Gå til innhold
Arkivverket

Familien Lindborg frå Sogndal - fire born til Amerika og eitt til Ulvingen på Vega - fleire detaljar tilgjengelege? - Kjempeutfordring?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

I mange år har eg freista finna lagnadane til tre av dei fire borni i denne huslyden frå Sogndal/Luster som utvandra til Amerika, og dessutan fleire detaljar om huslyden til ei dotter som vart gift på Ulvingen i Vega.  Etterkomarar etter jenta på Ulvingen skal ifølgje bygdebokskrivaren for Sogndal for ein del år sidan ha vore på leiting etter slekti si gjennom massemedia, og kanskje nokon greier finna att eventuelle etterlysingar?

 

Manuskriptet mitt ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Gjertrud Olsdotter (Sandvik), f. i Luster 16.4.1827,

Gjertrud Olsdotter flytte i svært ung alder til Sogndal og gifte seg der 16.10.1844 med Johannes Olson frå Lindborg under Midtun, Øvstedalen i Sogndal, dotterson av gardbrukardotteri Britha Gjertsdotter frå Haugen (1764-1803).  Johannes var f. i Sogndal 7.1.1822.  Gjertrud og Johannes var ei tid husmannsfolk på ein plass under Øyre i Sogndal, men flytte derifrå då Gjertrud vart sjuk kring 1864.  Johannes budde sidan i Sogndalsfjøra i Sogndal der han d. som legdelem 3.4.1883.  Gjertrud Olsdotter flytte til Bergen der ho d. 9.4.1893.  Dei fekk ni born i lag:

a. Kari Johannesdotter, f. i Luster 18.2.1845, var hushaldar og budde i Sogndalsfjøra i Sogndal der ho d. 18.1.1904.  Kari var ugift, men let etter seg ei dotter.

b. Ole Johannesson, f. i Sogndal 23.7.1847, d. i Sogndal 27.12.1849.

c. Johannes Johannesson, sidan kjend som John Lindborg, f. i Sogndal 5.7.1849, utvandra til Amerika i 1876 og busette seg som farmarbeidar («farm laborer») i Utica township, Crawford Co., Wis.  Han d. ugift i Crawford Co., Wis. 15.8.1894.

d. Ole Johannesson, f. i Sogndal 1.12.1851, d. i Sogndal 13.1.1852.

e. Andreas Johannesson, f. i Sogndal 2.4.1853, var sjukleg og budde i Sogndalsfjøra i Sogndal, men d. som fattiglem på Slinde i Sogndal 29.1.1929, ugift.

f. Ole Johannesson, f. i Sogndal 28.12.1855, utvandra til Amerika i 1878,

 

     ##### (lagnaden hans i Amerika?)

 

g. Carl Johannesson, f. i Sogndal 23.10.1858, utvandra til Amerika i 1876,

 

     ##### (lagnaden hans i Amerika?)

 

h. Gjertrud Johannesdotter, f. i Sogndal 18.12.1861, flytte i 1879 til Bergen, men dro snart vidare til Vega i Nordland der ho 18.9.1892 gifte seg med Edvard Andreas Peder Benjamin Pederson frå Ulvingen i Vega, f. i Vega 9.9.1857.  Edvard var fiskar, og han og Gjertrud slo seg ned som strandsitjarar på Sjøvegen under U lvingen i Vega der Gjertrud d. som strandsitjarkone 21.6.1919.  Edvard d. som enkjemann same staden 28.8.1925. 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Georg Johan Olafsen – hennar son (far: Olaf Rafaelsen) – f. Vega 15.3.1891 – n. 1910/1910

            * Petra Amalie Teonora Edvardsdotter – f. Vega 3.6.1896 – n. 1900/1910

            * Ingvarda Paluda Johanna Edvardsdotter – f. Vega 13.2.1900 – n. 1900/1910

            * Oscar Amandus Edvardsen – f. Vega 6.5.1905 – n. 1910)

 

i. Britha Johannesdotter, f. i Sogndal 13.6.1864, utvandra til Amerika i 1881,

 

     ##### (lagnaden hennar i Amerika? – døydde kan henda barnlaus før 1894?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Mori Gjertrud Olsdotter hadde tre søsken som alle utvandra til Amerika på 1860-talet, og dei budde alle i Crawford Co., WI der ogso eldste sonen i huslyden hennar Gjertrud busette seg.  Han skreiv seg for John Lindborg, men var ugift.  Dei andre søskeni har eg førebels ikkje sett noko til i Crawford Co., WI!

 

Det hadde vore heilt fantastisk om nokon kunne hjelpa meg finna lagnadane til dei tre «amerikafararane» og likeins supplerande opplysningar om huslyden i Vega!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars

 

I følge et slektstre på Myheritage (eier Kris DeMattos) så er - g)  Carl Johannesson, f. i Sogndal 23.10.1858, utvandra til Amerika i 1876, død i USA 1876.

 

i) Britha Johannesdotter, f. i Sogndal 13.6.1864, utvandra til Amerika i 1881, - står oppført som død 21 juni 1919 i Ylvingen, Nordland, Norway

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for eit spennande innlegg!

 

Det er nok diverre ikkje alt på MyHeritage me kan ta som «god fisk», og her ser me eit døme på dette:

 

Det var ikkje Britha Johannesdotter som døydde på Ulvingen i Vega 21.6.1919, men søsteri Gjertrud: https://media.digitalarkivet.no/view/43882/246

 

Når det gjeld Carl, hadde det vore kjekt med ei kjeldereferanse...  Kanskje døydde han på vegen over Atlanterhavet?  Kanskje er dødsfallet nemnt på passasjerlista?  Kris DeMattos sit kanskje med svaret...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!  Det er viktig å vera vaken og sjå mogelege svar i ulike kjelder!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan dette være sønnen til Georg, som gifter seg i 1951?

https://digitalarkivet.no/view/327/pv00000001721087

 

Oppland fylke, Hoff i Østre Toten, Klokkerbok nr. 11 (1934-1952), Viede 1951, Side 214 - nr. 28
https://media.digitalarkivet.no/view/22452/171

 

Sør-Trøndelag fylke, Jøssund i Åfjord, Klokkerbok nr. 654C02 (1901-1925), Fødte og døpte 1917, Side 46
https://media.digitalarkivet.no/view/3762/49

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Utdrag fra et av innleggene i dette temaet på Slektsforuum.

 

Karla Terese Wahl

 

"Litt om familien: 
Johan Georg Olafsen f.15 mars 1891 på Ulvingen Brønnøy, død 8 nov 1927 på Solbakken 83/9 i Vallersund og kone Anne Katrine Kaspersdatter f. 23 okt 1891 på Moa, Storfosen fikk 3 barn. Anna Gjertrude født 23 feb 1915 i Tr.heim, Odin Angel født 23 juli 1917 i Tr.heim og til slutt Karolius Myhre født 7 juni 1920, døpt 13 mars 1921 i Jøssund kirke fra Vallersund. "

http://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?p=572344&sid=578f23d8745745e4d7b4a9d4d8f845d9

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

 

Id  Fnavn  Enavn  Fdt  Får  Ddt  Dår  Bdato  Bår  Kj  Gnr  Mtekst  Gravsted Kommune Korr
3873198 Hans  Valsnes  1007  1896  2310  1951  0211  1951      Vis  Nes Bjugn

 

Id  Fnavn  Enavn  Fdt  Får  Ddt  Dår  Bdato  Bår  Kj  Gnr  Mtekst  Gravsted Kommune Korr
3873197 Petra  Valsnes  0306  1896  2903  1950  0504  1950    Vis  Nes Bjugn

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J., Ann-Mary og Grethe for mange spennande og utfyllande innlegg om borni etter Gjertrud og Edvard på Ulvingen i Vega!

 

Medan me no har eit bra oversyn over ætti på Ulvingen, bortsett ifrå at Gjertrud og Edvard KAN ha hatt fleire born som døydde i ung alder(?), veit me diverre framleis like lite om lagnadane til dei tre emigrantane, Ole, Carl og Britha, men kan henda har dei alle gøymt seg so godt at dei ikkje let seg gjera å finna?  Om dei skreiv seg Johnson i staden for Lindborg, vert det vel som å leita etter den berømte «nåli»...?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Gjertrud Olsdotter (Sandvik), f. Luster 16.4.1827,

Gjertrud Olsdotter flytte i svært ung alder til Sogndal og gifte seg der 16.10.1844 med Johannes Olson frå Lindborg under Midtun, Øvstedalen i Sogndal, dotterson av gardbrukardotteri Britha Gjertsdotter frå Haugen (1764-1803).  Johannes var f. i Sogndal 7.1.1822.  Gjertrud og Johannes var ei tid husmannsfolk på ein plass under Øyre i Sogndal, men flytte derifrå då Gjertrud vart sjuk kring 1864.  Johannes budde sidan i Sogndalsfjøra i Sogndal der han d. som legdelem 3.4.1883.  Gjertrud Olsdotter flytte til Bergen der ho d. 9.4.1893.  Dei fekk ni born i lag:

a. Kari Johannesdotter, f. i Luster 18.2.1845, var hushaldar og budde i Sogndalsfjøra i Sogndal der ho d. 18.1.1904.  Kari var ugift, men let etter seg ei dotter.

b. Ole Johannesson, f. i Sogndal 23.7.1847, d. i Sogndal 27.12.1849.

c. Johannes Johannesson, sidan kjend som John Lindborg, f. i Sogndal 5.7.1849, utvandra til Amerika i 1876 og busette seg som farmarbeidar («farm laborer») i Utica township, Crawford Co., Wis.  Han d. ugift i Crawford Co., Wis. 15.8.1894.

d. Ole Johannesson, f. i Sogndal 1.12.1851, d. i Sogndal 13.1.1852.

e. Andreas Johannesson, f. i Sogndal 2.4.1853, var sjukleg og budde i Sogndalsfjøra i Sogndal, men d. som fattiglem på Slinde i Sogndal 29.1.1929, ugift.

f. Ole Johannesson, f. i Sogndal 28.12.1855, utvandra til Amerika i 1878,

 

 

     ##### (lagnaden hans i Amerika?)

 

 

g. Carl Johannesson, f. i Sogndal 23.10.1858, utvandra til Amerika i 1876,

 

 

     ##### (lagnaden hans i Amerika?)

 

 

h. Gjertrud Johannesdotter, f. i Sogndal 18.12.1861, flytte i 1879 til Bergen, men dro snart vidare til Vega i Nordland der ho 18.9.1892 gifte seg med Edvard Andreas Peder Benjamin Pederson frå Ulvingen i Vega, f. i Vega 9.9.1857.  Edvard var fiskar, og han og Gjertrud slo seg ned som strandsitjarar på Sjøvegen under U lvingen i Vega der Gjertrud d. som strandsitjarkone 21.6.1919.  Edvard d. som enkjemann same staden 28.8.1925. 

 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Georg Johan Olafsen – hennar son (far: Olaf Rafaelsen) – f. Vega 15.3.1891, d. ved forlis nær Helsingør 8.11.1927 – gift med Anne Katrine «Trine» Kaspersdotter

                               Moen, f. Storfosna 23.10.1891, d. 19.11.1974 - busette Boldfjord i Bjugn - tre born

            * Petra Amalie Teonora Pedersen – f. Vega 3.6.1896, d. 29.3.1950 – gift med Hans Valsnes, f. 10.7.1896, d. 23.10.1951 – busette Bjugn

            * Ingvarda Paluda Johanna Pedersen – f. Vega 13.2.1900, d. 1.10.1976 – gift med Jørgen Moe, f. 14.3.1895, d. 2.7.1978 – gravlagde Vega

            * Oscar Amandus Pedersen – f. Vega 6.5.1906, d. 1970 – gift Strinda 18.5.1931 med Nelly Nikoline Johansdotter Klungerbo frå Valentinlyst i Strinda, f. Leksvik

               4.1.1907, d. 1982 – busette Strinda, gravlagde Moholt, Trondheim)

 

 

i. Britha Johannesdotter, f. i Sogndal 13.6.1864, utvandra til Amerika i 1881,

 

 

     ##### (lagnaden hennar i Amerika? – døydde barnlaus før 1894?)

 

~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Innlegg #24:

 

Eg ønskjer i kveld å henta fram att dette utfordrande emnet som har lege «i dvale» i tre år.

 

Eg ser at huslyden er omskriven i eit ancestry family tree, og forfattaren skriv der at Ole døydde i 1878, medan Carl døydde i 1876.  Desse dødsåri er identiske med utvandringsåri, og eg trur ikkje det kan stemma: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/32973752/person/20020930949/facts

 

Elles har eg diverre ingen nye leietrådar å by på og syner til føregåande innlegg som har siste versjon av manuskriptet mitt.  Er det likevel mogeleg å spora opp dei tre manglande borni i Amerika?  Kan dei ha nytta JOHNSON som ættenamn?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

For ordens skyld:

 

Carl Johannesen Lindberg utvandret 1876

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/8/pe00000000659302

 

Ole i 1878

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/8/pe00000000659814

 

Britha 1881

 

https://www.digitalarkivet.no/en/view/8/pe00000000663658

 

 

 

Endret av Anton Hagelee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.