Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Søkbar versjon av Norsk lysingsblad/kunngjøringsblad? - Kvar fins denne?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Frå tid til annan kjem det fram opplysningar om at vigselsdatoar dukkar opp i Norsk lysingsblad, òg omtalt som Norsk kunngjøringsblad.  Om eg hugsar rett, har det vore referert til Nasjonalbiblioteket, men finst det «online» ein søkbar versjon som ogso eg i Tyskland kan ha nytte av?

 

Eg leiter til dømes etter desse vigselsdatoane (og stadane):

 

** Kåre Røysi og Ragnhild Bjørlow - vigde i eller nær Drammen kring 1959?

 

** Tor Andreas Åsen (Aasen) og Berit Høgåsen - vigde i Grue i 1973?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du vil ha fri adgang til eldre utgaver av Norsk Kunngjørelsestidende, men ikke Norsk Lysingsblad.

 

https://www.nb.no/search?mediatype=aviser&counties=Oslo:[Norsk Kunngjørelsestidende,Norsk Lysingsblad]

 

Det kommer enkelt frem av materialet om du har adgang eller ikke.


Får ikke relevante treff på navnene du oppgir.

 

DTH

Endret av Dag T. Hoelseth
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Adressa er http://www.nb.no Her i Norge får ein sjå søketeksten, men ein må vere på biblioteket evt. Nasjonalbiblioteket for å få sjå skanna utgåver. Etter å ha søkt ein gong kan ein snevre inn søket til bøker/aviser, datoar, geografi og/eller namn på avis.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Første halvår av Norsk lysingsblad for både 1958 og 1959 er ennå ikke skannet. Heller ikke andre halvår av 1960. Skannet ut 1970.

 

Mvh Ragnhild Brænd

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Dag, Torbjørn, Ragnhild og Jarleif for interessante og nyttige innlegg!  Etter kva eg forstår, er det med andre ord ikkje so enkelt for meg å nytta denne basen herifrå Tyskland, og mange av utgåvene er dessutan ikkje skanna...

 

MEN du, Jarleif, har finne ei spennande kjelde for opplysningar om den eine huslyden som eg ser etter, og no lurer eg på:

 

* Har du høve til å skanna og senda meg, eventuelt direkte på e-post (lars.e.oyane@sdsl.no), det som står i denne boki om foreldri til Ragnhild Bjørløw samt om dei tre borni og eventuelt barneborni?  Det ville vera til stor hjelp for meg!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg legg ut eit par skjermbilete frå nb.no, slik det ser ut frå Norge:

 

5a73cd2bd1651_utennavn.thumb.jpg.e9a0ec50bbb0915588bcb7a969da7474.jpg

 

Som resulterer i:

 

5a73cda07a4a7_utennavn.thumb.jpg.8d7bbe69de7740907a4e05671eb682e7.jpg

 

(Foreldra mine gifta seg 31/12 1957 i Holmedal i Fjaler/Askvoll).

 

Korleis ser tilsvarande skjermbilete ut frå Tyskland?

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

14 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

** Tor Andreas Åsen (Aasen) og Berit Høgåsen - vigde i Grue i 1973?

 

Lysinga i Arbeiderbladet 4/1 1973 skal vere tilgjengeleg for alle, også utanfor landets grenser:

https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digavis_arbeiderbladetoslo_null_null_19730104_0_3_1

 

Dersom ein ikkje får treff på fyrste forsøk kan det vere fordi datamaskintolkinga (OCR) av den skanna teksten feilar. Ofte er det dei nordiske bokstavane Æ, Ø og Å som skaper problem, og det kan då svare seg å vere litt "kreativ". Som her:

 

5a73d4e323e6b_utennavn.jpg.12ad5caf2a0191645ac909a5a2b6f800.jpg

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torbjørn og Jarleif for nye interessante innlegg!

 

Eg har på ny freista nasjonalbiblioteket, og merkeleg nok fekk eg ein gong opp fleire alternativ for Tor Andreas Åsen eller Asen, men då eg prøvde ein gong til, fekk eg melding om manglande tilgong!   Forstå det den som kan...

 

Uansett, so fekk eg stadfesting av vigselsdatoen til Tor Andreas Åsen og Berit Høgåsen, og det var den eg leitte etter...!

 

Takk til Jarleif òg for direkte melding med sidene frå boki om familien Bjørløw.  Nokre av opplysningane stemmer ikkje med dei eg har, medan andre var nye for meg!  Kjempebra!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i denne saki!  Problemet er i første omgong løyst!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg tek oppatt spørsmålet mitt ovanfor ein gong til. Dersom du søkjer på det same som meg (innlegg #7), får du då opp det same skjermbiletet som meg med to treff, deriblant eitt frå Norsk Lysingsblad, og med søkjeteksten synleg og søkjeordet markert? Dette er interessant å få svar på. Når ein veit kva du ser og ikkje ser blir det lettare ein annan gong å hjelpe både deg og andre som oppheld seg i utlandet.

 

3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Eg har på ny freista nasjonalbiblioteket, og merkeleg nok fekk eg ein gong opp fleire alternativ for Tor Andreas Åsen eller Asen, men då eg prøvde ein gong til, fekk eg melding om manglande tilgong!   Forstå det den som kan...

 

Dette virkar merkeleg. Er det noko hjelp i å skrive inn http://www.nb.no i nettlesaren og prøve på nytt?

 

Er det evt. noko hjelp i å bruke http://beta.nb.no ?

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ein ting til:

 

https://www.nb.no/rettigheter

 

Under bøker står m.a. følgjande:

 

Sitat

Tilgang kan åpnes i utlandet for forskning og utdanning.

 

Kanskje kan dette også gjelde for aviser. Eg ville ha kontakta Nasjonalbiblioteket, forklart at du er bygdebokforfattar og har lagt ned eit omfattande arbeid med bygdebøkene for Luster, og spurt om det er mogeleg at du kan få tilgang frå utlandet til heile eller deler av det materialet som Nasjonalbiblioteket har digitalisert. Det kan jo hende at du får eit nei, men du har heller ikkje noko å tape på å spørje.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no fått stadfesta ved hjelp av ein annan brukar her på forumet at det skal vere mogeleg å søkje i digitale aviser frå https://www.nb.no også frå utlandet. Dermed skal Lars ha den same mogelegheita til å søkje i f. eks. Norsk Lysingsblad som vi har her i Norge. Ein får i begge tilfelle sjå den same trefflista med tekst, men heller ikkje vi i Norge har tilgang til den skanna utgåva av Norsk Lysingsblad.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg seier meg lei for sein attendemelding i dette emnet, men i dag har eg endeleg hatt høve til å testa ut desse basane frå Nasjonalbiblioteket, og det ser ut til at ogso eg no kjem inn på denne avisbasen herifrå utlandet, so lenge eg nyttar rette nemningi: http://www.nb.no

 

Men eg er framleis usikker når det gjeld Norsk Lysingsblad og Norsk Kunngjøringstidende.  Eg får nemlig IKKJE noko treff når eg søker konkret etter denne vigsli som skal ha finne stad hjå byfogden i Stavanger våren (februar?) 1950:

 

Erling Jordal og Aud Ikdahl

 

Eller er kanskje dette mellom dei utgåvene av Norsk Kunngjøringstidende/Lysingsblad som enno ikkje ligg føre i skanna form?

 

Eg takkar på ny for hjelpi med å forstå korleis desse basane til Nasjonalarkivet virker!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er lysinga i Norsk Lysingsblad:'

https://www.nb.no/search?q=jordal&mediatype=aviser&series="Norsk Lysingsblad"&fromDate=19500101&toDate=19500301

5a83125510da3_utennavn.jpg.fda58ee978270a652afe2b1b336517a3.jpg

 

Det er datamaskiner som prøver å tolke teksten på dei skanna sidene, og det er heilt vanleg at teikn blir oppfatta feil. Dette vanskeleggjer søking.

Ein må dermed også ta datoar og årstal osv. med ei viss klype salt. Av og til er også ulike deler av avisteksten blanda. F. eks. kan dødsannonsar vere blanda, slik at nokre av namna høyrer til ei anna dødsannonse i same avis. Det at ein ikkje har tilgang til den skanna utgåva for kontroll er ikkje optimalt, likevel meiner eg at tekstutsnitta er betre enn ingenting.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Feil i lenke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torbjørn for nye spennande innlegg!

 

Mykje av saki har nok å gjera med KORLEIS ein formulerer søket, men uansett kva eg skriv, får eg IKKJE opp lysingi frå Norsk lysingsblad, so eitt eller anna «filter» synest liggja i systemet...

 

MEN, vigsli er komi til rette og fann altso stad hjå sorenskrivaren på Jæren med kontor i Stavanger 25.2.1950!  Problemet mitt er soleis løyst!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med dette søket!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg ser no at lenkene mine ikkje var klikkbare, eller rettare sagt, når ein klikka fekk ein berre ein del av lenka.

 

Eg har retta dette i innlegga ovanfor. Dersom du klikkar på lenkene no skal du sjå korleis eg har søkt.

 

Kva skjer når du opnar følgjande lenke? Får du då fram treffet i Norsk Lysingsblad?

https://www.nb.no/search?q=jordal&mediatype=aviser&series="Norsk Lysingsblad"&fromDate=19500101&toDate=19500301

 

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torbjørn for siste innlegget!

 

Jau, no eg får opp treffet i Norsk Lysingsblad...  Det er nok «teknikken» som ikkje er heilt perfekt hjå meg...

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

So er eg komen borti eit anna «lysingsproblem» som eg delvis har greidd å løysa:

 

Ved søk av: https://www.nb.no/search?q="Lillemor Haug"

 

får eg opp lysingi 23.7.1953 for Nils Aarøy og Herborg Lillemor Haug, og det ser ut til at det vert referert til byfogden i Oslo, men eg finn ikkje borgarlege vigsler i Oslo for 1953!

 

Kanskje nokon greier å finna nøyaktig dato og stad for denne vigsli?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Endå to spørsmål er dukka opp i samband med Norsk lysingsblad:

 

Dette søket: https://www.nb.no/search?q="Berit Helen Hatlevoll"

 

gjev mellom anna to treff frå februar/mars 1963, men eg har fått oppgjeve vigselsdatoen 4.5.1963 for Knut Olav Guilbrandsen og Berit Helen Hatlevoll - kan det stemma?

 

Og dette søket: https://www.nb.no/search?q="Odd Hatlevold"

 

gjev mellom anna to treff frå april 1955.  Eg har fått oppgjeve at Odd Hatlevold og Anny Synnøve Aareskjold gifte seg i Høyland kyrkje i 1955, men dato manglar.  Går datoen fram av desse avisannonsene?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelp til «tolking» av desse annonsene...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Og dette søket: https://www.nb.no/search?q="Odd Hatlevold"

 

gjev mellom anna to treff frå april 1955.  Eg har fått oppgjeve at Odd Hatlevold og Anny Synnøve Aareskjold gifte seg i Høyland kyrkje i 1955, men dato manglar.  Går datoen fram av desse avisannonsene?

 

https://www.nb.no/search?q=aareskjold&mediatype=aviser&fromDate=19550501&toDate=19550531

 

Sitat
 
 
Eg tippar at det står Lura i Høyland i den skanna utgåva.
Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Dette søket: https://www.nb.no/search?q="Berit Helen Hatlevoll"

 

gjev mellom anna to treff frå februar/mars 1963, men eg har fått oppgjeve vigselsdatoen 4.5.1963 for Knut Olav Guilbrandsen og Berit Helen Hatlevoll - kan det stemma?

 

https://www.nb.no/search?q=Hatlevoll&mediatype=aviser&fromDate=19630501&toDate=19630531

 

I følgje Arbeiderbladet 3/5 1963 (ope for alle) vart paret gift i Vålerengen kirke dagen etter (altså 4/5) kl. 17.

 

Ho står øvst på sida her:

Oslo fylke, Vålerenga i Oslo, Lysningsprotokoll nr. 6 (1959-1969), Lysninger 1963, Side 31
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20060329020921

 

Når det gjeld Herborg Lillemor Haug må eg melde pass.

 

 

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torbjørn for dei siste innleggi som har hjelpt meg til svar på dei nyaste «vigselsspørsmåli» mine.

 

Når det gjeld vigsli til Nils Aarøy og Herborg Lillemor Haug, so vil eg leggja det spørsmålet ut som eige tema.  Eg finn ikkje dei borgarlege vigslene for Oslo for 1953, sjølv om dei vel burde vera tilgjengelege...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i samband med desse utfordringane i samband med søkebasane til Nasjonalbiblioteket!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.