Gå til innhold
Arkivverket

Kven er Marthe Hansdatter og Ole Olsen?


Reidar Olav Meling
 Del

Recommended Posts

Nok ein gong vågar eg å be om assistanse frå gode hjelparar på brukarforumet.

I 1820 gifta mi tippoldemor Marthe Hansdatter (bustad ”Papirmøllen”) seg med Ole Olsen, frå Semsmoen, Eiker. Begge kyrkjebøkene for Eiker fortel at Marthe var 35 år og Ole 47 år då dei gifta seg, - dei skulle då vera fødde i 1785 og 1773.

Høgre side https://media.digitalarkivet.no/kb20051109020615  og nede, høgre side  https://media.digitalarkivet.no/kb20061220630412.

Då Ole døyr i 1856 var han 83 år, heilt i samsvar med oppgitt alder i 1820. Då Marthe døyr i juli 1859 er ho 74 år, heilt i samsvar med oppgitt alder i 1820. Fødeåra 1773 og 1785 kan etter dette ikkje vera mykje feil. Det står elles at Marthe døydde på staden Kortvedt (Eiker?). Ifølge overleverte opplysningar i slekta skulle ho ha vore på besøk hos dottera si Karen, som då budde på Kortvedt. 

Ifølge andre overleverte kjelder er fødestaden Neverbakken (Neverbekken?) knytta til Marthe. Bortsett  frå to stader nord for Trøndelag, er det berre i Oppland eg har funne namnet, og då Neverbekken, ikkje Neverbakken.

Ole og Marthe får 3 barn, Mari (1821), Karen (1825) og Olea (mi oldemor, 1829). Ifølge oppkallingsskikk på den tida, var det vel vanleg at første barn fekk namn frå besteforelder på fars side. Igjen ifølge overlevering skulle mor til Ole ha namnet Mari. Den sterkaste kandidaten eg finn ved folketellinga i 1801 til ”vår” Ole Olsen, er fødd i 1773 på Semb i ”Eger” og med mor Maria. Dette kan kanskje stemma med overleveringa. Mora er enkje, så me får ikkje vita kva faren heiter. Kyrkjebok for Eiker for 17.januar 1773 nemner dåpsbarnet Ole, foreldre Ole Olsen Aas….(kva står det her?) og Mari Olsdtr. Sjå høgre side i kyrkjebok, fylgjande link: https://media.digitalarkivet.no/kb20061220610713.  Trur dette må vera ”vår” Ole. 

 

Men kor kjem Marthe frå? Folketellinga frå 1801 nemner 7 personar i Buskerud og 7 personar i Oppland med namnet Mart(h)e Hansdatter, fødd i perioden 1784-86. I 4 tilfeller er den aktuelle personen i teneste, då er det umogleg å finna foreldra sine namn (farsnamnet Hans unnateke). Eg meiner det er sannsynleg er vår tippoldemor Marthe Hansdatter er ei av desse kvinnene, men kven? I mange tilfeller har det vore vanleg å føra opp namna til foreldra, eller iallfall namna til fedrene, ved giftarmål. Men i tilfellet med Marthe og Ole i 1820, er berre namn forlovarane oppførte, - Ole Moen og Christen Mortensen, truleg begge frå ”Papirmøllen”. Eg finn ein person med sistnemnde namn i Ft 1801, frå ”Westfossen, Eger”, fødd i 1774. Trur elles ikkje desse opplysningane kan nyttast til å komma nærare svaret på spørsmålet her, - kven er Marthe Hansdatter?

Endret av Reidar Olav Meling
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du kunne godt ha fortsatt i det temaet du allerede har opprettet.

Mange temaer om samme sak er helt unødvendig. :-)

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.