Gå til innhold
Arkivverket

Christen Pederson, fødd på Eide i Luster i 1801 - levde i 1823 - forsvinn - kvar kan han ha vorte av?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Peder Ellingson (1754-1802) og Ingeborg Haagensdotter (1757-1833) var husmannsfolk på Galden under Eide i Luster.  Dei fekk i alt åtte born, men fleire av desse døydde i ung alder.  Ei dotter Inga tok over heimeplassen etter foreldri sine på Galden, og so flytte to døtrer til Bergen;

 

* Anna (1788-1846) gifte seg i Bergen i 1831 med Ellef Ellefsen og fekk to born.  Denne huslyden har eg oversyn over.

 

* Cecilie (1794-1816) døydde på sjukehuset i Bergen, ugift.

 

MEN, so var det yngste sonen:

 

* Christen Pederson, døypt i Luster 2.2.1801.  Me veit at han i 1823 framleis budde på Eide i Luster (kjelda for dette har eg ikkje for handi), men so forsvinn han som «dogg for soli»!

 

Kan ogso Christen vera flytt til Bergen?  Eg har so langt ikkje greidd å finna han att der, men kanskje andre har betre syn enn meg?  Eller flytte han ein heilt annan stad i landet??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegg!

 

Det var fleire personar med namnet Christen Pederson frå Luster, og den du nemner her var om lag 20 år yngre og av ei heilt anna ætt..., diverre...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå freistnadar på å finna lagnaden til Christen Pederson frå Eide!  «Den som leiter, han finn...»

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er vel dåp nummer 11 Halvor som er kilden for at han lever i 1823

 

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Gaupne, Fortun, Nes i Luster, Ministerialbok nr. A 4 (1821-1832), Fødte og døpte 1824, Side 13
Permanent bilde-ID: kb20070514610236
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070514610236
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514610236.jpg

 

 

Halvor Christensen døde 16 uker gammel, nummer 29

 

Sogn og Fjordane fylke, Dale, Gaupne, Fortun, Nes i Luster, Ministerialbok nr. A 4 (1821-1832), Døde og begravede 1824, Side 149
Permanent bilde-ID: kb20070514610347
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070514610347
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070514610347.jpg
 

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for siste innlegget om Christen Pederson frå Eide i Luster.

 

Jau, du har nok rett i at denne fødsli var kjelda mi for at Christen då framleis levde.  Hadde me berre visst kvar han tok vegen etter denne hendingi...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppsporing av denne ungdomen frå Luster!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.