Gå til innhold
Arkivverket

Kven var Tora Larson Alme og Anton Anton(son) som blei gift i Buffalo County, Wisconsin i 1890? Er han identisk med Anton Antonson Graffershaugen fødd 1864 i Lom som utvandra til USA i 1881?


Per S. Nestande
 Del

Recommended Posts

Eg har prøvd å finne igjen Anton Antonsson frå Lom i USA. Han var fødd på Graffershaugen i Lom 10. august 1864 som son til Anton Larson og Eli Arnesdotter. Her er dåpen:

https://media.digitalarkivet.no/kb10040808201040

 

Han utvandra til USA i 1881 med Sleepy Eye, Minnesota som reisemål:

https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000952219

 

Eg har ikkje funne noko meir sikker informasjon om han etter dette. 

 

Familien  i Wisconsin fortel at Anton fyrst budde i Wisconsin og vart gift der, angra seg og så flytta til Minnesota. Anton hadde ein bror, Ole Haugen, som budde i Maxville, Buffalo County, Wisconsin. På familysearch har eg funne ein Anton Anton(son) som blir gift i Buffalo County i 1890. Nokre av namna må vere forvanska, men foreldrenamna Anton og Ellen (Eli) kan stemme. Eg har ikkje funne lenke til originalkjelder og det er derfor vanskeleg å vite kva som faktisk står der. Northport of Norway er også litt uklart:

 

Other information in the record of Anton Anton and Tora Lurson Alme

from Wisconsin, County Marriages

Name

Anton Anton

Event Type

Marriage

Event Date

08 Sep 1890

Event Place

Maxville, Buffalo, Wisconsin, United States

Gender

Male

Race

White

Birthplace

Northport Of Norway

Father's Name

Anton Anton

Mother's Name

Ellen Anton

Spouse's Name

Tora Lurson Alme

Spouse's Gender

Female

Spouse's Race

White

Spouse's Birthplace

Northport of Norway

Spouse's Father's Name

Lewis Lurson Alme

Spouse's Mother's Name

Carrie Lurson Alme

 

Citing this Record

"Wisconsin, County Marriages, 1836-1911," database, FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:XR2R-KPP : 3 June 2016), Anton Anton in entry for Anton Anton and Tora Lurson Alme, 08 Sep 1890; citing Maxville, Buffalo, Wisconsin, United States, Wisconsin Historical Society, Madison; FHL microfilm 1,275,781.

No image available

Wisconsin, County Marriages, 1836-1911

 

Er det nokon som veit om det finst onlineversjonar av Wisconsin County Marriages? Eg finn ikkje igjen vigsla til Anton i same kykjeboka som broren Ole er registrert gift i tre år før. 

 

Eg har heller ikkje funne igjen Tora eller foreldra andre kjelder eller folketeljingar.  Nokon som kjenner opphavet eller lagnaden hennar. Kan ho ha opphav frå Alme i Luster?

 

Slektningar i Wisconsin fortel at han arbeidde på eit hotell i Two Harbor og seinare på St James Hotel i Minneapolis. Både blant slektningar i Noreg og USA har det versert historier om at han vart drepen i eit slagsmål på ein bar. Eg har ikkje funne ut når han døydde, men Saint Paul Globe skriv  3. og 5. desember 1895 om ein Anton eller Andrew Antonson som døydde etter vådeskot. Eg veit  ikkje om det er Anton frå Lom. 

4770CB33-1DD5-4E07-B0F5-278CA24869E0.jpeg

583CCF25-171B-4B23-AB49-9C8809205601.jpeg

Endret av Per S. Nestande
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisan!

 

Dette er i utgongspunktet ei svært interessant sak.  Etter å ha lese argumenti dine tykkjer eg det er svært sannsynleg at den etterlyste Anton Antonson er identisk både med han som gifte seg i Buffalo Co., WI i 1890 OG med han som vart skòten i St. Paul, MN i 1896, særleg den første er vel ganske so sikker.

 

Vigslene frå Wisconsin finst diverre ikkje online so vidt eg veit, og når denne vigsli frå 1890 heller ikkje er nemnd imndeim lokale kyrkjebøkene, som finst online hjå ancestry.com, tyder dette på at denne vigsli var ei «Justice of the Peace»-vigsle...

 

Når det gjeld Tora, so høyrer ho ganske sikkert IKKJE til Alme-ætti frå Luster (ætti til Erik Guttormson Alme 1837-1920) som alt på 1850-talet busette seg i Buffalo Co., WI.  Eg ville tru at ogso ho kunne vera frå Lom, men finn ikkje nokon som høver...  MEN, FamilySearch syner fleire Thorø Larsdøttrer med mor Kari fødde i Noreg mellom 1843 og 1870, mellom anna ei i Skjåk (1850), ei på Voss (1855) og ei i Røldal (1866)...

 

Lukke til med vidare gransking!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, 

 

Jeg ser at avisartiklene er fra des 1895, og ikke 1896. 

 

Denne er ugift og født 1871. 

 

Name Andrew Antonson
Event Type DEATH
Event Date 04 Dec 1895
Event Place Minneapolis, Minnesota
Gender Male
Age 24
Marital Status Single
Race White
Birthplace Norway
Birth Year (Estimated) 1871
Burial Place Big Lake, Min
Father's Birthplace Norway
Mother's Birthplace Norway

 

 

Name Andrew Antonson
Gender Male
Death Date 04 Dec 1895
Death Place Hennepin, Minneapolis, Minnesota
Age 24
Birth Date 1871
Birthplace Norway
Occupation Laborer
Race White
Marital Status Single
Father's Birthplace Norway
Mother's Birthplace Norway
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk Stine. Viktig korreksjon. Eg rettar opp i innlegget mitt.

 

Om det stemmer at han angra giftemålet og drog frå kona kan han kanskje ha blitt oppfatta som ugift, men eg er heilt open for at han som døydde i 1895 ikkje er Anton frå Lom. 

Endret av Per S. Nestande
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.