Gå til innhold
Arkivverket

Anfind Olson Børtnes - fødd i Hafslo 1868 - utvandra i 1887 - forretningsmann i Duluth, MN - men forsvinn som «dogg for soli» - kvar kan han ha vorte av? - vart han teken livet av? - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei utfordring som eg har kjempa med i mange år, men som eg aldri har greidd å koma noko nærare ei løysing på!  Kanskje tidi no er mogi?

 

Anfind Olson Børtnes, son av husmann Ole Johannesson og kona Ingeborg Anfindsdotter på plassen Børtnes under garden Urnes i Hafslo, var fødd i Hafslo 14.8.1868 og utvandra til Amerika i 1887.

 

Ei eldre søster Kari Olsdotter Børtnes, gift med Anders Larsson Svangstu alias Andrew Larson, utvandra i 1885 og budde levetidi ut i Nelson, Buffalo Co., WI der Kari døydde 23.11.1937.  Dei fekk elleve born i lag, men etterkomarar som eg var i kontakt med for mange år sidan, har ingen aning om kvar det vart av «onkel Anfind» utover følgjande «rykte»:

 

Truleg budde Anfind òg ei tid i Buffalo Co., WI, men han reiste derifrå til Duluth, MN der han skal ha drive forretning.  På eitt eller anna tidspunkt selde han butikken sin, og kort etter forsvann han som «dogg for soli»!  Det har vore spekulert på om han vart teken av dage på grunn av pengane han fekk då han selde butikken, men dette har ikkje vore mogeleg å prova so langt!

 

No vonar eg at einkvan i Brukarforum kanskje kan ha tankar kring oppsporingi av lagnaden til Anfind Olson Børtnes/Urnes i Amerika, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vet ikke om du har sjekket denne? Kan han i såfall ha kalt seg Anfind Olsen Ness?

The Minnesota, Naturalization Records Index, 1854-1957 - LENKE ANCESTRY
Name:    Anfind Olsan Nias
County:    Mower
Reel:    2
Code:    7
Volume:    C
Page:    75

 

Lenke IRON RANGE - http://www.ironrangeresearchcenter.org/details/7/380272/

Lenke til kommentar
Del på andre sider

?

The U.S. City Directories, 1822-1995 - LENKE ANCESTRY
Name:    A Olson Ness
Residence Year:    1934
Street address:    3 N of
Residence Place:    Duluth, Minnesota, USA
Occupation:    Es
Publication Title:    Duluth, Minnesota, City Directory, 1934

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for innleggi i denne debatten.  Eg seier meg lei for seint svar, men det har vore «hektisk» i det siste, so sidan eg ikkje hadde noko godt svar å komma med, so vart denne liggjande...

 

No har eg sett litt nærare på saki, og den Anfind Olson Nias som er nemnd i Naturalization Records frå Mower Co., MN, er ganske sikkert identisk med Anfind Olson Njøs frå Leikanger som i 1882 utvandra til Amerika:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=11283&merk=11283#ovre

 

og som i 1905 budde i Adams, Mower Co., MN:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSY8-QYR?i=11&cc=1503056

 

Når det gjeld A. Olson Ness frå Duluth, MN 1934, finn eg ingen kjelder som kan stadfesta at førenamnet hans var Anfind.  Elles forestiller eg meg at dersom Anfind hadde butt i Duluth, MN so seint som på 1930-talet,ville skyldfolki hans i Wisconsin kunna fortalt meg meir om mannen, då denne saki vart drøftra med dei på 1980-talet!?

 

Eg har nok ein sterk mistanke om at «vår» Anfind Olson Børtnes har nytta eit anna førenamn i Amerika, og eg trur òg han har «droppa» Børtnes-namnet til fordel for berre OLSON.  Eg har sett døme på at Anfind er vorte «amerikanisert» til både Alfred og Albert, og det næraste eg kjem ein mogeleg «kandidat» i Duluth, MN er denne Albert Olson frå FT1895, 28 år gamal «driver» og gift med Hilda, 24 år gamal:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-XXZW-4ZX?i=87&cc=1503031

 

Men pussig nok; dette parfolket ser eg ikkje noko meir til, korkje i vigsesregisteri eller andre folketeljingar!  Kan han vera eit spor?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå freistnadar på å lokalisera denne «utfordrande» emigranten!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne saki som har vorte liggjande «i dvale» i meir enn to år.

 

Diverre har eg ikkje noko nytt å melda om denne Anfind, bortsett ifrå at han dukkar opp i dette dokumentet som postmeister på Urne post office i Buffalo Co., WI frå juni 1892 (til mars 1894?) under namnet Anfin O. Bortness:

 

https://www.ancestry.com/interactive/1932/30439_065527-00098?pid=479898&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D1932%26h%3D479898%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx20155%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx20155&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.68723281.1581086823.1588866349-1442769865.1532627837

 

Eg syner elles til innlegg #1 og innlegg #5, men etter funnet av han som postmeistar i Urnes er det vel meir tvilsamt om han kan vera identisk med Albert Olson frå FT1895...  Ifølgje FT1895 kom Albert til MN alt i 1891 og til Duluth, MN året etter...

 

Elles er det vel ikkje so urimeleg at han slo seg til på handel etter han hadde vore postmeister...?

 

Kanskje dukkar han opp i eitt eller anna avisoppslag?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om Anfin og lagnadden hans!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

FS:  Aulin O. Bortness døde 29/5 1901 33 år gammel mann f.ca. 1868 i Nor.

Minnesota, Thief R Falls, R. Lake.

 

Med håndskrift kan jo Anfin se ut som Aulin.

Endret av Berit Knudsen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Berit for eit kjempeflott innlegg!  Eg seier berre: ENDELEG fekk denne utfordringi ei løysing.

 

No er det eit godt spørsmål om det let seg gjera finna ein OBITUARY?

 

Nok ein kjempetakk for hjelpi so langt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.