Gå til innhold
Arkivverket

Agatha (1721) og Britha (1726) Bendiksdøtrer - frå Eikjaberg i Hafslo - flytte i ung alder frå Hafslo - kan henda til Gulen/Askvoll eller Bergen?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei oppfølgjing av tema #38331 frå det gamle brukarforum, som den gongen ikkje gav noko resultat:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/123832-38331-agatha-1721-og-britha-1726-bendiksdøtrer-eikeberg-frå-hafslo-kvar-fór-dei/?tab=comments#comment-1010805

 

Manuskriptet mitt for denne huslyden er stort sett uendra sidan 2006 og ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Bendik Knutson Eikeberg, bror av føregåande brukar og likeins frå Kinserdalen, var f. kring 1685 og d. truleg som legdelem i Øverli kring 1750.  Bendik tok over som leiglending på Eikjaberg etter bror sin kring 1710 og vart sjølv buande på garden til kring 1733.  I 1745 er Bendik nemnd som busett i Øverli.  Han var gift, og truleg heitte ogso kona hans Britha; ho levde framleis i 1733, men diverre veit me førebels ikkje noko meir om ho.  Me kjenner til fem born etter dette parfolket:

 1. Kari Bendiksdotter (1716-1785), vart gift med gardbrukar Lars Lasseson på Nagløyri i Sogndal (1710-1784), som ei tid var husmann på Hilleren under ytre Eikjo i Hafslo (s.d.).

 2. Knut Bendikson (1719-1792), var ei tid husmann på ein plass i Kinserdalen under Urnes (s.d.).

 3. Agatha Bendiksdotter, døypt 19.9.1721,

Agatha Bendiksdotter flytte

 

##### (lagnaden hennar?)

 

 4. Ole Bendikson (1724-1796), hamna som leiglending på Flahammar i Luster (s.d.).

 5. Britha Bendiksdotter, døypt 22.9.1726,

Britha Bendiksdotter flytte

 

##### (lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Alle desse borni flytte frå Hafslo, Kari til Sogndal, Knut til Lærdal og Ole til Sogndal og sidan til Luster.

 

Men kvar vart det av Agatha og Britha?

 

No har eg reint tilfeldig oppdaga at ei Agatha Bendiksdotter, 44 år gamal, vart gravlagd frå Stølen i Krosskyrkjesokni i Bergen 10.7.1762: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000513855

 

Denne Agatha var truleg gift med garnisonssoldat Anders Jørgenson, og dei fekk i alle fall desse borni:

 

* Anna, døypt i Krosskyrkja i Bergen 19.3.1747: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006206369

 

* Judithe, døypt i Krosskyrkja i Bergen 10.11.1751: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005864515

 

Ifølgje FamilySearch skal Anders Jørgenson og Agatha Bendiksdotter vera vigde i Askvoll 30.9.1742, men eg finn ikkje denne vigsli i kyrkjeboki!

 

FamilySearch syner òg at ei Agatha Bendiksdotter gifte seg  Gulen 24.10.1739 med ein Lasse Olson, men heller ikkje denne vigsli greier eg å finna...!

 

Namnekombinasjonen Agatha Bendiksdotter synest vera svært uvanleg, i alle fall på Vestlandet, so kanskje er ei av desse jentene gifte i Gulen eller Askvoll ho som me leiter etter?

 

Rett nok finn me ifølgje FamilySearch desse dåpshandlingane i Askvoll og Gulen:

 

* Agatha Bendiksdotter, døypt i Askvoll 17.3.1709 som dotter av Bendik Jacobson Færøen og Anna Mikkelsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8589/77

 

* Agatha Bendiksdotter, døypt i Guddal, Gulen 9.7.1707 som dotter av Bendik Aslakson Strandofren(?): https://media.digitalarkivet.no/view/11435/55

 

Uansett so er båe desse jentene altfor gamle til å vera ho som døydde i Bergen i 1762...(?)

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips til løysing av desse utfordringane!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I "Askvoll" bygdebok II B under gnr. 78 "Sör- Folkestad" finner jeg en "Aslak Pedersen Myklebust" död 1741 gift 2 g. med "Agate Bendiksdtr.", hun gift 2 g. 1742 med "Anders Jörgensen".

 

Og det var alt som er nevnt om dette paret.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth og Svenn for nye spennande innlegg!

 

Eg ser av kyrkjebøkene i Bergen at Anders Jørgensen på Stølen hadde ei dotter som vart gravlagd 12.9.1757:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=bedo1668

 

Dette må vera dotteri Anna, og det er samstundes eit prov på at den Agatha Bendiksdotter som døydde i 1762, må ha vore kona til Anders Jørgenson.  MEN dersom denne Agatha hadde vore gift med ein Aslak Pederson og først som enkje gifte seg att med Anders Jørgenson, er det eit spørsmål om dette kanskje likevel er ho som vart døypt i Askvoll i 1709?  Og at alderen ved dødsfallet i 1762 er feil?

 

Ikkje godt å seia kva som er rett her...

 

Har bygdeboki for Askvoll opplysningar om lagnaden til Agatha Bendiksdotter fødd på Færøen i 1709?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av lagnadane til dei to søstrene frå Hafslo!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I "Solund" bygdebok b. 2 under gnr. 61 "Viken" finner jeg en "Bendik Jacobsen" og kone "Anne Mikkelsdstr." nemnde med 4 barn, "Kari", "Ola", "Jacob" og "Ågote".

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Svenn for siste innlegget!

 

Færøen er altso identisk med Færøyvik eller Viken i Solund, men dette endrar vel ikkje tanken om at ho truleg gifte seg med Aslak Pederson og sidan med soldat Anders Jørgenson, som ho flytte til Bergen med.  Mor hennar heitte Anna Mikkelsdotter, og Anna er òg førenamnet til eldste kjende dotteri som Agatha ferkk med Anders Jørgenson i Bergen...

 

Kanskje kan me gissa vidare på at Agatha Bendiksdotter døypt i Gulen i 1707 er ho som i 1739 gifte seg i Gulen med Lasse Olson...?

 

Soleis er me «back to square #1» når det gjeld lagnadane til dei to søstrene frå Eikjaberg i Hafslo, og alle gode tips om kvar det kan ha vorte av dei, vert mottekne med ei gigantisk takksemd!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I "Lavik" bygdebok under gnr. 99 "Aven" finner jeg en "Agate Bendiksdtr. Strandos" f. 1707 g. 1739 med "Lasse Olsen ytre Oppedal" med 4 barn.

 

Ja da er vi like langt desverre.

Endret av Svenn Ruskedal
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Svenn for stadfestingi av lagnaden til «hi» Agatha Bendiksdotter i Gulen.

 

So kan me definitivt sjå bort frå alternativi i Gulen/Askvoll, og spørsmålet er:  Kvar i all verdi er det vorte av dei to søstrene frå Hafslo?  Er dette kan henda ei av dei utfordringane som me aldri vil greia å løysa?

 

Men det er lov å vona, og eg takkar på ny for framifrå bistand til alle freistnadar på å løysa denne gåta...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.