Gå til innhold
Arkivverket

Ekstraskatten for Eivindvik prestegjeld


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg er på leiting etter eit komplett manntal for ekstraskatten for Eivindvik prestegjeld frå 1762, som normalt skal finst i denne kjelda:

 

https://media.digitalarkivet.no/db/contents/47516

 

og meir spesifikt her:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/47516/311

 

Men om ein blar igjennom denne manntalslista, vil ein oppdaga at dei fleste gardane i Eivindvik hovudsokn manglar, mellom anna gardane Molde og Lihaug.

 

Eg ser av oversynet at Oppheim sokn av Voss prestegjeld er medkomme, og når me veit at store delar av Eivindvik prestegjeld på den tidi vart rekna som ein del av Nordhordland, kan dette vera forklaringi?  Men i oversynslista for Nordhordland finn eg ikkje noko som tyder på at Eivindvik prestegjeld er medkomme der heller!

 

Spørsmålet mitt er kort og godt:

 

* Kvar finn eg det skanna ekstraskattmanntalet 1762 for gardane Lihaug og Molde i Eivindvik prestegjeld?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Et generelt svar er at hovedmanntall for en god del områder er tapt, uten at jeg skal si sikkert at det er tilfelle her. Det som finnes av hovedmanntall i fogderegnskapene og enkelte andre arkivserier, skal i alle fall være skanna og publisert.

 

Jeg flytter spørsmålet til Spør Arkivverket, i tilfelle arkivarene kan gi deg bedre svar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kristian for interessant svar!

 

I ettertid har eg oppdaga at det ligg nokre «restanselister» for Eivindvik skipreide i protokollane for Nordhordland, men noko manntal har eg so langt ikkje greidd å finna.

 

Kanskje kan arkivarane finna ut meir om dette?

 

Eg takkar på ny for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars!

 

Eivindvik var en del av Nordhordland til 1773 da det gikk over til Ytre Sogn.

 

Ekstraskatten for Nordhordland er dessverre gått tapt. Kun restanselister er bevart fra 1760-årene. 

 

 

Mvh.

 

Kenneth Bratland 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kenneth for eit oppklarande og nyttig innlegg!

 

Då har det lite for seg å leita vidare, men gudskjelov at dei nemnde restanselistene dukka opp!  Dei er då «gull verd»!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.