Gå til innhold
Arkivverket

Peder Christenson Aasen - fødd i Hafslo 1834 - utvandra i 1867 - truleg til Wisconsin - lagnaden hans? - var han gift med Kari Johnsdotter frå Lom? - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

So har eg fått ei ny kjempeutfordring å hanskas med i Amerika:

 

Peder Christenson Aasen, yngste barn av gardbrukar Christen Christenson Aasen (1781-1870) og kona Lucris Iversdotter (1789-1869), var fødd i Hafslo 7.9.1834: https://media.digitalarkivet.no/view/11456/87

 

Han budde i 1865 hjå foreldri sine i Hafslo: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038260002664

 

Han utvandra til Amerika i 1867: https://media.digitalarkivet.no/view/6870/64

 

Peder hadde tre eldre søstrer, Kirsti (1824), Lucris (1825) og Cecilia (1829) som før hadde utvandra til Amerika og som alle budde i «kvar sin ende» av Dane Co., WI, ei av dei i Mt. Horeb, og nettopp i Mt. Horeb, Dane Co., WI finn eg ei «mistenkeleg» vigsle 14.2.1876:

 

Peder Christofersen Aasen - 34 år - son av Christopher og LUCRICE Aasen

Kari Johnsdotter - 42 år - dotter av John og Rønnaug Eilefson

 

Forlovarar er Johannes Hillestad og ein Eilif Obele(?), og nettopp Johannes Hillestad var gift med Lucris Christensdotter!!!

 

https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314951-00361?pid=3429275&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D3429275%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx4894%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4894&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Til tross for avvik både i namn og alder, kan dette likevel vera «vår» Peder Christenson Aasen??

 

Når det gjeld Kari, finn eg ein god «kandidat» i denne jenta, sjølv om me ogso her ser eit visst avvik i alder...:

 

Karen Johnsdotter, fødd i Lom 18.12.1831 som dotter av John Eilefson Nordjordet og Rønnaug Johnsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/9245/93

 

Kanskje ho som i 1865 var ugift på Kvernstuen i Lom hjå broren Eilef: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0514&kenr=002&bnr=0024&lnr=00

 

Eilif og Kari Kvernstuen utvandra frå Lom til Amerika i 1866: https://media.digitalarkivet.no/view/6072/272

 

MEN, eg finn ikkje nokon som liknar Peder og Kari i FT1880 for Dane Co., WI, so kvar vart det av dei??

 

Og, kan nokon stadfesta at eg har finne «rett» Peder og «rett» opphav til Kari Johnsdotter?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

og nettopp i Mt. Horeb, Dane Co., WI finn eg ei «mistenkeleg» vigsle 14.2.1876:

 

Peder Christofersen Aasen - 34 år - son av Christopher og LUCRICE Aasen

Kari Johnsdotter - 42 år - dotter av John og Rønnaug Eilefson

 

Forlovarar er Johannes Hillestad og ein Eilif Obele(?), og nettopp Johannes Hillestad var gift med Lucris Christensdotter!!!

 

Fra FS - https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XRLJ-MJM

 

Wisconsin, County Marriages, 1836-1911
Name:    Peder Christopherson Aasen
Event Type:    Marriage
Event Date:    14 Feb 1876
Event Place:    Springdale, Dane, Wisconsin, United States
Gender:    Male
Race:    White
Birthplace:    Norway
Father's Name:    Christopher Aasen
Mother's Name:    Lucrecia Iversdatter
Spouse's Name:    Kari Johannesdatter
Spouse's Gender:    Female
Spouse's Race:    White
Spouse's Father's Name:    John Elifsen
Spouse's Mother's Name:    Ronory Johnsdatter

Note:    Pr Name: Res: Springdale Occ: Farmer;

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for eit nyttig og stadfestande innlegg!

 

Eg trur me kan vera ganske so sikre på at det er «vår» Peder Christenson som stod brudgom i Dane Co., WI i 1876, og at kona hans er frå Kvernstuen i Lom er nok òg ganske so sikkert etter at eg oppdaga bror hennar, Ellef Johnson, som busett i Mt. Vernon village, Springdale township, Dane Co., WI i 1880:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBG-9HBV

 

Og her er vigsli til Ellef Johnson i Perry Lutherean church, Dane Co., WI 1.5.1868 (som me ser, har han same foreldre som Karen...):

 

https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314952-00733?pid=827668&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D827668%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx4907%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4907&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Men den seinare lagnaden til Peder og Kari/Karen er framleis ei «gåte»...  Kvar kan dei ha vorte av etter 1876?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til løysing av denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no «reinskrive» manuskriptet mitt for Peder og kona, og teksten lyder slik:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter at Per har finne opplysningar om Kari i bygdeboki for Lom, er dette manuskriptet erstatta av eit nytt i innlegg #6 nedanfor!

 

Samstundes har eg søkt litt meir etter Peder i andre amerikanske kjelder, men eg finn han ingen stadar!  Ikkje ser eg Peder og Kari i Wisconsin eller andre stadar i 1880 eller 1900, og heller ikkje finn eg dei registrerte på nokon av dei norsk-amerikanske kyrkjegardana i området...  Merkeleg...  Eg finn heller ikkje Ellef Johnson etter 1880 eller på nokon av dei nemnde kyrkjegardane...

 

Kanskje andre har betre auge enn meg?

 

Elles er det noko uklart for meg kvar i Lom Kari eigentleg var oppvaksi?  Ho er framleis kalla Nørjordet ved konfirmasjonen i 1846:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8915/310

 

men eg mistenker denne konfirmantlista for å attspigla fødestaden og ikkje bustaden...

 

* Kvar budde faren John Ellefson då han døydde - før 1865?

 

Ogso opphavet til mori Rønnaug er noko uklart for meg...

 

Bygdebøkene for Lom har truleg svar på det meste...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å kartleggja denne kjempeutfordringi!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jon Eilevsson og Rønnaug Jonsdottet er omtalt i bygdaboka for Lom, band 3 under Nedre Nørjordet, side 365:

 

Det står Jon Eilevsson f.1793, d.1858 (venteleg i Nørjordet sidan ikkje anna er sagt) g.1814 m. Rønnaug Jonsdotter f.1797 på Øverbø, d.1863 på Kvamsøygarden. Om dattera Kari f.1831 står ddet berre at ho tok utflytting til Amerika i 1866. Det står at familien brukte garden 1812-1852 så Kari nå vere oppvaksen der. Foreldre til Jon hadde garden før han. Sonen Eilev Jonsson tok over etter foreldra i 1852, men selde garden alt året etter. 

 

Med helsing

 

Per 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Per for eit interessant og spennande innlegg!

 

Du har skaffa meg alle dei opplysningane som eg treng om opphavet til Kari Johnsdotter, og her følgjer ein oppdatert versjon av manuskriptet mitt for huslyden til Peder og Kari, til erstatning for manuskriptet i innlegg #4 over:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: So har Lars W. finne denne huslyden att i Wisconsin, og manuskriptet er på ny erstatta av eit nytt i innlegg #9 nedanfor!

 

Då står det att å finna lagnadane deira i Amerika, noko som framleis er ei kjempeutfordring!  Men eg har god tru på at denne utfordringi før eller sidan kan finna ei løysing, og eg takkar på ny for framifrå bistand til denne oppgåva!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg lurer på om dette kan være Peter og Carrie? Bosatt i Black Earth, Dane, Wis. med diverse fødselsår og innvandringsår. Se spesielt 1905 hvor "Lucretia Holerstine" er oppført som søster. Kan det være feilskrift for Hillestad?

 

 

FT1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MN4Z-QC2

5a7e0fc7243fd_Skjermbilde2018-02-09kl_22_16_36.png.361f712754a01c50e97ae3530912a8f0.png

 

FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MMK4-HHQ

5a7e102ee12b3_Skjermbilde2018-02-09kl_22_17_36.png.d962f535c9695e9114fb97d63b7ca63d.png

 

FT1905: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MMS2-14K

5a7e105f78f59_Skjermbilde2018-02-09kl_22_19_12.png.8694cdf1a33e35c21464759c5363e0cd.png

 

FT1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MPJP-Z57

5a7e10940b3bd_Skjermbilde2018-02-09kl_22_19_51.png.57f0fe63be22a76cd77da90a0e0ea77c.png

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for eit fantastisk innlegg!  Eg er meir enn imponert!!

 

Eg hadde aldri trudd at Peder ville ha nytta ættenamnet Christopherson, sjølv om han vart kalla med dette namnet ved vigsli i 1876, men når eg studerer desse opplysningane meir i detalj, er eg ikkje i tvil!  FT1905 gjorde utslaget!

 

Og no ser eg i ei privat kyrkjegardsavskrift for Oak Hill cemetery i Black Earth, WI at:

 

Peder Christofferson, 80 år, døydde 13.1.1913 - 80 år gamal

 

Kona Kari «Carrie» er kan henda gravlagd attmed mann sin, men gravstøtta manglar.  Derimot finn eg ho som enkje i Black Earth, Dane Co., WI i 1920:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVD-N3R?i=2&wc=QZJB-8XN%3A1037438101%2C1038198301%2C1038208701%2C1589332306%3Fcc%3D1488411&cc=1488411

 

Då er faktisk denne utfordringi på det næraste løyst - berre dødsfallet til Carrie manglar, og er berre kjempenøgd!

 

Nok ein kjempetakk for framifrå bistand til løysing av denne utfordringi!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

For tryggleiken si skuld legg eg her inn eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #6 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Christenson (Aasen), f. i Hafslo 7.9.1834,

Peter Christopherson utvandra til Amerika i 1867 og gifte seg i Dane Co., Wis. 14.2.1876 med Kari Johnsdotter frå Nørjordet nedre i Lom, i Amerika kjend som Carrie Johnson.  Ho var dotter av gardbrukar John Ellefson på Nørjordet nedre og kona Rønnaug Johnsdotter frå Øverbø og f. i Lom 18.12.1831, men utvandra til Amerika i 1866.  Peter og Carrie farma ei tid i Springdale township, Dane Co., Wis., men flytte før 1880 inn til Black Earth, Dane Co., Wis. der Peter livnærte seg som dagarbeidar («day laborer»).  Peter d.

 

¤¤¤¤¤ (place of his death? – Black Earth, WI?)

 

13.1.1913, medan Carrie Christopherson d.

 

¤¤¤¤¤ (date and place of her death? – after 1920!)

 

Dei var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Som me ser, er det no berre detaljane kring dødsfalli som manglar.  Truleg lyt eg tinga dødsattestar frå Wisconsin (dei er ikkje online tilgjengelege for denne perioden) for å få tak i dei fullstendige opplysningane...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.