Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Abel Andersson frå Kvitenes i Gloppen (1824-1886) - gift i Bergen med Ingeborg Eriksdotter frå Hauge i Luster (1808-1883) - opphavet hans og kva med born?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne utfordringi har eg hatt liggjande i 35 år utan å komma fram til noko svar.  Kanskje det no er mogeleg å komma vidare?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ingeborg Eriksdotter {Hauge}, døypt {i Luster} 14.12.1808,

Ingeborg Eriksdotter flytte i ung alder til Bergen der ho 26.6.1857 gifte seg med Abel Andersson frå Kvitenes i Gloppen, i Bergen kjend som Abel Andersen.  Han var son av gardbrukar

 

 

##### (eller var han husmann? – FT1865 nemner han som husmann under Kvitenes!!)

 

 

og skulehaldar Anders Nilsson på Kvirtenes, opphavleg frå Skjerdal, og kona Inger Abelsdotter frå Gloppestad og f. i Gloppen 31.5.1824.  Abel var skomakarmeistar, og han og Ingeborg vart buande i Bergen levetidi ut.  Ingeborg d. i Bergen 20.9.1883, medan Abel d. same staden 16.9.1886.  Dei var barnlause.

 

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Dødsmeldingi til Ingeborg frå 1883 syner til gjensidig testamente: https://media.digitalarkivet.no/view/27886/113

 

Dødsmeldingi til Abel frå 1886 syner at buet vart registrert, og eg vil senda eit spørsmål til Statsarkivet i Bergen om denne saki: https://media.digitalarkivet.no/view/27886/180?indexing=

 

Ingeborg var nesten 50 år gamal då ho gifte seg med Abel, so dei kunne vel ikkje venta å få so mange born, MEN eg fann i si tid ei utsegn frå 1858 då Abel og Ingeborg melde seg ut av Statskyrkja, truleg for å verta medlem av Frikyrkja i Bergen, og den seier at «borni skal framleis vera medlem av Statskyrkja»!  Diverre har eg ikkje notert kvar eg fann denne referansa, men det var nok i ei kyrkjebok i Bergen..

 

Eg har so langt ikkje finne born etter Ingeborg - i alle fall fekk ho ikkje nokon i Luster, men ho hadde søsken både i Fræna og i Bud i Romsdalen og ogso ei søster i Bergen, so kanskje ho fekk born på ein av desse stadane?

 

Eit spørsmål står òg att når det gjeld opphavet til Abel - var faren gardbrukar eller husmann på Kvitenes i Gloppen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ved giftermålet i 1820 står vel Anders NIlsen som "bondekarl":

Sogn og Fjordane fylke, Vereide, Breim, Gimmestad i Gloppen, Ministerialbok nr. A 6 (1816-1826), Viede 1820, Side 390-391
https://media.digitalarkivet.no/view/11428/118

 

Da Niels ble døpt i 1821 står det skoleholder og husmann:

Sogn og Fjordane fylke, Vereide, Breim, Gimmestad i Gloppen, Ministerialbok nr. A 6 (1816-1826), Fødte og døpte 1821, Side 108-109
https://media.digitalarkivet.no/view/11428/56

 

Da Abel ble døpt i 1824, står det skoleholder:

Sogn og Fjordane fylke, Vereide, Breim, Gimmestad i Gloppen, Ministerialbok nr. A 6 (1816-1826), Fødte og døpte 1824, Side 152-153
https://media.digitalarkivet.no/view/11428/78

 

Anne Malene, 1828 - skoleholder

Sogn og Fjordane fylke, Vereide, Breim, Gimmestad i Gloppen, Ministerialbok nr. A 7 (1827-1837), Fødte og døpte 1828, Side 52
https://media.digitalarkivet.no/view/11429/52

 

Oline, 1833 - skoleholder

Sogn og Fjordane fylke, Vereide, Breim, Gimmestad i Gloppen, Ministerialbok nr. A 7 (1827-1837), Fødte og døpte 1833, Side 79
https://media.digitalarkivet.no/view/11429/79

 

Soga om Gloppen og Breim 4 3 : Gardar og ætter i Vereide sokn 

 

Anders Nilsson .jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Eit spørsmål står òg att når det gjeld opphavet til Abel - var faren gardbrukar eller husmann på Kvitenes i Gloppen?

 

I bygdeboken står Anders Nilsen oppført som husmann: 

 

5aa4089875c24_Skjermbilde2018-03-10kl_17_31_18.png.c1a5ad3a56a60c1b074610b7a87f77ef.png

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er kilden for 

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Ingeborg var besten 50 år gamal då ho gifte seg med Abel, so dei kunne vel ikkje venta å få so mange born, MEN eg fann i si tid ei utsegn frå 1858 då Abel og Ibgeborg melde seg ut av Statskyrkja, truleg for å vefrta medlem av Frtikyrkja i Bergen, og den seier at «borni skal framleis vera medlem av Statskyrkja»!  Diverre har eg ikkje notert kvar eg fann denne referansa, men det var nok i ei kyrkjebok i Bergen..

 

Ved utmeldelsen som er notert i Nykirken i 1858 står det at hans barn tilhører Statskirken: https://media.digitalarkivet.no/view/5239/8

 

5aa40b505826b_Skjermbilde2018-03-10kl_17_43_45.png.ab21536a90660662aa2dc9612937860f.png

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lene Benedicte, Grethe og Lars W. for interessante og nyttige innlegg!

 

Då hadde med andre ord Ingeborg ingen (uekte) born, noko som òg ville forundra meg, sidan dette i utgongspunktet var ein typisk «haugianar»-huslyd...

 

Samstundes er det av klart at foreldri til Abel var plassfolk på Kvitenes, men noko namn har tydeleg ikkje denne plassen...  Eg kan jo alltids leggja inn eit spørsmål om dette til til Aase...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Aase for eit nytt innlegg!  Du kom meg i forkjøpet, so får me sjå kva du finn...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Anders Nilsson var husmann på Hamnaplassen under Kvitenes. Eg har ikkje opplysningar om Abel etter at han reiste til Bergen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.