Gå til innhold
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

SF Gloppen - ei "skilsmisse" 1684 og litt identitetsproblem på Råd

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

Om Rasmus Andersson Råd skriv bygdeboka at kona Brite Nilsdtr rømde frå han i 1684. Kjelda må vel vere ei tingbok, eller er det andre stader som kan vere opphav til denne opplysninga?

 

Rasmus døydde i 1700, http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11423&idx_id=11423&uid=ny&idx_side=-92 og i 1701-manntalet er det kona som er hovudperson på bruket: Rasmusis enche.  Med henne er det nemnt tre Rasmussøner, nemleg Rasmus, Lars og Jens. Etter alderen bør Lars vere fødd ca 1684, men Jens er berre 14 og må vere fødd etter at Brite Nilsdtr rømde. Rasmus har også truleg ei dotter Karen i 1689 http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11423&idx_id=11423&uid=ny&idx_side=-23 men sidan det ikkje er patronym på han KAN det vere ein anna, sjølv om eg ikkje kjenner til andre Rasmusar der på den tida.

 

Då er det eg lurer: Er det Brite Nilsdtr som har ombestemt seg og kome tilbake, eller har dei yngste borna ei anna mor? Ville Rasmus kunne gifte seg att sidan det var kona som stakk?

 

Litt tilleggs-opplysningar: i 1707 blir ein Lars Rasmusson Råd gift med enkja Magnhild Abelsdtr - enkje etter Ola Andersson Råd. Dersom folk er dei eg TRUR dei er, er Lars brorsonen til fyrstemannen Ola. Ville det trengast løyve for eit slikt ekteskap?

 

(Lars vart utkommandert i krigen og døydde ute. I skiftet etter han i 1712 blir mora, ein bror og tre systre i Bergen nemnde, men dessverre ikkje med namn. Grunnen er nok at der er så mykje anna som må ordnast i buet - det har tydelegvis ikkje vore skifta korrekt etter Ola).

 

Eg er klar over at dette er heilt uvesentlege opplysningar for oss nolevande, men de veit godt korleis det er: Når ein fyrst har begynt å lure, er det ikkje godt å legge det vekk.

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Nokre av spørsmåla:

- andre mogelege kjelder: dersom Rasmus har fått skilsmål, vil det vere eit kongebrev (kongeløyve) - som det ligg gjenpart/kopi av i eitt eller anna arkiv.

 

- ja - dersom kona stakk av, kunne Rasmus få skilsmål etter tre år (eller raskare, dersom det kan "provast" at ho stakk av og levde saman med ein annan mann) + tid til sakshandsaming. Då kunne han gifte seg oppatt.

I Kristian Vs lov (1687)  3-18-19 er det reglar for skilsmisse  http://www.hf.uio.no/iakh/tjenester/kunnskap/samlinger/tingbok/kilder/chr5web/chr5_03_18.html

(rull ned til art. 19, og så punkt 2.:

"2. Desertio, naar den ene Egte Person foruden nogen skiellig Aarsag eller den andens Samtykke, forlader den anden og drager bort: ..."

 

Forbod mot ekteskap galdt for slekta til avdød ektemake på linje med eiga slekt (til og med tremenningar). Brorson vert nærare enn syskenbarn. Brorson-farsøster ville neppe fått løyve heller. Det kan hende dei var litt meir romslege når den eine var inngifta - men det veit eg eigentleg ikkje noko om.

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Takk for godt tips! Eg ser der er nokså mange kongebrev frå 1684 - finst dei i avskrift eller i register nokon stad, tru?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kristian Hunskaar (Arkivverket)
2 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Takk for godt tips! Eg ser der er nokså mange kongebrev frå 1684 - finst dei i avskrift eller i register nokon stad, tru?

 

Ja: https://www.nb.no/search?q=Norske kongebrev

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Are S. Gustavsen

Aase,

 

Du har fått mye hjelp allerede. Jeg tenkte jeg kunne bidra med litt mer knyttet til skilsmisser. Dette hørte til kristenretten og ble håndtert av domkapitlene ved domkirkene i bispebyene. Dermed skal du trolig til Bergen i årene omkring 1684, der søke (les: bla) i de bevarte protokollene for det aktuelle domkapittel.

 

Jeg foreslår derfor følgende Bergen Domkapitelsprotokoll V 1675-1685:

http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesinnhald&bokid=domkapitel5&innhaldid=

 

Eller kanskje Bergen Domkapitelsprotokoll VI 1686-1694:

http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesbok&bokid=domkapitel6

 

For en enkel første innføring til dette med domkapitler, så kan kanskje denne wiki-artikkelen hjelpe: https://no.wikipedia.org/wiki/Domkapitel

 

Vennlig hilsen

 

Are

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Takk til dokke begge - her skal lesast :-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.