Gå til innhold
Arkivverket

SF Davik/Eid/Gloppen - kven er systrene (?) Inger Olsdtr Kjøllesdal og Anne Olsdtr Mettenes, fødde rundt 1710?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Fann dette i boka for Horninda (side 25)l; Ola Rasmuss. 1665 - 1743 . g. Gjertrud Andersdtr Heggen 1671 -1748

Barn Rasmus(f. ca 1699) - 2 år i folketellinga. 2 Anne f. 1699 g 1733.Ola Knutson Hopland gbr. 3. Anders f. 1705 g. 1737 Kari Gunnarsdtr ( Ladehaug- har eg skrive inn i boka) Hopland..

Dei 3 Anderssøner kan, som de er nemnt, vere brødrene til Gjertrud.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då eg tok kvelden i går greidde eg ikkje å sjå noka løysing på 1719-problemet, dersom det ikkje skulle vere far Ola Andersson som var arvelatar - men i dag GJER eg det. Far Ola Andersson kan vere død før 1719, og borna hans kan ha fått ulike formyndarar. Dersom Eli og Mari sin felles formyndar frå skiftet etter faren, er den avdøde i 1719, kan det forklare kvifor eventuelle andre systre ikkje har fått (nye) formyndarar samtidig.

 

For å komplisere bildet endå meir, må eg nemne at denne nemnde formyndarprotokollen refererer til same dato, 14.10.1719, ein annan stad, nemleg under Haldor Lefdal (altså Leivdal i Eid), som er formyndar for to av døtrene sine. Det er sjeldan å finne to skifte som er daterte same dato, men eg HAR sett det. Desse to jentene må arve etter mor eller morsside, og eg får det ikkje heilt til å stemme at dei skal ha hatt ein annan formyndar enn sin eigen far FØR denne datoen - men kanskje ser eg ei løysing der også, med tida.

 

Redigert: I skiftet etter Haldor Leivdal i 1728 er det referert til skiftet i 1719; det er kona hans som er den avdøde då, og datoen på skiftet er oppgjeven til 14.mai. Det er altså 2 ulike skifte i 1719 (heldigvis..)

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

17 timer siden, Sol Høydalsvik Ulvestad skrev:

Fann dette i boka for Horninda (side 25)l; Ola Rasmuss. 1665 - 1743 . g. Gjertrud Andersdtr Heggen 1671 -1748

Barn Rasmus(f. ca 1699) - 2 år i folketellinga. 2 Anne f. 1699 g 1733.Ola Knutson Hopland gbr. 3. Anders f. 1705 g. 1737 Kari Gunnarsdtr ( Ladehaug- har eg skrive inn i boka) Hopland..

Dei 3 Anderssøner kan, som de er nemnt, vere brødrene til Gjertrud.

Takk for dette sitatet! Det er 2 opplysningar her vi manglar dokumentasjon for - i alle fall gjer eg det - og det er namnet Gjertrud på den ukjende Andersdottera, og at Anders Hopland er son her. Det er svært rimeleg at han er det, fordi fyrste kona hans, Kari Knutsdtr Hopland, truleg er syster til Anne sin mann, og det ser ut som eit ekte syskenbyte. Men eg manglar det endelege beviset.

 

Redigert: Eg las nettopp skiftet etter Anders Olsson Hopland i 1764, og formyndar for dei eldste døtrene hans er Rasmus Olsson Heggen; dermed kan det ikkje vere tvil om at Anders og Rasmus er brør.

 

Eg finn Gjertrud Andersdtr Heggen gravlagt i desember 1748, men ynskjer meg vel helst eit hint til.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 17.2.2018 den 20.10, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

I 1741 finn eg dåpsbarnet Brite Mettenes. Far er oppgjeve til Jakob, men hans kone er nær 80 år då, så eg trur dette må vere Ola og Anne si dotter Brite.

https://digitalarkivet.no/view/255/pd00000013321534

 

Her noterer eg fadrar Brite Olsdtr,  Mette Påldtr og Karen.

 

Eg har også notert meg ein son Rasmus i 1742 - men det finn eg ikkje att no.

 

Jeg tror også at presten har blandet sammen faren og fadderen, se den skanna versjonen av dåpen

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070418630218

 

for dette skiftet må da være etter den samme  Brite:

 

Humborstad i Davigs Skibr.

Johan Daniel Stub, Deris Kongl. Majsts Sorenskriver udj Nordfiord Giør Vitterligt at Anno 1775 den 3de Febr blev boens  Midler eftter afgne Danneqvinde Brithe Olsdatter Humborstad i Davigs Skibr. Udj overværelse af lensmanden Peder Balchen Lovl. Registreret og af de 2de Mænd nafnl. Ole Torgiersen Suundahl og Erich Andersen Berstad vurderet; Nærværende den Sahl: Qvindes Mand Ole Erichsen Humborstad. Den Sahl. Qvindes Arvinger som ere 3de fuld og halv sødskende, nafnl

1.    fuldbroderen Ole Olsen boende på Mettenes
2.    Halvbroderen Jacob Olsen, fuldmyndig, og
3.    halv søsteren Christie Olsdatter giftt med Ole Rasmussen Mørchesetter,

 og eftter at Midlene vare overseet og taxeret, .. .. som følger
Boens Midler bestoed i følgende, n …


Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord, Skifteprotokoll nr. A 16a (1774-1777), Skifteprotokollside, Side 87b-88a
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081201620090

 

 

Endret av Tor Kvien
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Tor Kvien skrev:

 

Jeg tror også at presten har blandet sammen faren og fadderen, se den skanna versjonen av dåpen

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070418630218

for dette skiftet må da være etter den samme  Brite:

Ja, det må vere slik det heng saman. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men no kjem eg dragande med noko nytt her - ei vigsle i Eid i 1739. https://digitalarkivet.no/view/327/pv00000001089804

 

Her skal Anne Olsdtr Heggen inngå ekteskap med Jørgen Halsteinson, utan gardsnamn. Vigsla er ikkje innført, står det.

 

Når Ola Didrikson Heggen er forlovar, tenkjer eg umiddelbart at dette kan vere ei ste-dotter, altså dotter til Ola Andersson.

 

Det passar litt dårleg med arbeidsteorien min, nemleg at Ola Andersson skal vere far til Anne Olsdtr "Hammar" - gift til Mettenes ca 1735.

 

Sjølvsagt finst det familiar med to døtre Anne, men... og er det nokon som kan finne att denne Jørgen Halsteinson til meg?

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eit spørsmål til dei som har greie på arv og rettar - eg innrømmer gjerne at eg ikkje har så god oversikt der: Kva kan vi lese av dokumentet der Guri Rasmusdotter sine arvingar tek buet til privat skifte?

 

Kan det gjerast ei slik semje utan at ALLE arvingar er nemnde? Her er to jenter representerte - Mari og Eli, dei same to som er nemnde i formyndarprotokollen.

 

Kor sannsynleg er det at det er fleire arvingar?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På Reme i Stårheim  bruk nr 3 Indre Reme er Jørgen Halvardsen Grøthaug gm Anne Olsdtr. bygsla 1726. Han er nemnd i et skifte på Hundeide 11-409b etter  Marte Halvorsdatter 9 April 1753. Der er skifte etter han 14-393b 15 Juni 1764. Rune

Endret av Rune Bergesen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

47 minutter siden, Rune Bergesen skrev:

På Reme i Stårheim  bruk nr 3 Indre Reme er Jørgen Halvardsen Grøthaug gm Anne Olsdtr. bygsla 1726. Han er nemnd i et skifte på Hundeide 11-409b etter  Marte Halvorsdatter 9 April 1753. Der er skifte etter han 14-393b 15 Juni 1764. Rune

Mange takk! Halvard altså - ikkje Halstein. Eg skal sjå på han.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No veit eg ikkje kor mange som følgjer med i denne nøstinga mi - men eg held i alle fall så nokolunde tråden sjølv... og eg tek til å misse trua på Ola Andersson som farskandidat her.

 

Derimot spør eg meg no om kva som er i vegen med den andre Ola Heggen - Ola Rasmusson, han som var gift med Anders Monsson si eldste dotter, som sannsynlegvis er den Gjertrud Andersdtr Heggen som døydde i 1748, dessverre utan noko skifte verken etter henne eller Ola.

 

Den Ola'en vi leitar etter, skal ha ei dotter Inger som gifter seg til Kjøllesdal, og ei dotter Anne som gifter seg til Mettenes. Vi veit at Ola Rasmusson HAR ei dotter Anne, som gifter seg med Anders Knutson Hopland i 1733, men han døyr kort etter det, og ho er dermed enkje og ledig på markedet til å kunne inngå ekteskap med Ola Ellingson Mettenes ein gong på siste halvdel av 1730-talet. Kan det vere henne vi er ute etter?

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

21 timer siden, Tor Kvien skrev:

 

Jeg tror også at presten har blandet sammen faren og fadderen, se den skanna versjonen av dåpen

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070418630218

 

for dette skiftet må da være etter den samme  Brite:

 

Humborstad i Davigs Skibr.

Johan Daniel Stub, Deris Kongl. Majsts Sorenskriver udj Nordfiord Giør Vitterligt at Anno 1775 den 3de Febr blev boens  Midler eftter afgne Danneqvinde Brithe Olsdatter Humborstad i Davigs Skibr. Udj overværelse af lensmanden Peder Balchen Lovl. Registreret og af de 2de Mænd nafnl. Ole Torgiersen Suundahl og Erich Andersen Berstad vurderet; Nærværende den Sahl: Qvindes Mand Ole Erichsen Humborstad. Den Sahl. Qvindes Arvinger som ere 3de fuld og halv sødskende, nafnl

1.    fuldbroderen Ole Olsen boende på Mettenes
2.    Halvbroderen Jacob Olsen, fuldmyndig, og
3.    halv søsteren Christie Olsdatter giftt med Ole Rasmussen Mørchesetter,

 og eftter at Midlene vare overseet og taxeret, .. .. som følger
Boens Midler bestoed i følgende, n …


Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord, Skifteprotokoll nr. A 16a (1774-1777), Skifteprotokollside, Side 87b-88a
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081201620090

 

 

Skifte etter Brite Olsdtr. Humborstad, fødd Mettenes 1740 - 1774 gift 1773 med Ola Erikson Humborstad 1750 - 1815 (busett Humborstad nr. 13 Kvien) Ingen barn

Arvingar; Bror; Ola Oleson Mettenes ca. 1740 - 1804 (d 68 år) .Bygsa Mettenes i 1761.

                 (Foreldra er truleg Ola Ellingson  d. 72 år i 1744 og 2 kona Anne Olsdtr. Hammer d. 60 år 1767).

                 (Kan Anne Olsdtr. kome frå Hammmer/Hopland)

                Halvbror; Jakob Olsen  f. ca. 1732

                Halvsøster;; Christie (Kristin) Olsdtr. Mettenes f ,ca. 1726 -d. 46 år 1786  gift med Ole Rasmusson Mørkesæter. (Br. 2 Sørland/Mørkeset) 

Var ein halvbror til; Elling f. ca 1728.( mor deira Brite Ivarsdtr. Vik døde ca 1732.)

-----------------------------------------------

Broren Ole Oleson Mettenes giftar seg med Kristi Olsdtr Humborstad d. 49 år i 1784 Ho skal vere ifrå br. 1 på Humborstad.  (Arveskifte på Mettenes 1768 og 1784)

(NB! Kristi Olsdtr Mettenes f. ca. 1726 . gift  til Sørland. Kristi Olsdtr Humborstad f. ca 1735 gift til Mettenes. Bygdeboka i Gloppen har ant bomma her og skriv Vs. på Ola Oleson Mettenes)

 

Kjelder; Soga om Gloppen og Breim, bind 4, Bygdebok frå Kjølsdalen Krins, Eid og Hornindal v/ Edvard Os.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter å ha leita litt rundt i diverse tilgjengelege kjelder, endar det slik det alltid gjer: Eg konstaterer at familiar på den tida hadde ein sterk tendens til å inngå "fornuftsekteskap"eller skal vi kalle det "alliansebygging". Når eg ser korleis slektskrinsen rundt Rasmus Eliasson Kjøllesdal (f.Skrede) passar på å ta vare på midelen sin gjennom ekteskap, er eg så godt som 100 % sikker på at vi skal finne at han har ei eller anna tilknyting til Inger før dei gifter seg. Ledige enkjer/enkjemenn eller strategisk viktige døtre og søner - alt blir plassert der det passar best for familiane. Eg er nokså sikker på at tingbøkene vil gje fleire svar på det vi leitar etter, men det er ein tung materie å drive tilfeldig leiting i. 

 

Ved trulovinga til Rasmus og Inger er det to kausjonistar. I våre dagar er vi vane med at den eine er frå brudgommen sin krins, og den andre frå brura sin, men det var ikkje obligatorisk før - begge kunne vere i familie eller annan forbidendelse med den eine. For dette paret er det Hallstein Arneson og Ole Skårhaug som stiller.

 

SAB, Eid Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 1, 1722-1740, s. 97
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070503620473

 

Hallstein Arneson er nær slekt med Rasmus - her eg er akkurat no kan eg ikkje seie heilt korleis. Ole Skårhaug må vel vere Ola Botolvson Skårhaug, som har kome til Skårhaug gjennom ekteskap med ei kvinne vi ikkje veit namnet på. Eg veil ikkje kvar han kjem frå, men vil ikkje bli det minste forundra om han er bror av Elias Botolvson Skrede og dermed onkel til Rasmus. Utvalet av Botolvar i Eid på denne tida er ikkje ubegrensa.

 

Ola Botolvson Skårhaug er også formyndar for Rasmus si mor Mari i skiftet etter far hans, Elias Botolvson Skrede. Det styrkjer vel teorien om at dei er brør - ? 
 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette var ein interessant tanke - at Ola Arneson Lødøen si dotter Gjertrud er identisk med henne som i min base heiter ArneogIvarskone.

 

Har du funne kjeldebelegg for at det er slik? Eg har tenkt at denne Gjertrud må ha vore ugift sidan broren er formyndar, men ho kan sjølvsagt ha vore enkje med umyndige søner.

 

Det hadde vore flott å få oppklara dette, viss du har funne noko meir.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

51 minutter siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Dette var ein interessant tanke - at Ola Arneson Lødøen si dotter Gjertrud er identisk med henne som i min base heiter ArneogIvarskone.

 

Har du funne kjeldebelegg for at det er slik? Eg har tenkt at denne Gjertrud må ha vore ugift sidan broren er formyndar, men ho kan sjølvsagt ha vore enkje med umyndige søner.

 

Det hadde vore flott å få oppklara dette, viss du har funne noko meir.

 

At Gertrud har vært to ganger fremgår av skiftet etter Halstein Arnesen som ikke hadde egne barn:

 

... hans arvinger hans gjenlevende full- og halvsøsken eller deres etterlevende barn til hans egte arvinger etter loven, nemlig:

 1.    Eldste fullbroder Peder Arnesen Wasbotnen på Sundmøre, og
 2.    yngste fullbroder, salig Ole Arnesen Møchlebust sine gjenlevende 3 barn, nemlig 2 sønner og 1 datter
 3.    Eldste fullsøster med navn; salig Sigri Arnesdatter Routhihougens etterlatte 3 barn, nemlig 2 sønner og 1 datter
 Og to halvsøsken, som var
 4.    Salig Giertrud Iversdatter Schibbenes gjenlevende ene sønn med navn:
         a.    Iver Olsen 12 år gammel, hvis formynder er  .. Skibbenes, og
 5.     Ane Iversdatter, enkekvinne nå i Bergen, fraværende.

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 11 , 1750-1753, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24228/216

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

37 minutter siden, Tor Kvien skrev:

 

At Gertrud har vært to ganger fremgår av skiftet etter Halstein Arnesen som ikke hadde egne barn.

Ja, mor hans har vore gift 2 gonger, men korleis har du funne namnet hennar?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Ja, mor hans har vore gift 2 gonger, men korleis har du funne namnet hennar?

 

Navnet hennes er nevnt i bygdeboka til Os/Aaland, der kalt Jartrud, ellers har vi her skiftet etter far hennes - og dødsdato står i kirkeboka - gravlagt 29.9.1734, men jeg klarer ikke på stående fot å finne alle kryssreferanser.


Horningdals Skibbr:
Lødøen

 Anno 1698 d: 14 Dec: med Jürgen Hoeg paa Lensmand Jens Bierings Weigne, Niels Olsen Rødemeel, og Harald Olsen Otterdall udj Arve = skiftte og deeling eftter afgangne Olle Arnesen Lødøen, og Hans Hustru Sl: Anna Iversdaater, Deris til saman auflede Barn

 1.    Giertrud Olsdaater med hendes formynder Broderen Olle Rasmusen Lødøen


 dend Sl: Mandz med første quinde Naml: Britte Peders daater auflede Børn
 2.    Sindeved Olsdaater med Hendes Mand Bottolf Sollem, og
 3.    Britte Olsdaater Hendes formynder, Bottolf Solemm

 

 Og dend Sl: quindes barn:
 Anna Iversdaater Med første Mand Sl: Rasmus Arnesen auflede,
 1.    Iver,
 2.    Arne og
 3.    Olle Rasmusønner,
 4.    Anne, Anders Fandmehls quinde
 5.    Marrj, Ellias Skredes quinde, og
 6.    Dorthe ugiftt Hendes formynder Elias Bottolphs Skreede
 
Samtl: til stede paa dend Eene side, og Creditorne paa Anden side. Huorda Nest dend Angivene Boens formue blef Registrerit og Wurderit som følger.
Queg og Dislige.

(Se detaljer i skannet originalskifte).

Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord, Skifteprotokoll nr. A 1a (1690-1699), Skifteprotokollside, Side 168b-169a
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk20081127680202

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for det også!

 

Eg er i ferd med å legge til sides spørsmålet - det er ikkje så mange "fornuftige" stader att å leite.

 

Men før eg gjer det, ser eg litt på den dåpen der vi har funne ei Ingrid Olsdtr Heggen som fadder (Inger og Ingrid blir gjerne brukte om kvarandre).

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005058818

 

Dåpsbarnet er Siri (Sigrid), og far er Ole Nilsen Frislid.

 

Men i 1731 har vi ei ny Siri, denne gongen med far Ole Nilsen Skibenes

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005060738

 

Denne Ole Nilsen Skibenes må vel vere far til 12-åringen Iver Olsen, son til avdøde Gjertrud Iversdtr i skiftet etter Hallstein Arneson Kjøllesdal?

 

Kva eg kan slutte av dette, anar eg ikkje endå, OM eg kan slutte noko av det. Eg får sjå litt på dei andre fadrane.

 

Den fyrste Siri må i så fall ha ei anna mor enn Gjertrud, sidan ekteskapet mellom henne (då kalla Arnedtr) og Ola Nilsson vart inngått i 1728.

 

Redigert: Kor utruleg det enn såg ut til å vere i starten:  Ola Nilsson Frislid i 1724 og Ola Nilsson Skibenes i 1731 som begge får ei dotter Sigrid, ser ut til å vere to ulike.  Og det er han på Frisli Ingrid Olsdtr er fadder hos.

 

Redigert igjen: Eg lurer på om alderen 12 år på Ivar Olsson kan vere feil. I følgje bygdeboka skal mora Gjertrud vere død vere død i 1736 (spedalsk) og ho kan då ikkje ha fått barn i ca 1739. Vidare har vi ein brudgom Ivar Olsson Skipenes i 1753 - neppe 14 år gammal?  https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001255288

 

Denne mannen døyr i 1794, med ein alder som tilseier f.ca 1734.

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000921697

 

Kan han som skreiv skiftet i 1751 skrive 12 i staden for 17? 

 

Ikkje at dette gjer så mykje frå eller til for spørsmålet i overskrifta på denne tråden, men det er eit stort mål å få plassert flest muleg folk i denne slektskrinsen, der stort sett alle er inngifte i same "klynga".

 

Redigert endå ein gong:  Den siste setninga "der stort sett alle er inngifte i same klynga" er viktig å ha med seg. Når eg ser korleis slekta til Rasmus Eliasson Kjøllesdal har gifta seg, er eg svært overbevist at det er eit samband mellom han og kona Inger også. Men å finne det.....nei, det kan sjå vanskeleg ut. Eg trur fadderen i 1724 må vere den same som brura i 1738.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg har ikkje greidd å legge vekk denne saka heilt, og det ferskaste sporet eg følgjer i kveld, er Ola Jonson Heggen, 39 år gammal i 1701 - 

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=1701nba&gardpostnr=7060&personpostnr=7060#nedre

 

Eg skal kome tilbake til kvifor eg har fatta interesse for han, seinare i kveld.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

For at lesaren skal kunne følgje med, startar eg på null igjen.

 

Denne gongen er det ei av mine eigne formødre eg strevar med - Inger Olsdtr Kjøllesdal (Myklebust), (ca 1706-1766); dersom eg følgjer den reine kvinnelinja mi bakover, er det henne eg stoggar på, så eg skulle sjølvsagt gjerne kome meg eit hakk til bakover. I ætteboka for Kjølsdalen er ho påstått å vere frå Heggen i Hornindal, og det er denne påstanden som er arbeidsteorien min.

 

Ho trulova seg i Eid i 1738 med Rasmus Eliasson (ingen av dei er utstyrte med gardsnamn, men vi veit frå andre kantar at han kom frå Skrede i Hornindal), og kausjonistar er "Ole Skorhaug og Halsten Arnesen". Sjølve vigsla er ikkje innført i kyrkjeboka.

 

SAB, Eid Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 1, 1722-1740, s. 97
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070503620473

 

Så hoppar eg til 1760, då det er skifte etter Rasmus Eliasson på Myklebust i Kjølsdalen. 

http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24230/378

 

Som lagverge for enkja møter "hendes .... svoger" Ole Ellingson Mettenes. For at han skal kunne bli kalla svogeren hennar, er det ingen andre forklaringar enn at kona hans, Anne Olsdtr, som han gifte seg med ca 1735, er syster til Inger Olsdtr. Eg har ikkje funne verken truloving eller vigsle på Anne og Ola Mettenes, men bygdeboka for Gloppen kallar henne av ein eller annan grunn "Anne Olsdtr Hammar". Etter alder ved død skal Anne vere fødd ca 1707 (død 1767). Det er skifte etter henne, men sidan ho har etterkomarar, får vi ikkje nye opplysningar der.

 

Men tilbake til skiftet etter Rasmus Eliasson: Han og Inger har to born - Hallstein og Mari. Hallstein har namn etter den forrige brukaren som var barnlaus (honorær oppkalling), og Mari er etter Rasmus si mor. Vi får altså ikkje noko hint om namnet på Inger si mor.

 

Så kjem ein interessant detalj: Som formyndar for dottera Mari Rasmusdtr er innsett Ole Lukassen Myklebust i Kjølsdalen. Han er granne med dei, men meir interessant er kven han gifte seg med - Brite Olsdtr Heggen...

 

SAB, Eid Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 2, 1741-1769, s. 25
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070503620513

 

Eg innlemmar henne i arbeidsteorien som ei tredje syster, og ho får attpåtil meir enn EI dotter, slik at vi kan få eit hint om kva mor hennar heitte. Den eldste dottera heiter Magdeli, som både er etter farmor og fars fyrste kone - og så kjem dotter nr 2 med namnet Ragnhild; ikkje usannsynleg er dette namnet til mormor.

 

Så spør eg meg om det kan finnast ei høveleg "Ragnhild Heggen" i kyrkjebøkene, og har flaks: Ragnhild Mattisdtr Heggen døydde i 1743, ca 77 år gammal. Dessverre utan skifte.

 

https://digitalarkivet.no/view/267/pg00000001063146

 

Deretter tenkjer eg at eg kan sjå om eg finn skifte etter ein Mattis som kan vere far hennar - og eg har flaks igjen: I 1699 er det eit skifte på Strand i Hornindal (garden er også kalla Hatleli) - etter Mattis Gabrielson. Han har enkja Kristi Olsdtr etter seg, og 6 born - deriblant dottera Ragnhild, gift med "Ole Heggen".

 

TO gonger er han nemnt, men ingen av gongane har dei kosta på han eit patronym. Min heitaste kandidat akkurat no er Ola Jonson frå 1701-manntalet, men det kan hende eg tek feil.

 

Eg tek med takk i mot innspel på dette!

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi kan vel koste på oss deler av skiftet etter Mattis: Elias Skrede er nnok far til Rasmus Eliassen nevnt i innlegget foran:

 

Strand i Horningdall

Anno 1699 dend = 22.Augustj  med Lensmand Jens Biering, Anders i Svorren og Peder Ytterhorn,udji arveskiftte og deling eftter afgangne Mattis Gabrielsen Strand , hans eftterlatte Hustru Christj Olsdaatter med sin begierte Laugverge Iver Mellem på den Eene. Deris sammen avlede Børn, nemlig
 1.    Stefen Mattisen, self myndig
 2.    Olle Mattisen, hans formynder Olle Heggen
 3.    Ragnilde Mattis Daatter med hendes Mand, bemelte Olle Heggen,
 4.    Geirtrud Mattisdaater, hennes formynder Mattis Navelsager,
 5.    Marita Mattisdatter, hennes formynder Johannes Strand
 6.    Britte Mattisd: hendes formynder Elias Skredde

samtlige på andre sidde. Hvorda nest dend angivne bois formue blef Registrerit og Wurderit som følger:etc.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.