Gå til innhold
Arkivverket

Eli Johannesdotter Tverberg i Hafslo (1733-1784) - haplogruppe T2b - med røter frå Middelhavet? - kven var ho??


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ein nolevande etterkommar etter Eli Johannesdotter Tverberg i Hafslo (1733-1784) - gjennom kvinneledd i samtlege generasjonar, har finne ut at ho høyrer til haplogruppe T2b, som etter kva ho har finne ut, skal stamma frå Middelhavsområdet og som mellom anna skal ha vore oppdaga i levningar frå Pompeii i Italia!

 

Huslyden hennar er omskriven i Gards- og Ættesoga for Hafslo, band X under gnr. 155, Hillestad, husmannsplassen Tverberg der det står følgjande:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Arne Tverberg, som me trur må ha opphavet sitt i ei anna bygd,

 

     ##### (opphavet hans og fullt namn?)

 

     var f. kring 1702 og vart gravlagd frå Tverberg 4.2.1790.  Arne kom til Tverberg då han kring 1732

 

     ##### (dato og stad for denne første vigsli hans?)

 

     gifte seg første gongen med Ragnhild Nilsdotter, enkja etter den føregåande husmannen på plassen.  Etter at ho var avlidi, gifte han seg so kring 1753

 

     ##### (dato og stad for denne andre vigsli hans?)

 

     att med ei Eli Johannesdotter, som er av ukjent opphav. 

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     Kanskje henta Arne denne andre kona frå heimbygdi si?  Ho var f. kring 1733 og vart gravlagd frå Tverberg 25.2.1784.  Arne skulle komma til å driva plassen i over femti år, fram til hausten 1783.  Me kjenner til tre døtrer etter Arne, og dei var alle frå andre ekteskapet:

 1. Ragnhild Arnesdotter (1754-1754).

 2. Guri Arnesdotter (1756-1833), vart gift med husmann Hans Pederson på Tverberg (1754-1834); dei fekk ta over heimeplassen hennar på Tverberg.

 3. Oselda Arnesdotter (1759-1825), vart gift med husmann Endre Sjurson i Botnen 5 under Hillestad (1775-1846).

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Som det kjem fram av dette manuskriptet, veit me svært lite om opphavet til denne huslyden.  Vigsli til Eli og Arne fann stad kring 1753, nettopp på den tidi der me har ei «lakune» i kyrkjebøkene for Hafslo, men merkeleg nok manglar me òg opplysningar om første vigsli til mannen Arne, og på den tidi skal dei fleste vigslene vera medkomne i kyrkjebøkene for Hafslo!

 

Einaste kjelda som nemner namnet hennar, er gravferdi hennar i Hafslo:

 

* Eli Johansdotter Tverberg 25.2.1784 - 50 år gamal: https://media.digitalarkivet.no/view/1992/98

 

Eg har sett litt på fadrane til dei tre døtrene:

 

* Ragnhild - døypt i Hafslo 10.11.1754 - fadrar: Johannes {Olson} Øvrelie {1707-1770}, Nils Erikson, Martha {Olsdotter} Morken {1701-1774}, Guri {Paulsdotter} Morken {1701-1772}, Christi Johannesdotter   https://media.digitalarkivet.no/view/11455/70

 

* Guri - døypt i Hafslo 4.1.1756 - fadrar Østen Joh{annesson} Øvrelie {1739-1763}, Nils Erikson Lie, Christi {Larsdotter} Kalhagen {1720-1763}, Ingebor ibidem, Anna Pedersd. Morken {1733-1801}  https://media.digitalarkivet.no/view/1992/7

 

* Oselda - døypt i Hafslo 4.3.1759 - fadrar: Niels {Larsson} Ugulen {1717-1777}, Siver Hansen, Inger {Trondsdotter} Morken {1729-1762}, Britte Hansdatter, Christi Olsdatter  https://media.digitalarkivet.no/view/1992/23

 

Dei fleste av desse fadrane budde på nabogardar i Hafslo, men det er særleg TO NAMN eg har bite meg merke i og som eg har vanskar med å identifisera:

 

** Christi Johannesdotter - fadder på Ragnhild - kan, etter kva eg forstår, IKKJE vera fødd i Hafslo, med mindre ho vart døypt i Hafslo som Kirsti Johannesdotter, uekte dotter av Ragnhild Endresdotter og gift mann Johannes Olson Baten, men denne Kirsti hadde ingen søster Eli og var i alle fall ikkje gift i Hafslo!

 

** Nils Erikson (Lie) - fadder på Ragnhild og Guri - er nemnd Lie, som rett nok var ein nabogard til Tverberg, men der budde det ikkje nokon Nils Erikson på den tidi, so kanskje hadde han namnet sitt frå ei anna bygd?  Me har to personar fødde i Hafslo som dette KAN vera:

 

*** Nils Erikson, steson av Arne og son av første kona Ragnhild, vart døypt i Hafslo 15.9.1726, men forsvinn frå Hafslo!

 

*** Nils Erikson frå garden La i Hafslo, vart døypt i Hafslo 2.11.1735 og levde då mori døydde i 1746 (faren var avliden før), men forsvinn sidan frå Hafslo!

 

I tillegg til identifikasjon av haplogruppa T2b inneheld dette emnet fleire andre kjempeutfordringar:

 

** Kven var Arne Tverberg?

 

** Kven var Eli Johannesdotter?

 

** Kven var Christi Johannesdotter - ei søster av Eli?

 

** Kven var Nils Erikson (Lie) og kvar vart det av han?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden og vonar at nokon kan hjelpa meg vidare...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.