ei "skriftlesing" til, henta frå ei truloving i 1691.

 

Her opptrer Anders Nilsson Råd - som eg har som kandidat til far Anders i det aktuelle skiftet. Eg vil gjerne ha ei dobbeltsikring av at eg les rett her - kva seier Anders?

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11423&idx_id=11423&uid=ny&idx_side=-38

 

Truloving under september. Dette kan vel vere "halvsystera Sigrid Knutsdtr" frå skiftet. 

Om desse personane er dei eg trur dei er, må den felles mora ha vore gift med Knut fyrst og Anders etterpå.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har sett gjennom skiftet på Raad og kan ikkje finne noko meir ang. slektskapen mellom enka og dei nemnde Andersborna. Eg ser at  boet har tilgode frå "Tolef Raad paa hands formands veigne imod 6 1/2 merker smørs Leye udj hans paaboende Jord udj Raad" som vert pantsatt med 5 rd. Men det har vel lite betydning i denne samanhengen.

 

Utan å kjenne forholda så vil eg med min ringe kjennskap konkludere slik du har gjort - at enka i dette ekteskapet var tidlegare gift med den Ole Andersen som er nemndt i skiftet.

 

Når det gjelder den andre "skrifta" les eg

 

"Knud Olss. Fossem, Siri Knudsd: Vindzryg,

Anders Nielss Raad fremtræde, bekiente og

forsickrede med handhaftning, at ingen af

Knuds sl: qvindes arvinger haffde nogit at

prætendere, Vidner ... "

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Enig med deg - og kva sluttar vi av det Anders seier? "Knuds sl  qvinde" må vel vere Siri si mor - kanskje nyleg død og ikkje oppgjort bu? Og i så fall Anders si mor også? Dette er einaste gongen eg finn ei slik setning i samband med truloving, så det må vere noko spesielt her.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hm. Ok. Eg ville gjerne ha tenkt at det var ein slektning ja, men kanskje ikkje direkte involvert på annan måte enn å kjenne til arvetilhøva etter fyrste ekteskapet til Knud Olsen Fossem. Knud giftar seg no med denne Siri og arvingane etter fyrste kona har ingenting mot dette. Men her er eg på svært usikker grunn kjenner eg.

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, det er kompliserande at brudgommen heiter Knut.

Eg ser eg har kortslutta  litt - Knut HAR faktisk vore gift før, så den sl kvinde er nok denne Anne.

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11423&idx_id=11423&uid=ny&idx_side=-40

 

Då må vi gå ut frå at Anders Nilsson Råd er representant for slekta hennar, men korleis slektskapen er, kan vi ikkje seie. Uansett er eg nokså sikker på at brura er VÅR Sigrid Knutsdtr. Ikkje urimeleg at Knut Fossheim finn seg ny brur i same familie.
 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her trur eg jammen vi har ekteskapet. 

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11423&idx_id=11423&uid=ny&idx_side=-24

 

og trulovinga

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11423&idx_id=11423&uid=ny&idx_side=-27

 

I så fall er nok Anders Nilsson BROR hennar.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

No skreiv vi "i kor" her - sjå innlegget FØR ditt siste.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg såg ... og tok og endra innlegget til betre å svare deg på ditt innlegg før meg ;-)

 

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då gjenstår det å dobbeltsjekke og samanlikne med andre personar eg har føre meg - og fyrst og fremst - om denne Anders Nilsson som vitnar her verkeleg er identisk med den Anders som har vore gift med AndersogKnutskone i det fyrste skiftet.

 

Det er artig når ein etter kvart får så god oversikt over persongalleriet i bygda som eg er i ferd med å få no :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skal ein sitere Bjørn Jonson Dale har ein vel ikkje sansynliggjort det med tre uavhengige kjelder, men indisiane er iallefall svært klare ;-)

 

Og, ja, eg kjenner eg skulle hatt same graden av innsikt i min eigen kommune. Finner stadig ref. til personar i kjeldene som eg ikkje kjenner til frå bygdebøker og andre skrift som omhandlar kommuna.

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då får du gjere som eg - putte dei inn i eit slektsprogram og før eller sidan greie å koble dei til rett familie - men det har du gjerne allereie gjort. Eg har eit stadnamn som heiter Kvenerdette som eg knyter alle lause funn til. I dag har eg greidd å identifisere 2 slike Kvenerdette-folk, takka vere at du har hjelpt med med lesing og tenking :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Berre hyggelig! Når eg tenkjer på all hjelp eg har fått sjølv er eg i stor skyld kjenner eg!

 

Dessutan. Skal eg byrje med prosjektet du refererar til over kjenner eg plutselig at eg er på same nivå som før eg byrja å setje meg inn i gotisk og det å lese tingbøker. Det kjennast ut som eit mykje for stort prosjekt å byrje med. Hittil har eg hatt nok med å finne ut av mine eigne anar og berre det tek i grunnen ALT for mykje tid. :-D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, eg trur litt av løysinga er å starte når ein er 12 år, som eg gjorde - men det er vel i seinaste laget å tipse deg om det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.