Gå til innhold
Arkivverket

Nils Larson Øyri i Fresvik


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

Ein familie vi veit lite om men som budde i Fresvik ei tid. Han er oppsett under Øyri i Fresvik, men vi har få opplysningar:

Nils Larsson, ikkje fødselsår og ikkje namn på kona

Born:

Rasmus Nilson fødd 1746 kan vera barn av Nils

Albrigt 174-1752

Anna f 1754

Ivar fødd 1756

Albrigt 1759-1759. Han var døypt på Ølmheim men gravlagd i Fresvik.

Kanskje kan det tyda på at familien har band til Ølmheim i Sogndal.

Ut frå desse få opplysningane, er det noko som klarer finna ut meir?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisan, denne var ikkje so lett...

 

Men Albrigt-namnet peiker heilt klart mot Norum sokn i Sogndal der me har:

 

* Albrigt Baardson Slinde og

* Albrigt Thomasson Nornes, sidan Ølmheim

 

som båe har fleire born fødde i Sogndal frå 1720-åri og utover.  Det finst skifte etter båe, men eg kan ikkje sjå noki tilknytting til Øyri...  Ein kunne jo tru at kona til Nils Larsson hadde dette Albrigt-namnet med seg...?

 

Kanskje noko vil dukka opp, før eller sidan...  Lukke til vidare!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Anne Nilsdatter Øren ble døpt ved Fresvik 9.6.1754. Så blir ei Ingeborg Rachel Øren introdusert ved Fresvik 28.7.1754 https://media.digitalarkivet.no/view/11565/154 Dette er kanskje mora?

 

Finner ei Ingeborg Rachel Rasmusdatter døpt ved Korskirken i Bergen 29.8.1723 (faren da død) https://media.digitalarkivet.no/view/8674/37 Hennes foreldre var skomakerdreng Rasmus Christensen og Anna Arentsdatter som giftet seg i Korskirken 25.5.1723 https://media.digitalarkivet.no/view/8680/68

 

Navnekombinasjonen Ingeborg Rachel er vel ganske sjelden, så det er ikke umulig at det er hun som er døpt i Bergen som var bosatt Øyri i Fresvik. Har ikke funnet noen vielse mellom Nils Larsen og Ingeborg Rachel.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er godt mogeleg at du har funne rett familie. Rasmus Nilson budde på Øyri ved stranda i Fresvik, og på den tida var det mykje samband  til Bergen. Både jekteeigarar og andre mindre velhaldne budde som strandsitjarar her.

Eg trur også at Nils hadde ein son Rasmus fødd i 1746 men klarer ikkje finna han i kyrkjeboka for Leikanger. Men han var konfirmert i Fresvik i 1760, 14 år gammal og budde då på Hovsøyri som stemmer godt. Namnet passar og inn viss bestefaren heitte Rasmus. 

https://www.digitalarkivet.no/view/63/pc00000001070820

Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://media.digitalarkivet.no/view/11565/126

Her er Nils Ørens kvinne introdusert, så truleg fekk dei eit barn i 1751-52 utan at eg klarer finne det i kyrkjeboka for Leikanger. Kan sjølvsagt vera døypt ein annan stad.

 

Og her er sonen Albert død, 5 år gammal. Finn heller ikkje dåp for han i kyrkjeboka for Leikanger.

https://media.digitalarkivet.no/view/11565/128

Kan dei vere flytte til Fresvik rundt 1752 då Nils Ørens kvinne er introdusert? Evt at dei har komme frå Bergen på den tida?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisan!

 

Det ser ut til at bygdeboki for Leikanger har «lurt» oss med «namnestandardisering»!  Gutane heitte jo tydeleg Albert og ikkje Albrigt, og då er me nok langt på veg «til by'n».  Albert-namnet finst ikkje i indre Sogn i «vanlege» ætter på den tidi, og eg er ganske so overtydd om at Terje har rett i at Ingeborg Rachel Rasmusdotter svært sannsynleg må vera mor til borni og kona til Nils Larsson!

 

Men kven denne Nils Larsson kan ha vore, tja det vert sikkert ikkje so lett å finna ut av...

 

Lukke til med vidare leiting!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://media.digitalarkivet.no/view/11566/32

Her er dåpen til den siste Albert fødd i 1759. Og viss Albert-namnet ikkje var vanleg i Sogn så er me nok endå nærmare Bergenskanten. 

Men kvifor vart han døypt i Ølmheim? Fadrane som er oppsette er alle frå Fresvik  (Eg les den eine som Brithe Eriksdtr.?)

Må vel ha hatt ei tilknyting innover Sogndalsfjorden sidan han blei døypt der, kanskje i all hast sidan han døydde berre 13 dagar gammal.

Ut frå det eg klarer finna i kyrkjebøkene for Leikanger må familien iallfall ha budd i Fresvik mellom 1752 då Nils Larsons kvinne blei introdusert i kyrkja i Fresvik og 1760 då sonen Rasmus blei konfirmert.

Eg finn ikkje nokon barnedåp i 1751-52 så det er litt rart at ho likevel er introdusert i Fresvik.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ein liten merknad til den manglande barnedåpen frå 1751.  Av erfaring veit eg at det manglar ein og annan barnedåp i kyrkjebøkene for dei fleste prestegjeldi i Sogn på den tidi det er tale om, særleg i «anneks-soknene», og dåpen frå 1751 KAN vera ein av dei, særleg p.g.a. at denne dåpen ikkje synest vera innført nokon stad!  Sokneprestane reiste gjerne med båt over fjorden og nytta då gjerne det velkjende «lappesystemet» for ikkje å måtte ta med seg kyrkjeboki kvar gong han var av stad...  Særleg mange døme på dette har me i Årdal (der presten reiste med båt frå Lærdal - i allslags vêr...), og Fresvik og Feios var sikkert ikkje noko annleis...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ektemann nr 2 heitte altså Albert, så dette stemmer betre og betre.

Og ang dåpsoppføringar i kyrkjebøkene på den tida, så har eg jobba litt med ein annan familie frå den tida, og her er det iallfall fleire barn som ikkje er innførde, så det var nok litt ymse.

I 1684 drukna soknepresten Jens Bugge på veg frå Fresvik til Leikanger, så ikkje så rart at prestane hadde andre ting å tenkja på når dei for mellom bygdene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.