Gå til innhold
Arkivverket

Claus Johnson (1791) og Anna Olsdotter (1794) - frå Kinsedalen i Hafslo til Sommernes i Fræna - supplerande detaljopplysningar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne utfordringi tek utgongspunkt i tema #84042 frå det gamle brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/169376-84042-claus-johnson-og-anna-olsdotter-frå-hafslo-til-bud-og-til-sommernes-i-fræna/?tab=comments#comment-1449255

 

og har likeins referansar til følgjande tema som i 2013 vart innlagt til Statsarkivet i Trondheim: https://forum.arkivverket.no/topic/188675-dødsmeldingar-eller-skifte-fræna-i-romsdalen-1850-1854-1892-1906-1902/?tab=comments#comment-1597676

 

Som det går fram av det oppdaterte manuskriptet mitt, slit eg med to spørsmål i samband med denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Claus Johnson Sommernæs, frå Kinserdalen, var f. i Hafslo kring 1791 og gifte seg i Hafslo 19.4.1824 med Anna Olsdotter, opphavleg frå Joranger nedre, men dels oppvaksi som fosterbarn på Li nedre.  Ho vart døypt i Hafslo 12.1.1794.  Claus og Anna busette seg som plassfolk i Kinsedalen, truleg på ein ny plass her i Botnen, og her vart dei buande fram til 1831.

Claus og Anna flytte i 1831 til Bud i Romsdalen der dei ei kort tid var gardbrukarar på garden Farstad, men ikkje lenge etter flytte dei vidare til Fræna der me finn dei att som husmannsfolk på ein plass under Sommernes. 

 

 

¤¤¤¤¤ (kanskje dei budde på Myri under Sommernes der sonen Ole sidan vart husmann??)

 

 

Anna d. som husmannskone på Sommernes 31.3.1850, medan Claus d. som husmann same staden 13.11.1854.  Dei fekk seks born i lag:

a. John Clausson, døypt i Hafslo 23.11.1817, flytte med foreldri til Bud i 1831 og

 

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

 

b. Hans Clausson, f. i Hafslo 21.7.1824, flytte med foreldri til Bud i 1831 og sidan vidare til Sommernes i Fræna, men vart spedalsk og flytte i 1841 inn på Reknes hospital i Molde der han d. ugift 16.10.1848.

c. Ole Clausson, f. i Hafslo 1.8.1826, flytte i 1831 med foreldri til Bud og d. som husmann på Sommernes i Fræna 21.6.1892.  Ole flytte i 1851 til Nordland, men kom snart attende til Fræna og gifte seg der 18.11.1855 med Anna Christensdotter frå Sommernes i Fræna, dotter av gardbrukar Christen Torgerson på Sommernes (1808-1889), opphavleg gardbrukarson frå Nes i Luster.  Anna var f. i Luster 9.3.1828, men flytte til Romsdalen med foreldri sine i 1830 og d. som husmannsenkje på Sommernes 4.12.1906.  Ole og Anna vart plassfolk på Myri under Sommernes og fekk fire born i lag.

d. Gjert Clausson, f. i Hafslo 23.2.1829, flytte òg med foreldri til Bud i 1831 og d. som kårmann på Sande i Fræna 4.5.1902.  Gjert gifte seg i Fræna 15.7.1860 med enkja Anna Pedersdotter, opphavleg frå Lærdalsøyri i Lærdal.  Ho var f. i Lærdal 4.12.1815 og d. som kårkone på Sande 2.1.1898.  Anna hadde før vore gift med gardbrukar Peder Larsson på Sande øvre i Fræna (1812-1855), opphavleg frå Vindedal i Lærdal og ein son av gardbrukardotteri Gjertrud Pedersdotter frå Skildeim i Luster (1771-1844) (s.d.).  Gjert tok over styringi av garden på Sande øvre i Fræna då han gifte seg med enkja, og vart buande her levetidi ut.  Gjert og Anna fekk ikkje born i lag.

e. Berit Clausdotter, f. i Bud 10.8.1832, vart spedalsk og flytte i 1852 og på ny i 1853 inn på Reknes hospital der ho d. 24.1.1857.  Ho var ugift, men hadde ei dotter.

f. Christopher Clausson, f. i Fræna 22.6.1840, d. ugift på Sommernes 6.8.1862 etter han hadde vore sjuk i tre år.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Desse spørsmåli står altso att å løysa her:

 

** Bustaden til Claus og Anna etter dei flytte til Sommernes i Fræna?

 

** Og lagnaden til sonen John Clausson?  Eg har til dømes aldri greidd å finna denne guten konfirmert!?

 

Det siste av desse spørsmåli var drøfta i emnet som Statsarkivet i Trondheim i si tid fekk til handsaming (men der eg aldri fekk noko svar...), medan det første kanskje kan løysast gjennom den nye bygdeboki som no skal liggja føre(?) for denne delen av Fræna, men som eg ikkje har tilgjenge til?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...

Sakser dette fra tema i 2013:

 

C. Ole Clausson Sommernes, husmann, fødd Hafslo 1826, døydde på Sommernes i Fræna 21.6.1892

SAT, Fræna lensmannskontor, 02/L0063: Dødsfortegnelser, 1886-1909, s. upaginert
https://media.digitalarkivet.no/view/56205/13

 

E. Gjert Clausson Sande, gardbrukar (kårmann), fødd Hafslo 1829, døydde på Sande i Fræna 4.5.1902

SAT, Fræna lensmannskontor, 02/L0063: Dødsfortegnelser, 1886-1909, s. upaginert
https://media.digitalarkivet.no/view/56205/28

 

Jeg klarer ikke å finne Claus og Anna her:

https://media.digitalarkivet.no/sk/contents/56204?municipalities[0]=1548&start_year=&end_year=&text=

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit interessant og utfordrande innlegg!

 

Det er jo kjempebra at desse dødsmeldingane no er skanna og utlagde på nettet, men eg har ein mistanke om at listene for 1850-åri, der Claus og Anna skulle ha vore med, ikkje er fullstendige.  Ingen av dei andre som døydde i VÅGØY SOKN er med i desse listene, som, so vidt eg kan sjå, berre omfattar dødsfall i AGERØ SOKN!?  Finst det kan henda eit anna sett med dødsfallslister for Vågøy?  Eg lyt elles leggja til at kvaliteten på desse listene er svært skuffande.  Det står nesten ikkje noko om kven ervingane var...

 

Elles har eg i kveld fått bragt på det reine at det enno ikkje er utkomme noki bygdebok for den delen av Fræna der Sommerneset ligg.  Sommerneset er gnr. 74 og soleis den aller siste garden i heile bygdi...

 

No trur eg personleg ikkje me tek muunnen altfor full om me gissar på at Claus og Anna var husmannsfolk på plassen Myri der sonen Ole sidan budde, men den store utfordringi er sonen John!  Kvar i all verdi er det vorte av han??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne kjempegåta!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har sett litt meir på denne flyttingi frå Hafslo til Romsdalen:

 

Innflytte til Hæstad i Bud frå Hafslo i 1831: Hans(!) Johnson med kona Anna og fife born, inkl. sonen John: https://media.digitalarkivet.no/view/16074/111

 

Då dotteri Berit vart fødd 12.7.1832, budde Claus og Anna på Hæstad i Bud: https://media.digitalarkivet.no/view/16074/18

 

Og her er flyttingi deira til Sommerneset i Fræna frå Bud med attest frå 28.5.1833: https://media.digitalarkivet.no/view/16067/200

 

MEN borni er ikkje nemnde, korkje ved innflyttingi eller i jamføringslista: https://media.digitalarkivet.no/view/16067/238

 

Eg har no òg saumfare konfirmantlistene både for Bud og for Fræna samt gravferdslistene for båe prestegjeldi, og John Clausson er IKKJE å sjå nokon stad!

 

Han kan sjølvsagt vera uteleten, men når me ser kopr mange av desse borni som etter vart spedalske og døydde på Reknes i Molde, kan det tenljast at ogso John hamna der og kan henda so tidleg som i 1831/1832?

 

Eg står ganske so «bom fast» med denne huslyden, men vonar at kanskje nokon tross alt greier finna ei løysing?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.