Gå til innhold
Arkivverket

SF Gloppen - uidentifiserte personar i 1815-tellinga


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Då eg for eit par år sidan var med og skreiv av 1815-tellinga for Gloppen, hadde eg moro av å identifisere alle desse personane, og plassere dei inn i rett samanheng i bygde-basen min. Eg tykkjer eg har greidd det bra, men sit att med ei handfull personar som eg ikkje har fått nagla fast. Kanskje er det nokon som kan hjelpe meg med nokre av dei?

 

Dei fleste er oppførte som tenarar i husstanden, og eg ser ikkje bort frå at dei har familietilknyting på nokon måte – td var heimsending av «overskytande» born frå td Bergen nokså vanleg, td når ein av foreldra sat att åleine med ansvaret etter dødsfall. Eg har funne fleire slike allereie i denne tellinga. Så kven er desse?

 

  1. Hos Josef Knutson Gjengedal tener ei Dorte Arnedtr Sande, angiveleg 18 år. Kven er ho?

  2. Hos Rasmus Valdemarson Hope tener ei Eli Rasmusdtr, angiveleg 24 år. Kven er ho?

  3. På Hopland (den delen som høyrde til Gloppen) bur den legdsfattige Synnøve Hestenesøyra, angiveleg 70 år. Kven er ho?

  4. Hos Lasse Jonson Solheim (Fjellbygda) tener ei Brite Ingebrigtdtr, angiveleg 27 år. Eg reknar med at ho må vere identisk med den Brite Ingebrigtdtr som tener hos Nils P Hauge i 1801, då angiveleg 13 år. Kven er ho?

  5. Hos Sjur Andersson Heimset tener ei Jannike Nilsdtr Solheim, angiveleg 66 år. Eg går ut frå at ho er identisk med henne som tener på Rønnekleiv i 1801, og med henne som er konfirmert i Vereidskyrkja i 1768, men kven er ho?

  6. Hos Ola Nilsson Heimset tener ein Peder Olsson «Krogenes», angiveleg 20 år gammal. Kven er han? Kan det vere Kråkenes i Vågsøy, eller finst der stader i Sunnfjord som ligg nærare til Hyen?

  7. Hos Abraham Jonson Ytre Henden tener ei Anna Marie Nilsdtr, angiveleg 18 år. Kven er ho?

  8. Hos Jakob Olsson Indre Henden tener ei Kristi Jensdtr, angiveleg 21 år. Kven er ho?

  9. LØYST - Hos Steffen Rasmusson Sande tener ei Magdeli Jakobsdtr, angiveleg 36 år. Ho tener i same familien i 1801 også, men kven er ho? SVAR: ho er dotter til brukaren si farsyster, Brite Steffensdtr Orheim.

  10. Hos Kristian Torgeirson Hestenes tener ei Else Katrine Olsdtr Hilde, angiveleg 31 år. Kven er ho?

  11. Hos Rasmus Rasmusson Sårheim tener ei Jakob Nilsson Gåsemyr, angiveleg 23 år. Kven er han?

  12. Hos Kristoffer Jensson Skjerdal tener ei Tora Jonsdtr Rød, angiveleg 40 år. Ho er gjerne frå Røed i Eid, men kven er ho?

  13. Hos Kristoffer Nilsson Skeistrand tener ein Knut Jakobson Myrold, angiveleg 20 år. Eg reknar med at han er identisk med Knut, son til Jakob Nilsson Myrold og Sigrid Monsdtr Stårheim – men er der noka tilknyting til Skeistranda, eller er han berre ein tilfeldig tenar?

  14. Hos Jakob Absalonson Sårheim tener ein Peder Pederson med eit vedheng som knapt kan lesast som anna enn Dbmb; eg har ikkje greidd å tenkje ut kva det kan bety. Han er angiveleg 34 år, og «NB! Hans kone tiener paa Jølster». Kven er han?

  15. Hos Steffen T Hope tener ei Johanne Arnedtr Flø, angiveleg 20 år gammal. Ho er også konfirmert i Gloppen, og melder utflytting til Sunnfjord i 1823. Ho må vere identisk med dotter til Arne Arneson og Margrete Jondtr Flø i Herøy 1801, 6 år gammal – men kvifor i alle dagar til Hope?

  16. På Apalset er det innkvartert ein «glar-mester» Tollak Tolland, sikkert på eit slag gjennomreise. Eg går ut frå at det er same mannen eg finn i Stavanger 1801, 29 år gammal, og reknar det ikkje som sannsynleg at han har noko tilknyting til Gloppen, men likevel – er det nokon som veit noko om han?

  17. Like eins innkvartert på Apalset, Secondløytnant Hans Jakob Arnold Borse Geelmuyden. Her har er googla meg fram til at foreldra må vere Knut Geelmuyden og kona Anna Margrete Munthe, men det hadde likevel vore artig å vite litt meir; om han har noko tilknyting til Gloppen, f.eks.

  18. Hos Morten Janson Årevik er det to tenestefolk eg nok aldri får identifisert. Det er langt ut til Årevika, og om presten har rota vekk kladden eller kva som er årsaka, veit eg ikkje, men dei står førte som En dreng, 16 år, og En pige, 30 år. Så desse får nok leve sitt anonyme liv for framtida og.

 

Men dei andre - ?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Punkt nr. 6:   Du har Kråkenes i Førde og utan at eg kan seie noko meir om denne Peder Olsen, og du har vel Krogenes i Vanylven som heller ikkje er altfor langt unna.

Endret av Harald L. Bakke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for tips! Eg har søkt på Pe* Ol* Kra*|Kro* på heile Vestlandet i 1801 utan suksess, men han treng ikkje vere knytt til "Krogenes" på det tidspunktet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

På Hopland (den delen som høyrde til Gloppen) bur den legdsfattige Synnøve Hestenesøyra, angiveleg 70 år.

Ei Syneve datter av Siur Johanson ble døpt 19.9.1728 i Gloppen, i følge Familysearch.

 

Andre mulige kandidater: https://www.familysearch.org/search/search/record/results?count=20&query=%2Bgivenname%3ASynnøve~ %2Bbirth_place%3A"Sogn og Fjordane"~ %2Bbirth_year%3A1720-1740~

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk til Ivar Moe - eg finn denne Bernt Arneson Steinsvik i 1801, og blir straks interessert i kona hans, Kari Simonsdtr. Eg manglar nemleg ei frå Hyen med det namnet; eg får sjå om eg kan finne ei vigsle på dei.

 

Og til Lene: dessverre døyr Synnøve Sjurdtr Hestenes i fyrste leveåret, så ho er uaktuell. Men takk for tipset uansett!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 minutt siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

essverre døyr Synnøve Sjurdtr Hestenes i fyrste leveåret,

Dør de begge to i første leveåret, både hun fra 1727 og hun fra 1728?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Akkurat nå, Lene Benedicte Lauritzen skrev:

Dør de begge to i første leveåret, både hun fra 1727 og hun fra 1728?

Ja, dessverre - harde tider.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Hos Steffen T Hope tener ei Johanne Arnedtr Flø, angiveleg 20 år gammal. Ho er også konfirmert i Gloppen, og melder utflytting til Sunnfjord i 1823. Ho må vere identisk med dotter til Arne Arneson og Margrete Jondtr Flø i Herøy 1801, 6 år gammal – men kvifor i alle dagar til Hope?

 

 

Berre for ordens skuld: Det må vere i Ulstein du har funne Johanne m. foreldre i 1801, på Indre Flø

https://media.digitalarkivet.no/ft20090806340046 (5. familie til høgre)

 

Men det stemmer at Arne sin bror, Bernt Arneson budde i Steinsvika i Herøy

 

Dei står i Bygdeboka for Ulstein og Hareid, b.3 s. 98-99.  Eg finn ikkje noko meir spor etter dei to brørne Arne og Anders, 10 og  3 år i 1801.

 

Bernt Arneson (1760-1826) og kona Kari Simonsd (1760) står i Herøy Gardar og folk (2.utg) b.1 s. 487. Brukar i Steinsvika 1797-1812 (og som plassemann e. 1812).

Bygdebokskrivaren har ikkje funne vigselsår eller dødsår for Kari (men han kan ha oversett noko).

Buet etter Bernt har tydelegvis vore i skifteretten (sjå #4), men eg kan ikkje finne honom i skifteregisteret.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jacob Michelsen Orheim og kona Brithe Stephensdtr. (frå Sande i Gloppen) fekk to døtre med namn Magdeli hhv. i 1775 og 1779. Den yngste av desse er vel ein god kandidat til å vere Magdeli Jacobsdtr. på Sande i 1801 og 1815.

 

Kari Simensdtr. frå Lystad i Ørsta vart gift med Bernt Arnesen Flø i 1797 (her er trulovinga): https://media.digitalarkivet.no/kb20070829660297

Lenke til kommentar
Del på andre sider

10 minutter siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

 

Berre for ordens skuld: Det må vere i Ulstein du har funne Johanne m. foreldre i 1801, på Indre Flø

https://media.digitalarkivet.no/ft20090806340046 (5. familie til høgre)

Sunnmørsgeografien er dessverre ikkje mi sterkaste side, sjølv om eg burde vere bra kjend i området...

Det ser altså ut som opphavet til brørne Arne og Bernt ikkje er kjend, heller ikkje opphavet til Kari Simonsdtr? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

58 minutter siden, Inge Nygård skrev:

Jacob Michelsen Orheim og kona Brithe Stephensdtr. (frå Sande i Gloppen) fekk to døtre med namn Magdeli hhv. i 1775 og 1779. Den yngste av desse er vel ein god kandidat til å vere Magdeli Jacobsdtr. på Sande i 1801 og 1815.

 

Kari Simensdtr. frå Lystad i Ørsta vart gift med Bernt Arnesen Flø i 1797 (her er trulovinga): https://media.digitalarkivet.no/kb20070829660297

Hjerteleg takk! Då reknar eg med at mi manglande Kari Simondtr frå Hyen ikkje er aktuell her, og tilknytinga til Hyen må vere ei anna.

Eg skal studere jenta frå Orheim - det ser mykje rimeleg ut at det er ho.

 

Redigert: Eg finn ikkje Magdeli Jakobdtr Orheim andre stader i 1801, og reknar det som "overveiande sannsynleg" at ho er i teneste hos syskenbarnet sitt på Sande. Kvar det vart av henne etter 1815 veit eg ikkje, og det er heller ikkje så nøye.

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

 

Berre for ordens skuld: Det må vere i Ulstein du har funne Johanne m. foreldre i 1801, på Indre Flø

https://media.digitalarkivet.no/ft20090806340046 (5. familie til høgre)

 

Men det stemmer at Arne sin bror, Bernt Arneson budde i Steinsvika i Herøy

 

Tilbake til desse to brørne. Dei skal vere fødde rundt 1761-62. På den tida finst det vel ikkje kyrkjebøker for det aktuelle området? Eg finn det heilt ulogisk at Johanne skal hamne på Hope utan ei eller anna form for tilknyting, og skulle gjerne visst kven faren VAR.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Sunnmørsgeografien er dessverre ikkje mi sterkaste side, sjølv om eg burde vere bra kjend i området...

Det ser altså ut som opphavet til brørne Arne og Bernt ikkje er kjend, heller ikkje opphavet til Kari Simonsdtr? 

 

56 minutter siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Tilbake til desse to brørne. Dei skal vere fødde rundt 1761-62. På den tida finst det vel ikkje kyrkjebøker for det aktuelle området? Eg finn det heilt ulogisk at Johanne skal hamne på Hope utan ei eller anna form for tilknyting, og skulle gjerne visst kven faren VAR.

 

Mora til Arne og Bernt, Kari Hallsteinsd. (f. 1737- d. mellom 1790 og 1801) var frå (indre) Flø; skifte etter far Hallstein i 1757, og sannsynlegvis etter ein barnlaus  bror Peder 1809.

Far til Arne og Bernt er berre kjend som Arne Andersson, bygsla på Flø i 1757 og var død i 1790 (Arne d.y. tok over bygselen).

Kyrkjebøkene for Ulstein brann med prestegarden i 1832.

 

Legg til: I listene soknepresten sende inn kvart år til sjøinnrulleringa (utdrag frå kyrkjeboka) finn vi at

Den yngste (3.) Arne var døypt 8.1. 1791 og jordfesta 13.mai 1803 (sagt vere 14 år)

Far hans, Arne vart jordfesta 31.mai 1803, 38 år

Den eldste Arne (Andersson), vart jordfesta 1789, 61 år.

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Johanne Arnesdtr. sine foreldre vart gifte i Herøy i 1789: https://media.digitalarkivet.no/kb20070829630083

Her er dei kalla Arne Arnesen Indre Fløe og Magrethe Joensdtr. Runde.

Begge er nemnde i dei respektive bygdebøkene:

Arne Arnesen på Indreflø i Ulstein: https://www.nb.no/nbsok/nb/fadb39b35f900fcccffeede012a7b23e?index=2#101

Margrethe Joensdtr. i Herøyboka: https://www.nb.no/nbsok/nb/630d4e23762799477f0213f0ce67b460?index=8#251

Hennar opphav kan dokumenterast gjennom skiftet til mor hennar i 1795: https://media.digitalarkivet.no/sk20090127630237

 

Endret av Inge Nygård
Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 minutter siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

 

Far til Arne og Bernt er berre kjend som Arne Andersson, bygsla på Flø i 1757 og var død i 1790 (Arne d.y. tok over bygselen).

Kyrkjebøkene for Ulstein brann med prestegarden i 1832.

Eg manglar ikkje nokon Arne Andersson i Gloppen, så eg må vel berre innsjå at det ikkje var dette som var forbindelsen heller.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

15 hours ago, Aase R Sæther - Gloppen said:

Hos Ola Nilsson Heimset tener ein Peder Olsson «Krogenes», angiveleg 20 år gammal. Kven er han? Kan det vere Kråkenes i Vågsøy, eller finst der stader i Sunnfjord som ligg nærare til Hyen?

 

Som Harald L. Bakke allereie har påpeika har vi nokre gardar kalla Krokenes i Vanylven. Eg kan ikkje gå god for at dette er korrekt person, men faktum er at det på Krokenes bruk nr. 3 var ein Peder Olsen som muligens kan passe. Han var to år gamal i skiftet etter mora Hilde Pedersdatter i 1794. Enkemann/far Ole Hansen vart då attsitjande med tre små born og med lite midlar sidan skiftet ser ut til å vere insolvent. Elstedattera Trine døyr 13 år gamal i 1797 sjå 5 mars

 

Peder Olsen Krokenes er litt eldre enn den Peder du har oppgjeven i 1815, men muligens ikkje urimelig mykje eldre.

 

Det kan virke som  at Ole har teke med seg dei yngste borna og flytta frå Vanylven etter dette siste dødsfallet. Eg har ikkje funne Ole, eller nokon av dei igjenlevande borna i 1801 slik at eg veit ikkje kvar han evt. har flytta til.  Bygdeboka (R. Emil Sæter) har kun at Ole var brukar på Krokenes i tida 1784 - 93 og har heller ikkje spesifisert noko om kvar han har gjort av seg.

 

Hans Knudsen Vik, faren til Ole døydde allereie i 1766 og vart skifta etter same året. Mora Anne Olsdatter dødde og vart skifta etter i 1791 i lag med sin andre mann Peder Rasmussen. Andre syskjen hadde ikkje Ole i live sidan broren Knud som var nemndt i 1766 ser ut til å vere død og er ikkje nemndt i skiftet i 1791

 

Borna Anne og Peder kan sjølvsagt vere sett i foster hjå nokon av Hilde sine syskjen eller hjå Ole Hansen sine tanter/onklar evt. syskjeborn sjølv om eg som nemndt ikkje har funne dei i 1801.

 

edt! I den fyrste bygdeboka for Vanylven (Haakon M. Fiskaa, 1757) finn ein å lese at Ole var brukar 1784-93. Det nye er at her står "då frådømt all sin medel". Som tyder på at det har vore ein sak for tinget dette året.

Endret av Morten Sylte
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den 1 Magdeli på Orem, må være død ung, hun er ikke nemnd i skiftet etter moren i 1803, så det må være Magdeli Marie f. 1779 som er på Sande, og trolig er det henne som dør i Bergen 23/1-1840 Magdeli Jacobsd. Øreim 62 aar. Rune

Endret av Rune Bergesen
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

19 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Like eins innkvartert på Apalset, Secondløytnant Hans Jakob Arnold Borse Geelmuyden. Her har er googla meg fram til at foreldra må vere Knut Geelmuyden og kona Anna Margrete Munthe, men det hadde likevel vore artig å vite litt meir; om han har noko tilknyting til Gloppen, f.eks.

 

Fra Hirsch Militerbiografer

HJBG.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Legg til: I listene soknepresten sende inn kvart år til sjøinnrulleringa (utdrag frå kyrkjeboka) finn vi at

Den yngste (3.) Arne var døypt 8.1. 1791 og jordfesta 13.mai 1803 (sagt vere 14 år)

Far hans, Arne vart jordfesta 31.mai 1803, 38 år

Den eldste Arne (Andersson), vart jordfesta 1789, 61 år.

 

Her har du kome med ei interessant opplysning - at Johanne sin far døydde i 1803. Det kan vere ei forklaring på kvifor Johanne må "ut i verda" allereie før konfirmasjonsalderen; ho vart som før nemnt, konfirmert i Gloppen. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 timer siden, Morten Sylte skrev:

Peder Olsen Krokenes er litt eldre enn den Peder du har oppgjeven i 1815, men muligens ikkje urimelig mykje eldre.

 

Det kan virke som  at Ole har teke med seg dei yngste borna og flytta frå Vanylven etter dette siste dødsfallet. Eg har ikkje funne Ole, eller nokon av dei igjenlevande borna i 1801 slik at eg veit ikkje kvar han evt. har flytta til.  Bygdeboka (R. Emil Sæter) har kun at Ole var brukar på Krokenes i tida 1784 - 93 og har heller ikkje spesifisert noko om kvar han har gjort av seg.

Takk for dette tipset! Eg skal sjå litt nærmare på denne familien.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

14 timer siden, Ivar S. Ertesvåg skrev:

Legg til: I listene soknepresten sende inn kvart år til sjøinnrulleringa (utdrag frå kyrkjeboka) finn vi at

Den yngste (3.) Arne var døypt 8.1. 1791 og jordfesta 13.mai 1803 (sagt vere 14 år)

Far hans, Arne vart jordfesta 31.mai 1803, 38 år

Den eldste Arne (Andersson), vart jordfesta 1789, 61 år.

 

 

26 minutter siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Her har du kome med ei interessant opplysning - at Johanne sin far døydde i 1803. Det kan vere ei forklaring på kvifor Johanne må "ut i verda" allereie før konfirmasjonsalderen; ho vart som før nemnt, konfirmert i Gloppen. 

 

Eg fann skiftet etter morbror til Arne II og Bernt, Peder Halsteinson Indre Flø, 1809  https://media.digitalarkivet.no/sk20090127660135

(heilt til høgre).

Her er systera Kari død, og etterlate seg sønene Arne og Bernt; Arne er død og har etterlate seg sonen Anders 11 år.

Buet er insolvent, så arvingane er ikkje så interessante. Men at Johanne manglar, tyder på at ho er meir "ute av sinn" enn broren.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.