Jump to content
Arkivverket

Ole Olson «Everson» Krogen frå Hafslo (1858-1940) og huslyden hans i Amerika - ei utfordring av dimensjonar!


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Bygdebokprosjektet for Luster kommune er i avslutningsfasen, og eg vil i kveld gjerne få syna fram denne kjempeutfordringi som i utgongspunktet er ein del av følgjande tema:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/173530-ole-iverson-everson-1818-og-kirsti-stina-olson-1822-ei-amerikansk-utfordring/

 

Eg har freista samla dei manglande detaljane om denne huslyden gjennom fleire års aktiv innsats i Amerika, men no står eg fullstendog «bom fast», og det hadde vore so kjekt for prosjektet vårt om i alle fall nokre av «tomrommi» kunne verta fyllte med svar...  No er ekspertisen i Brukarforum mi siste von!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

 7. Ole Olson (Krogen), f. i Hafslo 12.7.1858,

Ole Olson, sidan kjend som Ole Everson, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1866 og gifte seg i Worth Co., Ia. 12.6.1889 med Anna Johanna Sanvik, dotter av husmann Ludvig Ellingson Sanvik frå Langen under Talle i Luster (1843-1941).  Anna var f. i Luster 10.2.1871, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1882.  Ole og Anna farma ei tid i Silver Lake township, Worth Co., Ia., men flytte sidan inn til Lake Mills, Winnebago Co., Ia. der dei dreiv pensjonat («boarding and rooming house owners and operators»).  Ole d. i Lake Mills, Ia. 15.2.1940, medan Anna Everson d. same staden 5.12.1963.  Dei fekk ti born i lag:

a. Mattie Lourensa Everson, f. i Worth Co., Ia. 5.9.1890, d. i Forest City, Ia. 11.3.1967.  Mattie gifte seg i Lake Mills, Ia. 27.2.1910 med Albert W. Anderson, f. i Worth Co., Ia. 17.2.1889.  Han d. i Lake Mills, Ia. 21.1.1965.  Mattie og Albert farma i Silver Lake township, Worth Co., Ia. og sidan i Newton township, Winnebago Co., Ia.  Dei fekk tre born i lag.

b. Emma Caroline Everson, f. i Worth Co., Ia. 12.11.1892, d. i Glenville, Minn. 10.9.1982.  Ho gifte seg i Emmons, Minn. 11.6.1913 med Otto Olson.  Han var f. i Freeborn Co., Minn. 4.7.1887 og d. i Glenville, Minn. 16.3.1965.  Otto Olson var meieriarbeidar («buttermaker»), og han og Emma budde mellom anna i Armstrong og Estherville, Emmet Co., Ia., i Lake Park, Dickinson Co., Ia., i Kiester, Faribault Co., Minn. og til sist i Glenville, Freeborn Co., Minn.  Dei fekk to søner i lag.

c. Oden Lawrence Everson, f. i Worth Co., Ia. 18.9.1895, d. i Mason City, Ia. 29.5.1972.  Han gifte seg i Worth Co., Ia. 14.6.1925 med Gina, kjend som Gena Leegaard, f. i Freeborn Co., Minn. 13.10.1895.  Ho d. i Cherokee, Ia. 25.3.1966.  Oden og Gena farma i Silver Lake township, Worth Co., Ia., men var barnlause.

d. Gina Josephine, kjend som Josie Everson, f. i Worth Co., Ia. 16.4.1898, d. i Albert Lea, Minn. 30.6.1972.  Josie gifte seg første gongen i Forest City, Ia. 18.2.1919 med Mikal Jeremias Olson Mikalson frå Kjærvik i Malangen, Balsfjord, i Amerika kjend som Michael J. Mikkelson. Han var son av gardbrukar Ole Andreas Volnum Mikalson på Kjærvik og kona Elina Christine Jørgensdotter frå Kirkevik og f. i Malangen, Balsfjord 27.5.1897, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1901.  Han d.

 

     ¤¤¤¤¤ (exact date and place of his death? – buried Oakwood cemetery, Plymouth, IA)

 

     .6.1955.  Michael var meieriarbeidar («buttermaker»), først i Kiester, Faribault Co., Minn. og sidan i Plymouth, Cerro Gordo Co., Ia., men vart skild frå Josie kring 1933.  Josie gifte seg so att i

 

     ¤¤¤¤¤ (date and place of her 2nd marriage? – after 1930!)

 

     med Leo Franklin Schollian.  Leo var f. i Franklin Co., Ia. 12.7.1896 og d. i Dubuque, Ia. 29.8.1977.  Leo livnærte seg som

 

     ¤¤¤¤¤ (occupation? – 1930 with 1st wife and one dau salesman at granite works, Mason City, Cerro Gordo Co., IA)

 

     og han og Josie budde i Cedar Rapids, Linn Co., Ia., men vart skilde kring 1938, og Josie flytte til Dubuque, Dubuque Co., Ia. der ho var butikkdame («sales clerk»).  So gifte ho seg tredje gongen i Bay City. Mich. 24.12.1945 med Mark Van Hurk, f. i Bay Co., Mich. 10.8.1890.  Han d. i Bay City, Mich. 19.3.1949.  Mark var fabrikkarbeidar («sugar boiler»), og han og Josie budde i Bay City, Bay Co., Mich., men som enkje flytte Josie i 1955 til Albert Lea, Freeborn Co., Minn. der ho arbeidde som kokke («cook»).  Josie fekk to born, som båe var frå første ekteskapet.

e. Elma Henrietta Everson, f. i Worth Co., Ia. 24.6.1900, d. i Worth Co., Ia. 6.8.1910.

f. Esther Ovidia Everson, f. i Worth Co., Ia. 3.11.1902, d. i Lake Mills, Ia. 20.7.1989.  Esther gifte seg i Mason City, Ia. 30.6.1926 med Benjamin Charles Doege.  Han var f. i Wright Co., Ia. 31.3.1896 og d. i Albert Lea, Minn. 21.12.1972.  Esther og Benjamin farma først i Lincoln og Norway townships, Winnebago Co., Ia., men flytte sidan til Brainerd, Crow Wing Co., Minn. der dei dreiv ein feriepark («resort owners and operators»).  Dei adopterte ei dotter.

g. Lester Ingvald Everson, f. i Worth Co., Ia. 5.3.1905, d. i Lake Mills, Ia. 12.10.1956.  Lester gifte seg i Northwood, Ia. 11.4.1937 med Myrtle Geneva Richards, f. Peterson, f. i Worth Co., Ia. 1.12.1909.  Ho d. i Forest City, Ia. 29.1.2000.  Som enkje gifte ho seg

 

     ¤¤¤¤¤ (date and place of her 3rd marriage? – NB: she married 1st time Northwood, IA Oct. 12, 1929 to James George Richards, moulder, born Denver, CO 1904 – res. De Moines, IA)

 

     att med Arthur Conrad Nelson, f. i Worth Co., Ia. 3.1.1905.  Han d.

 

     ¤¤¤¤¤ (place of his death?)

 

     4.1.1991.  Lester Everson var målar («painter»), og han og Myrtle budde i Lake Mills, Winnebago Co., Ia., medan Arthur Nelson var

 

     ¤¤¤¤¤ (his occupation? – 1940: road construction patrol operator)

 

     og han og Myrtle budde i Kensett, Worth Co., Ia. Myrtle fekk ei dotter som var frå første ekteskapet.

h. Gilma Amanda Everson, f. i Worth Co., Ia. 11.2.1907, d. i Albert Lea, Minn. 5.4.1980.  Ho gifte seg første gongen i Albert Lea, Minn. 31.12.1927 med Harland Gerhard, kjend som Gerhard H. Peterson.  Han var f. i Worth Co., Ia. 6.4.1899 og d. i Albert Lea, Minn. 20.12.1958.  Gilma var lærar («school teacher»), medan Gerhard var snikkar og farmar («carpenter and farmer»).  Dei budde i King township, Winnebago Co., Ia., men flytte i 1957 til Albert Lea, Freeborn Co., Minn.  Dei fekk to søner i lag.

i. Laura Nina Everson, f. i Worth Co., Ia. 7.2.1909, d. i Mason City, Ia. 10.11.1992.  Ho gifte seg i Pasco, Wash. 12.11.1941 med Robert Milton Seaman.  Han var f. i Floyd Co., Ia. 11.3.1913 og d. i Des Moines, Ia. 29.5.1986.  Robert var snikkar («carpenter»), medan Laura var lærar («school teacher»).  Dei budde i Nora Springs, Floyd Co., Ia. og fekk ei dotter i lag.

j. Evelyn Margaret Everson, f. i Worth Co., Ia. 28.4.1911, d. i Adel, Ia. 4.8.2001.  Ho gifte seg i Manchester, Ia. 2.9.1933 med Theodore August Rumbley.  Han var f. i Polk Co., Ia. 14.4.1909 og d. i Mason City, Ia. 14.5.1998.  Theodore Rumbley var leiar for ein trelasthandel («lumberyard manager»), og han og Evelyn budde i Manly, Worth Co., Ia.  Dei fekk ein son i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og vonar at «gullalderen» enno ikkje er forbi!

Link to comment
Share on other sites

På 8.2.2018 den 22.45, Lars E. Øyane skrev:

d. Gina Josephine, kjend som Josie Everson, f. i Worth Co., Ia. 16.4.1898, d. i Albert Lea, Minn. 30.6.1972.  Josie gifte seg første gongen i Forest City, Ia. 18.2.1919 med Mikal Jeremias Olson Mikalson frå Kjærvik i Malangen, Balsfjord, i Amerika kjend som Michael J. Mikkelson. Han var son av gardbrukar Ole Andreas Volnum Mikalson på Kjærvik og kona Elina Christine Jørgensdotter frå Kirkevik og f. i Malangen, Balsfjord 27.5.1897, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1901.  Han d.

 

     ¤¤¤¤¤ (exact date and place of his death? – buried Oakwood cemetery, Plymouth, IA)

 

     .6.1955. 

 

newspaperarchive.com er det en artikkel om dødsfallet til Michael J. Mikkalson. Artikkelen er fra fredag 17.6.1955, og det står at han døde onsdag. Antar at det da menes onsdag 15.6.1955? Jeg har ikke abonnement på denne tjenesten, men her er det som synes på det gratis søket:

 

5a80546fa4b39_Skjermbilde2018-02-11kl_15_34_00.png.4c2229427cc0af5663e6cbc474680e4a.png

 

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Lars W. for nye interessante innlegg om denne huslyden.

 

Eg ser at Michael tydeleg skreiv seg for Mikkalson, og denne namneformi ser me òg på gravstøtta hans i Oakwood cemetery:

 

https://www.findagrave.com/memorial/96923452/michel-j-mikkalson

 

Eg trur nok dødsdatoen likevel er 15.6, for gravferdi var jo først 18.6., og meir enn eit eit par-tre dagar let dei i Amerika sjelden liki liggja før dei kjem i jordi!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.