Gå til innhold
Arkivverket

Otto Hansson Ørbech (1659-1705) - dels oppvaksen i Luster - sokneprest til Ringebu - kartleggjing av huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har sete og spekulert på denne Margretha Ottesdotter Ørbech, som skal ha butt på Sørlandet og som vart gravlagd på Nøtterøy i 1767.  Ingen kjelder fortel oss noko om kvan ho var giff med, MEN FamilySearch syner:

 

Margrethe Ørbech og Svennik Hans Høyer døypt ei dotter Helena Marie i Vor Frue kyrkje i Tønsberg 24.9.1729: https://media.digitalarkivet.no/view/8201/83

 

Til alt overmål er sorenskrivar Østen Ørbech på ny nemnd som fadder, log ved ein annan dåp på same kyrkjebokside 19.8.1729 er sorenskrivare Østen Ørbech endå ein gong nemnd som fadder!

 

Kven var so denne Svennik Hans Høyer??

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Foreldrene til Maren Orloff - Riksskriver Nicolai Orloff døde 1668 i Oslo

og begravet 14 august i Hellig Trefoldighetskirken (Domkirken)

https://media.digitalarkivet.no/view/653/234

Venstre side

Hans kone Marthe Østensdatter -Prestedatter fra Ringebu døde

1678 og begravet samme sted som mannen den 23 mars 1678.

https://media.digitalarkivet.no/view/653/243

Se venstre side

 

Maren Orloffs søster Anne var gift med Peder Clausen Nørholm, og det var hos hans sønn igjen

som Østen Ørbech var fadder hos i 1728 i Borre.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når det gjelder Elisabeth Pharo når hun er født, ser at alle skriver 1684- det er det ikke, da ble datteren Christense født, og hun var ikke tvilling.

Kirken het vel Hellig Trefoldighetskirke på den tiden og ikke Vår frelsers kirke som jeg har skrevet. Det finnes ingen som er døpt Elisabeth, men derimot Elsebet, som egentlig er samme navn som Elisabeth. Hvis det finnes i tillegg en Elisabeth så finnes hun ikke i KB- og ihvertfall ikke født 1684.

En oversikt på barnen. Samt link til barnet Elsebe.

https://media.digitalarkivet.no/view/653/170

Siste kolonne - høyre side.

 

Hennes foreldre var Guldsmed Anders Olsen Pharo. Anders Pharo død 1712 i Oslo og begravet 10 mai 1712 i Vår frelsers kirke i Oslo. (Se side 239 over Vår frelsers kirke 1705-1730).

Gift 14 juni 1681 i Vår frelsers kirke i Oslo med Anne Romanusdatter Møller. (Se side 145 over Vår frelsers kirke 1648-1704).

Anne Romanusdatters Møller far var Guldsmed Romanus Fredrichsen Møller gift  25 august 1661 i Hellig Trefoldighets kirken med Anne Johansdater Plate.

Deres barn:

1. Anne Andersdatter Pharo født 1682 i Oslo og døpt 2 juli 1682 i Vår frelsers kirke i Oslo. (Se side 267 over Vår frelsers kirke 1648-1704).

2. Christense Andersdatter Pharo født 1684 i Oslo og døpt 26 januar 1684 i Vår frelsers kirke i Oslo. (Se side 1648-1704).

3. Romanus Andersen Pharo født 1686 i Oslo og døpt 18 mars 1686 i Vår frelsers kirke i Oslo. (Se side 279 over Vår frelsers kirke 1648-1704).

Gift 12 desember 1725 i Vår frelsers kirke i Oslo med Else Christine Finckenhagen. (Se side 57 over Vår frelsers kirke 1705-1730).

4. Maren Andersdatter Pharo født 1688 i Oslo og døpt 1 februar 1688 i Vår frelsers kirke i Oslo. (Se side 284 over Vår frelsers kirke 1648-1704).

5.Giertrud Andersdatter Pharo født 1690 i Oslo og døpt 25 juni 1690 i Vår frelsers kirke i Oslo. (Se side 294 over Vår frelsers kirke 1648-1704).

6. Elsebe (Elisabeth) Andersdatter Pharo født 1691 i Oslo og døpt 28 mai 1691 i Vår frelsers kirke i Oslo. (Se side 299 over Vår frelsers kirke 1648-1704).

7. Christense Andersdatter Pharo født 1694 i Oslo og døpt 3 mars 1694 i Vår frelsers kirke 1648-1704).

8. Barn født 1698 i Oslo og døpt 6 august 1698 i Oslo. (Se side 355 over Vår frelsers kirke 1648-1704).

9. Susanna Andersdatter Pharo født 1702 i Oslo og døpt 7 januar 1702 i Vår frelsers kirke i Oslo. (Se side 381 over Vår frelsers kirke 1648-1704).

10. Tvilling Jacob Andersen Pharo født 1706 i Oslo og døpt 18 mars 1706 i Vår frelsers kirke i Oslo. (Se side 119 over Vår frelsers kirke 1705-1730).

11. Tvilling Sophia Andersdatter Pharo født 1706 i Oslo og døpt 18 mars 1706 i Vår frelsers kirke i Oslo. (Se side 119 over Vår frelsers kirke 1705-1730). 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jens Ørbech og Elisabeth Andersdatter Pharo, der kjenner jeg kun til en datter Jessina Marie Jensdatter Ørbech.

Hun døde 50 år gammel 6 juli 1771 i Oslo og begravet 10 juli 1771 i Vår frelsers kirke. KB for hennes fødsel mangler.

Hun var gift 2) ganger, begge var Boktrykkere og eier av et Boktrykkeri. Gift 1) gang 16 juni 1744 i VF i Oslo med Jens Andersen Berg. De fikk mange barn.

Her kan du lese litt om den siste mannen Samuel Conrad Schwach. Med han fikk hun sønnen Emanuel.

https://nbl.snl.no/Samuel_Conrad_Schwach

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Wenche for fleire nye spennande og nyttige innlegg!

 

Eg har i mellomtidi finne fram skiftet etter Maren Ørbech frå Årdalstangen i Årdal, starta i 1738 og avslutta i 1741.  Her finn me eit oversyn over alle borni etter Otto Hansson Ørbech: https://media.digitalarkivet.no/view/24137/38?indexing=

 

Som ein vil sjå, nemner skiftet berre tolv born etter Otto; den som manglar er yngste dotteri Bertha, kva no enn grunnen kan vera...

 

Samstundes har eg fått spennande opplysningar om Andreas Ottoson Ørbech.  Det syner seg at han var skrivar hjå futen Peder Leganger i Sogn frå 1716 til han i 1719 vart utnemnd til dansk kansellist og flytte til København: http://ddd.dda.dk/nygaard/visning_billed.asp?id=421534&sort=e

 

Han fekk med ei Marie Jensdotter ein son Henrik i København i 1719, men noko meir ser me førebels ikkje til mannen...

 

Spørsmåli kring Svennik Høyer/Højer og kona Margretha Ørbech har eg nettopp lagt ut som eige tema:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/219632-svennik-hansandreasson-høyerhøjer-barnefar-i-tønsberg-1729-og-i-kristiansand-frå-1741-og-utover-kven-var-denne-mannen-eventuelt-to-med-same-namn/

 

Etter at me fekk vigselsåret til Otto og med dei nye opplysningane frå Wenche, har eg no oppdatert manuskriptet slik, til erstatning for manuskriptet i innlegg #23 på føregåande side:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Otto Hansson Ørbech, f. i Bergen kring 1659,

Otto Ørbech vart i 1681 tilsett som kapellan til Ringebu, og han gifte seg i 1684, dato og stad ukjende, med Maren Nicolaisdotter Orloff frå Christiania.  Ho var dotter av riksskrivar Nicolai Paulson Orloff på Akershus festning, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Martha Østensdotter, prestedotter frå Ringebu, og vart døypt i Aker 14.9.1662.  Parfolket vart buande på Ringebu, og 8.6.1695 vart Otto utnemnd til sokneprest til Ringebu etter Jørgen Bjørn.  Otto Ørbech d. etter eit ulukkeshende på Ringebu ?.4.1705.  Som enkje flytte Maren til Tønsberg der ho vart gravlagd 18.1.1749.  Ho og Otto fekk tretten born i lag:

a. Hans Ottoson Ørbech, f. på Ringebu hausten 1684,

 

     ##### (lagnaden hans? – d. ugift før 1738!)

 

b. Nicolai Ottoson Ørbech, f. på Ringebu 9.12.1685, vart gravlagd i Kristiansand 3.6.1718.  Han gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hans? – kring 1710?)

 

     med prestedotteri Else Eriksdotter Thue frå Nøtterø.  Ho var f. på Nøtterø 25.11.1689 og d. i Kristiansand 17.10.1737.  Nicolai Ørbeck vart cand.theol. 15.3.1709 og var ei tid skips­prest til han 23.11.1715 vart utnemnd til residerande kapellan i Kristiansand.

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – borni var ukjende i 1738!)

 

c. Martha Ottosdotter Ørbech, f. på Ringebu ?.1.1687, vart gravlagd i Tønsberg 20.2.1770.  Martha var kan henda den første av huslyden som flytte til Tønsberg, for alt 10.7.1704 gifte ho seg der med Jacob Jacobson Bull.  Han var f. i Angeln, Schleswig kring 1674 og kom til Noreg i 1700.  Han fekk 23.12.1701 borgar­skap i Tønsberg som kjøpmann og vart gravlagd der 15.4.1749.  Jacob var kjøpmann og kyrkjeverge i Tønsberg der han og Martha budde levetidi ut.  Dei fekk i alt nitten born i lag.

d. Jens Ottoson Ørbech, f. på Ringebu 12.3.1688, d. som sokneprest til Ned­strand i Ryfylke våren 1724.  Han gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hans? – kring 1720!)

 

     med gullsmeddotteri Elsebe, kjend som Elisabeth Andersdotter (Pharo) frå Christiania, døypt i Christiania 28.5.1791.  Ho vart gravlagd i Christiania 6.7.1757.  Jens vart i 1721 tilsett som sokneprest til Nedstrand i Ryfylke, men fall ifrå etter få år, og som enkje flytte Elisabeth attende til Christiania.  Dei fekk ei dotter i lag.

 

     ##### (sjekka om fleire born?)

 

e. Kirsten Ottosdotter Ørbech, f. på Ringebu kring 1689, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1743!)

 

     Kirsten gifte seg i Tønsberg 16.12.1710 med kjøpmannssonen Mons Henriksen (Stoltenberg) frå Tønsberg, f. i Tønsberg kring 1680.  Han d. i Tønsberg 10.5.1734.  Mons var skippar, og han og Kirsten budde i Tønsberg.  Dei fekk sju born i lag.

f. Andreas Ottoson Ørbech, f. på Ringebu kring 1690,

 

                   ##### (lagnaden hans? – 1716-1719 skrivar hjå futen Peder Leganger i Sogn, 1719 utnemnd til dansk kansellist – 1738: «skal vera viselandsdomar i Danmark» - truleg den

                           Andreas Ørbech Skriver som med Marie Jensdotter fekki ein son Henrik døypt i Nikolaj-kurkja i København 15.7.1719!?)

 

g. Dorthea Ottosdotter Ørbech, f. på Ringebu kring 1692, vart gravlagd i Tønsberg 3.4.1748.  Dorthea budde ei tid hjå skyldfolki sine på Årdalstangen i Årdal, men flytte sidan til mor si i Tønsberg.  Ho var ugift.

h. Anna Ottosdotter Ørbech, f. på Ringebu kring 1694,

 

     ##### (nøyaktig dato og stad?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Anna gifte seg første gongen i Tønsberg 18.11.1716 med kjøpmannssonen Jochum Johanson Møller frå Bergen, f. i Bergen

 

     ##### (dato og stad for fødsli hans? – kring 1692!?)

 

     ##### (yrke?)

 

     og dei budde i Bergen der Jochum d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før juli 1738!)

 

     og 12.6.1743 gifte Anna Ørbech seg att i Bergen med Christian Fredrik Theodosius frå

 

     ##### (opphavet hans? – nemnd som fadder i 1740: Tocius!)

 

     ##### (dato og stad for fødsli hans?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     ##### (yrke og bustad? – styrmann?)

 

     Anna fekk åtte born, som alle var frå første ekteskapet.

i. Margretha Ottosdotter Ørbech, døypt på Ringebu 23.1.1696, vart gravlagd på Nøtterøy 25.6.1767.  Margretha kom i ung alder til skyldfolki sine på Årdalstangen i Årdal, men flytte sidan til mor si i Tønsberg.  Ho gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hennar? – før 1728!)

 

     med Svennik Hans Høyer

 

     ##### (biografi? – budde i Tønsberg 1729/1730, men 1738: «skal være gift og bosatt i Christiansands stift» -

            * son Niclas Høyer gravlagd Tønsberg 18.3.1730, 1½ år og nogle uger

            * dotter Helena Marie Høyer, døypt i Tønsberg 24.9.1729)

 

j. Østen Ottoson Ørbech, vart døypt på Ringebu 4.2.1697,

 

     ##### (lagnaden hans? – fadder Bergen september 1727 og Borre i Vestfold januar 1728 – var konstituert sorenskrivar i Søndre Jarlsberg 1728-1729 og budde då i Tønsberg! – d. ugift før 1738!)

 

k. Otto Ottoson Ørbech, f. på Ringebu 3.11.1698,

 

     ##### (lagnaden hans? – 1738: «uvisst om han lever – bustad ukjend»)

 

l. Bertha Ottosdotter Ørbech, f. på Ringebu 18.5.1700, d. i Tønsberg 28.3.1750.  Bertha gifte seg visstnok i Tønsberg 30.9.1721 med Gabriel Christiansen frå Fredrikshald, f. i Fredrikshald 18.8.1694.  Han miste livet då han kullsegla utanfor Flækkerøy ved Kristiansand 19.11.1738.  Gabriel var styrmann og los, og han og Bertha budde i Tønsberg.  Dei fekk tolv born i lag.

m. Lars Ottoson Ørbech, vart døypt på Ringebu 29.12.1702, vart gravlagd i Bergen 8.9.1735, ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand til kartleggjing av denne utfordrande huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

og kona Martha Østensdotter, prestedotter frå Ringebu, og døypt i Aker 14.9.1662.  Parfolket vart buande på Ringebu, og 8.6.1695 vart Otto utnemnd til sokneprest til Ringebu etter Jørgen Bjørn.  Otto Ørbech d. etter eit ulukkeshende på Ringebu ?.4.1705.  Som enkje flytte Maren til Tønsberg der ho vart gravlagd 18.1.1749.  Ho og Otto fekk tretten born i lag:

 

Det du skriver her kan misforstås- Det er datteren Maren som blir født 1662 på Aker, og ikke moren Martha.

Se også den øverste der det står at Otto Ørbech gifter seg 1884.

Ikke for å være pirkete, men det er greit at det blir riktig.

 

Sønnen Lars Ottesen Ørbech blir begravet i Domkirken i Bergen

8 september 1735.

https://media.digitalarkivet.no/view/8638/14

Høyre side.

Endret av Wenche Hillstrand
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Wenche for ei «vaken» melding!

 

Eg er glad for slike kommentarar og har retta opp vigselsåret til Otto i innlegg #31, samstundes som eg har lagt inn eit ekstra «vart» ved dåpen til kona.  Diverre er det ikkje alltid lesarane forstår teksten på rett måte, men slik det var formulert utan «vart», kunne det lettare mistolkast...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg la i går inn eit spørsmål om Andreas Ottoson Ørbech hjå DIS-Danmark, og der er det komme fram eit par interessante faktaopplysningar:

 

https://www.slaegtogdata.dk/forum/index.php?topic=134909.new;topicseen#new

 

Det kan sjå ut som om Andreas har etterslekt på Fyn, men eg er noko usikker på korleis me skal tolka desse opplysningane...  Kanskje nokon av dykk har fleire tips?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne utfordrande huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Siterer fra Lars Øyane

Otto Ottoson Ørbech, f. på Ringebu 3.11.1698,

##### (lagnaden hans? – 1738: «uvisst om han lever – bustad ukjend»)

Denne sønnen døde 1722 i Bergen og begravet 19 januar 1722 i Nykirken.

Det står på høyre side Salig Otto Hansen-Sogneprest til Ringebu ? Gudbrandsdalen 

hans sønn Otto begravet på kirkegården med alle klocker og likpredikner.

 

Jeg regner med når han var kun 24 år at han var ugift.

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8721/208

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Wenche for ei ny interessant melding!

 

Du har finne den sakna Otto, som skifteretten i 1738 ikkje visste noko om!  Eg er imponert!

 

Når me no ser nærare på ætterekkja etter sokneprest Otto Ørbech, ser me eit tydeleg «mønster»:  Etter at soknepresten Otto døydde so tidleg og let etter seg enkje og so mange born, er truleg dei fleste av dei yngre borni flytte til slekti i Sogn, medan mori og dei eldre borni flytte til Tønsberg!

 

Framleis manglar me ein del detaljar om fleire av desse borni, men eg vonar at Andreas etter kvart kan sporast i Danmark, og er me heldige, finn me kanskje ut av huslydane til Anna i Bergen og Margretha i Tønsberg eller på Sørlandet.  Dei siste to er jo tekne opp som eigne tema...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Enno ein gong må eg få uttrykka takksemd til Wenche for ei kjempemelding!  Du imponerer med «god teft» når det gjeld denne huslyden!

 

Med unnatak av Østen og Andreas, er no alle sønene i denne huslyden komne «til rette» når det gjeld dødsfalli deira, og manuskriptet er i dag langt meir komplett enn eg nokon gong hadde våga å drøyma om!  Dette syner på ny at samarbeid gjennom Brukarforum i Digitalarkivet fungerer til alt overmål!

 

Her følgjer ein (førebels) siste versjon av manusklriptet mitt for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Otto Hansson Ørbech, f. i Bergen kring 1659,

Otto Ørbech vart i 1681 tilsett som kapellan til Ringebu, og han gifte seg i 1684, dato og stad ukjende, med Maren Nicolaisdotter Orloff frå Christiania.  Ho var dotter av riksskrivar Nicolai Paulson Orloff på Akershus festning, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Martha Østensdotter, prestedotter frå Ringebu, og vart døypt i Aker 14.9.1662.  Parfolket vart buande på Ringebu, og 8.6.1695 vart Otto utnemnd til sokneprest til Ringebu etter Jørgen Bjørn.  Otto Ørbech d. etter eit ulukkeshende på Ringebu ?.4.1705.  Som enkje flytte Maren til Tønsberg der ho vart gravlagd 18.1.1749.  Ho og Otto fekk tretten born i lag:

a. Hans Ottoson Ørbech, f. på Ringebu ?.12.1684, vart gravlagd på Ringebu 31.3.1710, ugift.

b. Nicolai Ottoson Ørbech, f. på Ringebu 9.12.1685, vart gravlagd i Kristiansand 3.6.1718.  Han gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hans? – kring 1710?)

 

     med prestedotteri Else Eriksdotter Thue frå Nøtterøy.  Ho var f. på Nøtterøy 25.11.1689 og d. i Kristiansand 17.10.1737.  Nicolai Ørbeck vart cand.theol. 15.3.1709 og var ei tid skips­prest til han 23.11.1715 vart utnemnd til residerande kapellan i Kristiansand.

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – borni var ukjende i 1738!)

 

c. Martha Ottosdotter Ørbech, f. på Ringebu ?.1.1687, vart gravlagd i Tønsberg 20.2.1770.  Martha var kan henda den første av huslyden som flytte til Tønsberg, for alt 10.7.1704 gifte ho seg der med Jacob Jacobson Bull.  Han var f. i Angeln, Schleswig kring 1674 og kom til Noreg i 1700.  Han fekk 23.12.1701 borgar­skap i Tønsberg som kjøpmann og vart gravlagd der 15.4.1749.  Jacob var kjøpmann og kyrkjeverge i Tønsberg der han og Martha budde levetidi ut.  Dei fekk i alt nitten born i lag.

d. Jens Ottoson Ørbech, f. på Ringebu 12.3.1688, d. som sokneprest til Ned­strand i Ryfylke våren 1724.  Han gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hans? – kring 1720!)

 

     med gullsmeddotteri Elsebe, kjend som Elisabeth Andersdotter (Pharo) frå Christiania, døypt i Christiania 28.5.1791.  Ho vart gravlagd i Christiania 6.7.1757.  Jens vart i 1721 tilsett som sokneprest til Nedstrand i Ryfylke, men fall ifrå etter få år, og som enkje flytte Elisabeth attende til Christiania.  Dei fekk ei dotter i lag.

 

     ##### (sjekka om fleire born?)

 

e. Kirsten Ottosdotter Ørbech, f. på Ringebu kring 1689, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1743!)

 

     Kirsten gifte seg i Tønsberg 16.12.1710 med kjøpmannssonen Mons Henriksen (Stoltenberg) frå Tønsberg, f. i Tønsberg kring 1680.  Han d. i Tønsberg 10.5.1734.  Mons var skippar, og han og Kirsten budde i Tønsberg.  Dei fekk sju born i lag.

f. Andreas Ottoson Ørbech, f. på Ringebu kring 1690,

 

     ##### (lagnaden hans? – 1716-1719 skrivar hjå futen Peder Leganger i Sogn, 1719 utnemnd til dansk kansellist – 1738: «skal vera viselandsdomar i Danmark» - identisk med Andreas Ørbech Skriver som med Marie Jensdatter fekk ein son Henrik døypt i Nikolaj-kyrkja i København 15.7.1719!)

 

g. Dorthea Ottosdotter Ørbech, f. på Ringebu kring 1692, vart gravlagd i Tønsberg 3.4.1748.  Dorthea budde ei tid hjå skyldfolki sine på Årdalstangen i Årdal, men flytte sidan til mor si i Tønsberg.  Ho var ugift.

h. Anna Ottosdotter Ørbech, f. på Ringebu kring 1694,

 

     ##### (nøyaktig dato og stad?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Anna gifte seg første gongen i Tønsberg 18.11.1716 med kjøpmannssonen Jochum Johanson Møller frå Bergen, f. i Bergen

 

     ##### (dato og stad for fødsli hans? – kring 1692!?)

 

     ##### (yrke?)

 

     og dei budde i Bergen der Jochum d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før juli 1738!)

 

     og 12.6.1743 gifte Anna Ørbech seg att i Bergen med Christian Fredrik Theodosius frå

 

     ##### (opphavet hans? – nemnd som fadder i 1740: Tocius!)

 

     ##### (dato og stad for fødsli hans?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     ##### (yrke og bustad? – styrmann?)

 

     Anna fekk åtte born, som alle var frå første ekteskapet.

i. Margretha Ottosdotter Ørbech, døypt på Ringebu 23.1.1696, vart gravlagd på Nøtterøy 25.6.1767.  Margretha kom i ung alder til skyldfolki sine på Årdalstangen i Årdal, men flytte sidan til mor si i Tønsberg.  Ho gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hennar? – før 1728!)

 

     med Svennik Hans Høyer

 

     ##### (biografi? – budde i Tønsberg 1729/1730, men 1738: «skal være gift og bosatt i Christiansands stift» -

            * son Niclas Høyer gravlagd Tønsberg 18.3.1730, 1½ år og nogle uger

            * dotter Helena Marie Høyer, døypt i Tønsberg 24.9.1729)

 

j. Østen Ottoson Ørbech, vart døypt på Ringebu 4.2.1697,

 

     ##### (lagnaden hans? – fadder Bergen september 1727 og Borre i Vestfold januar 1728 – var konstituert sorenskrivar i Søndre Jarlsberg 1728-1729 og budde då i Tønsberg! – d. ugift før 1738!)

 

k. Otto Ottoson Ørbech, f. på Ringebu 3.11.1698, vart gravlagd i Bergen 19.1.1722, ugift.

l. Bertha Ottosdotter Ørbech, f. på Ringebu 18.5.1700, d. i Tønsberg 28.3.1750.  Bertha gifte seg visstnok i Tønsberg 30.9.1721 med Gabriel Christiansen frå Fredrikshald, f. i Fredrikshald 18.8.1694.  Han miste livet då han kullsegla utanfor Flækkerøy ved Kristiansand 19.11.1738.  Gabriel var styrmann og los, og han og Bertha budde i Tønsberg.  Dei fekk tolv born i lag.

m. Lars Ottoson Ørbech, vart døypt på Ringebu 29.12.1702, vart gravlagd i Bergen 8.9.1735, ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne utfordrande huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for komplimentet Lars.

 

Jeg vet så mye at Østen døde etter 1732- da han er fadder i Tønsberg.

Kirsten Ottesdatter gift Stoltenberg var på Gulen i SF i 1750 da hun var fadder 

sammen med sin datter Boel Maria Stoltenberg.

 

Vet ikke om hun bodde der hos sin datter Ingeborg som var gift med Sogneprest på Gulen Thomas Jensen Sommer.

Datteren Boel Maria giftet seg også der 20 juli 1752 med Lyder Johan Smit.

Har ikke foreløpig funnet Kirsten Ottesdatter død på Gulen og heller ikke i Tønsberg. Men Kirsten hadde flere barn hun kunne ha bodd hos,

noen ganger følger jeg barnen for å finne moren, da de som blir enker noen ganger flytter til en av dem.

 

Link over faddere på Gulen der Kirsten Stoltenberg og datteren Boel Maria er.

https://media.digitalarkivet.no/view/11443/8

Nest nederst høyre side -19 februar 1750

 

Østen Ørbech fadder 8 juni 1732 -venstre side

https://media.digitalarkivet.no/view/8201/89

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Siterer fra Lars

e. Kirsten Ottosdotter Ørbech, f. på Ringebu kring 1689, d.

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1743!)

     Kirsten gifte seg i Tønsberg 16.12.1710 med kjøpmannssonen Mons Henriksen (Stoltenberg) frå Tønsberg, f. i Tønsberg kring 1680.  Han d. i Tønsberg 10.5.1734.  Mons var skippar, og han og Kirsten budde i Tønsberg.  Dei fekk sju born i lag.

Hun døde 87 år gammel på Gulen i SF og begravet 26 juli 1769 i Gulen. Hun bodde kanskje hos sin datter Ingeborg som var gift med Sognepresten i Gulen Thomas Jensen Sommer.

Kan da tyde på at Kirsten er den aller eldste i ungeflokken, hvis årstallet stemmer som presten  skriver. Født ca. 1682.

https://media.digitalarkivet.no/view/11443/136

Se høyre side.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Wenche for dei siste spennande innleggi!

 

Dei kjem «til rette», eitt etter hitt, desse borni til Otto Hansson Ørbech; og er berre heilt imponert!

 

Når det gjeld alderen til Kirsten, er eg nok litt skeptisk.  Me veit at presten gifte seg i 1684, og me har etter måten «solide» opplysningar om aldrane på dei eldste borni hans.  Sett i ljos av den tette rekkja med born hjå denne Stoltenberg-huslyden med siste barnet fødd i 1723, kort før mannen døydde, trur eg at eg vil lata 1689 står som eit «rimeleg anslag» på fødselsåret hennar...

 

Elles er det ikkje so mange åri Østen Ørbech har å døy på.  Han levde i 1732 og var avliden i 1738.  Han er sikkert avliden ein eller annan stad i Vestfold, men kanskje kyrkjeboki manglar nett der han døydde?

 

Elles er det døtrene Anna og Margretha og mennene deira som attåt Andreas i Danmark som framleis er dei STORE utfordringane, men ikkje noko er umogeleg, og eg vil berre nok ein gong få takka på det hjartelegaste for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kirkeboken for Gulen er ikke helt enkel, men har ihverfall klart å lokalisere Anne Ørbech frem til 1757.

 

I 1754 var hun fadder til Lyder Johan Smits barn Otte. Lyder Johan Smit var gift med datteren Boel Maria til Kirsten Ottesdatter Ørbech-gift Stoltenberg.

Faddere der var også Thomas Sommer -Kirsten Ørbech-Madam Blomgren-og så Anna Ørbech.

https://media.digitalarkivet.no/view/11443/41

Sist på venstre side og forsettelse øverst høyre side.

 

Den 28 juli 1757 står Anne Ørbech nevnt- Klarer ikke helt å lese hva som står etter hennes navn. Står H foran navnet. Hva betyr det? som regel står det vel F hvis man er fadder

https://media.digitalarkivet.no/view/11443/73

Venstre side

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Wenche for siste innlegget frå i går!

 

Eg har sett litt nærare på denne innførsli i kyrkjeboki fior Gulen, men eg trur det er ff som står framfor namnet, og ho er fadder i lag med fleire andre...

 

Eg veit at desse kyrkjebøkene for Gulen er svært anstrengande å lesa.  Eg har i eit anna tema etterlyst fleire dødsfall i Gulen som òg må ha finne stad i siste helfti av 1760-talet eller på 1770-talet (mellom anna Arne Olson Molde/Lihaug og kona Metta Ingebrigtsdotter),

 

sjå tema: https://forum.arkivverket.no/topic/205026-arne-olson-og-metta-ingebrigtsdotter-1766-busette-på-lihaug-i-eivindvik-gulen-men-kvar-er-dei-lagnad/

 

men må tilstå at eg «kvir meg» for å gå laus på gjennomlesingi...

 

Eg er svært takksam for dei freistnadane du Wenche gjer for å kartleggja Ørbech-ætti, og eg vil på ny få takka på det hjartelegaste for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

  Heiberg slekt av G. F. Heiberg. 1907

 

Her er det side opp og side ned vedrørende Ørbech slekta.

Men dette er sikkert kjent stoff ?

 

Utdrag

5ac72c1686f77_rbech.thumb.PNG.1a44e92d4deebbc13a58eaf42bd6eaf8.PNG

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.