Gå til innhold
Arkivverket
Per S. Nestande

Noreg (Sarpsborg, Oslo, Gran mm) /USA (New Jersey): Anette Conradi (1857 - før 1940) og Christian August Ruud (1864 - etter 1940) – kvar er det tredje barnet fødd og død og når døydde foreldra og dottera Jacoba?

Recommended Posts

Per S. Nestande

Christian August Ruud var fødd 16. juli 1864 i Våler i Solør. Han blir gift 15. april 1894 i Sarpsborg med Anette Caroline Marie Conradi fødd 19. mai 1857 i Sørum.

https://media.digitalarkivet.no/kb20060907060366

 

I boka «Familien Conradi i Norge» som kom i 1912, er det sagt at dei fekk tre barn samen, men at berre to levde da. Dei som voks opp er:

 

1. Fredrik Stang Ruud  fødd 21. desember 1895, Kristiania

https://media.digitalarkivet.no/kb20060323040075 (døypte 1896, nr. 58)

 

2. Jacoba Claudine Ruud fødd 9. mars 1898, Gran

https://media.digitalarkivet.no/kb20070206630202 (døypte 1898, nr 62)

 

Christian bur i Elverum i 1900:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037064003564

 

Anette og barna bur da saman med familien hennar på Gran:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037092002096

 

Familien utvandra til USA i 1904 med to barn og er da sagt å bu i Våler i Solør:

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000544669

 

Eg har utan hell prøvd å finne dåp eller gravferd til eit tredje barn i Sarpsborg, Grønland kyrkje Oslo, Gran, Elverum eller Våler. Dei har tydelegvis flytta mykje på seg – er det nokon som har informasjon om det tredje barnet?

 

Også i USA flytta familien rundt. Dei bur i Corint, New York i 1910 og i 1920

bur familien i Nether Providence, Pennsylvania:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M6B1-6YV

 

Dei har flytta til New Jersey før 1930:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:X48Z-FRW

 

Anette er død før 1940 da Christian bur samen med sonen og svigerdottera i New Jersey: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:K4T5-JT6

 

Eg har ikkje funne dødsfallet til korkje Anette eller Christian og heller ikkje noko informasjon om dottera Jacoba (Coba) etter 1920. Nokon som har søketips?

Endret av Per S. Nestande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kari Bogfjelldal

Konrad Feght Rud nr. 81 født i Horten 1894:

SAKO, Horten kirkebøker, F/Fa/L0004: Ministerialbok nr. 4, 1888-1895, s. 107
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20060516060109
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kari Bogfjelldal

Konrad Fegth Ruud nr. 24  død i Kristiania 1895:

SAO, Gamle Aker prestekontor Kirkebøker, F/L0008: Ministerialbok nr. 8, 1887-1896, s. 375
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20060928060322
 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per S. Nestande

Tusen takk! Det var imponerande rask og presis hjelp. 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.