Gå til innhold
Arkivverket

Christen Andersson Aasen (1818-1906) og kona Synneva «Susan» (1829-1906) - frå Hafslo til Lake Mills, IA - obituaries? - supplerande opplysningar om huslyden deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet er ei oppdatert oppfølgjing av tema #15758 frå det gamle brukarforum:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/101553-15758-christen-andersen-og-suneva-pedersdatter-fra-luster-i-sogn/?tab=comments#comment-834093

 

Etter nye opplysningare er denne huslyden no «flytt» til siste bandet av bygdebokserien for Luster som skal komma ut om ikkje so lenge.  Christen og Synneva «Susan» utvandra i 1855 og busette seg etter kvart i Lake Mills, Winnebago Co., IA.  Eg har i mellomtidi greidd å få tak i det meste, men so er det nokre detaljar som rett og slett «gøymer seg» so altfor godt...

 

Siste versjon av manuskriptet mitt ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter at nye opplysningar no er komne til, er dette manuskriptet erstatta av eit nytt i innlegg #5 nedanfor!

 

Christen og Synneva «Susan» fekk ni born i lag, og ifølgje FT1900 var åtte av dei då i live:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6GBH-GRV?i=8&cc=1325221

 

Sonen John Martin døydde på ein pleieheim i Independence., IA i 1892, noko som tyder at både sonen Peder og dotteri Inger Susanne då framleis var i live.  Peder veit eg ikkje noko om i det heile, men eg mistenkjer dette for å vera dotteri Inger Susanne, «Inger S. Anderson», som i 1900 var pasient på den same pleieheimen i Independence, IA som der John døydde nokre år før:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6SLW-3N8

 

Det er særleg desse to borni eg er oppteken av å finna ut meir om, og kan henda vil dette vera mogeleg dersom me kan finna obituaries for foreldri som båe døydde i Lake Mills, IA i 1906?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne utfordrande huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

 

 

c. Anna Sophie Anderson, f. i Dane Co., Wis. 28.9.1855, d.

 

 

     ##### (place of Anna’s death? – Winnebago Co., Ia.?? – buried Scarville Immanuel cemetery!)

 

 

     15.5.1927.  Anna gifte seg i Winnebago Co., Ia. 22.4.1878 med Niels Larssen frå Øren på Jylland, Danmark, i Amerika kjend som Nels Larson.  Han var son av

 

 

     ##### (occupation of Nels’ father?)

    

 

Lars Nielsen Roddenberg var husmann og landpostbud

https://www.danishfamilysearch.com/kbid81411

Lenke til kommentar
Del på andre sider

18 minutter siden, Lars Johannessen skrev:

?

En Peter C. Aasen døde 23.juli 1898, alder 46 år, i Decorah, Winnishiek, Iowa

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QVMN-214B

 

Samme Peter som blir far 18. mars 1898?

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:KHTX-2Q2

Var visstnok fra Sigdal denne https://www.findagrave.com/memorial/21320921

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Lars J. for nye spennande innlegg!

 

Eg trur det er lite sannsynleg at denne huslyden nytta Aasen-namnet i Amerika.  Det var berre ganske kort tid at dei budde på denne garden før dei i 1855 utvandra til Amerika, og har ikkje sett andre namneformer enn ANDERSON nytta «over there», men Peder KAN jo til dømes ha kalla seg for Christenson eller Christianson...?

 

Hadde det berre vore mogeleg å finna nekrologar for Christen og/eller Synneva...  Eller kanskje eit skifte etter dei frå Winnebago Co., IA...?

 

Opplysningane frå Danmark om Nels Larson var spennande, og dei får meg til å lura på om kanskje:

 

** Utvandringsåret hans - 1873 - burde sjekkast?  Er det mogeleg?

 

Eg trur eg fekk dette utvandringsåret opplyst av ein etterkomar den gongen eg første gongen arbeidde med denne huslyden på 1980-talet, og den gongen hadde eg ikkje høve til å sjekka det!

 

Elles ser eg at det er lagt inn mange lenker hjå FamilySearch til danske kyrkjebøker (dette må vera av ganskle ny dato...), og det gjer det mykje enklare å kontrollera opplysningane me elles finn hjå FamilySearch.  Eg har soleis retta opp litt av dei opplysningane eg hadde om det danske opphavet til den danske delen av huslyden.

 

Eg har ogso sjekka eit par andre faktaopplysningar, og her følgjer eit oppdatert manuskript til erstatning for manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Christen Andersson Aasen, opphavleg frå Hagen under Sørheim i Luster, var f. i Luster 22.10.1818 og gifte seg i Hafslo 15.11.1847 med Synneva Pedersdotter frå Loi under Kroken, f. i Hafslo 26.7.1829.  Christen og Synneva hadde først heimeplassen hennar på Loi under Kroken, men var frå kring 1850 strandsitjarar på Feigøyri under Feigum i Luster til dei i 1853 kom som bygselsfolk til Åsen.  Her vart dei so buande fram til våren 1855.

Christ og Susan Anderson utvandra til Amerika i 1855 og budde først nokre år i Dane Co., Wis.  Kring 1859 finn me dei att som farmarar i Hartland township, Freeborn Co., Minn., men i 1862 slo dei seg ned på ein farm i Norway township, Winnebago Co., Ia. der dei sidan budde levetidi ut.  Susan d. i Lake Mills, Ia. 19.8.1906, medan Christ Anderson d. same staden 16.10.1906.  Dei fekk ni born i lag:

a. Anders, kjend som Andrew C. Anderson, f. i Hafslo 1.8.1849, utvandra med foreldri til Amerika i 1855 og d. i Hancock Co., Ia. 25.4.1934.  Han gifte seg i Buffalo Co., Wis. 10.1.1873 med søskenbarnet Sophia, kjend som Sophie T. Olson.  Ho var dotter av husmann Thomas Olson frå Bakken i Kinserdalen under Urnes i Hafslo (1795-1874) og f. i Hafslo 9.7.1855.  Ho utvandra til Amerika med foreldri sine i 1856 og d. i Winnebago Co., Ia. 16.2.1897.  Andrew og Sophie slo seg ned som farmarar i Logan township, Winnebago Co., Ia. og fekk seksten born i lag.

b. Peder, kjend som Peter C. Anderson, f. i Luster 25.9.1851, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1855,

 

 

     ##### (Peter still alive 1870 – later biography? – appears to have been alive in 1900!!

            * one Peter Anderson, 33, born Norway, married Chicago, IL May 17, 1884 to Bertha Rislov, 35 – witnesses Bert Anderson and Adolf Anderson

            * one Peter Anderson, 26, born Norway, married Little Sauk, Sauk Centre, MN Oct. 18, 1877 to Liva Olson, 18, born Norway – marriage apparently took place at Decorah, IA!)

 

 

c. Anna Sophie, kjend som Sophie Anderson, f. i Dane Co., Wis. 28.9.1855, d.

 

 

     ##### (place of Sophie’s death? – lived 1925 with son Ben at Fertile, Worth Co., IA, but is buried with husband in the Scarville Immanuel cemetery in Winnebago Co., IA!)

 

 

     15.5.1927.  Sophie gifte seg i Winnebago Co., Ia. 22.4.1878 med Niels Larssen frå Grurup, Thisted amt på Jylland, Danmark, i Amerika kjend som Nels Larson.  Han var son av husmann og landpostbod Lars Nielssen i Grurup, opphavleg frå Roddenberg i Vestervig, Thisted amt, og kona Trine Marie Jeppesdatter frå Ørumby i Ørum, Thisted amt og f. i Grurup, Thisted amt i Danmark 3.2.1854, men utvandra til Amerika i 1873.  Nels d. i Winnebago Co., Ia. 20.8.1913.  Sophie og Nels Larson slo seg ned som farmarar i Logan township, Winnebago Co., Ia. og fekk sju born i lag.

d. John Martin Anderson, f. i Dane Co., Wis. 14.5.1858, d. i Independence, Ia. 3.2.1892.  John flytte i ung alder til North Dakota, men vart sjuk etter å ha vorte skoten i ein fot og levde siste åri på ein sjukeheim i Independence, Buchanan Co., Ia.  Han var ugift.

e. Olaus, kjend som Ole C. Anderson, f. i Freeborn Co., Minn. 18.6.1860, d. i Lake Mills, Ia.

 

 

     ##### (exact date of his death? – obit from June 3 says: ”died Thursday”, but June 3 was a Thursday...!)

 

 

     .6.1943.  Han gifte seg i Worth Co., Ia. 29.10.1890 med Taaraand Johnsdotter frå Heimdal søndre i Nissedal, i Amerika kjend som Tilda Knudson.  Ho var dotter av gardbrukar John Knudson på Heimdal søndre, Moen i Nissedal og kona Torborg Knutsdotter frå Støil og f. i Nissedal 3.3.1869.  Ho utvandra med foreldri sine til Amerika i 1871 og d. i Lake Mills, Ia. 10.11.1943.  Ole var brønngravar og smed («well digger and blacksmith»), og han og Tilda budde for det meste i Lake Mills, Winnebago Co., Ia.  Dei fekk sju born i lag.

f. Inger Susanne, kjend som Susan C. Anderson, f. i Winnebago Co., Ia. 2.1.1863, d.

 

 

     ##### (date and place of her death? – after 1880! – presumably at a young age, single! – appears to have been alive in 1900! – 1900 census shows one single Inger S. Anderson, 36, born in Norway(!), patient at the insane asylum at Independence, Buchanan Co., IA)

 

 

g. Christine Marie, kjend som Mary C. Anderson, f. i Winnebago Co., Ia. 23.11.1864, d. i Calgary, Alta.

 

 

     ##### (exact date of her death?)

 

 

     1944.  Ho gifte seg i Lake Mills, Ia. 3.1.1889 med Nils Johanson frå Lerviken i Edøy på Nord-Møre, i Amerika kjend som Nels J. Bakke.  Han var son av gardbrukar Johan Nilsson på Bakkan, Lerviken og kona Berit Johanne, kjend som Johanna Larsdotter frå Arnø og f. i Edøy 29.12.1860.  Nels utvandra til Amerika i 1882 og d. i Faribault, Minn. 9.5.1920.  Nels var møbelsnikkar («cabinet maker»), og han og Mary budde mellom anna i Milford, Dickinson Co., Ia., men flytte kring 1896 til Thorp, Clark Co., Wis.  Sidan budde dei ei tid i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. til dei kring 1913 slo seg ned i Faribault, Rice Co., Minn.

 

 

     ##### (children:

            * Bertha S. May 1892 – born Iowa

            * Challa J. Aug. 1894 – born Iowa

            * Alice S. Mar. 1898 – born Wisconsin)

 

 

     ##### (did Mary Bakke move to Calgary, AB?? – not buried with husband at Northfield, MN!)

 

 

     Dei fekk tre døtrer i lag.

h. Gurine Samuline, kjend som Lena C. Anderson, f. i Winnebago Co., Ia. 17.12.1868, d. i Pasadena, Cal. 28.2.1959.  Lena gifte seg i Winnebago Co., Ia. 11.11.1890 med Abraham A. Winden, f. i Worth Co., Ia. 4.11.1865.  Han d. i Minneapolis, Minn. 1.6.1948.  Abraham var handelsreisande og butikkmann («salesman»), og han og Lena budde først i Lake Mills, Winnebago Co., Ia., men flytte i 1905 til Mankato, Blue Earth Co., Minn. og eit par år etter vidare til Minneapolis, Hennepin Co., Minn.  Som enkje flytte Lena til Los Angeles, Los Angeles Co., Cal.  Dei fekk sju born i lag.

i. Albert Theodore Anderson, f. i Winnebago Co., Ia. 26.6.­1873, d. i Albert Lea, Minn. 3.12.1922.  Han gifte seg i Worth Co., Ia. 28.8.1897 med Rønnaug, kjend som Randi Tangen, f. i Worth Co., Ia. 27.1.1877.  Ho d. i Albert Lea, Minn. 5.9.1968.  Albert og Randi Anderson tok over heimefarmen hans i Norway township, Winnebago Co., Ia. og fekk sju born i lag.

 

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

So har eg endeleg fått spennande opplysningar frå Amerika om denne huslyden, og det gjeld spesielt sonen Peder «Peter»:

 

Frå skiftet etter Christen Anderson frå 1906 kjem det fram at Peter var forsvunnen til Traill Co., ND og at ingen visste kvar han sidan hadde vorte av!

 

Men i 1915 kjem tre av borni hans attende og gjorde krav på arv.  Då får me etter kvart litt oversyn over kva som skjedde:

 

Peter C. Anderson gifte seg kring 1873 med ei Dorthea Torgerson (Torgersdotter) som ifølgje FT1900 skal ha vore fødd i Iowa av norske foreldre i desember 1851, men nokon fødsel for ho eller vigsli deira finn eg ikkje.  Derimot fekk dei ein son fødd i Lime Creek nær Lake Mills, IA:

 

* Samuel Charles, fødd 19.2.1874: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314767-00521?pid=2500659&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db%3DELCAbmd%26h%3D2500659%26indiv%3Dtry%26o_vc%3DRecord:OtherRecord%26rhSource%3D60525&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true#?imageId=41742_314767-00521

 

Kring 1875 flytte dei til Roseville township, Traill Co., ND der me finn dei i FT1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBZ-87D?i=10&cc=1417683

 

I teljingi frå 1885 er Dora Anderson åleine i Roseville township, Traill Co., ND med dei tre borni, medan ho i FT1900 er enkje med dei to yngste borni: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DHD3-2N8?i=11&cc=1325221

 

I 1910 er Dora Anderson åleine med same bustad, og då er ho «divorced»: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRNB-GYW?i=5&cc=1727033

 

Og so finn eg dødsfallet hennar i Grand Forks, ND 16.4.1933, men bustaden hennar er Traill Co., ND:

 

ANDERSON, DORA 04/16/1933 Grand Forks FEMALE 81 Years 12/27/1851 North Dakota Traill

 

Her kjem det fram at ho var fødd 27.12.1851, men opphavet hennar er framleis ukjent!

 

So er det spørsmål om nokon kan greia finna ut noko meir om dette parfolket?  Eg er særleg oppteken av:

 

** Fødestad og opphav til Dorthea «Dora» Anderson, f. Torgerson?

 

** Dato og stad for vigsli til Peter og Dorthea «Dora»?

 

** Kva skjedde med Peter C. Anderson etter 1880??

 

** Kanskje kan ein obituary lokaliserast for Dora Anderson, anten i Portland, ND eller i Grand Forks, ND?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no fått greie på at Peter C. Anderson og Dora O. Torgeson gifte seg i Albert Lea, Minn. 8.3.1873.  Samstundes har eg òg fått svar på dei fleste andre spørsmåli som stod utan svar i denne huslyden, og eg vil gjerne få syna fram eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Christen Andersson Aasen, opphavleg frå Hagen under Sørheim i Luster, var f. i Luster 22.10.1818 og gifte seg i Hafslo 15.11.1847 med Synneva Pedersdotter frå Loi under Kroken, f. i Hafslo 26.7.1829.  Christen og Synneva hadde først heimeplassen hennar på Loi under Kroken, men var frå kring 1850 strandsitjarar på Feigøyri under Feigum i Luster til dei i 1853 kom som bygselsfolk til Åsen.  Her vart dei so buande fram til våren 1855.

Christ og Susan Anderson utvandra til Amerika i 1855 og budde først nokre år i Dane Co., Wis.  Kring 1859 finn me dei att som farmarar i Hartland township, Freeborn Co., Minn., men i 1860 slo dei seg ned på ein farm i Norway township, Winnebago Co., Ia. der dei sidan budde levetidi ut.  Susan d. i Lake Mills, Ia. 19.8.1906, medan Christ Anderson d. same staden 16.10.1906.  Dei fekk ni born i lag:

a. Anders, kjend som Andrew C. Anderson, f. i Hafslo 1.8.1849, utvandra med foreldri til Amerika i 1855 og d. i Hancock Co., Ia. 25.4.1934.  Han gifte seg i Buffalo Co., Wis. 10.1.1873 med søskenbarnet Sophia, kjend som Sophie T. Olson.  Ho var dotter av husmann Thomas Olson frå Bakken i Kinserdalen under Urnes i Hafslo (1795-1874) og f. i Hafslo 9.7.1855.  Ho utvandra til Amerika med foreldri sine i 1856 og d. i Winnebago Co., Ia. 16.2.1897.  Andrew og Sophie slo seg ned som farmarar i Logan township, Winnebago Co., Ia. og fekk seksten born i lag.

b. Peder, kjend som Peter C. Anderson, f. i Luster 25.9.1851, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1855 og d.

 

     ##### (date and place of his death? – disappeared between 1880 and 1885 – apparently divorced!)

 

     Peter gifte seg i Albert Lea, Minn. 8.3.1873 med Dorthea, kjend som Dora O. Torgeson, f.

 

     ##### (place of her birth? – where in Iowa!)

 

     27.12.1851.  Ho d. i Grand Forks, N.D. 16.4.1933.  Etter ei kort tid i Winnebago Co., Ia. flytte Peter og Dora kring 1875 til ein farm i Roseville township, Traill Co., N.D. der dei budde levetidi ut.  Dei fekk fire born i lag.

c. Anna Sophie, kjend som Sophie Anderson, f. i Dane Co., Wis. 28.9.1855, d. i Joice, Ia. 15.5.1927.  Sophie gifte seg i Winnebago Co., Ia. 22.4.1878 med Niels Larssen frå Grurup, Thisted amt på Jylland, Danmark, i Amerika kjend som Nels Larson.  Han var son av husmann og landpostbod Lars Nielssen i Grurup, opphavleg frå Roddenberg i Vestervig, Thisted amt, og kona Trine Marie Jeppesdatter frå Ørumby i Ørum, Thisted amt og f. i Grurup, Thisted amt i Danmark 3.2.1854, men utvandra til Amerika i 1873.  Nels d. i Winnebago Co., Ia. 20.8.1913.  Sophie og Nels Larson slo seg ned som farmarar i Logan township, Winnebago Co., Ia. og fekk sju born i lag.

d. John Martin Anderson, f. i Dane Co., Wis. 14.5.1858, d. i Independence, Ia. 3.2.1892.  John flytte i ung alder til North Dakota, men vart sjuk etter å ha vorte skoten i ein fot og levde siste åri på ein sjukeheim i Independence, Buchanan Co., Ia.  Han var ugift.

e. Olaus, kjend som Ole C. Anderson, f. i Freeborn Co., Minn. 18.6.1860, d. i Lake Mills, Ia. 3.6.1943.  Han gifte seg i Worth Co., Ia. 29.10.1890 med Taaraand Johnsdotter frå Heimdal søndre i Nissedal, i Amerika kjend som Tilda Knudson.  Ho var dotter av gardbrukar John Knudson på Heimdal søndre, Moen i Nissedal og kona Torborg Knutsdotter frå Støil og f. i Nissedal 3.3.1869.  Ho utvandra med foreldri sine til Amerika i 1871 og d. i Lake Mills, Ia. 10.11.1943.  Ole var brønngravar og smed («well digger and blacksmith»), og han og Tilda budde for det meste i Lake Mills, Winnebago Co., Ia.  Dei fekk sju born i lag.

f. Inger Susanne, kjend som Susan C. Anderson, f. i Winnebago Co., Ia. 2.1.1863, d.

 

     ##### (date and place of her death? – after 1880! – presumably at a young age, single! – appears to have been alive in 1900! – 1900 census shows one single Inger S. Anderson, 36,

            born in Norway(!), patient at the insane asylum at Independence, Buchanan Co., IA – died prior to 1906!)

 

g. Christine Marie, kjend som Mary C. Anderson, f. i Winnebago Co., Ia. 23.11.1864, d. i Calgary, Alta. 11.2.1945.  Ho gifte seg i Lake Mills, Ia. 3.1.1889 med Nils Johanson frå Lerviken i Edøy på Nord-Møre, i Amerika kjend som Nels J. Bakke.  Han var son av gardbrukar Johan Nilsson på Bakkan, Lerviken og kona Berit Johanne, kjend som Johanna Larsdotter frå Arnø og f. i Edøy 29.12.1860.  Nels utvandra til Amerika i 1882 og d. i Faribault, Minn. 9.5.1920.  Nels var møbelsnikkar («cabinet maker»), og han og Mary budde mellom anna i Milford, Dickinson Co., Ia., men flytte kring 1896 til Thorp, Clark Co., Wis.  Sidan budde dei ei tid i Bye, Ward Co., N.D. og i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. til dei kring 1913 slo seg ned i Faribault, Rice Co., Minn.  Dei fekk tre døtrer i lag.

h. Gurine Samuline, kjend som Lena C. Anderson, f. i Winnebago Co., Ia. 17.12.1868, d. i Pasadena, Cal. 28.2.1959.  Lena gifte seg i Winnebago Co., Ia. 11.11.1890 med Abraham A. Winden, f. i Worth Co., Ia. 4.11.1865.  Han d. i Minneapolis, Minn. 1.6.1948.  Abraham var handelsreisande og butikkmann («salesman»), og han og Lena budde først i Lake Mills, Winnebago Co., Ia., men flytte i 1905 til Mankato, Blue Earth Co., Minn. og eit par år etter vidare til Minneapolis, Hennepin Co., Minn.  Som enkje flytte Lena til Los Angeles, Los Angeles Co., Cal.  Dei fekk sju born i lag.

i. Albert Theodore Anderson, f. i Winnebago Co., Ia. 26.6.­1873, d. i Albert Lea, Minn. 3.12.1922.  Han gifte seg i Worth Co., Ia. 28.8.1897 med Rønnaug, kjend som Randi Tangen, f. i Worth Co., Ia. 27.1.1877.  Ho d. i Albert Lea, Minn. 5.9.1968.  Albert og Randi Anderson tok over heimefarmen hans i Norway township, Winnebago Co., Ia. og fekk sju born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Me sit med andre ord att med følgjande hovudutfordringar i denne huslyden:

 

** Kva skjedde med Peter C. Anderson etter 1880?

 

** Fødestad og opphav til Dorthea «Dora» Anderson, f. Torgerson - kan kanskje finnast gjennom ein obituary?

 

** Lagnaden til Inger Susanne «Susan» Anderson?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So ser det ut til at opphavet til Dorthea «Dora» Torgeson er klarlagt!  Ei Dortha Olsdotter var fødd i Austre Slidre den same datoen som «vår» Dorthea, og faren Ole Torgerson med mori Mari Halvorsdotter utvandra i 1852 til Winneshiek Co., IA, sjå tema:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/220492-løyst-ole-torgerson-og-mari-halvorsdotter-utvandra-frå-austre-slidre-i-1852-kven-var-dei/

 

Då sit me i denne kjempeutfordringi att med berre to spørsmål:

 

** Kva skjedde med Peter C. Anderson etter 1880?

 

** Lagnaden til Inger Susanne «Susan» Anderson?

 

Men greier me nokon gong å finna svari på desse?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

?????

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:VTQ1-PJN

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939V-5G9J-NC?i=400&cc=1803957

Susan C Anderson

 

Iowa State Census, 1895
Name Susan C Anderson
Event Type Census
Event Date 1895
Event Place Winnebago, Iowa, United States
Gender Female
Birth Year (Estimated) 1863
Household
Role
Sex
Age
Birthplace
Christin C Anderson   M 76  
Sanneva P Anderson   F 64  
Susan C Anderson   F 32  
Albert C Anderson   M 21  
Marie C Bakken   F 28  
Berit N Bakken   F 2  
Cala N Bakken   F 0
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget som stadfestar at Susan budde heime hjå foreldri framleis i 1895.

 

I dag har eg hatt ein telefon med Independence, IA og fått greie på at ho døydde der 5.12.1900.  So då er ogso det problemet løyst, og den einaste kjempeutfordringi som står att i denne huslyden, gjeld lagnaden til Peter C. Anderson!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Christen Andersson Aasen, opphavleg frå Hagen under Sørheim i Luster, var f. i Luster 22.10.1818 og gifte seg i Hafslo 15.11.1847 med Synneva Pedersdotter frå Loi under Kroken, f. i Hafslo 26.7.1829.  Christen og Synneva hadde først heimeplassen hennar på Loi under Kroken, men var frå kring 1850 strandsitjarar på Feigøyri under Feigum i Luster til dei i 1853 kom som bygselsfolk til Åsen.  Her vart dei so buande fram til våren 1855.

Christ og Susan Anderson utvandra til Amerika i 1855 og budde først nokre år i Dane Co., Wis.  Kring 1859 finn me dei att som farmarar i Hartland township, Freeborn Co., Minn., men i 1860 slo dei seg ned på ein farm i Norway township, Winnebago Co., Ia. der dei sidan budde levetidi ut.  Susan d. i Lake Mills, Ia. 19.8.1906, medan Christ Anderson d. same staden 16.10.1906.  Dei fekk ni born i lag:

a. Anders, kjend som Andrew C. Anderson, f. i Hafslo 1.8.1849, utvandra med foreldri til Amerika i 1855 og d. i Hancock Co., Ia. 25.4.1934.  Han gifte seg i Buffalo Co., Wis. 10.1.1873 med søskenbarnet Sophia, kjend som Sophie T. Olson.  Ho var dotter av husmann Thomas Olson frå Bakken i Kinserdalen under Urnes i Hafslo (1795-1874) og f. i Hafslo 9.7.1855.  Ho utvandra til Amerika med foreldri sine i 1856 og d. i Winnebago Co., Ia. 16.2.1897.  Andrew og Sophie slo seg ned som farmarar i Logan township, Winnebago Co., Ia. og fekk seksten born i lag.

b. Peder, kjend som Peter C. Anderson, f. i Luster 25.9.1851, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1855 og d.

 

     ##### (date and place of his death? – disappeared between 1880 and 1885 – apparently divorced!)

 

     Peter gifte seg i Albert Lea, Minn. 8.3.1873 med Dorthea Olsdotter frå Rogne søndre i Rogne sokn, Austre Slidre, i Amerika kjend som Dora O. Torgeson.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Torgerson på Hovrud, Rogne søndre, opphavleg frå Bakken under Hovi søndre i Rogne sokn, Austre Slidre, og kona Mari Halvorsdotter frå Knaldre under Kinneberg på Gol og f. i Austre Slidre 27.12.1851, men utvandra med foreldri sine til Amerika i 1852.  Ho d. i Grand Forks, N.D. 16.4.1933.  Etter ei kort tid i Alden township, Freeborn Co., Minn. flytte Peter og Dora våren 1876 til ein farm i Roseville township, Traill Co., N.D. der dei budde levetidi ut.  Dei fekk fire born i lag.

c. Anna Sophie, kjend som Sophie Anderson, f. i Dane Co., Wis. 28.9.1855, d. i Joice, Ia. 15.5.1927.  Sophie gifte seg i Winnebago Co., Ia. 22.4.1878 med Niels Larssen frå Grurup, Thisted amt på Jylland, Danmark, i Amerika kjend som Nels Larson.  Han var son av husmann og landpostbod Lars Nielssen i Grurup, opphavleg frå Roddenberg i Vestervig, Thisted amt, og kona Trine Marie Jeppesdatter frå Ørumby i Ørum, Thisted amt og f. i Grurup, Thisted amt i Danmark 3.2.1854, men utvandra til Amerika i 1873.  Nels d. i Winnebago Co., Ia. 20.8.1913.  Sophie og Nels Larson slo seg ned som farmarar i Logan township, Winnebago Co., Ia. og fekk sju born i lag.

d. John Martin Anderson, f. i Dane Co., Wis. 14.5.1858, d. i Independence, Ia. 3.2.1892.  John flytte i ung alder til North Dakota, men vart sjuk etter å ha vorte skoten i ein fot og levde siste åri på ein sjukeheim i Independence, Buchanan Co., Ia.  Han var ugift.

e. Olaus, kjend som Ole C. Anderson, f. i Freeborn Co., Minn. 18.6.1860, d. i Lake Mills, Ia. 3.6.1943.  Han gifte seg i Worth Co., Ia. 29.10.1890 med Taaraand Johnsdotter frå Heimdal søndre i Nissedal, i Amerika kjend som Tilda Knudson.  Ho var dotter av gardbrukar John Knudson på Heimdal søndre, Moen i Nissedal og kona Torborg Knutsdotter frå Støil og f. i Nissedal 3.3.1869.  Ho utvandra med foreldri sine til Amerika i 1871 og d. i Lake Mills, Ia. 10.11.1943.  Ole var brønngravar og smed («well digger and blacksmith»), og han og Tilda budde for det meste i Lake Mills, Winnebago Co., Ia.  Dei fekk sju born i lag.

f. Inger Susanne, kjend som Susan C. Anderson, f. i Winnebago Co., Ia. 2.1.1863, d. i Independence, Ia. 5.12.1900.  Susan budde heime hjå foreldri til ho vart sjuk kring 1897 og flytte inn på ein sjukeheim i Independence, Buchanan Co., Ia.  Ho var ugift.

g. Christine Marie, kjend som Mary C. Anderson, f. i Winnebago Co., Ia. 23.11.1864, d. i Calgary, Alta. 11.2.1945.  Ho gifte seg i Lake Mills, Ia. 3.1.1889 med Nils Johanson frå Lerviken i Edøy på Nord-Møre, i Amerika kjend som Nels J. Bakke.  Han var son av gardbrukar Johan Nilsson på Bakkan, Lerviken og kona Berit Johanne, kjend som Johanna Larsdotter frå Arnø og f. i Edøy 29.12.1860.  Nels utvandra til Amerika i 1882 og d. i Faribault, Minn. 9.5.1920.  Nels var møbelsnikkar («cabinet maker»), og han og Mary budde mellom anna i Milford, Dickinson Co., Ia., men flytte kring 1896 til Thorp, Clark Co., Wis.  Sidan budde dei ei tid i Bye, Ward Co., N.D. og i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. til dei kring 1913 slo seg ned i Faribault, Rice Co., Minn.  Dei fekk tre døtrer i lag.

h. Gurine Samuline, kjend som Lena C. Anderson, f. i Winnebago Co., Ia. 17.12.1868, d. i Pasadena, Cal. 28.2.1959.  Lena gifte seg i Winnebago Co., Ia. 11.11.1890 med Abraham A. Winden, f. i Worth Co., Ia. 4.11.1865.  Han d. i Minneapolis, Minn. 1.6.1948.  Abraham var handelsreisande og butikkmann («salesman»), og han og Lena budde først i Lake Mills, Winnebago Co., Ia., men flytte i 1905 til Mankato, Blue Earth Co., Minn. og eit par år etter vidare til Minneapolis, Hennepin Co., Minn.  Som enkje flytte Lena til Los Angeles, Los Angeles Co., Cal.  Dei fekk sju born i lag.

i. Albert Theodore Anderson, f. i Winnebago Co., Ia. 26.6.­1873, d. i Albert Lea, Minn. 3.12.1922.  Han gifte seg i Worth Co., Ia. 28.8.1897 med Rønnaug, kjend som Randi Tangen, f. i Worth Co., Ia. 27.1.1877.  Ho d. i Albert Lea, Minn. 5.9.1968.  Albert og Randi Anderson tok over heimefarmen hans i Norway township, Winnebago Co., Ia. og fekk sju born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.