Jump to content
Arkivverket

Svennik Hans/Andreasson Høyer/Højer - barnefar i Tønsberg 1729 og i Kristiansand frå 1741 og utover - kven var denne mannen - eventuelt to med same namn?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Dette emnet tek utgongspunkt i eitt av borni, Margrethe, nemnd i følgjande tema:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/219408-otto-hansson-ørbech-1659-1705-dels-oppvaksen-i-luster-sokneprest-til-ringebu-kartleggjing-av-huslyden-hans/

 

Me finn følgjande barnedåp i Vor Frue kyrkje Tønsberg 24.9.1729: https://media.digitalarkivet.no/view/8201/83

 

* Helena Marie, dotter av Svennik Hans Høyer og Margrethe Ørbech - denne Margrethe vart døypt på Ringebu 23.1.1696 som dotter av sokneprest Otto Hansson Ørbech og kona Maren Nicolaisdotter f. Orloff.

 

Ifølgje skifte etter ei faster i Årdal i Sogn frå 1738 var Margrethe då gift og busett i Christiansands stift, men me trur det var denne Margretha Ørbech som vart gravlagd på Nøtterøy 25.6.1767, 70 år gamal: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000896005

 

So er det at me i Kristiansand finn følgjande barnedåpar av foreldri (commerceraad) Svennik Andreasson Højer og Helvig Olsdotter Lund, vigde i Kristiansand 27.10.1740: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000227530

 

* Else, døypt 22.8.1741: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001051972

 

* Andreas, døypt 5.11.1742: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001052481

 

* Ole, døypt 21.8.1745: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001053907

 

* Ole, døypt 24.10.1746: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001054528

 

* Christian, døypt 27.9.1749: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001056182

 

Er det to forskjellige Svennik Høyer/Højer «ute og går»?  Kanskje dei er søskenbarn?  Svennik Højer i Kristiansand synest vera son av ein Andreas Svennikson Højer!?

 

Eg vonar nokon kan hjelpa meg «klara opp» i denne huslyden og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

I 1986 utga Theis Høyer slektsboken "Andreas Svennichsen Høyer (1669-1750) kjøpmann Kristiansand og hans slekt". Her opplistes commerceraad Svennich Andreassen Høyers fire "overlevende" barn Andreas (f. 1742), Anna (1743), Ole (1746) og Christian (1749) med fødselsdata, ikke dåpsdata, så forfatteren må ha hatt tilgang til andre kilder (slektsopptegnelser?) enn kirkebøkene (av disse barna er Anna, f. 17/10-43, ikke med i Lars Øyanes liste over døpte Høyer-barn). - Boken nevner for øvrig at Andreas Svennichsen Høyer (commerceraadens far) skal ha vært i slekt, uten at man vet hvordan, med  borger og vertshusholder  Kristiansand Svennich Jensen Høyer. Denne Svennich kan vel muligens være den samme Svennich (Jensen?)(Hansen?) Høyer (gift Ørbech) som hadde barn til dåpen i Tønsberg  i 1729, og som senere må ha kommet til Kristiansand. - Høyer-boken nevner ikke mere om Svennich Høyer og hans hustru Margrethe, men det er vel mulig at det sannsynlige slektskap mellom de to Høyer-e i Kristiansand kan være klarlagt senere.             Med vennlig hilsen        Torbjørn Pihl

Link to comment
Share on other sites

Det er nok ikke Svennich Jensen Høyer som Margarethe giftet seg med, da hun ikke er nevnt i skiftet etter han.

Han døde 1748 i Kristiansand.

Her er hans skifte- jeg klarer ikke å se hennes navn.

Tror det er barnens navn som står her- Anne Marie Svennichsdatter -Appolone Svennichsen

ser ikke at det er noe kone nevnt her. Veldig vanskelig å lese. Skiftet starter på side 354b-360

https://media.digitalarkivet.no/view/24495/356

Kristiansand Byrett- Skifteprotokoll 5 1741-1755

Link to comment
Share on other sites

Anne Marie Svennichsdatter Høyer død 26.mai.1772 og begr. 1. jun. i Kristiansand ble gift 1756 med Thomas Jacobsen Wiborg - død 29.okt.1770, begr. 3.nov. i Kristiansand. Det er vel hun som er nevnt i det uleselige skiftet.

 

Dessverre er min ref. fra 2012 ikke lenger å finne http://www.asbjorn.info/kristiansand/Sider/Biografier/WiborgII/Anne_Catharine_Thomasdatter_Wiborg.htm

Denne slektsiden mfl. er laget av Asbjørn Karlsen mer eller mindre tilbake fra 2004 til 2015 (funnet via waybackmachine). Anne Marie er Anne Catharines mor.

 

Nevnte ektepar nevnes også her https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2011071408105

Edited by Leif Salicath
Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Sven, Torbjørn, Wenche, Leif og Jan Sigbjørn for interessante og utfordrande innlegg!  Spennande å høyra at Svennich og Margrethe òg hadde ein son Niclas i 1728, ganske sikkert oppkalla etter morbroren, kapellan Nicolai Ottoson Ørbech i Kristiansand!?

 

Diverre greier eg ikkje herifrå å òpna den nemnde boki om ætti til Andreas Svennichsen Høyer, men om eg tolkar innleggi rett, inneheld ikkje boki opplysningar om eventuelle SØSKEN av Andreas, og skal me dømma etter oppkallingane, sit eg med ei kjensle av at han må ha hatt minst to brør:

 

* Jens Svennichsen Høyer - som vart far til den nemnde vertshushaldaren i Kristiansand, Svennich Jensson Høyer, og

 

* Hans Svennichson Høyer - som vart far til Svennich Hans(son?) Høyer, han som gifte seg med Margretha Ørbech og som òg må ha butt på Sørlandet!?

 

Eg veit ikkje heilt på kva vis me kan komma noko lenger i ei utgreiing av denne Høyer-ætti, men kanskje er det ein eller annan som sit med fleire opplysningar?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Wenche for siste meldingi om denne greini av Ørbech-ætti.

 

Då kan me altso slå fast at ogso denne dotteri etter Margretha Ørbech døydde kort etter fødsli, og eg har ikkje noki logisk forklaring på at faren då er kalla berre Hans!

 

Denne greini av Ørbech-ætti er og vert ei kjempeutfordring i seg sjølv, men eg trur framleis det må vera skyldskap mellom Svennik Hans Høyer og Høyer'ne i Kristiansand, men korleis?  Og kvar kan me finna fleire opplysningar om dei?  Kanskje finst det svar i ein eller annan skifteprotokoll som enno ikkje er digitalisert?

 

Eg står ganske so «bom fast», men takkar på ny for framifrå bistand til oppklaring av denne greini av Ørbech-ætti!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.